Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2011

Roasted pumpkin-seeds

Deilig sunn haust-halloween-snacks, steikte gresskarfrø. Har du kjøpt gresskar og tatt ut innmaten, utnytt anledningen til å laga litt deilig snacks.

Å steika gresskarfrøene er sikkert ein vanleg ting, men eg gjorde det for fyrste gong i dag. Resultatet blir sprø, salte frø som etter min smak minnar om popcorn.

Framgangsmåte:

1. Ta ut innmaten frå eit gresskar, rens ut frøene.

2. Sett ovene på rundt 150-175grader. Medan ovnen varmar seg, sett på vatn i ei gryte. Når det kokar, legg oppi frøene og la dei koke  i 10 min.

3. I ein bolle blandar du saman olivenolje, salt, corriander og cumin. Ein mengde som passar deg til så mykje frø du har. Dette ser du sjølv. Bland saman med frøene.

4. Strø frøene utover på eit bakepapir på bakeplate og putt i ovnene. Det skal til saman stå rundt 1 time, men rør/snu på frøene kvart 10 min. Når du tek dei ut kjens dei framleis litt mjuke. La dei avkjøle seg…så versågod spis!

(Ynskjer ein søte frø kan ein prøva sukker/sirup/honning og kanel. Her er igrunn moglegheit for å prøva kva som helt. Lurt?)

 

Advertisements

Read Full Post »

Detaljar

Eg gjekk inn på Starbuck, kjøpte ein haustdrikk med eksotisk navn. Eg set med ned med vindauget og tek fyrste slurt. Framfor meg har eg «kvardagsfilosofi»-boka mi… og denne teksten kom dalande inn i hovudet mit og ned på papiret.

 

Eg prøver å ikkje vera så materiell. Ikkje så oppteken av at alt skal vera perfekt. Ikkje la detaljar avgjerda korleis eg har det Eg ynskjer å vera her eg er, la meg sjølv vera heiemen min. Kjenna meg tilfreds med den eg er. Kanskje vil ikkje den stadige trangen til å alltid vera ein anna stad, eller gjera noko litt anna, bli så stor. ”Hadde eg berre vore der..”, ”hadde eg berre hatt det og det hadde det vore perfekt”. Desse forfølgande tankane om alt som kunne gjort alt nett litt betre. Men tenkt å vera utan dette tenka spinnet, leva heilt i balanse med deg sjølv der du er.

 

Av og til blir eg så oppgitt av kor materialistisk verden er, menneske er. Om me ser alt –alt, tilværelsen- i perspektiv., kva betyr det då? Kva er det då som eigentleg betyr noko? Ikkje om eg har raude gardiner fordi det er jul, ikkje fordi eg har melk sammen med sjokolanden fordi då smakar det betre, ikkje om eg tek tran før sanasol. Me veit det, men strekjer oss likevel mot alle desse små detaljane, for å tilfredstilla vårt ”perfekt-behov”. Det er ikkje alltid det fyngere som håpa og skuffelsen blir større enn den eventuelle glada. Men når detaljane gjev det vellykka-resultatet som ynskje, kan det faktisk vera som eit løft frå ein etasje til ein anna.

 

Eg har litt fritid og har teke turen ut av huset for å arbeida litt. Ut, for då konsentrarar eg betre. For å gjera alt enno litt meir perfekt går inn på Starbucks Kafé der atmosfæren er konsentrert og avslappa, tross antallet folk. Eg sit på ein krakk og kikkar ut vindauga på passerande i det eg tek min fyrste slurk av ”Tazo Chai Te latte”.  Ahh…Eg kjennar korleis tilværelsen lyftar seg frå det eine stadiet til det andre. Den skyfyllte himmelen er ikkje lenger så regntung…for enn så lenge…For enn så lenge…

 

Når ein så liten detalj kan få 10,000 regndrppar til å kjennast ut som kanskje berre 9000…eller 9000 solstråler som 10,000… så må det vel vera lov å legga litt av velværet over på det materielle, og ikkje berre på seg sjølv? Alt med måte…men…  det er ei herleg kjensle å av ein liten ”ubetydelig” ting kunna sei: ”It made my day”. 

Read Full Post »

Familiehelg

Hei og god haustdag. Håpar det faktisk er ein god haustdag for alle.

