Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 2011

GOD JUL

Det er jul

For et øyeblikkstid er det stille og fred på den fredløse jord
For ett døgn eller to må de tie alle trusler i bomber og ord.
Ett sekund eller to ka du glemme at kanskje må jorden forgå.
Det er jul du har tid til å lengte til å høre ditt hjerte slå.

 

For et øyeblikkstid kan vi leve og leve som søster og bror.
For et døgn eller to kan vi samles rundt et hjemmlig og vel dekket bord.
Et sekund eller to kan vi glemme at kanskje må jorden forgå.
det er jul du har lov til å drømme og høre ditt hjerte slå.

 

For et øyeblikkstid kan du kjenne en fred i ditt fredløse sinn.
Men du har ikke lov til å glemme alle intrykk som presser seg inn.
Et sekund eller to kan det vare før jorden går under i brann.
Ditt urolige hjerte skal banke for fred mellom alle land.

 

For et øyeblikkstid skal du knele for fred på den fredløse jord.
Dine døgn skal du vie til kampen mot bomber og krig og mot mord.
Det er menneskets fremtid det gjelder!
Til sist vil du kanske forstå, i en stall i en fattigslig krybbe,
 kan du høre Guds hjerte slå!
 

Eit ynskje om ei riktig god jul til deg og dine! Eg er tankefulfin etter kyrkja og gledar meg no til julemiddag med familien.

Read Full Post »

Hardanger er so fiiint

God morgen sunshine

Sjusete

Eli i fjella = glad jente

Eg vil berre minna på alle som bur i Hardanger kor fantastisk fint det er her. Og til dei som ikkje bur her vil eg berre fortelja at det ER fantastisk fint her!

 

Read Full Post »

Frå usa til norge

 Waw.Herligher. Er det mulig? Oh my. Åh. Gosh. For eit døgn. For eit døgn. 

(19.des. flyet)

Eg har dei siste 24 timane vore gjennom alt av følelsar/stemningar du kan tenkja deg. Fulstendig fortvila, forvirra, lost, trist-trist og glad-trist,  letta, einsam,  skamful, skuffa, takknemlig, trøtt, svolten, stolt, tapper, svak. Ja…WAW. Eg sit akkurat no på flyet mellom Island og Oslo. Eg ser ut mot horisonten der det lyser rosa… kjører vek frå den mørke natta og inn i dagslyset. Eg legg bak meg 6 månadar, som ikkje har vore noko mørk natt, tvert i mot, men likevel…det er eit kapittel som er ferdigskrive. Og eg ser farmover, kjører mot 2 veker heime med familien. Overgangen frå det eine til det andre er for min lille hjerne altfor stor til å ta inn. Eg greier ikkje å sjå for meg korleis ferien skal bli, eg gløymer at det er jul og at pinnekjøttet skal stå på bordet. Kva skal eg gjera? Kva er det eg pleier å gjera heima? Huskar nesten ikkje… Det er ei så rar kjensle å reisa vekk frå kvardagen og heim til noko som akkurat no er så fjernt. Samtidig er det så godt. For det at eg ikkje har ein einaste tanke rundt kva som kjem når eg kjem heim, gjer ingenting. Akkurat difor prøver eg å berre nyta å ikkje tenkja på kva som venter meg heima.

Så eg sit her og prøvar å samla tankane. Kva har skjedd dei siste 6 månadane? Siste vekene? Siste døgeret?

Laurdags morgon stod eg opp etter 3 timar søvn og vaska/rydda hus i 4 timar. Tom tom tom. Alt går på autopilot. Eg seier hadet til dei som er igjen av nabovennane. Vinkar ein siste gong i det eg set meg inn i taxien og kjenner hjarta har fått eit lite brist. Stille med musikk i øyra glor eg rett fram, nesten utan å blinka, i 2,5 timar inn til Boston. ”Har alle passa sine?” spørr taxisjåføren. Eg har ikkje peilig på kvar mitt er…og kjenner at eg nesten ikkje bryr meg heller. Min hjerne, tankekapasitet og hukommelse har gradvis minska til ei lita rosin dei siste dagane. ”Det er nok i baggen ein plass…ordnar seg…” svarar eg.

