Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 2011

Forandring fryder

Til tider finn eg meg sjølv i situasjonar som i utgangspunktet kanskje ikkje er noko EG liker, eller vanlegvis gjer, eller ynskjer å gjera. Men igrunn er det akuratt desse tingene som minnar meg på at eg er i Amherst NO, at alt dette som skjer er midlertidig, eit halv år av heile mitt liv. Once in a lifetime

Lilje i fredsparken, Amherst

Forleden dag sat eg 4 timar hos naboen og såg tv. Eg huskar ikkje sist gong eg i heile tatt såg tv, det er ikkje noko eg gjer. Og plutselig sat eg der å glodde på amerikanske dritt-program leeenge. Det er ingenting som ventar på meg ein vanleg kveld, ingen grunn til å gå tidlig til sengs, ingen grunn til ikkje kunna berre glo å gjera ingenting… Utenom den lille stemma langt bak i hovudet som helst skal ha meg til å gjera konstruktive ting heile tida. Men gu så deilig det er å gi blaffen i den stemma av og til.

Hampton Beach, NH

Når me hadde pannekaker med sirup til frukost, noko eg gjerne kunne stått over. Eller lunsj på «Donkin Donut». Eller muffins med peanøttsmør og syltetøy til kvelds. Kor ofte har ein det? Eg liker når eg føler meg skikkelig amerikansk.

Å passa te ungar heile dagen. Ikkje få tid til å pussa tennene og stella seg før etter middag. Det er rart å bruka kvar dag kun på andre og ikkje på ein sjølv. Men eg trur eg lærer noko av det også.

Regndag og barnepass

Å passa ungar: Når det er skrik og skrål og ingen lyer blir dagane så lange og uoverkommelige. «kva gjer eg her?». Så løsnar alt, ungane er lydige, men gjer kjekke ting, kos. Oskar og Bjørn Johan går av syklane når dei skal over vegen, Karolina sovnar i armane mine. Eli og BJ dansar hiphop til Justin Beeber. Oskar: «Eli, kan ikkje nu nett fortella meg historien om Jesus…veeeer så snill?». (waw, kvar kom det ifrå) BJ: «Eli, når studentane kjem kjem alle gutane til å blir forelska i deg.» (Og..kor kom det ifrå?). Det er godt at livet er slik at når det skjer/kjem kjekke ting så blir det som er mindre kjekt gløymt litt…for ei lita stund

I dag har Kristina bursdag, og dagen har bydd på forskjellig overaskingar.

Tur til ein Peace pagoge. Ein stor pagoge (sjå under) i ein park der ein kan meditera, be og huska på peace. FINT.

PEACE

Sjokoladekaka med norske seigemenn, på ein fotballbane i solnedgangen. Fint.

Bursdagsfest

Eg saknar allereie å ha mammo og Bård her. Det var så fint å ha nokon frå MIN familie her til å dela dei kjekke stundene med. Det er kjekt at eg kan dela litt kjekke stunder her på nettet, med deko. Det er også veldig veldig hyggelig å få fine, kjekke tilbakemeldingar og kommentar 🙂 Plutselig blir ikkje avstanden heim SO lang.

No ventar me på Orkanen Irene. Jostein var på butikken og kjøpte det siste dei hadde av vatn, stormkjøkken og lommelykter. Det seier litt om kva folk venter seg her. Me har kjellar og trykt hus. Eg synest dette er ein av dei tingenesom berre er spennande å få oppleva. Once in a lifetime.

Read Full Post »

Hallo – adjø

Eg har ei bok kalla «kvardagsfilosofi«. Den tek eg med meg i parken, på badestranda og der eg ellers går. Eg filosoferer over små kvardagslige ting som skjer, oppstår, som eg tenker på. Ein dag tidlig i juli, når eg ikkje hadde vore her så veldig lenge skreiv eg «hallo-adjø»filosofiteksten min, medan eg låg ved Puffers Pond og observerte livet rundt meg.

Livet er fylt av blikk og møter.Berre på éin heilt vanleg dag utveksler ein utallige blikk, og berre på éit liv opplever ein utallige møter. 

