Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2012

Ein liten dose glede

Av og til byr livet på mange tankar, utfordringar og hendelsar som gjer humøret ein smule ustabilt.

Ting har vore litt ustabilt for meg den siste tida.

  • Eg har lengta mykje heim i det siste. Stadig har eg funne meg sjølv draumande om rommet mitt, fjorden, familien og mammo-mat.
  • Eg har hatt mykje tankar om kva nesteår skal blinga(og det skal eg komma tilbake til ein anna dag).
  • Eg har budd hos ein familie som gav oss..vel, akkurat nok mat, der eg sov dårlig, og som eg rett og slett ikkje kjende meg avslappa og konfortabel med.

Som eit reslutat av alt dette, med vekt på dårleg søvn, har eg komme til eit punkt der eg er heilt utkjørt. Eg har ikkje kjend meg sjølv igjen dei siste dagane. Det har vore fysisk vondt å halda augo åpne, og eg har vore så overtrøtt at eg ikkje er trøtt lenger. Humøret snur på ein eitt-øring.

Me forlot Silver City i dag, og satte kursen mot Ruidoso, også i New Mexico. Der eg sat i bussen kjente eg kor godt det hadde gjort meg med ein dag, berre éin dag, heima i Norheimsund. Å sleppa å tenkja på nokon andre enn meg sjølv. Og eg bekymra meg for kva som venta meg i Ruidoso, ei seng eller liggeunderlag? Så kom eg her… og waw. No words, eg kjenner meg så glad. Akkurat NO har eg det så flott at eg måtte skriva eit blogginnlegg å fortelja det.

Eg liker stort sett å tru at eg ikkje er så særleg materalistisk av meg. Eg seier gjerne at pengar og stort hus ikkje betyr noko …. men gosh. Eg har verkeleg lærd å setja pris på dette no. Eg kjenner kva forskjell eit hus og familie kan gjera.

Jippija

Denne veka bur eg saman med Jack og Seliese på 73 og 72 år. Dei har verdens søtaste lille hund som eg allereie er bestevenn med. Eg bur saman med Alice frå Belgia som er super. Huset er stort og lekkert, med eigen bar i kjellaren, billiardbord, men likevel personleg! Me har kvart vårt rom med eige bad. «I’m so glad I’m not chearing room with you» sa eg til Alice, og ho skjønnte akkurat kva eg meinte, og sa seg enig. Når me er saman med folk absolutt heile dagen er det ingenting som er bedre enn å sova i eit rom åleina. Eg kan sløkka lyset når eg vil, og for min del spela gitar kvar kveld, og eta norsk sjokolade (som min forige kostfamilie fann på ein international butikk) utan at andre veit om det. Mitt rom er fylt av leiker, har stor seng og er inspirert av alle stadane i verden denne familien har vore.

Alice og Eli er glad.

Då eg kom inn på rommet, og dei andre gjekk ut att, hoppa eg opp og ned og hylte lydlaust..noko eg ikkje gjer ofte. 10 sekund etterpå kjem Alice inn og gjer akkurat det same. Me kjenner oss så hedige som kan ha 10 dagar i slike gode omgivnader, fint hus og gode, avslappa «foreldre».

Det er litt patetisk å bli så glad for ein slik ting…men oh, det er så deilig. Det er så godt når ein har desse øyeblikka der ein berre kjenner seg SO glad. Eg pussa tennene ekstra lenge berre fordi badet er så fint. Eg tenkjer at eg sikkert ikkje trenger så mykje søvn fordi rommet er reint og senga stor.

«Glede i hjertet gir god helse, mismot tærer på marg og bein».