På flyplassen finn eg ut at eg faktisk ikkje har passet mitt. Eg prøver å vrenga hjernen, men den er ikkje mogleg å vrenga ein gong. Eg står stille medan Jostein ringar og finn ut kva eg må gjera. Tårene renn nedover kinna, men ikkje fordi passet er borte. Igjen, ”det ordnar seg”. Men fordi eg kom på at eit brev eg fekk frå ein av naboane ligg i klesvaskemaskina i Amherst… det ordnar seg ikkje. Det betyr noko.

Men i det eg får orda direkte: ”Sorry, we cant let you out of the country. You have to wait till Monday and get a new one in NY”.  Då forstod eg alvoret. Dei andre gjekk til flyet og eg stod åleina på Boston flyplass utan å veta kortid eg skulle få meg heim, og ikkje minst korleis eg skulle ordna opp i denne situasjonen. Eg kan ikkje forklara kjensal. Eit enormt underskot av søvn, spenning rundt å reisa heim og tristhet av å skulla reisa… og så blir plutselig alt, heile planen, snudd på hovudet. No words(…just tears).

Utan å veta korleis eg skal få meg til New York, kvartid, og med 2 koffertar, ein gitar, eit keyboard og ei veske, set eg meg på bussen til min redningsmann.

Heldivis bur mange av min vennar frå Amherst nære Boston, så eg var ikkje så einsom som det eit augonblink kjentes ut som. Eg reiste på besøk til min venn Matt i Framingham og tilbrakte natta og neste dag i denne koselige byen med ein super familie. ”Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko”. Er det ikkje det ein seier? Eg kjente det litt slik. At eg fekk tilbringa eit døgn til saman med Matt er eg eigentleg berre glad for…sjølv om det betydde eg måtte gå gjennom ”Goodbye-seksjonen” ein gong til.

Eg vakna søndags morgon og kjende plutselig kor borte frå denne planeten eg hadde vore dagen før. Etter ei god natts søvn, og litt fram og tilbake løsna tankane og eg ser plutselig for meg passet i ei veska bak ei dør i huset. Ringer til dei som eig huset, og ”Yes, it’s here”. WAW…..og for å gjera historien kort… dette var i dag tidlig, og no sit eg på flyet heim. Det ordna seg, det gjorde det. Eg trur igrunn ikkje det verste var faktum at eg ikkje kom heim med ein gong, heim ville eg fått meg til slutt uansett. Men å sleppa til New York var ein lettelse til di grader. 1000 kg lettare. Det er sprøtt korleis planar kan snu så veldig raskt, og kor lamslått ein blir av det mentalt.

Tilbake til begynnelsen. Eg er no snart i norge. Eg har vore 6 månandar i usa. Eg har møtt så mange folk, sett så mykje ting, så mange stadar, oppled så mange situasjonar. Eg har til tider hatt det så bra, og til tider hatt det så vanskelig…slik som det alltid er. Folk spør korleis opphaldet var, om det stod til forventningane, om eg er glad eg reiste osv. Nei, det var ikkje slik eg forventa, i det heile….MEN det er ingen negativ ting. Eg sit alt i alt at med ei kjensle av takknemlighet for at eg har fått hatt desse månadane der. Kanskje ikkje fyrst og fremst på grunn av alt eg har sett og dei eg har møtt, men av reslutatet det gjev meg. Eg har virkelig lærd mykje av alt dette som har skjedd.  Eg laga ei lista tidlegare:

  • Barneoppdragelse er viktig
  • Tålmodighet.
  • Ting kan snu veldig plutseleg
  • Det er love å ve materalistisk
  • Det er lov å ve annleis, og det er bra og ve annleis.
  • Dersom eg får barn nokon gong skal dei aldri få klinkekuler.
  • Dersom eg får barn nokon gong skal eg ikkje læra dei ordet «mett»(det blir lett missbrukt).
  • Eg kan ikkje vita kva framtida bringer før eg har opplevd ho.
  • Ein kjem allrtid lengst med å vera seg sjølv.
  • Ein treng pass når ein reiser.
  • Norsk helsesystem er bra
  • Norsk skulesystem er bra
  • Verden er samansatt.