Nokon blikk er tomme, stumme og tankefulle. At dine auge møtte den andres var tilfeldig og ikkje planlagd. Like raskt som blikket oppstod forsvinn det att, og ein har allereie gløymd at det nokon gong oppstod eit blikk der. Nokon blikk er høflege. Fine høflege eller falske høflege, alt etter som. Andre blikk ynskjer å gje merksemd.; ”godt jobba, eg fårstår, eg er lei meg på dine vegne…”.

Så har ein dei oppsøkande blikka der du både søker noko av den du møter og gir noko av deg sjølv.Ein bestemmer seg (som oftast) for å gje dette blikker, og gjev det på ein så ”klar” måte at du får det i retur. Du seier ”eg ser på deg og du må sjå tilbake”. (Vel, ein må alltid lesa situasjonen. Kanskje er ikkje blikket passande, og gjev ein det då,,,så er det igrunn berre flaut.) De deler eit sekunds merksemd med kvarandre, for så å sjå bort og lata som ingenting. Men begge to veit at det var noko meir, at den andre gav litt ekstra merksemd til akuratt deg. Det risikable med dette blikket er at det av og til blir verande der som eit måleri på innsida av augo. Du får innblikk i noko langt inni personen, noko som appelerte til deg. Tanken på å aldri skulla sjå denne personen att gjev deg nesten kvalm og svimmel. Du går vidare og føler at ditt liv kankje hadde vore enno litt meir innholdsrikt om du berre hadde fått kjenna vedkomande.

Uansett kva blikk det er, om det seier mykje eller liter, er trist eller glad, så er livet fult av dei—kvar dag!

Allereie frå dagen du blir født blir du kasta inn i møter..bekjentskap.Familie, sjølvsagt, men etter kvart venner. Ein får gode venner som har alt å sei for din barndomsår. Men ein gå sin eigen veg og forlata alle desse. Du får nye bekjentskap, nye venner. Ein deler godt og vondt og stort og smått, men plutseleg går toget vidare. Farvell. Det er slik det held fram. Hadde det berre vore ”Hallo-adsjø” som med blikka, men nei. Det er ”Hallo-lev&del-adjø”. Det kan nesten komma til eit punkt der ein tek seg sjølv i å tenka at det er betre å ikkje få fleire venner for så å sleppa å sei adjø fleire gongar. For ein må faktisk ta eit valg, sortera. Kven vil eg bruka tid på i mitt liv? Kven er det som gjev meg noko? Kven er dei vennane eg treng å ha i mitt liv for å fungera, vera lykkeleg?

Det er eit problem med å vera meg, eg blir så fort glad i folk. Som sagt, det kan vera eit blikk og eg er solgt. Eit par dager, eit år. Uansett, å då måtta sei adjø…

Livet er fylt av alle desse ”hallo-adjø’a”.Av og til virkar det meiningslaust. Kva gjev det til livet? Kvifor må det vera slik? Det gjev ikkje meining, alt blir så overfladisk. Men kva kan eg gjera for å endra det? Eg antar det einaste eg kan forandra er min eigen instilling eller holdning til det. Eg KAN sjå alle møter som ein ny oppleving som er med å…forma meg?

Sjølv om ein ville vore utan adjø, ville ein gjerne ikkje vore utan hallo?

Read Full Post »

Hampton beach, New Hampshire

Atter ei veke, ferieveke, er gått…

denne gongen gått i sol og bading og besøk. Mammo og Bård var her frå 16.-22.

Hurra hurra hurra!

Å ha besøk er fint på mange måtar. Fyrst og fremst fint fordi eg har sakna heim så veldig mykje. Å plutselig ha M+B her var veldig rart og avslappande. I tillegg er det kjekt å få visa fram byen eg har snakka om, huset, McClurestreet, Walmart, the Mall, parkane eg har nesten daglige turar i. Ikkje minst er det fint å ha besøk når dei sjølv setter stor pris på å vera her. Bård fekk ein gong for alle bevist at usa er som på film, og mammo fekk klemma og passa på meg i seks heile dagar. 