Forløbig veit eg ca ingenting om korleis Ruidoso er. Det er 8000 innbyggere om vinteren og 35000 om sommaren. Der er på fjellet, øve 2000 moh, kjøligare men varm sol. Eg er spent på å byrja veka skikkeleg med samfunnsteneste i morgon… 

City of Rocks, NM

Tross omstendighetane, hadde eg ein veldig fin fridag i går. Mi romvenninna sist veka, Mathilde frå Belgia, er også super og me kosa oss saman. I går tok vår familie oss med til «The city of Rocks». Dette er ein gammal (GAMMAL) vulkan som no er blitt til mange steinar. Du ser det tydeleg ovanfor. «Byen» består av stein etter stein, eit par kaktusar, fine bål-plassar, og trær som er flotte å meditera under. Alt minna meg litt om «løvenes konge». Eg venta på å sjå ein apekatt hoppa i eit av trea og synga «santa-sana skwosh-banana». Så her vandra me nokre timar i shorts og topp, blåste såpebober, sola oss, åt jordbær og vart enno meir solbrent enn eg allereie var, sjølv med solfaktor 110.

Her er litt bilder frå gårsdagen, så dykk kan sjå kor fint det var.

Kaktus

Me er ikkje vant til å sjå kaktus gro opp av bakken.

Såpebobleblåsing

God ny veka til alle heima 🙂

Advertisements

Read Full Post »

Impact!

Up with peopleshow

Solbrent, forkjøla, feber, forslått(fordi eg er så god forsvarar i ultimate frisbee), trøtt og sliten…. Me har akkuratt gjennomført vår fyrste forestilling i Silver City. Dette var truleg forstillingen med ferrast i salen til no. Vel, denne byen er liten, og konsertsalen er liten. Så eg tippar det kom rundt 400 stk. Alle dei andre forestillingane har vore utsolgt og salane stappa med rundt 1200 stk per gong. Det er litt kult å tenkja at me til saman har opptrodd for kring 5000 stk allereie. I morgon ventar ny forestilling med forhåpentlegvis minst like mykje folk.

Det som motiverar meg både på scenen og når me er rundtom generelt, er kven me påverkar, gledar eller inspirerar. På ein forestilling i Denver sat det ein gutt med Downs syndrom på fyrste benk og smilte, sang og dansa saman med oss dei to timane. Det er umogleg å ikkje smila tilbake. Ein anna forestilling er dei fyrste setene dekka av eldre par som smiler sjølv på dei mest seriøse delane. I dag sat to jenter fremst som faktisk ikkje ville slutta å skrike då forestillingen var over. Andre gongar er det folk i salen frå stadane me har arbeid samfunnsteneste som vågar å hyla litt når me kjem til rappen. Etter forestillingar kjem små born bort og vil ha autograf, dei eldre takkar for ein fantastisk forestilling, og ungdommen syns det er awesome.

Det varierar frå dag til deg og gong til gong kva som er i fokus og kven ein kan gje noko til. Studom kan det kjennast som om me berre vandrar rundt og skryter over at me er frå 21 ulike land…utan at det har noko for seg. Men når ein greier å sjå desse små tinga, og ikkje minst greier å sjå at å gleda ein 80åring er vel så fra osm ein 15åring…så kjennest det godt.

Ein av dei som verkeleg har vist meg kor godt det er å gleda andre, er min Hostbrother frå Fort Collins. Han er 12 år, veldig kreativ, og byrja å spela gitar den veka eg var hos han. Han skreiv dette til meg etter eg fortalde han at min nye gitar er oppkalt etter har, og at er er stolt over at an allereie kan to songar:

«Haha Tim…… That’s a good name i got a guitar book that i practice with. Ive practiced on it over two hours every day. I have learned about 10 chords now…. I love playing my guitar. It’s the most fun thing ever. I think I will name it after the person who started me on guitar…. Eli!!!! I also figured out how to make picks from old gift cards. They are super cool. I made some like hearts and cool designed and stuff. Do you want some? I know that u dont use picks, but I think they are cool. And the present I made for you is a guitar strap made out of the rope used in your bracelet. I will send it to you. It is black and yellow because that is the only two colors I had enough of. We should skype so I can show you it! I am going to try to write a song with the chords I know. Your music that you put online inspired me. It is so awesomei love my guitar! I am almost as good friends with it as I am with you. Thank you for starting me on guitar!!!!! Tim»

Flott, hæ? Musikklærar er kanskje ikkje så verst yrke likevel?

