Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2012

God søndagskveld!

Atter ei veke har gått, denne gongen veldig fort. Dagane er lange, travle og innholdsrike. Me jobbar no mykje på scenen. Både sminke, kostyme og gangen i showet er på plass. No gjenstår berre 5 dagar med intens øving. Kva som gjestår? Alle må læra alle tekstar, vita kortid ein skal bevega seg kvar, kunna diverse dansar, læra å smila på scenen, læra å villa smila sjølv om ein kanskje ikkje vil stå på scenen, læra å ikkje snakka om været på scenen, og ikkje minst læra å synga reint(!!!)

Leadville, CO

Eg har lada godt opp til siste veka i Denver. På fredag etter øving tok min gode Kostfamilie meg med, trøtt og sliten og sur som eg var, med opp på Fjellet. Etter 2,5 timar i bilen hadde temperaturen sunke frå ti grader til minus 18…om me var komme til Leadville. Ei lita bygd med mange gamle og mange funcky hus. Me befann oss 2 miles(3,2km) over havet og sola varma godt…i den ekstreme kulden.

Utsikt over Leadville

Det var deilig å komma ut i frisk luft og få farge i kinna, etter å ha vore innandørs heile veka. Laursdags morgon tok eg og kost-mor Susan trugene fatt, og gjekk ein 16 km lang tur, på ein veg ein faktisk ikkje hadde treng truger for å gå. Det var fint, og jammen kjenner eg det i kroppen. Dei tre andre var på hunde-sledetur. Me avslutta kvelden i basseng og boblebad. Perfekt!

Ein typisk butikk i Leadville!

Tur i morgonsol før alle andre er stått opp er min spesialitet.

MAT: Me er no heima i Niwot. Og madan eg sit her og verken har fantasi eller tålmodighet til å skriva, får eg servert atter ein av tinga familien berre MÅ servera meg før eg reiser.

Denne gongen var det rice-snack. Når eg var mindre fekk me gjerne sjokolade-ris-bollar i bursdags-selskap. Denne versjonen er altså puffa ris blanda med marshmallowes. Kva kan eg sei? Alt som er søtt er godt, så. Godkjent!

Maxine fekk nettopp servert Root Beer....som ikkje er Øl, men ein slags brus. Med litt iskrem i, får det eit veldig fancy navn som eg ikkje hugsar, og er tydligvis ein spesialitet her borte. Eg likte ikkje den eine slurken eg tok, men Maxine hadde det som splumma i egget.

Forleden dag kom Kost-mor-Susan heim med ein heil kasse kjeks som ho ville me skulle ta med på øving og dela med folket. Det viste seg dagen etter at dette ikkje var kva som helst slags kjeks. Girl Scouts vert seld ein månad i året av skuleborn(trur eg), og inntektene går til…noko bra(krømt, er er ikkje så flink å plukka opp ting i detaljar). Eg trur Girl Scouts er litt som julebrus eller pinnakjøtt for oss. Sidan dei kun vert seld ein månad i året er alle ekstra glad i dei, og har sine favorittar.

Girl Scout.

På kjøkkenbenken står eit «CornBread» som Kost-bestemor kom over med. Eg har ikkje ete Mais-brød før og er spent på når det skal smakast. Me et mykje bønner her borte. Det gjer kanskje mange heima i Noreg også, men i usa er bønner virkelig ein hovedrett. Ein får bønner til taco, burritos, suppa, pasta..alt. Ein anna ting me et mykje av er Søtpotet. Det er ei orange potet/grønnsak. Det smakar søtare enn potet, har mjukare konsistens og skal vera mykje sunnare enn vanleg potet. Som eg hugsar har eg ikkje fått servert søtpotet heima. Eg synest dette er veldig godt, og lar det dermed stå som dagens anbefaling til dei som er lei av poteter. Ordet «Snack» har også fått ein ny betydning for meg. Snack er ikkje lenger noko eg kjøper når eg skal på kino. Me har snack dagleg mellom frukost og lunsj og lunsj og middag. Me har snack i noreg også, men i us er snack nesten eit eige måltid(gjerne i fleirtal). Snack kan vera eple, ships, sjokolade, saltstenger…og eg må (men kviskrande stemma) sei at Snack kanskje er ein smule medskuldig i nokon barns overvekt. Når snack er ein eigen «time» på skulen og ikkje alle foreldre tenkjer helsa-fyrst, så kan det ha visse resultat. Eg skjønar også no kvifor dei ikkje har middag før i 7-tida, og kvifor «kvelds» ikkje finnest i det engelske vokabularet.

