Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2011

Innspurt

I dag har eg betalt neste semesters reisa. Så då er det sikkert…6 nye mnd på reis vekke frå…alle. Men det tenkjer eg ikkje på, for det vil eg ikkje. Fyrst skal eg heim 2 og ei halv veke. Det er alt for lite, men det tenkjer eg heller ikkje på, for det gjer vertfall ingen forskjell. Aller fyrst har eg 2 veker og 4 dagar att i Amherst.  Ein veit det ikkje er lenge til avreise når ein byrjar å telja dagar. Vel, nokon er av typen som kan byrja tella på 50 før ei reise. For meg derimot, er det å regna med månadar noko eg held meg unna, muligens på gurnn av ein smule lav intelignes (har nov 30 elller 31 dagar osv…) Men på eit eller anna vis har eg blitt klar over at det kun er to veker og fira dagar til eg ER i Norge.  Tanken er skremmande. Eg gledar meg SO til å koma heim til den trygge gode julestemningen. Men å veta at når eg forlater Amherst skal eg aldri tilbake, mest sansynleg, og aldri sjå dei venene eg har fått her. Med mindre dei faktisk held sin lovnad om å ta ein ferietur til Norge. Vel, me veit jo alle kor let det er å sei at noko skal skje, framfor det å gjennomføra det. Så…det er berre 2 veker og 4 dagar igjen…men det tenkjer eg heller ikkje på for då blir eg berre stressa. Kva tenkjer eg på då?

"hmm..?"

I dag har eg ikkje tenkt so mykje, for dagen har gått i eit stort sett. Jostein vart 39 år idag. Og ein bursdag i familien Bakke går oss ikkje stille forbi. Bløtkaka, muffins, twist og nonstop (dei andre fann ein butikk med norske varer langs kysten) og kransekaka. Baking, rydding, laga kort, eting, you name it!

Mitt og Bjørn Johan sitt pynte-resultet. Merk, dette er FØR Karolina slapp til

Ellers er det ny vær-unormalhet her. Eg lurar igrunn på kva som er normalt. For uansett kva vær det er her seier folk «This is not normal. I’ve never experienced this before). No er det altså VARMEN som er det unormale. I går og i dag har det vore 65 farenheit, altså 18,3 celsius. Det er noko anna enn dei 7 minus me hadde for ein månad sidan. Jaja, den ny-ikjøpte dunjakka og dei varme vinterskone har det fint i skåpet dei.

Eg kom akuratt frå korøving. Me kjørte herfrå Amherst til Hadely 10 min unna. På vegen passerte me diverse hus som hadde fått opp litt julelys…mildt sagt!!! Eg må berre innrømma det, I LOVE IT! ❤ Trær med gule/grøne/blå lys som føl kvar kvist. Julenissar på mannstørrelse som vinkar. Glitrande skilt som seier Merry Chrsitmas eller HoHoHo. Lys som føl taknrenna rundt heile huset. Me har alle sett desse amerikanske jule-komediane. Der har du det! Eg har aldri hatt noko som helst til overs for lys i anna farge enn kvit/gul. På vidaregåande krympa eg meg kvar gong eg kjørte forbi det eine huset på vegen mellom Norheimsund og Os med blåe lys i sitt eine tre. No…eg diggar det. Overdrevet? Kanskje…men…STEMNING folkens!

Eg skal ta bilde ein dag, for det er virkelig verdt å sjå!

Advertisements

Read Full Post »

Thanksgiving-weekend in us

God advent! HURRA, NO ER FØRJLSTIDA IGANG! Kjens det ikkje godt?

Eg byrja advent laurdagskveld. Igjen var eg ute i mørket og vandra, såg på stjernene og julelysa som er begynnt å komma opp. Og no greide eg ikkje holda meg lenger, eg sat på min yndlingsjule-cd på ipod’en, Oslo gospelkor m/prinsesse Märta og Sigvart Dagsland. Det var som å få den friskaste lufta du kan tenkja deg ned i lungene.