Eg har høyrd rykte om at eit høgtrykk er på veg mot norge og skal gje fint vær i ein månad, og håper for alle der heima sin del at det stemmer. Her er det opplett og sol og regn og varmt og kaldt om kvarandre. Lauvet dekkar bakkens om snø..gul, raud, orange snø. Det er utrulig fint.

På fredag kveld kom familien Bakke frå sin ferie vestover. Dei hadde hatt det fantastisk og gjort alt det ein MÅ når ein er rundtom der. Los Angales, Las Vegar, Gran Canyon, fjell, sjø, basseng, femetasjes M&M-butikk, Calvin Klein-butikk osv. Eg var derimot igjen her i Amherst og har vaska hus til di grader. Sjølv om me framleis deler hus, rom og matskap med edderkoppar, er det betydelig ferre enn tidlegare. Naboen har nok høyrd ein god del skrik  og lydar frå huset, det var ikkje alle småkryp som var like stas å møta på. Det var vel og merka kun éin gong eg måtte få besøk for å få drept ein edderkopp.

No er altså familien tilbake, og huset ser ut som ein bomba leikehage igjen..og det er i grunn veldig fint. På ein rar måte litt godt å kjenna at det skjerer i øyrene av tre ungar som snakkar samtidig. Og ikkje minst kjekt å tulla og leika igjen. Eg valgte å tilbringa helga med dei 🙂

Halloween nærmar seg!Det fyrste som måte gjerast laurdag formiddag var å handla inn gresskar. Dei to minste lærte ein nytt ord, «pumpkin«, som dei har gjennteke omtrent kvart 5 minutt heile helga. Eg trur faktisk ikkje dei kan det norske ordet for pumpkin eingong. Eg derimot greier ikkje læra meg forskjell på pumpkin og napkin, og gjekk over til naboane og fortalde frimodig at «Today I carved a napkin»…. krømt…

Kjett kven der..

På kvelden når mørket var komt tok me på oss hodelykt og sterynlys ut og skar fjes i kvar vårt gresskar.

..med strålande resultat.

We're carving the pumpkin.

I dag har me hatt skikkelig haustdag. Etter at dei andre endeleg var ferdig med frukost og stell kl halv 2…tok me oss ein fjelltur i friskt, fint vær. Deretter var me innom ein gård/marked, for så heim til tidenes deiligste fårikål-middag. 

Mount Holyoke

Mount Holyoke

Eg og BJ blei ståande vedbakeriavdelingen. Etter Oskars ynskje endte me opp med sjokoladekaka.

Er det noko eg kjem til å sakna med området her så er det alle gårdane med ferske grønnsaker og frukt og melk og kjøtt. OG ikkje minst, det gigastore utvalget på butikkane. I dag var me altså på eit marked, matbutikk, med heilt ekstremt utvalg av for det meste mat frå området rundt her. Bakeriavdeling midt i butikken med det heftigaste du kan tenkja deg, kjøttdisk der eg trur til og med vegetarianarar ville blitt frista, kaffi frå kaféar i nærområde, sjokolade, frukt rett frå trea… ah, er ein på slike stadar er det ikkje vanskeleg å få inspirasjon til å laga mat vertfall.

Eg likar å gå ein kvaldstur gjennom gata. Gjerne solnedgang. Før det blir mørkt og etter dagen er ferdig, på ein måte. Dette er Kendricks Park i begynnelsen av gata.

God ny veka! Ord for dagen frå «En herlig bok» – Mia Törnblom «I dag er en fin dag å velge å være glad hele dagen» 

Read Full Post »

Stille haustdagar

Av og til er det utruleg godt å vera åleina. Når det er mykje som skjer og ein har mange rundt seg lengtar ein ofte etter å vera åleina litt. Men når ein fyrst er åleina, tek det ikkje så lang tid før det gjerne blir litt for stille 

Min familie her er framleis på ferie, og eg har huset for megsjølv i anno seks dagar. Eg held meg opptatt med diverse; musikk, lesing, vasking, trening, dilling og besøk. Det er deilig å eta lang frukst, og å ha tid til å stella seg før ein går ut av huset. Men ja,  det er stille, veldig stille. Når klokko blir 4 er det liksom på tide at familien kjem heim og et middag med meg og vesnar på. Heldigvis har eg då ein liten ekstrafamilie over gata som eg kan prikalitt med.