Eg har nettopp skreve eit skiv om eit typisk norsk måltid, som skal leggast ut på UWP-bloggen. Eg kunne fyrst ikkje komma på ein einaste ting som var typisk norsk, utanom brunost og melkesjokolade som er eit stort sakn. Me har jo akkuratt same maten her som der…men forskjellern er tilberedinga. Kobinasjonen av får og kål som gjev fårikål. Den bruna sausen og tyettebærsyltet som blir til kjøttkake-middag. Koketida på melka som gjev brunost(?). Eg endte opp med å presentera måtidet «Komler». Er ikkje dette typisk norsk?

No skal eg hoppa i seng og vera utkvilt til ny gjennomkjøring i måro, movement, workshop, vocals. Ny veka er alltid bra, men også litt spenannde. Eg veit aldri om eg vaknar opp alt for trøtt og mandagsgretten eller frisk og glad. Så eg tenkte eg skulle avlsutta med eit ordtak om mandagar. «Ordtak+mandag» på Goole gav dette resultatet: (lykke til med å finna meining i det)

«Denne uka gikk fort, i overmorgen er det alt onsdag, sa mannen.»

God ny veka! 

Advertisements

Read Full Post »

Lidenskap! Kva er det eigentleg, og kva er min?

I UWP er det mykje fokus på menneske. På utvikling, kommunikasjon, ledelse, sjølvtillitt, hjelp, forståelse, respekt og mål. Som nemnt har me dagleg «workshop» som på ulike vis omtalar dette. Dette fører ofte til at me må tenka og grava inn oss sjølv for å finna svar på spørsmål me kanskje veit svaret på, men som me ikkje set ord på så ofte. Det har blitt danna ein slags kultur for å faktisk kunna spørra andre om ting som går djupare enn korleis ein høyrde om UWP, kor mange sysken ein har og «how are you?». Av og til er det vankeleg å finna eit svar og ien må gjerne svara utan å faktisk vera heilt sikker. For meg er dette ein veldig god måte å få hjernen igang på, og å gjera meg bevisst på mine eigne tankar, og min holdning i forhold til medmennesker. Her er nokon av problemstillingane me blir stilt ovanfor. Prøv å svar dei du også:

What is your goal this semester?

What is the difference between you vision and your goal?

Write three things that are defining you. Do they make you proud or do they make you a sterotype? 

Eit spørsmål som på ulike tidspunkt dukkar opp, både i workshop og av interesserte personar, er «What is your passion?». Ein spørsmål som er enkelt nok å spørra både med kinesisk, belgisk, meksikansk og norsk engelsk aksent. Men å svara…det kan vera værre.

Dette er heldigvis noko eg har tenkt å fundert på. Kva er mi lidenskap og korleis veit eg at lidenskapa ikkje berre er innbilning? Mange kan sei kva dei likar, men har likevel problem med å kunna finna si lidenskap. Eg er så vågal å sei at eg er blandt dei heldige som faktisk veit kva mi lidenskap er. Det er litt skummelt å «bestemma seg» for ei lidenskap, så eg vel å tru at det er absolutt mogleg å ha fleire lidenskapar, og at dei også er i forandring.

Når folk spør er det deilig, om ikkje med 100% sjølvtillitt så med vilje, å svara at «Music is my passion». Kvifor? Det er faktisk ganske enkelt og greit. Når eg spelar gitar og syng, gjerne åleina i eit rom, men også på ein scene, så har eg det godt. Eg ynskjer å sitja der for alltid, samstunder som eit ekstremt behov for å gjera heile verden glad av musikken, rykjer tak i meg. Eg veit ikkje med deg? Men for meg er det ikkje så mykje tvil, music is my passion.

Etter å ha hatt fleire samtalar om dette i dag, kom eg heim og fann ein kjøleskapsmagnet der det stod:

«There are times when you truly believe in yourself. You have the faith and conviction to approach the toughest of challandes head-on and do anything! But, like everyone, sometimes you get scared and you begin to doubt yourself.»