Juletresalg

Når eg lukka augene var det akuratt som om eg låg heima i senga mi i Skipadalen med mitt raude julesengesett og med dei vanlege juelysa i vinduskarmen. Det betydde plutselig ingenting kvar i verden eg var , og eg kjende meg meir fredful enn eg har kjend på lenge. Sprøtt? Berre ved litt musikk?

Me har fått julakrans på døra

Thanksgiving

Det har vore ei lang og stille helg her. Alle studentane var borte og Amherst var igjen som i sommar, stille og fredlig by. Det var igrunn fint. Og no kan eg endeleg sei eg har feira ekte Thanksgiving. Nydysja, med litt ekstra sminka og kjole var denne kvelden ein god forsmak på julafta.

Finglasert kalkun

Barnehagetantene til ungane inviterte og stod for matlaging. Her står Barbra og tar ut stuffingen frå kalkunen og eg tek til meg all lærdom eg kan.

Turkey, vegetables, potato, sweetpotato&marshmallows, stuffing and of course cranberriesauce.

Den einaste faktoren som mangla for min del var det som, for dei fleste, er det denne helga handlar om, nemlig familie. Eg kjente at eg gleda meg enno meir til eg skal feira jul med MIN familie om berre ein mnd!

After-party back home. BJ er kelner .

Etter ein svær kalkunmiddag må sjølvsagt ungane ha graut før dei går til sengs... det gir meining, ikkje sant?

Ellers har helga bydd på solfine dagar og stjernefylte mørke netter.

I dag gjorde eg noko eg ikkje har gjort i usa, gå i kyrkja. Eg gjekk til Hope Church community. Gospel-kyrkja som akuratt som ei gospelkyrkja skal vera. Det var fint. supert. Eg kan dela éin ting eg sat att med. «Ikkje stopp, vend om, og gå tilbake, for kanskje er det neste steget det siste eller avgjernade.» Tolk det som du vil, det har eg gjort. =)

God ny veka til alle herifrå Amherst 🙂 

 

 

Read Full Post »

Kvardagsoppdatering frå Amherst

Når ein er ein stad er det livet akuratt DER som betyr noko. Dei små detaljane i kvardagen blir veldig viktig. Kanskje for viktig, tenkjer eg av og til…men det er jo dette som får samfunnet til å gå rundt.

I fjord på folkehøgskule var små, veldig kvardagslege ting ekstremt viktig. Kven som gjorde kva og kvar og kvifor. I år betyr det ingenting lenger kva som skjedde i fjord, bortsett frå at det var desse detaljane som faktiske gjorde året til det det var.

I Amherst er kvardagen rutineprega, som ein kvardag skal vera. Eg kjenner at eg meir og meir syns det er fint å vera her. Kanskje er det fordi det nærmar seg min favorittmånad i året. Kanskje fordi det er mørkt og koselig kl 5 og ettermiddagen. Kanskje fordi heimreisa kun er 3 veker unna. Mest sansynleg er det vel berre at eg no kjennar staden…og eg trivs når eg kjenner omgivelsane.

  • Språk: Bjørn Johan forstå mykje no og kan plutselig komma med lange avanserte setningar. Oskar seier setningar og småord. ”Snowman”,  ”No more tv today”. Eg smiler. Hadde han berre skjønt meininga med den setninga. Karolina kan også småord. Nokon ord veit ho nesten ikkje kva er på norsk ein gong, som pumpkin, chicken og strawberry.
  • I dag kjente Karolina att sangen ”Carolina in my mind” og utrbraut ”Det er Karolina-sangen”. Og kvar gong refrenget kom sang ho  med på det eine ordet ho kan…Carolina.
  • Bjørn Johan har vore i sin fyrste slostkamp.
  • Eg går turar om kvelden og ser på stjernene og månen.
  • Regninga frå bibloteket blir stadig større, og antallett filmar som er forsvunne aukar.
  • Jostein er offisielt blitt professor og me (dei andre) feira med is og Champagne.
  • I’m americanized. I think in English. I have to concentrate not to speak english to my family. Even my blogposts are first written in english in my mind. I’ve started to say «wicked awesome» for «cool/fun»  and «what’s good» instead of «Hi«. And in some way, I wish that I could speak English also in Norway, just because I like it… but I do LOVE  my norwegian dialect.
  • Atter ein pastamiddag.
  • Og plutseleg er eg i den situasjonen at eg har ein venn (nabogut) med svulst i hjernen. Han har operert i dag, og eg kan endeleg pusta letta ut etter å i dette øyeblikk ha mottok melding om at alt gjekk bra.