blandt anna…

Det er no Onsdag og eg kom på Mandag. Gjett om eg slappa av. I huset, familien, SNØ, ski, julegata og musikk. Når ein bur så lenge borte, på ein så ulik stad, blir perspektivet på heimstaden forandra. Ein set pris på ting ein før ikkje har tenkt over. Det kan gjelda små ting. Zalo, korleis ein spyler ned i do, korleis ein får varmt vatn i dysjen, maten(den samme «kjedelige» maten som alltid i kjøleskapet). Og det er større ting, som kor fantastisk heldig eg er som bur her i vakre Hardanger, både med fjellet og ved sjøen. Og ikkje minst korleis eg kjenner at stemninga er ulik i Noreg og USA, og at det er Norge-stemninga eg likar. Heile samfunnet fungerar annleis og det får menneska til å oppføra seg forskjellig, og eg trur det får folk til å kjenna seg tilfreds eller ikkje tilfreds på ein anna måte. Skjønar?

Eg har så mykje eg kunne sagt om det å koma heim….men orda forsvinn på eit vis når eg sit her og skal pressa dei fram. Men trust me, det vil nok komma små drypp med gjevne mellomrom i dagane som kjem.

Eg ynskjer eg deg gode og av slappa (!!!) førjulsdagar! 

Skitur i sol i Hardanger, Norge..jippiju!

Read Full Post »

Birthdayparty

Kakefest hipphurra

As I’ve already said, I am pretty americanized. This is my life now.

The city, what I do, and don’t forget the people I’m with…the splendid people in Sunset CT. As this post mostly will be about them (I might mention me having birthday too, might), I find it at its place to write in English. Just to show them all how much I appreciate them. Some of them actually do read my blog regulary. But we all know what happands when using google translate… the writing will make me seem like a severn yearold kid. Well, I can’t promise this will be better, but it’s worth a try.

birthdayparty

So… I AM 20 YEARS OLD now. My day was mostley the same as usual(cleaning house, doing laundry, a walk, ballett) except from that I was partly still sick and that it was raining.  But then, at 8 o’clock I dressed up more than nessesary and went over to my neighbors…. And there I was welcomed with Champagne, cake and Norwegian music… Can you imagine a better way to celebrat your 20th birthday? To me it was perfect. Then followed talking, eating, dancing, for the next 7 hours.

Jon and the Champagne

Matt & Eli

Brendan & Eli

I am just SO lucky ending up living in McClureStreet, which is the closest you come to the university campus. I’m trying to imagine how it would be living outside the city. It would be so much harder getting to know people. My stay would be pretty different. It’s been just great having my people across the street to go over to whenever. And also, I’m very thankful to them for letting me come. I mean, they are students, they are busy, they have eachother…they didn’t really needed another person in that small living room and populare house… but still they let me come. That feels really good.

I’ve learned one very important thing this month. Not everyone who smokes weed are stupid, and not everyone who doesn’t smoke weed are not stupid(Well, I know that already, but still, an important part of it). Being together with people who are not really the type I would hang out with back home, has opened my mind in a way that feels good. Now as I’m leaving I actually feel sad. I didn’t thought I would be, but I am. I am so sad. Knowing that I probably wont see them again…at least not before we’re all grownup and have money to just jump on a plane. So I’m sad…but in fact it feels good. Im glad that I’m able to feel sad because I’m leaving someone and something. It’s a good thing being able to miss someone.

Thank you sunset CT (and all people I’ve met there). You’re in my heart!

😉

Read Full Post »

Det er ikkje alt ein gjer som er like stas akkurat der og då, men det er veldig greit når ein kan sjå tilbake på det og le litt, og kanskje vera litt stolt over å ha gjennomført det. 

Eg var ein smule spent før eg skulle ha dei tre ungane heima mandag til onsdag, medan foreldra var i New York. Eg hadde vore gjennom alle dei daglege rutinene ei rekkje gongar før, og viste akkurat kva som stod på planen. Men å sjølv gjennomføra dei alle på ein dag, er noko anna enn å skifta ei bleie her og ei der, ein middag her og ein kvelds der. Ikkje éin gong var eg opp på rommet mitt på desse dagane, ingen kveldstur i måneskinn, ingen siste dansetime eller siste korøving. MEN derimot; tre fine ungar all around!

Min konklusjon etter desse dagane vart som følger: «Å ve trebarnsmor er i grunn ganske fint, men å ve trebarnsmor med spysjuka er  ein smule mindre stas». 