Fort Beyard CI

Silver City

Silver City Main street

Utsikt over byen og stjernene. Meg, romvenninne Matilde og host-sister Valerie

Det er så herleg å ha litt farge i kinna, kunna gå i knebukse og topp( no tenkjer mammo: det er ikkje rart du er sjuk jenta mi), eta lunsj ute, og ikkje minst ha danseoppvarming og morgenmøte ute! Det er stemning. Så, i morgon ventar nytt show. Deretter reiser me til Ruidoso, som er ennå meir borti gokk. Fyrst er det på tide med ei god nattsøvn, forhåpentligvis UTAN å bli vekt av kattar i senga og kakkelakkar på veggen. Og er eg heldig er det kanskje litt luft att i luftmadrassa mi. Men natt er natt og søvn er søvn, tross omstengdighetene...det beste med ein lang og slitsom dag er å kunna legga seg ned å sova på kvelden 🙂

Read Full Post »

There’s a way!

Fort Bayerd, CI

Me har hatt samfunnsteneste i dag. Sol, rundt 18 grader, knebukse og singlett. Me har laga stiar av stein og grus. Tross forkjølelse finn eg glede i alt fysisk utfordrande arbeid. I slutten av dagen tek eit ekstra tak og graver i jordhaugar så det svir i ryggen og arm-musklane. Der jorda ikkje vil flytta seg tek eg armar og bein til bruk så det flyt av jord i bh og sko. Det er då det er godt at noko legg merke til den ekstra innsatsen eg gjer.

Ein av dei som arbeidde på området ser på meg gjennom dei runde brillene, og seier med sin særdeles Southern accent.

«Where it’s will there’s a way»

Jepp, for dei som har vilje er det alltid ein veg å gå!

Shiprock, NM

Me er i Silver City, New Mexico. Det er mexicansk, varmare, stille, lite folk, kakkelakkar og ellers ganske ok. Eg har ein..interessant..familie/folk eg bur hos, med super romvenninga. Eg saknar heim til laurdagskveld i sofaen og grilling ute og kjente omgivnadar, men nyter nachos og jelapenos og titusen stjerner. 

Soloppgang i Silver City

I New Mexico er husa flate, det er gjerne kaktusar i ulike versjonar i ahgane, det er tørt og lyst.

Read Full Post »

Diverse bilder

Community Impact in Framington

Fort Collins downtown

Før og idette tilfelle etter, me kjem til ein by er me gjerne både på tv, radio og avis.

Shiprock!

Min kostfamilie i Farmington + mine tre roommates.

Javaho indianerstamme. Me lærde om historie, kunst, tradisjonell mat, og ekk sjå området der dei bur. Damo i bakgrunnen minner veldig om ho damoi i treet i Pochahontas.

Vår far hadde eit stort skap med sikkert 30 våpen som er ulovlig å ha i noreg. Me skaut med to rifler, eit krgsvåpen..og pistol. Det var kult. Eg traff blinken kvar gong!

Aztec ruins! Her budde the pueblo indians, ei indianerstamme frå 1300-talet. Veldig fainerande å gå rundt i "hus" som flok laga for mange hundre pr sidan.

Eli

 

Read Full Post »

http://uwpontour.com/

 

Read Full Post »

Gå, gå, gå…

Farmington, NM

Kvardagen går i eitt. Det er kjør, kjør, kjør frå morgon til kveld.

Det passar meg i utgangspunket særdeles bra, ettersom eg elskar å vera oppteken. Men eg må røpa eg er overaska over meg sjølv, kor sliten eg er. Eg er ikkje vant til denne kjensla. Når me kjem heim, som oftast halv 7, ventar 2 timar prat med kostfamilie(gjerne amerikansk politikk) og deretter jenteprat med dei tre andre eg bur med. Det er både ein fysisk og psykisk utfordring å koma meg gjennom desse timane. Munnen vil ikkje smila meir, hjernen er full og viljen har sagt god natt.