Den fyrste skikkelige julepynten er komme opp i byen. Vel, julelys har dei året rundt her. Men snømenn og stjerner i vinduene, glitter og kransar. Kristina kom nettopp inn døra med ein stor(STOR) julakrans som me skal henga på døra. Ungane har byrja å laga pynt («pynt». Eit ark med litt klistremerke på og liknande) Det er ikkje for mykje pynt enno, men nok til å få det til å krible litt inni meg. Eg er av dei som aldri kjem til å voksa frå meg julegleden. Eg har nedtelling til eg fyrste desember skal gå tur og høyra på ynlingsjuleplata mi…då skal det bli ro i sjela kan du tru. 🙂

Det er Thanksgiving!

http://en.wikipedia.org/wiki/Thanksgiving

Me frå norge har jo aldri vore boti dette. Difor er me serdeles fornøgd med å ha blitt invitert på besøk til ungane sine barnehagetanter på turcky-dinner. Jostein pusta letta ut med tanken på at han slapp å laga middagen sjølv.  Butikkane kjem til å vera stengt, ein av dei få få få dagane i året. Alle studentane er reist heim til familie. I Noreg snakkar me om feita oss opp i jula. Her feitar dei seg opp i Thanksgiving. Sofa, mat, familie, gode stunder. Eg…er berre her, og har ingenting å gjera dei neste 5 dagane. Eg kjem tilbake med ein stor Thanksgivingoppdatering om litt. Om kvardagen er grå og stille heima i Norge (for dei som er der)…kva med å ta ein liten Thanksgivingsfest og skylda på amerikanske røtter. Eg har lærd av familien Bakke, som eg bur med her, at det gjeld å utnytta alle moglege anledningar til litt ekstra kos.

Read Full Post »

Blame it on the sunshine

Puffers Pond

Hei på ein søndagskveld frå Amherst. Eg er trøtt og god etter ei fin helg. Sjølv om me har mykje finvær her, er eg ikkje lei enno. Det er framleis like fint som alltid å gå ein morgontur i sola, sitta i ein park og berre nyta dagen, gå ein tur, kjenna sola varma i den ellers litt kalde haustlufta. Det er ikkje overdrivelse når ein skyldar på været for alt slag. Det er med været som med musikk, det forsterkar kjensler eller gjev ekstra piff stunder.

Eg tilbrakte min søndag i sola.

Puffers Pond

Eg pakka ryggsekken; Eple, banan, skriveblokk, penn, kamera utan batteri, skjerf og hanskar(alltid beredt). Så tok eg med meg Jamie Cullum og James taylor på sykkerltur. Etter ei veka med kjølig trekk var det deilig med ein dag der eg kunne bretta opp buksa og til og med lufta på tærne nokon få minutt. Det er så deilig å vita at ein har heile dagen fri til å gjera akuratt det du vil, så lenge du vil, kor du vil. Eg sykla til Puffers Pond og gjekk inn i skogen. Eg likar å gå vegar ikkje veit kvar endar, det er som litt spenning i kvardagen. Så der gjekk eg vasa rundt i ein ukjens skog  medan Jamie Cullum sang Blame it on my youth. For meg er det å orientera meg i områder ein måte å finna meg til rette på ein stad. Eg gjorde dette mykje i sommar, men hausten bringar fort med seg andre viktigare ting. Eg sykla vidare til neste stoppepunkt, no med James Taylor som følgesvenn. Lukk augo og høyr James Taylor syngja Carolina in my mind.  http://www.youtube.com/watch?v=mlEYz0DkISs&feature=fvwrel     og du vil kjenna korleis eg kjende meg når eg sykla fri og lett på ein slik Eliutefridag.

