Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 2011

Om ein har det kjekt eller ikkje; av å passa ungar, rydda hus, bu med ny familie, savna heim, skaffa seg venner «på tvang» fordi eins eigne venner ikkje er her, varme, av alt dette blir ein sliten. I helga tok dei andre turen opp i fjella i Vermont, og eg blei att heima(«heima») i Amherst. Eg fekk ein pustepause som var både trengande, og forhåpentligvis, fortent.

Eg er av den heldige sorten som trivs godt i mitt eige selskap.

Eg la planar for korleis å gjera dette til ei riktig Eli-helg. Men ting blir vel aldri heilt slik ein ser for seg at det skal bli?

På fredag kveld, etter Hip-hop, avtalar som blir utsatt, nye avtalar som blir laga og utsatt…finn eg meg sjølv sittande under eit tre i ein park mitt i Amherst sentrum. Det regner og lyner og tordner, og eg prøver så godt eg kan å ikkje sjå einsam ut, sjølv om eg var det. Men likevell så er det noko med denne åleine-i-regn-følelsen som er litt tilfredstillande.

Plan for lørdag: Eg skylle sykla til ein stad kalla Moun Pollux Trail, ein slags høgde der eg har utsikt over byen. Ein kar viste meg staden og eg forelska meg i den med ein gong, staden altså. Eg pakka piknikkbaggen, tok med meg fleire bøker og solkrem og heiv meg på sykkelen. Her skulle eg tibringa heile dagen. Men, å sykla i ein framleis ukjent by til ein stad du eigentleg ikkje veit kvar er, er ikkje som å tella til tre. Eg sykla og sykla og sykla…og so gav eg og! Etter halvannen time var eg tilbake i byen, vondt i ryggen av alt for tung veske og skit frå topp til tå. Vel, eg fekk meg i allefall litt trim.

Så, eg prøver igjen, plan nr 2: Ta med gitaren i ein park og sitta å spela leeenge.

Ser du noko unormalt?

Vel, ikkje heller dette gjekk heilt som planlagt. Eg sit att og tenkjer «kva er det med føttene mine, eigentleg?«.  Fyrst kjem ein mann bort og spørr om å få ta bilete av føttene mine. Deretter finn eg meg sjølv sitjande og spela gitar med ein stor svett amerikanar som maserar og snuser på føttene mine. Svært ubehagelig. Dette medførte eit par kvite løgner for å få meg bort så fort som mogleg. Eg synest det er hyggelig å prata med fremmede, men…masera føtter tilfremmede..det er vel ikkje normalt, er det?

Drive-in-kino Har du vore på det?

Nei, tenkte meg det. For det har me kun sett på amerikansk film. Veit du, det er faktisk akkuratt som på film. Folk kjem med sin store GMC med sofa og madrass bakpå, ungar og hundar, pils og popkorn. Eg var invitert med av ein anna kar eg har blitt kjent med, og me såg Captain America. Ein svært urealistisk liksom-realistisk-ww2-film som eg ikkje kjønte noko av. Men underhaldande var det så absolutt. Ikkje vist eg at Hitler hadde lasar-sverd. Kanskje grunnen til at eg ikkje fekk med meg handlinga var at eg stort sett såg på himmelen.

Mørkt, 10.000 stjerner, stjernesudd og fier-flies, slike lykter som folk har sendt opp i lufta….og myggstikk. 

På vegen passerte med denne? Ser du kva det er? Min favoritt-ting eg har sett i usa til no!A Mashroom...eller mini-bank som eg liker å kalla det.

I dag er det søndar og eg har fått spelt gitar uavbrutt i parken. Eg har fått bada i Puffers Pond, og lest bok (ikkje uavbrutt, men heldigvis ingen massører på stranda).

Dette er Puffers Pond. Fin plass. Bildet er tatt sist veka ein gong...og du må ikkje tru det meg det vart tatt bilete av... Nix, Karolina insisterte på å ta bilde av mannen so spelte gitar. oooki, eg er ikkje vanskeleg å overtala. Modell-brun, mystisk med solbriller, gitar på stranda. Er det ikkje det me alle drømmer om, jenter..sånn på liksom?

No skal eg ha skikkelig lørdag på ein søndag. Gå til å byn å kjøpa ein is-kaffi, for så å sjå film på Jostein sin fine flotte apple-tv. 🙂 Kva har du gjort i helga?