Jepp, eg vakna tirsdagsmorgon og greide såvidt å snakka og stå på beina fordi eg var så kvalm. Så følger vekking, laga frukost, skifta bleier, kle på, litt grining, føla til buss, og derettertrilla dei minste til barnehagen (merk ein 20 minuttars gåt-tur kvar veg)…for så endelig legga meg i senga at. Og der blei eg…heile dagen. Då ungane kom heim kl halv 4 takka eg Gud for Strawberry Shortcake filmen og Nintendoså eg kunne sova vidare. Eg laug litt på klokka, og fekk ungane tidlig i seng…sovna sjølv før dei.

Ju wan ais-kjiim? (Do you want Ice-cream?)

I norke få vakne timar rakk me litt middag, blåfjell,  og heimalaga «isrestaurant»(sjå bilete).

SÅ, dette er grunnen til eg seier det er godt å kunna vera stolt av å ha gjennomført noko som i utgangspunktet ikkje va så stas. Gjett om er stolt over å ha gjennomført denne dagen, som kom høgt oppe på lista over verste dagar i usa. 

Og så ler eg litt, for kor utgjort er det ikkje å bli sjuk akkuratt når eg faktisk ikkje KAN vera sjuk. Når hadde eg sist spysjuka…då eg var 7?

..og so får det meg til å tenkja. Eg hadde SÅ mykje eg skulle få gjort den dagen, medan ungane var på skule og barnehage. Butikken, lussekattar, pakking, presangar og diverse. Ingenting fekk eg gjort. Så vaknar eg i dag og merkar, undarleg nok, at heile verda faktisk ikkje stoppar opp, sjølv om eg ikkje gjer alt det viktige og konstruktive eg skulle gjort. Kanskje går det faktisk ann å ta ein pause inni mellom…?

Det passa seg kanskje godt med det boka mi sa om 14.desember… «ikke ta deg selv for alvorlig – tren på å le litt av feilene dine».

No er eg nesten back in track. Har fått i meg ekte norsk pannekakemiddag (som utan tviiil er tusen gongar betre enn amerikanske pannekaker, som for såvidt ikkje er middag men frukost. Krømt). Pakkinga går framover. Bilder ned frå veggen. Haugevis med boss. No skal eg snart over til naboane og overlevera alt eg ikkje skal drassa meg heim + diverse julekort. Så rart at eg er komme til denne delen av året igjen,  pakkereisedelen. 

Og veit du kva? EG HAR BURSDAG I MÅRO!! NEI, i dag..nei, imåro…hm?. Viste du, at av å feira bursdag i usa blir bursdagen 6 timar lengre. Forkøbig er klokka 18.55 den 14.desember, her i Amherst. Men heima er det 15.desember (veldig 15.desember) og eg får allereie helsinga på facebook. Jippija. Hurra for meg som fyller mitt år!! Eg har ei stund grua meg til å bli 20. Det er så ok å vera 19, og framleis ung og uviten. Ein kan skulda på at ein er tenoåring når ein oppfører seg dumt er barnsleg. Men 20…nei huff, då er ein så stor. MEN eg har etter mykje tenking og fundering (noko eg tydligvis gjer ganske mykje) funne ut at eg faktisk ikkje kan vera 19 for alltid, uansett kor mykje eg prøve å stå imot. SÅ…eg ynskjer velkommen til den beste dagen i heile året, nemlig 15.desember 🙂 Eg gledar meg til å ikkje få lov til å stå fyrst opp, ballett-time og bursdagsfest med naboane.

Sidan det er 15.Desember heime hos dykk, får deykk dei kloke orda for 15. også:

«Et smil kan bety så mye. I dag skal du smile til minst 5 personer».   (Vel, det skal vel ikkje bli noko problem for min del vertfall).

 

Read Full Post »

Luke 12

«Til hvert et fattig hjerte
send
et lysstreif ifra sky
så finner det den rette vei, 
og det blir jul på ny»

Fullmånen skinn på meg 🙂

Read Full Post »

One week…

Eg kan ikkje skjøna at eg skal faktisk er heima på akkurat denne tida, om ei veke.