Read Full Post »

Nov 16th i Amherst town. Regn. mørke. stille. fint. under mitt faste no-har-eg-mange-tankar-tre.

«Vi kan ikke velge hva som skjer oss i livet, men vi kan styre hvordan vi vil håndtere det, og hva vi føler rundt det».

Det er så irriterande at slike kloke, innsiktfylte og reflekterte folk alltid har rett. Kor greit hadde det ikkje vore om me faktisk kunne velga kva som skulle skje og ikkje, i framtida. Klart ein kan velga kva ein vil gjera med livet, men ikkje korleis det går. Og i den grad ein kan velga, så er ikkje problemet gjerne å ta valget, men det å velga rett framfor lett. Å velga det som er rett her og no, så sant som i framtida. Elller for å snu det hovet, velga det ein veit er bra for framtida, men som ikkje betyr å lida no. Gjev det meining? Nei, ikkje for meg heller. Desse invikla framogtilbaketankane er berre ein liten del av det som foregår i min, og mest sansynleg andres også, hjerne. Dersom alle tankar var ein ledning – mobil-ladar, pc-lader, skøyteledning, høyreproppar – så kan du berre tenkja deg for eit virrvas det hadde vore. Ikkje ein einaste person ville meldt seg til å løysa opp knutane for aldri så mykje betalt. For det går ikkje. Eg meinar, sjølve det å drauma og tenkjar og håpa på kva som skal skje i framtida, førar ikkje til noko endring. Om eg draumar om å vinna i lotto kvar dag, blir ikkje sjansen større. Om eg tenkjer intenst på å møta drømmemannen når eg går min daglege tur gjennom byen, så blir ikkje sjansen for å møta han større. Og akuratt fordi ein ikkje kan veta korleis livet går, før etterpå, er det som i Mia Törnbloms kloke ord ovenfor, korleis me hånterer resultatet som tel. Og for å gå tilbakover att; når eg uansett ikkje kan veta korleis livet går blir det desto viktigare å velga kva ein VIL gjera med livet…og det tippar eg ein kun kan gjera ved å leva her og no. Eg har prøvd å springa maraton med framtida alt for ofta, men den kjem meg alltid i forkjøpet. Så no vil eg ikkje slita meg unødvendig ut meir. No vil eg heller vera i notid og la den bli framtid når tida er inne for det. Eg vil planlegga og ta valga eg trur er rett, men eg vil ikkje bekymra meg for korleis det går…for det kan eg ikkje veta uansett..ikkje enno…

Mitt favoritt-sitat: «Det er så morro å leve, for da får vi vite hvordan det går». 

Eg føler meg litt som Jon Fosse her eg repeterar meg sjølv og skriv ord og tankar som ikkje ein gong gjev meining for meg sjølv. Men er det ikkje slik me mennesker er? 

Read Full Post »

A weekend of adventures


Princeton, MA

Boston, MA

Det så utruleg deilig å komma vekk ifrå kvardagen, gjera noko heilt anna, uventa og impulsivet. Det er det eg har gjort denne helga. Eg har no fått inblikk i ein ny viktig område av usa, i enno ein type amerikasnk familie og større innsyn i den amerikanske kulturen. 

Brendan: «Yo, me and my brothers going home this weekend and to boston on saturday. Wanna join our weekend of adventures?»

Eli: «mmm.. I dont know». Etter ein halv dags tenking utan å finn ein einaste god grunn til å ikkje å veme: «Ok, I’m in».

Så eg vart med ein nabo heim til hans familie i Princton ca ein tima aust for Amherst. Det er heilt ærleg ikkje kvardagskost for meg å vera med folk eg nesten ikkje kjennar heim til ein familie eg absolutt ikkje kjenner, men takka usikkert ja.