Me reiste fort ut til Hamptin Beach i New Hampshire. Det var ein typisk turistbadeby. Ikkje det mest sjarmerande, men absolutt deilig og fint og godt og varmt…OG salt sjø, frisk bris…dette som får meg til å leva nett pittelitt meir.

lang, trong biltur.

Bård er veldig turist!

drage er kjekt

Me tok ein tur nordover itl the beaches of Maine, som skal vera dei allar finaste. Og det var det! Det var luksus-rik-fint-område. Husa var heilt ekstreme. Både store og fine med lekker hage.

Sjå på den terassen som er på toppen av huset. wow.

Du veit du er i amerika når:

Frukost?

Lunsj?

Amerikansk flagg overalt. I går var eg faktisk på besøk til nokon som hadde flagget hengt opp på veggen i stova. Du finn ingen i norge som har vårt fagg opphengt inne, me  har det såvidt hengt opp ute.

 

(Fleire bilete kjem når eg får dei frå Kristina og mammo)

Det er deilig å vera heima igjen i huset i Amherst,og ikkje minst deilig å skjenna at det er her som er litt heima no!  Om 2 veker byrar skulen og fritidsaktivitetar. Eg gledar meg SO til å koma i gang med kvardagen. I går meldte eg meg på ballett-klassar og eg trur jammen eg såg reklame for månedskurs i tennis. Høyres ikkje det kjekt ut? 

Me får sjå kva hausten byr på!

Read Full Post »

Eli’s anthomy

Du har gjerne sett amerikanske hospital-seriar?Det ser kanskje litt kult ut når pasientar kjem til akutten i ambukanse med blålys og alle legane står over ein og same pasient samtidig?

Vel, det er faktisk ikkje så veldig kult, vertfall ikkje når ein ikkje er heilt tilstede. Det som skjedde var at eg plutselig fekk veldig veldig vondt i hovudet når eg låg i senga mi rett før middag. Eg skulle gå ned, men greide ikkje å huska kor treppene var, og greide heller ikkje å sjå dei. Etter eit par kresj i diverse dørkarmar var eg nede og Kristina får meg på sofaen. Eg skal visst ha vore heilt kvit og skeiv i fjeset. huff, glad eg ikkje såg meg sjølv. Turen går rett til akutten på UMASS(universitetsområdet) og deretter i ambulanse med sirene til eit sjukehus i Northampton, ein naboby.  Både på vegen og når eg kom fram venta mange spørsmål, sprøyter(i veldig fleirtal), intravinøs, to MR av hovudet…og mange timar i sjukesenga. 

Eg prøvde alt eg kunne å ta til meg omgivelsane, sjå kva som skjedde, korleis alt var, korleis folk såg ut osv. MEN eg var virkelig ikkje til stede. Eg greide ikkje å sjå noko, ikkje bokstavleg. Kristina fortalde at no står det 4 legar rundt deg, eg såg dei ikkje. Eg kjente stikk etter stikk i armen, men såg ikkje kva dei gjorde. «Går det bra nåleputa mi?» spurte sykesøstra..dumt spørsmål. Dei spurte mykje spørsmål. Eg var veldig fornøyd når eg greide å svara på kva dag det var, heilt til sykepleiaren sa «Good, but actually its monday, not Tusday». Eg viste ikkje det var Mandag. «Do you know where you are honey?» Eg svarte ikkje det heile. «Give me your left hand» og eg gir høgre. «Can you tell me your name?» «Gauden» seier eg. Kvifor sa eg ikkje Eli? Det er kortare, lettare å stava og det rette svaret. Vel, det er ikkje rart dei sendte meg til MR. Begynnte vel å blir ein smule bekymra for kva som foregjekk i hovet mitt. Ut, inn i heisen, frå eine senga til den andre…deretter eit par liter vatn og ein del kontrastveska med intravinøs før ny MR. Måling av puls, blodtryk, oppkast,.. huff, det var litt av kvart som foregjekk rundtmeg.