Sitat frå boka eg les «Illusjens» – Richard Back: 

«Like attracts like. Just be who you are, calm and elear and bright. Automatically, as we shine who we are, askin ourselves every minute is this what I really want to do,  doing it onyl when we answer yes, automatically that turns away those who have nothing to learn from who we areand attracts those who do, and from whom we have to learn, as well.»

Read Full Post »

Kvardag i Amherst

Livet blir stadig meir og meir rutineprega og kvardagsprega, og det er vel godt for oss alle. Nesten kvar dag frå 8 til 4 passar eg Karolina og Oskar. BJ er på camp og dei vaksne på jobb. Uansett kor kjekt det er å passa born kan det til tider vera vanskelig å finna på kva ein skal gjera. Du veit, fantasien hos vaksne er kjent for å falma litt med åra. Også energien kan vera vanskeleg å holda på topp alltid, og det er DÅ det er viktig å finna nokon faste ting ein kan gjera som ikkje krev for mykje tenking. Dette er det eg gjer med borna:

Biblioteket. Leiker, bamsar, bøker, togbane...og etter vårt sisten besøk; Karolinatiss på teppet.

The turtle-pond: Mata fiskane og gigaskilpadda(fått navnet Oskar den andre) ved skilpaddedammen.

Bading ved puffers pond. Oskar kan svømma med armringar på.

Puffers pond

Puffers Pond

Is, veldig is, på Istoranten, som Oskar så fint har navgjeve den som.

Etter ein lang dag med passing må Eli ta seg ein pause. Det blir som oftast tur gjennom gata, og kanskje ein stopp i ein park for å lesa ei bok, eller ein kaffi på Starbucks. Det er ikkje mykje som skal til før ein er fit for fight igjen!

Solnedgang og bok i ein park. "Illution" av Richard Back - dagens bokanbefaling.

Read Full Post »

Verden!

Verden

Usa er ganske langt frå Norge. Ca 3000 nautriske mil. Sjølve flyturen over havet tok kun 11 timar. Men denne tida heng ikkje saman med avstanden. I 1986 reiste Richard Brandson over på 3 dagar, 8 timar og 31 minuttar, og det regnes som den raskaste reisa over atlantern som er gjort med båt. Dersom eg sjølv skulle bygd meg ein båt og rodd over hadde det trulig tatt ein smule lenger tid…og då nærmar me oss ei tid som står meir i likskap til kor langt det faktisk er. 

Eg snakkar med venner og familie frå noreg stadig vekk. Når eg har mammo på telefonen er det som om avstanden forsvinn. Når ein seier hei på facebook kunne ein like godt ha såtte heime i stova i Norge. Det er ikkje som at det tek lenger tid å skriva «hei» på chatten sjølv om du er 3000 nautriske mil unna.

Men likevell er det som å leva i ein heilt anna verden.

Ikkje berre fordi ting er annleis, men mest fordi ein plutseleg befinn seg på ein heil ny stad, nye bekjente, og ikkje minst ein ny kvardag som er ulik den ein er vant med. Sjølv om det ikkje er ønskelig, så blir tankane sjedanare og sjeldnare på heimlandet og på det som skjer der. Som sagt ikkje fordi ein vil det slik, men fordi det ikkje er ein del av kvardagen.

Så kva med når det skjer noko stort i heimlandet. Som at delar av Oslo blir bomba og 100 ungdommar skoten og drept?Kva då? Eg trur det er noko som eigentleg ingen av oss heilt kan forstå. Me seier «det er heilt forferdelig», men skjønnar likevel ikkje kva som har skjedd. Kanskje det har noko med perspektivet å gjera. Ein dag kan det vera forferdelig at ein myster ein liter melk på gulvet rett etter ein har vaska det. Ein anna dag kjem ei flodbølge over Thailand og tek livet av 100.000 mennesker. Dersom ein set Oslo-hendelsen opp mot det kan ein nesten få dårleg samvittighet for å i heile tatt tenke på det som forferdelig. Men tek ein vekk alle perspektiv, og berre ser på hendinga i seg sjølv så ser ein det som virkelig har skjedd. 

Eg sit i usa og les at det har skjedd noko i Noreg. I Norge, eit land eg er ifrå, der eg har alle mine kjente og kjære og alle mine minner. Likevel, i Norge, eit land langt langt borte, litt i ein anna verden. ein stad som ikkje er ein del avden kvardagen eg lever i no. Eg leser kva som har skjedd, eg fyljer med på nett-tv, nettaviser og kommuniserer med venner på facebook. Men eg må likevel takka nei til eventer som «fakkeltog i Bergen» og «minnestud i oslo». Berre på grunna av at eg ikkje er i Noreg no er det som om det har skjedd i ein film, og eg tenkar at det ikkje har noko for seg om eg bli medlem eller ikkje i «Noreg står sammen mot terror» og «steng dørene for morderen». Vel, klart det har noko for seg, og dette er grupper eg meldig meg inn i med glede. Men samstundes er alt så fjernt.