Princeton

Eg skjønar no, til min store lettelse, at vårt gamle amerikanske-krøkete-insekfyllte-hus ikkje er standaren for alle i Massachusetts. Det var utruleg deilig å komma heim til ein vanleg familie i eit skikkelig hus. Her snakker me reint stort kjøkken, spistestove, tvstova eige bad til kvart rom, stor eigendom. Vel, dette er kanskje normalstandar, og meir som eg er vane  med det heima…men for meg som no må finna meg til rette med forholdene i McClurestreet var dette litt av eit løft.

Princeton er ei bygd eg trur alle kan ta lærdom frå. Me befinne oss langt borti gokk, bedre beskrivelse finst ikkje. Eit hus her, eit hus der og ellers tre etter tre. Altså, dette er smått og alle kjenner alle. Ikkje berre det. Her kan folk, til ein viss grad, komma og gå i kvarandres hus som dei vil. Dei besøkar kvarandre titt og stadig. I helgene har dei festar hos kvarandre og går fjellturer i lag. Det verka for meg som om dei berre lever og gjer det dei kan for å ha det fint saman. Eg synest det var veldig fint. Som eit resultat av at ein går mykje på besøk fekk eg møtt ein gjeng halvfulle dame, diverse bebuarar og ein kvalp (my new best friend). Etter å ha fått eit inblikk av bygda, var det ikkje vanskeleg å skjøna kvifor familien til min ven Brendan var så åpne og snille som dei var/er.

Boston

Laurdag stod Boston for tur, endelig. Folk har sagt Boston er ein fantastisk by, og eg kan no sei meg ening. Kanalar, bruer, parkar og gatar, slik ein by skal vera. Dagen bydde på mykje forskjellig.

Me byrja dagen fotballkamp mellom to colleg-lag. Harvard, som me alle kjenner gjennom amerikanske filmar og Pennsylvania.

Harvard vs. pennsylvania

Me tok ein fin gåtur med diverse omvegar og feilgåing gjennom byen for å komma til restauramten me skulle eta på. Dette medførte at eg fekk sjå alt som skal sjås:

– Sjølvsagt Harvard, der fotbalkampen var.
– Boston Common, den store parken i Boston.
– Boston Garden, enno ein park
– Sagt hei til G. Wachington
– NewBerry street med ei rekke merkevarebutikkar som me ikkje hadde tid til å gå inn på.
– Baseball-områder, der alles favorittlag Red Sox høyrer til.

Boston Garden
Boston Common

Endeleg fekk me mat. Det var einstemmig at dette var den beste Nachosen, beste Quesedillaen og største hotdog’en(sjå bilete) me har ete. God mat når ein er sulten og kald, ingenting er bedre.

Så konsert med BlueManGroup. Dette var eit slags musikk-humor-rart-show. Det var sprøtt, morsomt og veldig underhaldande. Det varte i ein time og tre kvarter, og ikkje ein gong tenkte eg på kva eg skal studera, kva eg skal etter jul, korleis eg skal få heim alt eg har kjøpt, kva ditt kven datt… det seier mykje om kor bra det var. Her er ein link, Sheck it out.  http://www.youtube.com/watch?v=QM-mfEMssy8

Blue Man group

Søndag var søndag. Eg var med Brendan og hans mor på storhandel. Ho hjalp med å finna kåpa og eg kan endelig gå fin og varm ute. Eg har gått tur med Mike(hunden), jaga sauer, ete deilig kylligoai og eplepai. Dersom ein ikkje ser på «adventures» som falskjermhopping og rafting, så var dette absolutt ei bra weekend of adventures.

Når eg møter andre sine vennar og andre sin familie kjenner eg kor veldig mykje eg skulle ynskja eg hadde mine vennar å veme, og kor mykje eg skulle ynskja eg var heima i vår hus med mine folk. Akuratt no er det ingenting eg vil meir enn heim å ha advent i Skipadalen. Sjølv om eg må bita meg litt i lippa for å ikkje la tårene sleppa ut med tanken på at eg ikkje kan dette, så er det jo utrulig godt å kjenna det slik. No står ny veka for tur, utan noko særleg spenande…men kanskje, om eg sett grensa for kva «adventures» er enno lenger ned, så kanskje har eg a week of adventures framfor meg 🙂  Ha ein god mandag og a good week of adventures. 