Eg har vore så lenge vekke, og Amherst blir meir og meir kvardag og livet. Alt heime er så fjernt, og tanken på at eg skal vera ein del av det fjerne heime veldig snart, er for stor for min lille hjerne Men om eg gledar meg, JA. Eg veit at jul heime er det beste, enkelt og greit fordi eg den beste familien, beste juletradisjonane og beste vennane. Og likevel så greier eg ikkje å ve excited (eit ord eg brukar dagleg her og ikkje greier å finna ein passande oversettelse på).  Men det er nok like greit. Det blir litt lettare å nyta kvardagen her dersom eg ikkje tenkjer på at eg skal reisa vekk i frå den. Likevel har eg byrja å ta «siste turen her og siste turen der osv».

Puffers Pond. Eg har hoppa frå det "stupet" over der. Det er ganske høgt, vertfall når ein står der oppe, og eg føle meg skikkelig tøff.

Eg har i dag tenke min, muligens, siste tur til Puffers Pond. Eg sykla ut i kulden(!!!) og skulle jogga i skogen. Men sjølvsagt hadde eg gløymt å ta på meg joggeskoene. Springa i skogen med kvite småsko anbefales igrunn ikkje, men sol og musikk og stillhete veger ganske bra opp.

Så har eg vore på sentera kanskje for siste gong, for å gjera siste handlinga. Ein av tingene eg virkelig kjem til å sakna med usa er et store utvalget. Ein kan få ALT…utanom nett det EG treng. Billig-minus-briller. «No, I’m sorry, we’re only selling pluss». Ok, synn for den delen av befolkningen som treng minus, som meg.

(For om lag ei veka sidan vart veksa mi stjelt då eg var på bibloteket. Det var heilt ok å mista hudkrem, lypsyl, tyggis og telefon(kanskje littegrann kjedelig). Men å mista mine dyrbare briller, som eg nesten ikkje bruker men burde bruka, var ganske upassande for blakke Eli. Så då blir det Nillebrillesjopping når eg kjem heim).

Å handla regnjakka i usa er dødt prosjekt, tydligvis. Det hjelp ikkje at NorthFace og Mountains er billig. Kvar er Bergans?

Så prøvde eg å finna karaktersko(dansesko). «I’m sorry..you said?..I don’t know what that is..»  Hmf.. Javel.

Sol får meg til å smila!

Så kjøpte eg meg eit eple i stadan og vandra heimover i solnedgangen kl 15.00. 

Tross dårlig handlelykke hald eg positiviteten oppe etter ein deilig Eggnog latte i byen (Altså eggelikør-kaffi). Jupp, tommel opp.

It’s beginning to look a lot like christmas! Me har endelig fått ein tiny juletre i stova. Eg og BjørnJohan har laga julestjerne  og ellers brukar me kreativiteten så godt me kan.

Så julete som me får det.

Eg fekk ikkje sove natt til Torsdag..og på veg til ballett torsdag ettermiddag såg eg grunnen.

Fullmåne.

Så har eg opplevd enno ein spenstig Amerikansk «tradisjon»; «Ugly Sweater party». Dette blir arrangert både av unge og eldre. Folk tek på seg sine styggaste gensarar, gjerne strikka med mange fargar, og ikkje minst med juletre eller snøman på. Det var rett og slett ein stemningsfull julekveld. Men eg må heilt ærleg innrømma at det ikkje var få gongar eg måtte skuffa folk med å sei «I’m sorry to say it, but you are actually NOT ugly». Folk kom i sine varme gode strikka-gensarar og ler godt av seg sjølv…og eg tenkjer at dei liknar merkverdig mykje på dei gode gensarane eg har heime i skuffa, og som eg ikkje kan venta med å gå med.

Men så var det nokon ein kunne gje kompliment og «Ok, you ARE ugly».

Eg stod no der eg, under mistelteinen... uten mykje lykke

Eg skal no passa ungane Mandag til Onsdag medan foreldra er i New York. «MammaEli» skal følga til barnehagen, laga middag, rydda, sjå blåfjell, synga i søvn, bli vekt om natta og kosa 🙂

Luke 11:

I dag treng eg hjelp. På side 11.desember i boka mi stod det. «Lykken finnes på innsiden, men den kommer ikke der av seg selv». Så kvar kjem den frå då?

Read Full Post »

Older Posts »