Det som var fælt var at eg var på eit amerikansk sjukehus og hadde so vondt i hovet at eg ikkje greide å skjøna kva som foregjekk rudnt meg. Folk prøvde å snakka med meg, og eg greide ikkje å svara. «Can you give me a smile?» seier ein av dei unge manlige legane. Eg prøve so godt eg kan. «smile ho alltid så skeift» spørr han kristina. Skal sei eg følte meg kul. Eller etterpå «Ung mannlig lege nr.3: «Are you okay, It looks as your crying. Are you scared?» «No, its just the pain». Liten kvit løgn der. Kem ville ikkje ha grene når du ligge og ikkje greie å gjera eller forstå noko på eit amerikansk sjukehus og mammo er 3000 nautriske mil unna?

Når klokko vart 11 fekk eg endelig lov å eta middag og ta smertestillande.

Svar på alle prøvar var bra. Dei trudde vel kanskje eg hadde fått slag, det hadde eg ikkje, berre eit kraftig migreneannfall.

Eg var so trøtt. «Look at me» sa dei. Lett for dei å sei, eg greide nesten ikkje halda augene oppe. Men eg kunne ikkje sova. Du veit slik masking som står og viser hjerteslagene dine. Når eg slappa for mykje av blei blodtrykket under 40 og maskina byrja å pipa som gal. Så ikkje kunne eg sova.

Det som er bra er at dei var veldig flinke å følga meg opp der, tok meg heilt seriøst. Ikkje noko «Grey’s anathomy§-forhold her sa eg til KRistina. Jo, litt, seier ho. Det hadde seg slik at han som var med meg i ambulansen visst var veldig veldig kjekk. «Too bad I din’t got to see it». Så når han hadde komme inn i rommet, hadde alle nurse’ene retta litt på ryggen og smilt fint. Hehe…litt Grays-forhold likavel.

Jostein henta meg og Kristina, heim, mat, sova…vokna opp i dag, og det er som etter ein torden-storm, alt føles so mykje betre.

Litt spor har legane satt. Eg er blå oppover begge armane etter alt for mange spryøter. Og strek-kode-armbad måtte eg ha.

 

OG so må nevnast at eg har VERDENS BESTE MAMMA! Før eg var ute av sjukehuset satt mammo og Bård på flyet overr atlantern 🙂 Det blir fint!

Read Full Post »

Cape Cod

Soloppgang frå Sagamore Beach, Cape Cod

HER ER HJARTA MITT!

Reipa løsnar taket
og eg kan pusta att.
Kjensla av å vera innesperra
i sin eigen kropp,
tankar om livet som ein meinslaus apell,
Dei dreg sin veg
For her er hjarta mitt! 

Den bortgløymde verdien i å vera menneske
seier hei frå bak eit tre
Og sjela blir sjel
som eit menneske skal ha sjel.
Eit slag utan smerte, naturens slagkraft
Her er hjarta mitt!

Vinden sørfar frå aust til vest,
på vegen kitlar meg frå topp til tå,
ei flodbølge av glede måker veg frå magen
så munnviken ikkje kan stå imot.
Sjølv tangen, havets huldra, vinkar med sine mange armar
Lykkens søte berøring vispes saman
med havets salte bris
Lungene fylles og tømmes i takt
med bølgenes skvulp.
Fyller hjarta mitt!

Eg ser havet danna fjellkjeder
som slåst om å verta størst,
før dei ein etter ein blir til labyrntar i sanden.
Eg mysar, men ser ikkje ende,
eller enden av enden
berre sola legg seg langflat og skiljer
hav frå himmel.
Skin på huden som paljettar i gull.
Skin på hjarta mitt.

Ein og ein puslebit
dannar dei teppe av å vera.
Av meining, kraft, av å leva.
Om ikkje for ander så for meg.
Og eg kan fly.
Du fyller augo med begrensningar, og
ser meg tund som stein.
Men eg, eg kan fly.
For eg har hjarta mitt.

Som isvatn nedover halsen
når heten er som verst.
Etter steg med støvlar i djupvåt snø
har eg funne min
frihet!
For her er hjarta mitt

Min lidenskap, mi framtid.
For her er hjarta mitt!