Princeton, MA

Read Full Post »

Halloween

HALLOWEEN i USA er, som sikkert alle skjønar, litt annleis enn i norge.Sjølv om me i Noreg har overlasta butikkar av edderkoppar og klissete godis, så trur eg det er større variasjon i vårt land på kor vidt ein feirar halloween. Avhening av stad og familie og vanar vil nokon feira meir enn andre. Sjølv er eg vokst opp med haldninga at å gå å tigga godteri av andre igrunn ikkje er så fint…men ein liten utkledningfest heima i stova derimot er veldig ok. Eg kan endå hugsa den eine gongen eg gjekk trick-or-treat i nabolaget, og har framleis ein smule dårleg samvittighet. Men så har me andre som kler seg opp som berre det, går dør til dør og et seg kvald av godis. Ser ein dei som feirar halloween, både i norge og usa, trur eg ein ting er likt; Det er mest stas i alderen 5-10 og 18-22. Når ein er 5-10 er godteriet det som er mest stas. Og er ein 18-22 er kombinasjonen kostyme og alkohol definisjon på lykke.

SÅ, korleis var Halloween i usa?

Grunna snøstorm vart H. offisielt utsatt ei veka i Amherst. For oss betydde det berre ein ekstra feiring. Så på den eigentlege H-dagen sat me trongt framfor peisen med lys og lommelykte, og sjølvsagt fult kostyme og godteriskål.

Så kom den offisielle Halloweendagen. Eg tok dei to minste med opp i byen der det var full ståhei. Her var det ordna slik at alle ungar kunne gå trick-or-treat i butikkane i gata. Saman med ridder Oskar og Prinsesse Karolina gjekk eg frå butikk til butikk. Til slutt sa oskar sjølv at no var det no..det seier vel litt om kor mykje godteri me fekk.

Det er vel ikkje vanskeleg å sjå kva dei er kladd ut som?

Og me gjekk i PARADE

Og so kom den virkelige trick-or-treat-turen. Eg trur at ein av forskjellane frå Noreg er at det her er mykje meir naturleg å gå rudnt å tigga godteri. Det er noko alle gjer, og skal gjera. Og husa som har godteri å gje, viser det tydelig, som du ser under…

Og du må ikkje tru dei fekk noko mindre godteri denne gongen. Etterpå måtte Jostein gå gjennom korga å legga ein slagplan på korleis ein skulle klara å eta det opp i veka som kom.

Det var 5-10, så over til 18-22. Berre litt bilete som kanskje gjev eit lite inntrykk av korleis eg feira Halloween:

Mine to kostymar var djevel, som eg (heldigvis, kanskje?) ikkje har bilete av her. Og dag nr 2, noko so enkelt som cowgirl.

Dei to til høgre er av mine naboar som eg besøker nesten kvar dag. Nolan i pepperkakedrakt, veldig god å klemma på. Og Jon som mikke mus.

4 heldig utvalgte. Fremst ser Dan Sam som skal gifta seg med meg, vertfall når han er alkoholpåverka. Eg prøver å sei på ein fin måte at eg kanskje heller skal gifta meg med nokon som er villige til å besøka meg i norge.

Ikkje berre var det snø-fest, men også mørke-fest ettersom straumen var godt.

The Cowgirl and the...pharaoh-something?

Eg er vanlegvis ikkje så veldig glad i å kle meg ut…men det skal seiast at ein får seg mang ein god latter på slike kveldar. Folk veit å bruka fantasien! Så dette var min halloween 2011 i usa. Heldig som eg er fekk eg både ve ein del av 5-10 og 18-22-kategorien.

Har du feira Halloween?  

Read Full Post »

Older Posts »