Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2011

«Ikke ta livet for alvorlig. Du kommer likevel ikke levende fra det.»

…las eg idag. Eg blei litt glad og kjente at akuratt fordi ein ikkje bør ta livet for alvorlig, kan eg le av ting eg kanskje eigentleg ville sett på som ein stor skandale. Som at ser ut som ein klovn på ballett-timane. At eg ikkje kan gå på do uten å bli bitt på  av all myggen som har invadert badet. At eg måtte vaksa, henga opp, bretta samme klærne to gongar pga diverse. Og om ikkje kan le, så kan eg senka skuldrane og tenka at det er heilt ok at dei vennar eg byrjar å kalla vennar skal eg forlata at om 2 mnd og aldri sjå igjen. Og at det gjer ingenting om ikkje eg har sixpack og triseps til di grader…eg skal ikkje bli noko bodybuilder.

Neste veka skal eg:

Stå opp 06.45 å laga frukost
Vaska kjøkken, bad og hus kvar dag
Dansa
Vaska bæsjerompe
Speak english
– Ligge i sofaen å lesa bok,
– spela piano for besto
– Plukka eple i hagen
– Eta mammamat
– sjå tv…norsk!
– gå tur med Ronjahunden.
– Sitta på stranda og sjå utover hardangerfjorden…bada?

JA! Eg reiser til Norge på laurdag. 4 timar buss, 12 timar fly, 1 time bil… SKIPADALEN! Viktigast av alt det eg skal gjera, er at eg skal nyta å vera saman med venner og familie som eg, til di grader, har kjent at eg virkelig er glad i! 

Bård, mammo meg etter ei veka saman på Hampton beach, NH i August. No skal eg heim til familyen.

Ellers i usa er Halloweenforberedelsane i gang. JA, det er jo BERRE ein månad til. Eg har fått klar besjed at eg virkelig må finna ut kva eg skal ve utkledd som dei 4 DAGANE med fest… krømt. Jadda.. Forslag nokon?

Det er fint korleis eg merkar forskjell frå dag til dag. Litt meir lauv på bakken og litt gulare. Samstundes har me denne veka hatt varme på divå med dei finaste sommadagane i noreg. Det er sepesielt. I dag, når det kom litt regn kunne eg pusta letta ut og veta at eg kunne dysja utan å risikera å ve gjennomsvett før eg hadde fått kledd på meg att.

Denne veka har eg dansa ballett to gongar, lærd swing (som ikkje er lik norsk. Meir treig og lett og humoristisk), og i måro er det tur for vekas høgdepunkt, hiphop, og ikkje minst manikyrtime i byen.

Med det avsluttar eg fyrste kapittel i «Eli ut i den store verda». Så reknar eg med å sjå deko alle på flyplassen søndag kl 12.20(norsk, islands eller amerikansk tid. Med min iq er eg ikkje heilt istand til å rekna det ut) med norske flagg og welcome home-plkater. Ja, eg lever litt i ein amerikansk film! 

Read Full Post »

Søndag!

I dag er det veldig søndag. Så lenge eg kan hugsa har søndag vore den verste dagen i veka. Ein dag der ein alltid er slapp og trøtt, lite som skjer. Tanken på ny veka og prestasjonar er tung. Søndagsslapp vil eg kalla det. Men alt har vel noko positivt med seg, også søndagsslappheten. Det gode er at det faktisk ER søndag. Tenk å ve slapp på ein vekedag der ein faktisk MÅ gjera noko nyttig. Slik sett er det ganske ok å ve søndagsslapp i Amherst på ein søndag, åleina heima, men ingenting på programmet.

Eg tvingar meg opp av senga, frukost, joggetur i heten, dysj, lang tid framfor spegelen…. SÅ er eg er klar for å gjera ingenting og ve slapp resten av dagen. For meg var ingenting å traska opp i byen å kjøpa lunsj. 

Salat i ein av Amhersts parkar

Jones Library

Men til min forbausing endte ingenting i noko ganske meiningsfullt…og plutseleg var ikkje søndagen så søndag likavel. Eg tok ein tur på Jones Library…og endta opp med nesten meir bøker enn eg kunne bera. No har eg fått meg:

– Learn to speak english-bøker

– Musikk/gehøy-bøker

– Filmar

– Og sjølvsagt ny dose Nickolas Sparks. Denne gongen tek eg fatt på «The Notebook». Eg har sett filmen, og har aldri grene så mykje av ein film som når eg såg den åleina på rommet mitt på Kongshaug.