(meir…)

Read Full Post »

I <3 NEW YORK

Good morning New York, Time Square

07.-10.August: New York med Kristina, Jostein, Bjørn Johan, Oskar, Karolina, Josteins foreldre og nevø. Dei bude på hotel midt på Broadway. Sjølv budde eg gratis i ein leilighet me fekk låna, ikkje langt frå Central Park. Metro, gåing, gnagsår, McDonalds, køkøkø  og observasjon, er turen oppsumert i korte trekk.

Me var her tre dagar. Dersom du har vore i New York ler du nok godt og tenkjer, «jaja, du kan no håpa men ikkje søren at det er nok». Så sant så sant. New York ER ein stor by og har så mange ting å by på. Her kan ein gjera ALT ein ynskje, både billige, dyre, underhaldande eller utfordrande ting. Min konklusjon etter turen er dermed: Eg har blitt kjent med byen, opplev NY slik ein ser det på film, og forsikra meg om at her SKAL eg tilbake…men med fleire dagar til disposisjon og mindre «reisepatrulje»!

Nettopp annkomme NYC. Alle er alle lika observerande og forvirra over alt det volsomme. Folk, høge bygningar, lys og reklame...akuratt som på film..?

Det er rart å vera på ein slik stad der det kryr av mennesker. Du veit mauren. Dei held til i maurtuer saman med tusenvis av andre. Dei stresser og farer og vimsar rundt. Eg tenker «for eit liv…meiningslaust, berre vimsa tundt heile livet«. Vel, ein føler seg litt slik på folkefulle stadar som NY. Du blir berre som ein av dei mange, som verken betyr noko til eller frå. Livet verkar nesten litt meiningslaust. Kva er poenget med å berre farta rundtom? Er det livet er til? Slike «filosofiske spørsmål» dukkar opp i Eli sin hjerne, og eg bli nesten litt skuffa over å føla det slik over livet… Men så kjem ein ut av folkemasse, foreksempel til Cape Cod, MA, og kjenner at ein er eit individ igjen…at du betyr noko og at livet betyr noko.

Når familien Bakke+Eli er på tur har me ein tendens til å havna på Fast-food-liknande stadar. Her igjen, fyrste dagen i byen. Etter å ha prøvd oss på Hard Rock Café der det vart for høg lyd for dei yngste og eldste, gjekk turen til McDonalds. Ungane glade og nøgde med sin faste cheese-burger, og med meg får det stå til med kyllingsalaten. Eg hadde aldri trudd eg skulle bli lei av salat, men faktisk...det er jo det einaste brukbare ein får på slike stadar...eller brukbare? Vel..grønt er det vertfall.

Empire State building

Utsikten frå Empire State Building kl 21.00, 102. etage.

Etter lang lang tid i kø, mangen treppe og fleire heisar var me endelig oppe i Empire State building, usa sin høgaste bygning! Fint.

Alone i NY city

Good morning central park

Noko av det beste var kanskje det å gå åleina i byen, med kart, camera og joggesko, og berre gjera akuratt det EG vil. Eg er ingen by-jente, men å ve åleina i NYC var på ein måte tilfredsstillande. Ettersom eg budde i leilighet åleina, fekk eg byrja dagen med å gå gjennom central Park og ned på Broadway, finna litt frukost og kaffi. MEN frukost i NY er ikkje berre berre. Dette ser ein på skiltene: «Buy your breakfast here; donuts and kaffi». Eller «the perfect breakfast for the perfect morning» over eit bilete av dei mest cheesete chesseburgegren du nokon gong har sett. *krømt-frukust-jaja*.

På ein kafé der menyen bestod mest av panncakes, bacon and egg fann eg meg "Wraps, grønnsakting og ships+kaffemocca". Greit, men eg holdt meg til knekkebrøda på rommet neste dag.

Leiligheiten eg budde i var eig av ein slektning av Kristina på 50 år. Heile tirsdag var eg saman med ho. Det er veldig greit å vera med folk som er kjent i byen. Sjopping, taxi og mat blir 10 hakk lettare. Ho visste virkelig kor me skulle gå og kva me skulle gjera. Dag tre starta med meg og ho på god kafé der eg fekk spinatpai og kaffelatte til frukost 🙂

The Statue of Liberty

The statue of liberty, bilde tatt på båten på veg ut.

