Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Det dagen blir

photo 2

Doggfrisk bris i stille prakt
Ventande og klar for akt
Slik står dagen
Halvbefaren
eg prøver halda takt

Tidlig opp i morgonsol
Ho skuler bak eit vepsebol
Lyset svansa
Tid kan stansa
i lag med moder jord

Men ein stads frå høyrs ”du har’kje tid
Du vinn om du er produktiv”
Men falske normer
gjev indre stormar
og ingen garanti

For dagen er det dagen blir
Livet er det tida gir
Vindar dreg meg
Eg fyljer med
til eit sansestimuli

Eg tek meg fri

-Eli Gauden

I once loved a man

Til hausten skal eg spela in EP, noko eg gledar meg til. Men framleis går det i eigen-produksjon med enkle teknikkar og utstyr. Sjølv om kvaliteten er så som så, er det likevel kjekt å få noko ut på nettet. Her er låten “I once loved a man” som eg har jobba med denne våren.

Skal også nevna oppreden på kaféen “Sutalaus” i Øystese laurdag 4.Juli  klokka 13:00.
Torsdag 9. Juli vert det konsert med meg + band klokka 19:00 på ferja Folgefonn på Hardanger Fartøyvernsenter.

”Så fantastisk liv du lev”…joda eg har det godt eg, men chill down – livet er no ein gong berre det det er.

  • Jo, eg held til i ei heilt fantastisk flott bygd. Eg spring i skogen før frukost og tek nydelige bilete av utsikta. Men ikkje tru det er lett å få seg opp av sengja kvar dag, og ikkje tru at det alltid er skyfri himmel.
  • Ja riktig, eg har ein veldig god, allsidig, fleksibel, interessant jobb som luktar av kjære og spon. Men be real, ikkje tru eg hoppar av ekstase kvar einaste dag eg går til jobb og har 8 timar arbeid framfor meg.
  • Ja, eg elskar å bu heime med foreldra og sykjene mine. Men gjett om eg kan nyta dei få morgonane ein gong i bland der eg får svelga frukost kaffien åleine.
  • Ja, eg er ei slank ung jente på 23 år, men ikkje tru at eit liv med spiseforstyrrelse er verdt komplimenta ein stundom får.
  • Jo, eg kan flørta eg når eg vil…setja på gnisten i augo og leika uskuldig og leiken. Men det ser ikkje ut til at ”blond-hair-blue-eyes” har gitt særleg imponerande resultat så langt.
  • Ja, dei seier so: ”Du lev ut draumen du, du som bur i USA”. Jepp eg heldig som kan studera det eg vil der eg har valgt. Men var det eigentleg draumen? Kanskje var det din dram?

Kva skal eg eigentleg fram til her?

Saken er den, og dette er eigentleg grådig flaut, at eg ei lita stund sida gjekk gjennom nokre dagar med frustrasjon mot positive folk. Eg vart gal kvar gong nokon sa ”Åh so fantastisk”, med det velkjende trykket på ”Åh” og fallande tonefallet på ”fantastisk”. Denne frustrasjonen overraska meg sjølv like mykje som det kanskje overraska deg. Det var ironisk, men likevel ei genuin kjensle. For etter mykje undring over dette anti-positivisme-fenomenet som plutseleg slo meg, har eg funne ut at det truleg heng saman med eit slags press til at alt MÅ vera fantastisk.

…For det er det faktisk ikkje.

Livet er ikkje ALLTID fantastisk. Graset er ikkje alltid grønt. Mykje er kanskje grønt, men ikkje alt, verken om ein bur i Norge, USA, på byen eller landet, einsleg eller med storfamilie. Om du ein gong ser “eit heilt grønt gras” så er det gjerne eit teikn på at du bør ta ein nærare kikk. For livet er ikkje ALLTID fantastisk – verken mitt eller ditt – og det er akkurat DET som gjera at ein set så pris på det når…

..Når dagane, av og til, går lett som ein trestemt vals. Når det er slik, ja då skal ein få dansa på rosa skyer så mykje ein vil. Det gjer i alle fall EG. Av og til smiler eg berre fordi eg ikkje kan la vera. Av og til kriblar det i meg fordi eg har det så godt akkurat då. Eg set pris på det, og tillèt meg sjølv å vera glad! Kanskje publiserer eg eit bilete på facebook av ein sau i solnedgang eller av utsikta frå huset. Kanskje blir eg ganske freidig og stor i ord.

Slik har det vore denne siste veka, då det har skjedd ulike hendingar der eg har kjend på både positive og negative sidene av same sak…men mest positive. Det har vore festival, besøk, opptreden, båt-kos, årets fyrste bad, små sol-glimt, familie, gode skogsturar og gode kollega.

Ja, livet er godt akkurat no. Heilt sant…

Men likevel, ver snill å forstå at dagane går OPP OG NED for også meg. Så skal eg òg hugsa, når eg sjalu siklar mot andre sida av fjorden, at

livet er OPP OG NED også for dei på solsida.

