Kva er livet? Eit av dei mange filosofiske, svarlause spørsmåla som dukkar opp ved enkelte samanhengar.
Ein kan gruble seg gal av mangt og meget, men nettopp dette, kva livet er…er ikkje det ganske sjølvsagt? Livet er det at eg er, og du er, og at me eksisterer saman. Livet er alt rundt meg, alt som skjer, tida som går…verda. Kanskje var livet noko anna tidlegar, og kanskje vil livet bli noko meir når eg forlet denne verda. Men det treng eg berre håpe, tru og tenkja på. For det livet som me kan forholda oss til no, det er berre det som er, her, akkurat no…er ikkje det jo ganske greitt? Vanskeleg å skjøna kan det vera, men at livet i seg sjølv er det som skjer og finst på kloden synest eg er ok-lett fordøyeleg.

LIFE
Verre er det å skulla forholda meg til å leva livet. Å leva rett, best og mest! Det grunnar eigentleg i det eine spørsmålet ”kva er det å leva?”. I forhold til ”kva er livet?”, kva er det då å leva?

I’M ALIVE
”Eg lev livet” høyrer ein. ”No kjenner eg at eg lever. I’m alive!” Velkjende formuleringar med eit hint av tilfredsheit. Men kortid er det eigentleg at du lev? Når du les avisa om morgonen med kaffi i handa? Er det å leva å sitja i armkroken til nokon du er glad i ein laurdags kveld? Lev du når du går på jobb kl 08:05 kvar morgon(5 min sein)? Når du er på joggetur før sjølv fuglane kvitrar god morgon? Kjenner du at du lev når du ligg forfrosen i eit telt på fjellet og drøymer om den trygge senga heime? Eller å ta eit glas med noko godt på byen? Å ha sex? Nakenbad? Er det å leva å hoppa frå Norge sin høgaste fjelltopp og flyta gjennom lufta? Når du sender borna på skulen eller trokkar det gjennom gatene med rullator og briller med styrke +4? Når lev du, og kva inneber det?

DEVELOPMENT
Eg trur mange av oss har ei lengt, behov eller ubevisst ynskje om kontinuitet og framgang i livet. Me treng noko å arbeida mot, noko å oppnå. Ein ynskjer å sjå utvikling på ulikt plan, og det som er nytt finn ein tilfredsstillande. Eg grunnar dette i den tilfredsstillande kjensla ein kan ha etter ein dag der ein har gjort ein tydleg forskjell for andre eller seg sjølv. Kanskje har ein lærd noko nytt, oppnådd eit resultat, eller gjort noko du aldri hadde gjort før. Det er ofte det som kan sjåast eller merkast med det same som stikk seg ut. Har ein fullførd eit strikke-prosjekt, ommøblert rommet, lærd eit nytt pianostykke, fått tydleg sol-skilje eller rett og slett komme deg opp den der fjelltoppen. Livet bevegar seg og byr på noko, og dermed kjenner ein gjerne at ”ein lev”.

TOO MUCH?
Eg elskar denne kjensla og fyllar dagane med ting som eg håpar skal få meg til å kjenna at ”i dag har eg brukt livet godt”. Men eg må passa meg!! Det kan gå over vanvit og eg kan bli så oppteken av å heile tida leva at eg blindar meg sjølv for det livet eg lev. Eg kan setja krava høgt og tru at ”no skal eg verkeleg leva”, men lurar meg sjølv. For kva skjer dei periodane i livet der det er vanskelegare å sjå personleg framgang og kjenna livet på både fysisk og mentalt på kroppen? Når det er meir må enn vil og gje enn få. Dersom mine krav til kva det er å leva då er skrudd på maksimum, så vil min tilfredsheit berre synka enno lågare. Det vil kjennast som om eg berre er ein del av livet og gjer verken det eine til eller frå. Eg vil lengta etter å leva.
Det er difor eg må passa meg. Eg les gjennom mi eige eksempel-liste på å leva, og kan leggja til eksemplar i det uendeleg. Hogga ved i skogen. Plukka bringebær på seinsommaren. Laga middag…igjen, spagetti? Gjera ingenting. Vera travel. På fisketur og få napp. Gå på tur i vind og hagl. Snøbading. Vannski? Steike, dette er livet, eller? … Eg ser på lista og spør meg sjølv: Kva kunne eg teke bort? Kva er ikkje å leva her? Eg har mange behov å dekka, mykje eg vil, mykje eg ynskjer og mykje eg elskar. Så er det også mykje som ikkje dekkjer desse behova akkurat no, og mykje som ville gjort det men som eg ikkje får tak på. Det er då eg må spørja med sjølv om ein MÅ oppleva mest mogleg kvar dag, eller om å leva også kan inkludera å ta seg tid til å ikkje streva etter å leva? Kan personleg framgang koma sjølv ved det som kan verka som overflatisk stopp eller unødvendig tidsbruk på mi reise gjennom livet?

LIVET RUNDT MEG
Å leva er vel å kjenna at ein er ein del av livet rundt oss. Men trur du då ein vil kjenna seg meir levande om ein stadig søkjer kontinuitet i alt ein føretek seg? Vil ein greia å vera ein del av livet rundt seg då? Å leva er vel å kjenna seg tilfreds. Det må vera det, våre krav og behov, som gjera at me alle vil ha ulikt svar på kva det er å leva. Samstundes trur eg me alle kan sjå på lista mi og vera einige om at alt dette er å leva. Vertfall ein del av det å leva. Alt! Om svaret kan vera at alt ein gjer på eit vis er å leva, om ein let seg sjølv tilfredsstilla, kan eg då greie å leva utan å bry meg om å leva rett, best mest…utan samanlikning? Kan å leva også vera det eg helst ville vore forutan? Kan eg elska å leva utan å heilt vite kva det er eller å kjenne at det skjer? Spør deg sjølv: Kva får deg til å kjenne at du lev? Og viktigare når du kjenner at du ikkje lev, ja kva gjer du då eigentleg?
Eg gleder meg til den dagen eg skal sitja i gyngestolen min og sjå tilbake på livet og kjenna at eg har oppnådd det å leva. Når eg skal sjå at det som den gong ikkje kjentes som ”ein del av det som skulle vera mitt liv” gjerne var det likevel. Nei, kva er vel å leva? Som eit av dei filosofiske svara som ikkje har eit satt svar, kan eg vel sei at å leva for meg kan vera absolutt alt og absolutt ingen. Hm..det burde vel ikkje vera så vanskeleg?

Likevel gjer enkelte stunder det enklare å setja pris på livet. Som ein morgon kl 07:00 på stranda. Då lev EG.