Så, plutselig, eit minutt, kanskje berre eit halvt, er det som om ei dør vert åpna og ein skjønar lutselig kva som har skjedd. Nokon er død, nokon har mista sin kjære… Eg blir kvalm og svimmel og kjenner at eg må halda meg fast. Tårene presser bak augaeplet, og ein må halda igjen. «Kvifor skal eg grina? Eg skjenner jo ingen som var involvert.» Jo, likevel, om eg kjenner nokon eller ikkje. I dei få sekundane ein plutselig skjønner alt dette blir ein berre heilt satt ut. Og så må livet gå vidare. Ut på tur, is i parken, bading, leiking med ungane, bleieskift…og så er alt fjernt igjen.

Folk seier at me lever i ein fæl verden.

At realiteten er vond. Men..er den eigentig det? Er dette ein god måte å sjå livet på? Kva utgangspupnkt gjev det for vår verden? Eg er ingen filosof -sjølv eg kan lika å lata som eg er det- og har enno ikkje greid å filosifera meg fram til kva eg alternativ vil sei at verden er. Men eg vel å velga at min verden er god. Og eg trur at dersom alle vel å leva i sin gode verden, så vil ikkje realiteten vera at verden er ein fæl stad å leva i.

Read Full Post »

Å trilla ei vogn, men ein toåring i, ei dukka, eit par liter vatn og ein fireåring bakpå(tiny little detail). Nevnte eg dei 35 gradene?

Eg ligge halveis i svime på ein benk på leikeplassen me har leita lenge etter, og lengtar heim til airconditionen ..veit at turen heim er like lang som bort. Virkelig..eg har vist aldri før visst kva hete egentlig er. Vanlige sommarar ligg temperaturen på mellom 70 og 80 farenheit her i Amherst, denne veka er det meldt 100. Eg klagar ikkje, heller varm ein kald…men det er sjokkerande. Du veit korleis ein om vinteren i Noreg har eit samtaleemne; «No må kulden forsvinna snart. Uff så kalt det er. Dette været» Det er det samme her, berre omventd.

Ungane held ut i heten og dagane tuslar og går. Me har hat bibioteksbesøk, vå i park og mata fiskar og skilpadde… Me besøkte umass-parken og oppdaga ei skilpadda på over ein halv meter. Når ein ikkje ein gong viste det fants skilpadder her blir ein litt satt ut av heile situasjonen når du plutselig finn deg sjølv klappande på ei skilpadde midt i byen… Me har ete is, leika, sett film, bada..får dagane til å gå. I dag står ute-jazz-park-konsert  på programmet…

…visst ikkje saksofonen smeltar då..

Read Full Post »

Weekendtur til Cape Cod

Utsikten frå Sagamore B&B - solnedgang

Vanlegvis når ein skal på trandferie finn ein eit fortreffande bilde på nettet som ein viser til alle bekjente for å gjera dei missunnlege. Innerst inne veit ein at bildet er redigert til di grader og at sjølv om det kjem til å bli bra vil du aldri få ein slik opplevelse smo bildet tilseier å skulle gje. Eit unntak: Sagamore, Cape Cod, MA! 

Me annkom fredagkveld. Eg gjekk inn på rommet eg fekk tildelt. Både eg og Bjørn Johan tek fart og hoppar oppi dobbeltsenga som, som alt anna, var typisk amerikans. Stor, høg og med puter fint stilt opp i ein V-form. Me går vidare ut på altanen, og kun opplyst av fullmånen ser me strand så langt augo når. Den friske vinden og lukten av det salte havet slår mot oss, og i norke sekundar trur eg me alle følte oss lamma av…glede? lykke? noko var det vertfall.

Eg og Bjørn Jonhan delte dobbeltseng.