Etter eit par timar på bibloteket sat eg  2 timar med engelskoppgåver og rytmesyning. Hold deg fast: «Åh, so deilig å gjera litt lekser igjen.» Eg hadde aldri trudd eg skulle sei det, men det er noko med det. Kjensla av å læra og utvikla seg er ganske deilig.

Det er blitt mørkt før eg kjem til middagen. Eg sit i stova og ser «Skavlan» på «storskjerm». Me har ein slik ein flott prosjektor i stova og godt anlegg. Når du er i usa, 3000 miles vekke frå noreg, noko som kjens som 10000000 miles, så finst det, heilt ærlig, ingenting betre enn å sjå Skavlan. Eg kjenner meg med ein gong veldig norsk igjen.

Hausbilder frå dagens byvandring:

God haustveka.. forhåpentlig ikkje søndagsslapp men kvardagsfresh veka 🙂

Read Full Post »

Litt bilder

Litt landskap i Massachusats

Litt haust

REGN, plutselig.

Vasking vasking vasking.

Tryout for å veme på Ballroomdanse-teamet. Kjekt, gratis, erfaring, trening...men kom ikkje med.

Studentar

tidsfordriv

Read Full Post »

Din kløver

Ein firkløver blant alle tre

Er ikkje lett å sjå

Men er han meint å vera din

Så vil du han nok nå

Kravla rundt på alle fire

er mykje jobb til inga nytte

For den som jaktar på desperates vis

Ender opp med all slags bytte

Å finna fram ditt kart og kompass

Søka aust og vest

Gløymer du at kista med gull

Finns ikkje på gps

Korleis finna utan å leita

Lykkast utan å ta?

La tanken gje slepp på fastgrodd visjon

Kanskje er trekløver like bra?

La viljen leda deg der du vil vera,

Der stjerna di skin.

Så vil du skjenna det kittla på tåa,

Der er din kløver, berre din.

Read Full Post »

Glede

Det gjekk plutselig eit lys opp for meg. Er det nokon andre som av og til kan hindra seg sjølv i å vera glad for å unngå å bli skuffa når gleden er over? Eg skjønte plutselig at eg gjer det. Dersom eg blir veldig glad så kan eg tenka at «no må eg ikkje verta altfor glad, for snart er eg ikkje glad lenger uansett». Heilt ubeviste tankar, absurde tankar. Heldigvis fekk eg avsløra underbevisstheten, og finna ut at eg faktisk tenke litt slik. På lørdag var eg SO glad. Eg var so glad at det ville vore heilt absurd å ikkje VERA glad også. Så dermed VAR eg glad også.(litt invikla tankegang her..heng med). Eg smilte frå øyra til øyra, tok ein kaffe i byen, var med venner, lørdagskveld..og berre naut å vera glad.

Neste dag var fæl. Kvar muskel i kroppen værka, trøtt, slapp, svimmel. Tanken på å skulla ha dansetime neste dag var uutholdelig. MEN tross dette kunne eg framleis vera glad for at eg var glad dagen før. Så sjølv om eg hadde ein drittdag så kunne eg likevel ha det fint. Det var ganske fint.

Gjev det meining? Det gjev det for meg. Ver glad når eg er glad, finn dei tingene som gjer meg glad og ver glad for dei  istadan for å vera lei for tingene som ikkje er bra. Eg har høyrd fleire gongar at dersom ein skriv ned ting ein er takknemleg for kvar dag, vil det hjelpa ein å…ha det bra. Mi takknemlig/glad for-lista i dag.

  • sol
  • deilig haustbris
  • ein halvtime fri til å sola meg
  • 2 timar Vals
  • god middag
  • fotball med Bjørnjohan til svetten rann.
  • Gehøyrtime på universitetet
Dette var vel ikkje så verst. Korleis ser di liste ut? Eg tippar den blir lengre enn det du sjølv trur! Det var mi. 

Read Full Post »

Ein dag med dei minste

Det er so deilig dei dagane ungane oppfører seg fint, er glade, snille (stort sett) og ikkje protesterar for mykje. Det er godt å kunna le saman med dei og kjenna at eg har det veldig kjekt, berre  i deira selskap. Spenna fotball i gata, kritt med Karolina, leika StarWars med Oskar…då er ungane i sitt ess.

I går gjekk me fyrst for å få me oss Jostein og Kristina som gjekk i tog med alle professorane på universitetet.

Tog

Professor Bakke'ne

Dette ser eg kvar dag når eg går rundtom på universitetområdet.