Berre sidan eg lova deg at dette var eit positivt innlegg. Her er nokon glimt frå siste veka.

oppi marka

oppi marka

photo 4

konsert på ei ferje

DSC_0712

baaad brrr

DSC_0952

besøk og solnedgang

photo 5

ODD NORSTOGA <3

berre synet av fine flott kyrkjebåtar

synet av fine flott kyrkjebåtar

Meg, deg og verda

3723 318

meg, liksom?

Eg berre tenkjer høgt, vil du tenkja med meg?

Eg kan ikkje stoppa lura på kvifor eg er meg og alle andre er sin eigen seg. Korleis alt som går igjennom meg og mine tankar verkar så stort og viktig og altomfattande. Men ingen andre enn meg sjølv høyrar desse tankane, ser fantasiane, eller kjenner mine kjensler. Alle har sitt eige; sitt eige meg som er meir tilstades enn andre sitt meg.

At me alle er oss sjølve kan ein kanskje lura seg sjølv til å forstå. Men samstundes som alle er seg sjølv er me også så fysisk og emosjonelt likt bygt opp. Alle er menneske. Det er då eg spør meg sjølv korleis det går an at me lev så ulike liv. Korleis kan eg sitja inne i mi varme stove og høyra stormen rive opp trea utanfor vindauga, medan andre spring for livet med skotkuler susande forbi øyro. Korleis skal det vera heilt ok, liksom? Her sit eg og bekymra meg for om eg rekk å både øva gitar og piano, og besøka besteforeldre i morgon, medan andre bekymrar seg for om dei lev i morgon?

Eg trur mange undrar over og funderer på verds-situasjonen me lev i. Likevel greier me stort sett å gøyma oss under gullputene våre og halda oss for øyrene. Me lev våre eige liv så travelt at me ikkje rekk å slengja ein tanke til slike verslege utfordringar me ikkje kan googl’a oss fram til svaret på. Men innimellom tillèt me oss likevel å letta litt på gullputa og sjå realitet i augo. Me vert minna på verdas urettferdigheter som berre absolutt ikkje gjev meining, på noko som helst vis. Uansett korleis eg snur og vender på det; korleis kan menneske som er så like, leva så ulike liv på same tid? Kvifor vart akkurat eg –den meg som kun eg er og eg høyrer og som finst inni meg- kvifor vart akkurat den meg’en født på riktig side av jorda?

Eg badar meg i taco-kjøtt, slår på TV2 Nyhetskanalen og ser folk verta drepne, jaga og torturert på grunn av si personlege tru, kjønn, alder, eller opphav. Eg spør meg sjølv kva som kan få ein person –ein slik meg som eg er, berre litt annleis- til å drepa ein anna meg. Korleis kan eg, du, politikarar, rike, fattige, og presidentar, godta bruken av vald og tvang som kommunikasjons-metode?

For når alle berre er sitt eige EG med sitt eige EGO og sine eigne behov og vektigheiter, så kan ikkje alle ha rett, vera einige eller få ha alt på sin måte. Akkurat fordi menneske er like, på eitt sett, er drap så uhøyrd. Men også fordi me på eit anna vis er ulike, er det unaturleg å skulle vera einige om alt. Men kva med forståing, og kva meg dialog? Kan forståing vera ei form for einigheit som ikkje trokkar på verken den eine eller den andre, eller kanskje like mykje alle partar. Og skal tru om ikkje dialog er eit lettare handterleg kommunikasjons middel enn våpenets språk. For meg er det så klart at KUN respekt og toleranse kan få oss til å leva sida ved sida med den ”eg, meg, mitt og mine meiningar” me alle har…for heller ikkje drap kan få andre til å bli ein anna meg enn den den er.

Men eg ligg eg framleis her på gullputa mi. Det er det som irriterer meg mest; kvifor greier eg ikkje gjer noko? Kvifor kjens det som eg gøymer meg når det er det motsette eg vil? Kanskje må eg rett og slett godta at verken eg eller andre kan redda verda heilt åleine; armane våre når kun ei viss lengde. Men her som eg er, kan eg derimot stå opp som ein person som er open for ulike meiningar, synspunkt og veremåte, og slik skapa eit mangfaldig og fredelig miljø rundt meg.

Kan me få til å skapa eit slikt verds-miljø også? Om alle strekk litt på armane, går litt ut av komfort-sona si, og respekterer at andre også er sin eigen meg…?

IMG_2644

We are the world!

photo 2(1)

Åpen sjø, let’s take a chance!

ORD

photo 2(6)Eg leste i dag eit innlegg på nettet der skribenten refererte til tankar som fuglar. Eg kjende meg att i formuleringane hennar. Og som kvardagsfilosof, som ung og draumande, og som låtskrivar, ser eg også ORD som fuglar. Ord svevar konstant rundt i tankane mine og leitar etter sin plass i setnings-rekkje. Nokon svevar lett og mjukt og lagar klare vakre formasjonar. Andre svevar hulter til bulter og veit verken fram eller bak. Men alle lengtar etter å landa på eit kvitt, blankt papir. For det er då, hos meg, at orda kan konkludera, snakka til meg og læra meg noko.