IDAG er eg positiv. For i dag skjedde noko kjekt. Etter å gradvis ha utvikla ein ny sjukdom kalla «gitar-abstinens-sjuka» fann eg i dag…ein gitar! Eg sat meg i ein gang, folk samla seg rundt, me sang, eg spelte Jan Eggum…oh my..fingrane sprella av glede. Folk var glade for å høyra meg spela, og eg fekk «a time when I truly believed in myself». Men så veit eg det er tider då eg ikkje har folk å dela musikken med, når all motivasjon er borte, og meininga med å spela er usynleg. Som nevnt over, ein bli «redd» og byrjar å tvila på seg sjølv.

Videre på magneten stod det (skift ut «I» med ein person som du veit står deg nær, så trur eg det vil vera ein sannhet for ALLE): «That’s where I come in. I stand amazed at what you have done and even more so when I think about what you are capeble of. So when life gets rough and you begin to doubt yourself, remeber this: I believe in you! I have always believed in you. I think you are positively over-the-top-amaxing and on’t ever forget that».

No vart det mykje prat om meg. Kvifor seier eg dette? Den einaste mi lidenskap er viktig for, er i bunn og grunn megsjølv. Så eg seier det i håp om at det kanskje kan få DEG til å tenkja. Kva er di lidenskap? Og veit du det ikkje… eg er sikker på at så lenge du gjer ting du likar, vil det til slutta stå klart for deg kva di lidenskap er.

Read Full Post »

Cultural Education

Eg må ærleg innrømma eg har problem med blogging for tida. 1) Eg har ikkje tid. 2) Det skjer så mykje at eg ikkje veit kvar eg skal byrja. 3) Eg har vanskeleg for å finna ord som kan beskriva kva eg er med på. Einaste måten ykke kan skjøna det på må vera å sjå eit av show’a våre (Oslo 13 eller 14. april).

Eg kan ikkje huksa sist gong eg var så oppteken som no. Det er på ein måte veldig herleg å gjera alt det ein må, og that’s it. I kombinasjon med å gjerne villa ha litt tid til å kontakta heimen, blagga, og kanskje slappa littegrann av, er det mindre ideelt. Kvar morgon står eg opp rundt klokka 05.30, startar klokka 8, og seier hadet klokka halv 6. I dag spurde ein av sjefane oss når me avsluttar UWP-dagen. «When you go to bed» var svaret. Han har så rett. Eg er heima frå øving klokka 7. Me et middag og deretter småpratar og «lærer om kvarandre og kulturane osv». Kanskje må eg øva på nokon songar og dansar før eg kan hoppa i seng kl 11, to timar etter eg mentalt har sovna. Skjønar du kva eg meiner med oppteken? Pausar? Det ordet minnest ikkje i mitt vokabular lenger.

Dagane går mykje med til showøving, dvs vokal, staging og dansing. Det er stort sett kjekt, og eg prøver så godt eg kan å ikkje grava meg sjølv ned i jorda fordi eg ikkje får gjera akkurat det eg ynskte i showet. Men Up with people har mange aspekt som er med å fylla dagane:

UWP bli kalla eit utdanningsprogram. Ikkje fordi det på nokon som helst er ei utdanning slik folk flest ser på utdanning. Dette er eit program som skal utvikla vår kunnskap innanfor ledelse og forståelse. Me skal læra å forstå andre, akseptera, ha åpent sinn, lytta, spørra, og tilpassa oss omgivnaden. Desse fyrste vekene har både staff og utanforståande folk har hatt seminara med oss om dette. Det handlar alt om å kjenna seg sjølv og vita kvifor ein gjer som ein gjer, forstå sin eigen kultur , skjøna kva som gjer kulturar forskjellige, forstå forskjellen på genralisering og stereotypar, og liknande.

I dag «leika» me at me var i LasVegar på kasino. Me spela poker-aktig kortspel, der reglane var forskjellige på alle bord. Når me vann/tapte måtte me flytta opp/ned eit bord. Det viste seg at reglae var ulike på alle borda, noko som førte til ektrem frustrasjon, latter og sinne…ettersom det var forbudt å snakka vokalt til kvarandre. Dette skulle vera eit bilete på korleis reglar og forventnignar kan veriera frå stad til stad. Dette kan knyttast opp både mot samfunnstenesten me skal gjera, samarbeidet Cast’et seg i mellom, og ikkje minst kostfamiliar og byar me kjem til. Alle land har, kanskje ubevisst, eit bilete av korleis folk skal oppføra seg og kva reglar ein ska følja. Ein kan ikkje berre komma til eit land eller kostfamilie å påstå at dei skal endra sine reglar for at ein sjølv skal få det som ein vil. Ein må godta, forstå, læra, vera tålmodig og kommunisera.