 

Og ikkje minst, eg byrjarnnesten å skjøna kvifor ensomme studentar og ungkarar har grandiosa to gongar om dagen. Sjølv har eg vor so svikarleg å gått til innkjøp av mikromat og frossengrønnsaker. Å laga frukost, lusj, middag, kvelds til ein person er ikkje så veldig stas i lengden.

Ellers varierer det her mellom stårlande hausvær og pistrete regn. 

Når det regnar kan ein foreksempel ta med seg ei god bok på ein kafé og kosa seg med Rasberry Scones og Pumpkin Spicy latte 🙂

Alt er «Pumpkin» for tida. Altså gresskar. Pumkin muffin, pumkin donut. For no nærmar deg halloween. Og nesten alle hus har byrja å setta ut gresskar og spøkelse. Folk har hatt klar kostymar i 2 mnd, og eg har framleis ingen aning kva eg skal vera. 

Og når det er søndag og fint vær kan ein foreksempel gå applepicking.

Eg vart med noko nesten bekjente ut på ein gård, QuanQuan Farm. Der me kunne gå å plukka dei eplene me ville for ein billig penge. Det var fint.

Her er detno søndagsmorgon og eg kosar meg med epefrukost. Skal snart på hiohop-øving. Ja, på ein søndag. For om 2 veker har me framvisning av noko eg absolutt ikkje kan. Eg må forbereda meg mentalt på å ha tidenes dumme-seg-ut-oppleving. Gosh. I tillegg har eg mykje musikk å øva på. For eg har byja i Vally Jazz Choir. Eit vaksentkor med 50+folkt. Vel, det er litt rart. Men eg får iallefall synga. Så om 2 mnd er det klart for konsert på den fronten også.

GOD VEKA 🙂

 

 

Read Full Post »

Noreg – USA

Krokavatet. Ja, eg er i lufta. Ein smule imponert over meg sjølv. Så bein greier eg ikkje ein gong å vera på balletten.

Som sagt, eg har vore i Noreg i ei veka, ei veka som gjekk alt for fort. Eg veit nesten ikkje korleis eg fekk fylt dagane, dei berre forsvann. Det eg veit er at eg har kosa meg sammen med familien, og eg har møtt mykje vennar.

Og DET var godt.

"Scrabble" og avis. Typisk familien gauden kveld.

Linda og Ingvild, to av dei 5 kjekke som åt middag med meg i Bergen by.

Noken ting er berre so fine.

Mammo på krokavatnet. Den eine dagen med sol heima.Herleg! Skikkelig haustfølelse.

Epla-hagen som me kaller det. Eg og Ronja gjekk ut på tur opp i skogen bak huset kvar dag.

Så etter å ha tenkt på engelsk, men snakka norsk i veka, er eg no attende i the united states of america.

Det er fint å vera tilbake. Men også litt rart.For alt er så overaskande kvardagsleg, så kjent…sjølv om eg er i usa.Det er så langt vekke, men kjens ikkje slik ut når eg no kom attende. (det er vel eigentlig litt bra, eller?) Eg har gått utallige turar og kjenner nesten kvar krok i området. Eg veit kva trær som har mista mest blader. Eg veit når det er mange folk ute å går og ikkje. Eg tenkte eg kanskje ville sjå ting med slike ”oy, det var typisk amerikansk”augo, slik eg gjorde då eg kom her i juli. Men nei, ting er heilt likt seg som det var for ei veka sidan. Men kan du tru det? 30 grader! Etter 4 timar varndrande rundtom er brunfargen nett litt fresjare, og skinnene litt raudare. Tenkt å ha sommar i oktober. Det er vist ikkje normalt. Ingenting som skjer i år normalt, seier folk. Hagl”stormen”, tornadoen (”tormadoen”), varmen… so i guess I got luck.