Me tok ein tur på bibloteket. Ungane elskar det. Der er det mer leiker enn folk og supert å vera. Etterpå byrjar maset om is. Fyrst seer eg «nei, ikkjei dag. De får heilt sikekrt noko i morgon som det er laurdag». Som oftast når eg seier nei, så ER det nei. Men idet me går forbi «istoranten» blei kaffibehovet mitt for stort. «Ok, de skal få dela éin is». Ahh, så får eg kaffien min og ungane smilar frå øyra til øyra…men sjokolade frå øyra til øyra.

Ja, dette er is

Blinkskudd!

Cappuchino...mmm

Ettermiddagen bydde på Hiphop som i dag var tidenes deiligste treingsøkt.

Pai, min favoritt, til middag. Ikkje like god som mammo sin…men eit godt alternativ.

Audition til ei vokalgruppa. Denne gongen gjekk det betre og eg kryssar fingrane.

Innom ein del bekjente på vei heim.

Rolig kveld på rommet med musikklaging.

Avslutta med å sjå Skavlan på «storskjerm» i stova. DET var fredag det.

I tillegg var denne dagen den fyrste haustdagen der det faktisk vatt kjølig heile dagen. Det var godt å stå opp og kunna gå inne å vasa i joggedress og briller og ustelt hår. Kjenner du følelsen?

GOD LAURDAG

En herlig bok – Mia Törnblom – «Evnen til å tenke annerledes i dag samenlignet med i går skiller den visa fra den envise»

Read Full Post »

Typisk haust er fint.

Vekene går so fort. Det er deilig. Og det er deilig at dagane byr på litt ulike ting:

I eit desperat kaldt øyeblikk måtte eg investera i ein dy og varm joggedress! Go UMASS

Eg er pittelitt student!Kvar mandag og onsdag skal eg ta Gehørtime på Universitet. Eg har ikkje bok og kan ikkje gjera lekse og slikt. Men kanskje eg kan læra noko likevel? Eg føle meg litt ekstra voksen. Endelig kan eg og gå med vesko på armen, inn i desse store bygningane og lata som eg er ein av alle andre. 

Hausten kjem kryyypande.Vel, det er ikkje så tydeleg enno. Me har hatt ei veke med strålande sol og sommarvarme. (lunsj ute i hagen, turar, lesing i parken, leiking i gato med ungane..innimellom husavask og 2.kl.volunteering) Men innimellom kjem og tyngre dagar men litt regn og kjølig bris. I ettermiddag når eg gjekk min daglige ettermiddagstur kjente eg hausten. Der eg gjekk, håret blafra i den kjølige brisen, tre dråpar på kinnet. Eg såg opp og såg EIT tre som har byrja å få raude blader. Fint.

Eg-tek-bilde-av-meg-sjølv-fordi-eg-like-å-bli-tatt-bilde-av-men-ikkje-har-nokon-til-å-ta-bilde-av-meg-bilde av Eli i McClurestreet.

Då eg i kveld gjekk heim frå atter ein mislykka audition (denne gongen UMASS Female Vocal group) var det mørkt. Vått i lufta, friskt, deilig. Kvifor har det seg at etter eg kom over her har eg begynnt å lika regn. Og tross at mørkt vær gjer meg litt mørk inni også så synest eg det er utrulig deilig…enn så lenge.

NineEleven

Her ser det spor ette nine-eleven (Sept.11.2001),eller seven-eleven som mammo presterte å sei i ein seriøs samtale med ein amerikanar. Då Kristina og Jostein sat og åt lunsj der på den 11. kom det ein mann bort, tok eit flagg, brakk det i to, og kasta det frå seg. Politiet stod rett bortenfor. Synn at dei ikkje såg det, då hadde det blitt passe trøbbel. Amerikanarar er patriotitsar til di grader. 

No er det helg. Eg saknar den norske helga.

På wikipedia står det:I dag betegner helg vanligvis perioden fra arbeidstidas slutt på fredag til den begynner igjen mandag. Det betyr at lørdag og søndag er fridager. Søndag er en offisiell helligdag hvor de fleste har fri, og det gjelder spesielle restriksjoner på hvilke tjenester som skal være tilgjengelige. Lørdagen er derimot i rettslig forstand en arbeidsdag, men sedvane og overenskomster i arbeidslivet har gjort at de fleste ikke arbeider på lørdager. 

Min versjona av amerikansk helg:The schools is of so we can use all our energy at other things like partying, take som extracourses, visit all our friends…etc. OR: Job is NOT of, but still I can stay up at late and be really tieard, jus because it’s weekend.

Så ha ei GOD NORSK HELG alle saman!  🙂

Read Full Post »

Older Posts »