Det som også har gjeve ekstra kulturfokus denne veka er CulturJam som me hadde onsdag. Dette var ein intimkonsert for oss og familiane, der me fekk presentera vårt land og kultur. Eg og ei av dei norske jentene Karianne Louise framførte dette:

Kva synest du? Er dette Noreg? Det som er spesielt med å møta folk frå andre land på den måten eg gjer, er at me alle får eit bilete av dei andre landa ut i frå korleis dei enkelte personane er. Me har éin person frå Irak, éi frå Danmark, éi frå Irland. Desse er alle ansvarlege får å gje oss andre eit så godt (eller riktig) inntrykk av landet som mogleg. Eg prøvar så godt eg kan å gje ein brei forsåelse for korleis noreg er.

Forleden dag skulle me alle skriva ned kva me forbinder med dei enkelte landa som me representerer. Dette er av orda som stod på «Norway-plakaten» etterpå: Troll, fjord, mountains, blond girls, handsome boys, cute girls, lefse, kråtakake, cold, 17.mai, naked men with sicks, nature. Eg var positivt overaska, men det var likevel vår oppgåve å etterpå klara opp i ein del saker som at det ikkje finnest troll i norge og at me faktisk har 4 årstider.

Under kvart show skal me ha eit bord med plakatar me har laga om oss sjølv. Der kan folk sjå kvar me alle er frå og kven me er. Her er mitt fantastiske heimalaga resultat:

Eli from Norway

Konklusjon: Eg lærer veldig mykje om korleis å sjå andre mennesker. Om å lytta og om å respektera. Dette er noko eg vil ha mykje nytte av no når me snart reiser vekk frå Denver til nye stadar.

Men eg trur også det er ting me bør vera flinkare til i kvardagen, i møte med våre medmenneske på jobb og skule, i gata og på butikken. 

Read Full Post »

American Adventures

I like American adventures

Eli på oksen Max

Det er kjekt å gjera ting som er veldig amerikansk. Genrelt i kvardagen kjenner eg at eg er i amerika, men inni mellom gjer eg ting som absolutt ikkje ville skjedd heima. Denne helga hadde me Host-Family-dagar, dagar då familien kan ta oss med på ting i området og gjera oss kjend med denne kulturen. På fredag kveld reiste me på Stock-show, ein hoppkonkuranse for hestar. Det kjekkaste var ikkje sjølve hoppinga, men det me gjorde før. Me fakk mata lama og diverse andre dyr, sett på utstillings-sauane og sitta på okse. Det som fasinerte meg mest er at alt frå små ungar til tenåringane og eldre, går rundt i cowboyhattar, rutete skjorte og boots, og er dønn seriøs. Faktisk, på «dressmann-reklame-plakatane» her i Denver har dei kjekke unge mennene på seg cowboyhatt. Det seier noko om kulturen.

Mi romvennina Maxine og ein lama og ei geit!

Stock-show, Gamlers choice.

Sauane er nyklyppa og klare for å bli verdert i sauebeautykonkurransen. (waw, ein slik legger leopard-one-piece er det vel mange som kunne tenkja seg?)

Nokon adventures er ikkje berre amerikansk og forskjellig, men også uventa. 

Kven hadde vel trudd at ein på fjelltur i Rocky Mountains skulle bli gåande på asfalt-veg rett fram utan så mykje som ein liten oppoverbakke. For fjellglade og Hardanger-vante meg måtte eg smørra meg med tålmodigheit der me gjekk tusslande  bortover den flate strekka. Eg såg høge fjell rundt meg og det skreik inni meg etter å komma opp på dei. Men tross dette hadde eg ein flottfin tur. Sol som varma som om det var april, snø som smelta, elg, reinsdyr, rev, bildetaking og kos. Deretter mexikansk restaurant og dill i fjellbygda.

