Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2011

«Ferie-museums-tips»

Korleis forberede ein ei reise no til dags? Jo, ein må sjølvsagt samla ihop nokre kronestykker. Vel, ein må kanskje pakka, ta vaksiner, kjøpa alt som trengs osv. men det blir gjerne nedprioritert, for her i gården har det dei 5 siste vekene og vil dei neste 2 vekene gå i jobbing, jobbing og litt til jobb. Det høyrest kanskje ut som klagnig når eg seier det slik, men det gjer eg på ingen måte. Klart det er trasig dei dagane sola skin ute og eg heller kunne tatt ein tur i marka, og dagane blir forferdelig like. MEN sjå berre kor eg arbeider då: Hardanger Fartøyvernsenet.

Hardanger Fartøyvernsenter er ein nasjonalt senter for ivaretaking av gamle fartøy. Her blir det blandt anna bygd småbåtar, restaurert alt frå småbåtar til skip og ferjer, laga verktøy i smia og slått tau av naturfiber. Formålet er å ta vare på den handverkmessige kunnskapen rundt bygging, resaturering og eldre levingar. I tillegg ynkjer me å formidladetter og er difor også eit museum. Alle som vil kan komma å sjå på det me gjer, få omvisning, prøva å laga tau, eta heimalaga kaka, gå ombort i båtar og ta ein rotur. Høyres dette ut som ein kul ting å gjera i den alt for lange(?) ferien? Ta turen då vel:)

Jepp, ikkje dårlig eller kva? Eg jobbar i kafeen og er omvisar. Dvs at eg må kunna mykje om båtbygging, treverk, tau og liknande. Det er kjekt. I tillegg blir det litt baking. I dag har eg kutta 21 paprika, 10 raudløk, laga 30 vaffler, sett Gjertrud(min så alt for hyggelige medarbeider) steika 3 kg kylling…og me har metta 30 magar. Det er ikkje dårlig på ein dag, kva? Det er flott med ei jobb ein likar…men eg må innrømma at ingenting er so godt som å komma heim etter ein lang dag også. Her sit eg, ikkje i stand til å gjera stort meir enn rabla ned nokre ord, høyre Jamie Cullum på annlegget og nyta at eg har ferie og faktisk ikkje MÅ gjera større saker enn nettopp dettte resten av kvelden! Prøv det du og, å ikkje gjer NOKO meir enn akkuratt det du MÅ, kanskje ikkje det ein gong. Dersom ein får det til (det er ikkje alltid så lett å slappa av, tru meg) er det ganske så deilig! God kveld – Eli

 

Read Full Post »

Dette er det eg forlater

Eg sitte heima i stova og ser over fjorden på Folgefonna og fjella. Til ein forandring (hold deg godt fast) skin sola…vel og merke kun på andre sida av fjorden. Det er å fælt innrømma, men eg har virkelig problem med å unna mine vennar «on the other side» å ha sol til kl ti om kvelden når eg sjølv knapt rekk heim frå jobb før skyggen tek meg. MEN visuelt sett skal eg ikkje klaga. Når sola skin i Hardanger er det rett og slett verdens vakraste stad. Du har kasnkje vanskeleg for å tru meg..?…då er det berre å ta turen til Skipadalen. Eg skal personleg visa deg vegen opp bak huset i skogen gjennom buskar, kratt og sauer til min ynlingsutkikksplass. Har du nokon gong hatt følelsen av at dersom du hadde døydd no hadde det ikkje gjort noko fordi du føler deg so lett, lykkelig, flygande og i eitt med naturen? Det høyres kanskje fælt ut, men nei, dette er den harmoniske kjensla du får av å sjå Hardanger i sol.

Eg tenkte ikkje på Hardanger som noko spesiell før. Jo, eg synest det var vakkert då og, men eg var so vant med det. Alltid fjell og bakkar å gå opp, sol som går tidlig ned, regn…ja, alt det typiske vestland. Men etter eit år på Romerike Folkehøgskule, Jessheim, Oslo har eg eit heilt nytt syn på naturen her, og ikkje minst eit nytt og forsterka syn på min eigen identitet som epleglad Hardingajenta. Det er jo som ein seier, borte bra men heime best. Det var deilig å komma til austlandets flate landskap, kalde vinter og sprudlande kultur. Men eg merka det allereie fyrste ferien eg hadde heim at det jammen var godt å koma attende til fjella, dialekten og roen. Eg er ratt blitt stolt over å koma frå Hardanger, og har ingenting imot å la Oslofolka tru at her veks det eple året rundt, at eg går i bunad kvar dag, at presten er øvstehovud og at me rir med hest og kjerra. Dersom det er eit slikt idyllisk bilete folk vil ha av min heimstad er eg ikkje vanskeleg å be..tross at det gjerne er å ta ein smuuule hardt.

Så korleis skal det gå når eg no skal reisa enno lenger vekk..? Til Amherst, MA, usa, i eit halvt år. Eg reiser om 3 veker i dag. 

..og dette reiser eg til.

Den 3.juni set eg meg på flyet saman med mi Kusine Kristina, hennar mann Jostein, og deira søte små Bjørn Johan, Oskar og Karolina. Saman skal me bu i eit gammaldags tyspisk amerikansk hus i McClure Street i studentbyen Amherst (1-2-t. nord for New York og vest for Boston). Jostein skal arbeida, han er geolog og breforskar og slike ting. Kristina skal skriva Doktorgrad, ho er også geolog og det der. Borna skal gå på skule og barnehage, dei er ikkje geologar..heldigvis. Det ville blitt i mestelaget for meg som absolutt ikkje er geolog. Forhåpentligvis vil eg i løpe av dette halve året saman med dei etterkvar koma med ei litt grundigare forklaring på kva dette yrket går ut på. Uansett; Eg skal ha den gleda av å passa ungane. Følga til å frå skule og barnehage, tur i parken, leik, nattasang på senga og det som ellers følger med. Eg gledar meg. Eg trur det blir fint. Noko heilt anna. Berre vera i usa, kult? Eg har alltid drømt om å bu i usa, men eg hade ikkje forventa det skulle skje NO. Men no skjer det. Eg reiser til statane…er du missunnelig? Flott, det trur eg faktisk du har grunn til 🙂 

Read Full Post »

Eli på ville veiar

Blogg? Hæ, kva er det? Nei, så gale er det vel ikkje, men at eg skulle finna på å laga blogg er gjerne ikkje det fyrste du hadde rekna med?

  1. Finn eit bloggnavn. Flaks at dette var det fyrste eg måtte gjera, for det er  kanskje det lettaste eg har gjort så langt i prosessen. eligauden. Er ikkje det ganske naturlig?
  2. Utforming, finn ein «layout». Her kjem utfordringane. Etter å ha bladd 3 gonger gjennom dei 120 alternativene som var, fann eg ein forløpig layout…men nei, her skal det forbedrast med tida.
  3. Bli kjend med korleis ting «fyngerer» her på wordpress.. Nei, nu skjøner jag intet. Det tar eg seinare.

Ok, so far so good..men -gulp- korleis skriva eit innlegg?

SLIK! Fynka detta?

Read Full Post »