Du veit, for oss som er vokse opp med sjøen og er det å befinna seg i flate innlandet,  2 timar (bil) frå saltvatn ein ildåprøve i seg sjølv. I Amherst står lufta stille. Varmer og sola er noko heilt anna enn i Noreg. Det beste eg veit er å kjenna sola varma, lukka augene og blir fylt av den naturlige lykkerusen. Her i Amherst gjev ikkje sola den varmen. For sjølv utan sola er det varmt.Ssola blir berre ein prikk på himmelen. Eg ser den verken gå opp eller ned (mykje fordi hagen er overgrodd av store, stygge trær), den berre er der. Eg føler heller ikkje sola gjev den same sommarhuden som i kobinasjon med saltvatnet. Eg merkar at berre etter desse to dagane ved kysten har håret lysna og huden mørkna mykje meir enn dei 2 fyrste vekene her inne. Å komma ut til kysten var rett og slet som å endelig få pusta at etter å ha holdt pusten i to veker. Som å komma ut frå eit grisehus etter å ha vore der alt for lenge. Som å dysja etter ein skiferie på fjellet der vatnet var frosset… du tar poenget. Om ca 3 veker skal me tilbake, då inkludert ein tur ti New York og kanskje Wachinton.

God Morgen!

Ungane likte vertfall frukosten, og eg må vel innrømma at det er litt deilig å kunan unna seg ei pannekake ein sjeldan gong.

Når ein er så heldig å få oppleva Amerika må ein ta til takke med både dei gode og mindre gode sidene. Eg ska difor prøva å bita i meg (bokstavleg talt) dei 3 Fast-food-måltene me hadde denne helga + pannekake/bacon/pølse-frukost. Me snakke FEITE pannekaker med sirup på. Ettersom me var på kysten ville me eta litt sjømat. Eg har no lært at alle restaurantar som har noko med «lobster» i tittelen, kun serverer frytyrmat, ca.

My first American burger

Er ein flink å tolka amerikanske menyar kan ein ve nokså heldig med maten. Jostein var storfornøyd med sin "lobster".

Dagane gjekk med til litt bading og soling og leiking og me tok ein tur til byeane Plymouth og Sandwich. Det var deilige dagar. No er mt tilbake i huset vårt, og det er igrunn ikkje så verst det heller. Brune og fine og glade heile gjengen!

Read Full Post »

Slik vaknar eg kvar morgon av sola som seier hei

IS i Amherst town

Bjørn Johan seier ikkje nei til is.

Jazz-konsert.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Read Full Post »

På mandag som var byrja Kristina og Jostein på arbeid og kvardagen er i gang. Ein dag i Amherst ser ca slik ut:

07.00: Stå opp
08.00: Frukost 
09.00-11.30: Rydding, skriking, grining, latter, speling, lekser, teikning 
11.30-12.30: Lunsj
12.30-16.00: Bading ++
16.00-17.30: Eli og Bjørn Johan på Hip-hop (kun denne veka) 
18.00-19.00: Middag
19/20.00: Eli (og kanskje Bjørn Johan) på kveldtur gjennom byen.  
21.00: Eli er veeeldig trøtt og går og legger seg ++

Slik har egentlig kvar dag vore denne veka, og det er forsåvidt greit.

Me har funnet dette vatnet (the pond) som me reiser og badar i kvar dag. Det kjem bilder etter kvart som eg husker å ta med meg kamera. Bjørn Johan har nesten lært å svømma og Oskar trur han har lært å svømma (med sine LynMcQueen-armringar og badering på). Karolina spradar rundt på vann og i land og får kvar ein passerande sin oppmerksomhet med sine ydelige krøllar.

Eg og Bjørn Johan har vore på Hip-hop denne veka. Dvs. han deltar og er med som tolk…men lurer meg til å dansa saman med dei bakerst i rommet. Bjrn Johan har også funne ut at dersom han blir med meg på kvaldsturane mine blir det gjerne ein ekstra cola eller brownies-stykke på han. No tenkjer eg å ta pause frå kafébesøket for ei stund. Håpar likevel han vil vera med meg på tur. Eg syns det er overaskande kjekt å leika dinosaur/batman/superman med lasarsverd heile veien opp og ned til byen. Treng ikkje noko ekstra treningsøkt då.

Eg, Jostein og hans student-kollega Matias har nettopp vore på Jazzkonsert. Kjekt å ta del i litt sosiale happenings. Det var bra. Dyktige folk. Men eg merkar at eg kanskje er litt for lite inni jazzverden til å kunne høyra på solo etter solo utan å måtta blunda augo eit lite sekund.

I måro reiser me på helgetur til Cape Cod. Eg lengtar meg grøn og blå etter å få saltvatn i håret. God sommarhelg til alle gode venner 🙂

Cape Cod ligg litt sør for Boston og er forhåpentligvis like digg som det ser ut som på bildet.

Read Full Post »

Older Posts »