Eg og Maxine

Ganske langt over havet

Plutseleg fann me ikkje stien lenger.

fin

Det har vore fint med ei frihelg og tid til skype, facebook, sova, film og tur. Men… eg er overklar for ny veka med aktivitetar og nye utfordringar. Me byrjar roleg med Parade i Denver downtown i morgon på Martin Luther King-dagen!

Eg ynskjer alle heime ei god veka! 🙂  

Read Full Post »

Community Impact

It’s not the place that change you, but the people 

DENVER CITY

I dag har me hatt vår fyrste dag med Community Impact, samfunnsteneste. I all hovedsak er hovedformålet til UWP «to impact the community through service», altså hjelpa til i samfunnet. Dermed kjentes det godt å endeleg prøva seg på dette. Det einaste eg visste på førehand var at me truleg skulle rydda og vaska, og eg var spent på korleis det ville kjennast å hjelpa på ein ukjent stad og hos ukjente menneske.

Eg og mi gruppe på 25 stk var på eit senter/hus for alkoholikarar, dopavhengige og heimlause. Her kunne folk bu fast(avvennings-program på over eit år), sova over ei natt eller fleire, eller berre komma for dei 3 måltida som vert servert kvar dag. Her vert all maten donert, og dei fleste av dei som arbeider her er frivillige. Me vaska dysjar, senger, bar  kartong på kartong med mat, skviste sitroner, snakka med kvarandre og med dei som kom der. På ein måte verkar det miningslaust det me gjorde. Hadde ikkje me vore der, ville nokon andre gjordt arbeidet. MEN samstundes veit eg at me var til stor hjelp, og at dei som arbeidde der var kjempe taksemde. Eg hadde norke supre timar på den utruleg flotte staden. Eg synet det er så flott at det finnest slike stadar for dei som ikkje har noko anna å gå til. Folka haldt motivasjonen oppe ved si religiøsitet og positive innstillig, noko som var verdt å læra av.

Denver Art Museum...noko slikt.

Dagens andre prosjekt var: Seavenger hunt i Denver City!

Me fekk utdelt spørsmål om gjenstandar/bygningar i byen, måtte finna namnet på dei, og ta bilete saman med svaret. Dette førte til 2 timar med springing og busskjøring fram og tilbake, pose’ing og latter! Dette var ein super måte å sjå byen på. Fullfart med herleg gjeng.

Etter 12 timars øvingsdag i går og lang dag i morgon, var det herleg med ein slik avbrekks-dag der ein fekk bli betre kjent med kvarandre og byen!

Denver

We did it!!

Kva skulle me gjort utan dai hyggelige lokale folka som stiller opp til bilet-taking saman med ien gjong kulturforvirra tullingar?

It’s not about tomorrow, not yesterday…but today!

Read Full Post »

22 kulturar på ein stad!

Kom på show i Oslo 14.april. Det blir stintøft!

Om du ikkje har skjønt konseptet:

«Up With People is a global Education Program which aims to bring the world together through sevice and music.»

Eg skjønar no at eg på førehand faktisk ikkje hadde noko aning om kva eg heiv meg ut i. Musikk, dans, hjelp, reising, treffe nye folk, var det eg trudde eg skulle. Men…det er SO mykje meir. Berre no, etter fire dagar her, kjenner eg korleis dette forandrar meg. Korleis kjem det då til å kjennast etter 5,5 månad? 

Up With People sitt føremål er som sagt å «samla» verden og få folk til å skjøna at verda faktisk ikkje er så stor som me trur. Me vil gå føre som eit godt eksempel ved å hjelpa og påverka positivt i rundt 20 byar. Me skal setja oss inn i korleis andre samfunn fyngerar ved å delta på møter, konferansar og liknande. Utvikla vår eiga evne innan ledelse, kommunikasjon og global forståing gjennom og å fortelja andre om vårt bodskap, og læra av andres historiar. Bli meir klar over våre eigne tankar gjennom workshop og prating kring dette. Auka sjølvtillitten gjennom å stå på scenen å formidla eit bodskap som ikkje berre ein sjølv trur på, men alle dei 120 stk rundt ein. Sjølve showet held me hovedsakeleg kun for å takka for oss, visa byen kva me har gjort og kor lite som skal til for å gjera ein forskjell, og at me alle lev i same verda.

Mykje prating og venting.