A day on the links I dag har eg gjort noko moro. Eg skulle så gjerne hatt bilete av det, for det var så fiiiint. Eg vart med to naboguttar og spelte golf. Dette var faktisk av dei typisk-amerikansk-tingene. Me kjørde ut på landet (krømt…LENGER ut på landet). Kjøpte kvar vår bøtta med 210 golfballar og stilte oss opp på rekka og rad og skaut. Akuratt slik som på film. Guttane hadde caps og sikkert 10 køller kvar. På plenen kjørte ein gutt i bil og samla inn ballar(me prøvde å treffa han). Ved sidan av stod tre eldre herrar med caps og rutete bukse og skaut. Klokka var seks og sola nerma seg nedgang, og skein på oss slik at det verken var for varmt eller kjølig. Rundt området er det skog; gult, orange, raudt. Så stod eg der då og spelte golf for fyrste gong i mitt liv (utanom mini-golf  på campinplassane i sverige). Du veit, når eg er frå noreg i usa saman med nye vennar vil ein gjera gje eit godt inntrykk av seg sjølv. Vel, eg trur eg rett og slett må unskylda til heile norges befolkning for å ha gjort skam på oss/deko/meg. Eg løfta kølla, sikta, rak i venstre arm, bøyd i knea…og svusj, svinge armen alt eg kan. Ser i lufta etter ballen, for så å oppdaga at den ligge urørt på bakken framfor meg. Prøve igjen, bom bom bom bom åh, ja, der traff eg. 1 meter. Ja, du tek poenget? Golf er virkelig mykje vanskelegare enn det ser ut til. Men det er veldig morro. Og om ikkje eg kom meg fort, så var det absolutt forbedringar der.

No eg eg spent dei neste 1 dagane. Familien Bakke reiser på ferie. Colorado, Las Vegas, Los Angeles, Hollywood… Eg har prioritert å spara pengane, og blir at her i Amherst, åleina. Mhm, litt stusselig, særleg med tanken på kor dei andre er. Men det skal bli fint. Eg skal gjera mykje Eli-ting, gå turar, dansa, vera med folk, sjå film. Forhåpentligvis blir eg ikkje alt for lei av meg sjølv..og ikkje minst naboane lei av meg når eg kjem krypande om kvelden når mørket har tatt makten over huset.

Time will show 

God ny dag der du er. Om det er sol, regn, varmt eller kaldt..så gjer ein god dag 🙂 

Read Full Post »

I <3 Norway

fjorden

Når eg flytta til Kongshaug kjente eg kor glad eg var i lørdagskveldar i heimen. Når eg flytta til Romerike kjente eg kor glad eg er i vestlandet. Når eg flytta til usa kjente eg kor glad eg er i Norge.

Å sakna er ikkje alltid ein negativ ting. Det er veldig godt å reisa vekk litt…å virkelig sakna. Det er deilig å kjenna at ein saknar kjedelege ettermiddagar i heimen, mammo sin vanlege mat som eg har ete så ofte, grovskiva med kvitost, vg, tungt og friskt regn, og ikkje minst gode vennar. Og det er deilig å komma heim og virkelig setta pris på det ein har, DEI ein har, og vanane ein er oppvaksen med.

Eg er altså komme heim til Norge for ei vekas tid, og det tenkjer eg var på tide. For eg hadde komme til fasen der eg kjende at eg ikkje følte for å reisa heim. Livet heima virka so fjernt i forhold til det livet eg har i Amherst, at eg nesten blei litt skremt av tanken på å plutselig forholda meg til heima. Og det er når ein kjenner det slik at virkelig TRENG å komma heim, treng å friska opp att minnet på kor godt ein har det heime.

stopp på island

Då eg såg norsk landområdet nærma seg, gjekk på flyplassen og visste at pappen var rundt der ein stad, komma kjørande inn i Norheimsund city… det skal ikkje meir til…så er ein heime også mentalt.

n.o.r.e.g.

n.o.r.e.g

 

Så fyljer epleplukking..

til eplekaka

..i hagen

stranda

Det kjens som eg for fyrste gong på 3 månanar slappar av.

Ingen smile-tvang, ingen jobbe-tvang, berre avslapping. Eg bryr meg ikkje om korleis eg ser ut på håret..nesten. Eg går med klær eg ikkje har rørt på eit år, eg ser på tv (hadde nesten gløymt kva det er), tek tur i regnet, er lenge våken og sover lenge (eg vel å halda meg delvis i amerikansk tidssona sidan eg straks skal attende.).

Det som er fint er at, tross kor fint det er heima, så gruer eg meg enno ikkje til å reisa tilbake. Hjemme best…men borte er også bra. Fyrst har eg enno torsdag, fredag, laurdag heime. 3 lange (?) dagar.

🙂

Read Full Post »