Desse svevande orda mine dannar dei raraste senario. Ofte inkluderer dei ein prins med cowboy hat og kvit hest. Kanskje ser eg meg sjølv ta imot heiderspris for mitt heiderlege arbeid i eit krigsramma område. Kanskje laga orda eit bilete tre mini søte små, eit hus, ein hund, og ein hage. Eller kanskje syng eg duett med John Mayer på ein ute scene i LA. Slike draumar altså… Dei kjem ubudd og tek umiddelbar kontroll. Av ein merkeleg grunn får dei meg til å sjå dei som sanning, heilt til eg plutseleg vaknar og ser at framleis sit åleine ved skrivepulten min i ein kvit, tom leilegheit.

Til motsetnad, somme gongar hentar eg bevisst fram tankar frå langt bake i gjømte krokar, og lagar konklusjonar av vanskelege spørsmål. Eller kanskje eg berre let dei hoppe fram og tilbake ein kontrollert dans, før eg puttar dei fint på plass igjen.

Om desse orda kjem som umedvetne draumar og fantasiar eller som eit forsøk på å finna kloke gode svar, så har dei ein ting til felles; dei treng å bli skriven ned. Dei lause orda er dei ingenting før dei har teke plass på eit papiret. Og fyrst då kan eg sjå at ein pluss ein er to, at den heidersprisen ikkje kjem av seg sjølv, og at den prinsen berre var oppspinn. Og held eg fram med å få orda på papir og setja tone til dei, så vert i alle fall ikkje draumen om duett med John Mayer fjernare.

Så eg MÅ skriva. Eg har sneke meg unna så lenge no. Har skulda på lekser, øving, trening, og julebesøk. Det har alltid vore viktigare ting å gjera enn å skriva. Men eg ser no at det er dei same senario som spinn rundt og rundt i hovudet kvar kveld når eg prøver å sova, kvar dag når eg syklar inn til bygda, kvar dag når eg står ved stranda og ser utover fjorden. Ja, då må eg få orda ned på papiret så det kan bli plass til nye ord…

..For nye ord gjev nye tankar, nye songar, nye dikt, og ny innsikt!

photo 2

Too bold and too blind

WP_20141019_002Det er interesant kva prosess ein songtekst går gjennom frå fyrste idé blir rabla ned på ein serviett, til ein endeleg kan trykka “lagre dokusment” under mappa “ferdige songtekstar”.

Som låtskriving-student må eg stort sett skrive 2 songar, idéar til song, eller del av ein song, per veke. Som oftast må eg gå gjennom ein bestemt prosess, bestemt av lærearen. Det kan vera å skriva i moll, skriva blues, byrja med ein loop, byrja med refreng byrja med hook line, byrja med å finna alle rima du vil bruka i teksten, kun bruka fire akkordar ovsv.. Deretter føljer bestemte reglar ein må følga for å få lyttaren til å kjenna den kjensla du prøver å formidla.

Å skriva ein låt(som lekse) er altså ikkje berre å setja seg ned å skriva ut kjenslene sine, desverre. Det fyrste min tekst-skrivings-lærar sa til oss i byrjinga av semesteret var “Music is NOT magic”. Noko mindre motiverande skal du leite lenge etter spør du meg, men noko sant ligg det vel i det.

På den andre sida, når eg personleg kosar meg som låtskrivar, er når eg har ei kjensle som eg berre må få ut og ned på papiret og inn i mikrofonen. Det er då det er kjekt å leika seg med ord og tankar. Og når låten er ferdig kjens det så deiiiilig. Det er som å sprekka ei boble av kjensler som har lagt å kokt inni deg!!!

Eg tenkte som så…

Eg tenkte som så
om berre eg hadde all tid i verda
Men så kom eg på523634_10151196490036206_1546255318_n
At stela kan ikkje tid
Og vil gi like mykje alltid
Så er eg vel fri

Eg tenkte som så
Om berre eg visste kor å gå
Men så kom eg på
Med verken bom eller skilt
Kan eg gå kor eg vil
Så er eg vel fri

Eg tenkte som så
Om berre eg kunne letta å fly
Men så kom eg på
Med vilje eg kan flaksa
Og med latter sveva fritt
Så eg vel fri

Eg tenkte som så
Om berre heime var meir nær
Men så kom eg på
Mest tålmodig er hjartas grobudd
Så kanskje ein ny stad kan vikariera ei stund
Så er eg vel fri

Eg tenker som så
At dette var ikkje så dumt
At dersom eg er fri
Så kan eg vel leva
Akkurat når eg vil

-Eli Gauden Oct 11th 2014

WP_20140904_001

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.