Ikkje berre skal me besøka ein heil ulike stadar med ulike kulturar, men også vera saman 120 stk frå til saman 22 ulike land. Alt nevnt ovanfor er ting som kjem etterkvar, men akkurat no er det mest oss 120 frå 22 ulike land som står i fokus. Eg tilbringer min dag saman med folk frå Norge, usa, Canada, Sverige, Mexico, Danmark, Belgia, Sveits, Japan, Nederland, Irak, Kina, Tyskland, Nepal, Bermuda,Frankrike, Spania, Bahamas, England, Irland… Det er alltid ein utfordring å komma i prat med folk og bli kjent på ein slik tvangs-bli-kjent-måte. Men det er likevel så herleg å prata med folk på ein så naturleg og bra måte og vita at ein lev så ulike liv.  Folk som kan læra meg mykje, som eg kan læra noko til, og som ein kan sjå personlighet i som ein likar.

Samtalane kan gå mykje i forskjellar på landa. Eg prata med ein frå Kina som fortel at for å tjena nok pengar til denne reisa (utan å ta lån) måtte han ha jobba i 5-6 år i Kina. Eg jobba 6 månadar i Noreg. Eg snakka med ei jente frå Mexico som hadde sett snø for fyrste gong i sitt liv, og som syns det var SÅ kjekt å kasta snøball…for ho hadde kun sett snøballkrig på film.

Men samstundes så pratar me og gjer ting til tross for kvar me er ifrå. Eg startar ein samtale på Engelsk og tenkjer ikkje på om personen er frå Norge, Sverige eller Kina. Me spelar fotball saman i pausen. Me ler av ein god vits og kjenner på ein pinleg stillheit etter ein dårleg vits. Me står oppgitt framfor spegelen på badet før me skal ta bilete til UWP-bloggen. Alle syng med når me dansar til ein song av Rihanna.

…Det er fint. Eg kjenner kor godt det er for meg sjølv å merka at eg trivs med å tvinga meg sjølv i prat med folk eg ikkje kjenner og som eg utgangspunktet ikkje ville teke kontakt med. I noreg har me mange typar folk. Slik er det også i alle andre land. Dermed er det ikkje alle ein går like godt overens med…men også desse har noko å læra ein. Og (her har eg framelis eit stort steg å ta) det er kanskje nettopp desse ein vil få mest ut av å bli kjend med.

I morgon(eller i dag for dykk i Norge) har me 12-timars-dag, og eg GLEDAR meg. Alt er framleis nytt og spanande. I måro blir nok fyrste dag der me er i full gang med både danseøving, vokaløving, workshop og diverse. Det er deilig å kjenna at ein vert sliten av å ha gjort noko. Framleis er det kanskje mest mentalt sliten…men snart blir det fysisk, og når me kjem på vegen vert det nok berre hektisk. Men hektisk er bra. Menneske er hektisk, og likar det slik!

Kvar morgon ser eg månen gå ned i vest, og sola komma opp i aust.

Read Full Post »

Endeleg nesten i gang!

Niwot..Denver-fjella i det fjerne

Eg har det fint! Familien er bra. Utsikten til dei flotte fjella kan eg aldri bli lei av. Starbucks to dagar på rad. Littlittlitt snø. 

I dag møtte eg endeleg dei eg skal reisa med, både dei i Cast’et og i ledelsen. Så mange flotte folk. Det er så deilig å møta ei så stor gruppe menneske der alle er så engasjerte, inspirerte, glødande, og samstundes utruleg spente på det som ligg framfor oss. Her er folk frå Kina, Irak, usa, mexico, frankrike osv..og alle er like klare for å gjera ein forskjell i samfunna me skal besøka. 

Me fekk også sjå ledelsen og dei frå haust-semesteret som også er med no, visa eksempel på korleis showet vi sjå ut…og det va SO kult. Her snakker me nivå på både dans, sang og spill, men kanskje mest av alt glede og entusiasme. Eg er virkelig spent på å byrja øvinga, I MÅRO! Me må på audition på både sang, dans, speling, og andre oppgåver for at dei deretter skal kunna plassera oss der me passar best. Uff, eg kjenner prestasjonsangsten ha ei skummel bratt oppoverkurve, men dette må eg berre hoppa i. 

Jess, DETTE ER KJEKT! 🙂 

 

 

Read Full Post »

Older Posts »