Statue(s) of liberty

Little Italy og Kinatown

Måtte jo ta turen innom Little Italy som består av mange fine restaurantar, og Kinatown som berre hadde mange billig-jalla-sjapper og litt mat. Middag: Isundkokt fisk, pasta som ser ut som mark, kylling du ikkje ser er kylling og grønnsaker som ikkje smakar noko. Kinatown er fint!

Ellers: 

  • Var på Time Square Comedy Show ein dag. Slik ein ser på tv, der publikum sitter på runde bord, og alltid med drinker. Me var nemlig nødd til å kjøpa to drinkar. Følte meg litt dum som kom åleina, men det var morsom oppleving. Å gå/ta metro heim kl 12 om natta, åleina, var ikkje like kult, men eg overlevde det og.
  • Eg byrjar å bli god på å vera uhyggelig. Ikkje møta blikket til folk, ikkje sei hei, ikkje smila…det slår meg kor utrulig absurd det er at me leve i ein verden der ein ikkje kan ve hyggelig for å unngå…uhyggelige opplevingar. Hm!
  • Kafébesøk, igjen
  • Musikal- Mary Poppins. OK.

Karolina på kafé

Bubba shrimps restaurant. Hartley, Eli, Kristina

New York er FINT! Eg skal tilbake… Men jammen var det deilig å komma ut på Cape Cod langs kysten, endelig kunne eg pusta att. Eg er sååå klar for sol og bading og tang og salt. 

Eli og NY

Read Full Post »

TGIF

TGIF er ein mykje brukt forkortelse her i usa. og tyder Thank God its Friday. ( http://en.wikipedia.org/wiki/TGIF )! No er det vel og merke laurdag, men poenget er at sjølv for ein 19åring som berre ER til i usa, er helga verdt å tilbe.

Atter ei veke med barnepass er over. Denne veka ba på mykje sol og mykje regn, torden, leikepark,  bibloteket..ja, det som no er blitt kvardagen.

NO har det seg slik at me har ferie! Kristina og Jostein har fri, og må har fått besøk av Jostein sine forelsde og ein fetter av ungane. Det er veldig hyggelig, men får meg til å lengta enno meir til MIN familie og mine venner.
No er det ingen fleire langde barnepassdagar. I grunn er eg fri til å gjera akkurat det eg vil og reisa kor eg vil frm til September. Men av naturlige årsaker vel eg å følga med resten av familien på det dei skal. Programmet ser sli ut:

Leigebil nr. 2 er på plass, klar for NY city

7-10. aug – NEW YORK
10.-14. aug – Cape Cod
14.16. aug – Amherst
16.22. aug – Kysten
22.–> veit ikkje, muligens fjellet.

Me skal altså farta litt rundtom i området, og det blir forhåpentligvis bra.

Å vera i usa er fint, men å vera borte frå alle venner og all familie, frå huset og området du er vant med, er ikkje berre berre. Denne veka har vore lengtande, men endelig kom fredag og ferie, og bau på noko litt anna. 

  • 2 timar åleine i huset: Eli, gitaren og pianoet. JA
  • Hip-hop-time. Denne gongen fekk eg det faktisk litt til. JA
  • Picnic med ein eg snart kan byrja å kalla venn. Me reiste til Deerfield, på toppen på det han kalla eit fjell, altså ein liten topp. Ååh, ikkje berre var det utrulig deilig å vera med nokon på min eigen alder igjen…men det var utrulig fint. Solnedgang, utsikt, ost-og-kjeks. JA

Deerfield, MA

Solnedgang.

Sundaes

  • Etterpå fekk eg smaka på den veldig amerikanske spesialiteten «Sundeas» …sjølv om det var fredag. «Sundeas» ser slik ut og består stort sett av is, krem, softis, og det ein ynskjer av sjokoladesaus, bærsaus, banan, tuttifruttistrø og liknande. Mmm.. JA

No skal me feiraBjørn Johan sin 7-årsdag med iskaka, brownis og cupcaces. I måro tidlig går turen til New York.

God helg til alle i Norge, her ifrå Amherst.  

Read Full Post »

Older Posts »