Når eg klokka 11 står med valget framfor meg; blogg, dagbok, gitar(NB:EG HAR KJØPT MEG GITAR), brev…eller sova…så er det på ein måte ikkje eit valg lenger. Søvn kjem fyrst!! Det får følgande konsekvenar; særdeles få av alle mine kjære(deko) i noreg får brev, og blogging blir sjeldnare og sjeldnar og mindre og mindre detaljert.

Det skjer SO mykje eg gjere skulle fortald og delt med dykk, men det er vanskeleg å finna ord og tid.

Oppdatering:

Familien Sunset, Eli og Irmelin.

Eg tilbrakte sist veka i Fort Collins. Som sagt syntes eg det var supert å byrja samfunnsteneste. I tillegg hadde me ein flott forestilling sist fredag. Me har fått tilbakemelding, alt frå ”supert” til ”you changed my life”. Det er utrulig godt når ein faktisk forandre noko stort i folk sitt liv, berre ved å gje av oss sjølv. Sist men ikkje minst, eg hadde ei super veka saman med mine tre skjønne kost-brør. Eg har verkeleg skjønt kor utrulig godt det er å kunna påverka unge menneske, og at det alt handlar om at begge partar er åpne. Eg lærte dei piano og gitar, og fortalde om noreg, medan dei lærde meg å laga armband og teppe. Me såg film saman, åt saman og sklidde på kjelke saman. Når eg reiste stod det at tre unge gutar som alle var tydlig berørte av oss skandinaviske jentene som kom inn i livet deira ei veka. Minstemann sendte meg epost 2 timar etter eg var reist og avslutta med ”please answer me soon”. Mellomste skal kjøpa gitar. Eldste er berre flott!!

Farmington, NM

Så kom eg til Farmington i New Mexico. Ny stat, nytt klima og ny type kvardag. Her er det flate fjell og bratte klipper. Det er tørt, men framleis kaldt. Ein del firkanta hus eller butikkar gjev byen eit meksikansk preg. I området bur det mange grupper ”native americans”, som me skal besøka på laurdag. Det mest forskjellige denne veka er familien eg bur med. Eg og tre andre bur i eit stoooort hus saman med eit eldre ektepar. Me snakkar billiardbord i stova, sofa tre gonger så lang som den heime, ein dam i hagen, elv, to bruer, badestamp ute, eigen kinosal, hest, ponni og esel + katt. For å gjera det heilt klart; eg treng ikkje forlata eigendommen på min daglege morgonjoggtur. Ein rudne rundt hagen er akkurat nok. Det er så stort at eg nesten kjende meg ukonfortabel då eg kom. Ikkje veit eg om det ein typisk norsk ting eller eli-ting, men eg likar det smått og koseleg.

 

Denne veka har me

Tirsdag: bært/kasta stien. Me laga ein dam der vatn skal renna ned NÅR det regnar. Me bar stein frå 10-3 og var passe stive i bæremusklane etterpå. Det var ein super jobb det alle 100 i gruppa smarbeida som aldri før.

Community Impact

 

Maling-teamet

Onsdag:

Malt ein gymsal. Dette er type prosjekt der ein ikkje ser nytten av det tydeleg nok, og ein må grava for å kjenna at ein gjorde ein forskjell. Det EG resulterar med er at me TIL SAMAN, alt me gjer i denne byen, gjer ein stor forskjell. Begge desse dagane med CI(community impact) er me delt i grupper og gjer ulike oppgåver rundt i området. Det er flott å stå fram for så mange folk, som ungdommar som ynskjer å hjelpa andre. Me får mykje god tilbakemeldig, og byen set pris på arbeidet vårt.

I dag har me hatt Culture Fair, der me har har fortald og vist fram vårt land for kring 800 ungdommar. Kvart land hadde eit bord med bilete, leikar, nasjonaldrakt, og typisk ting for sitt land. Det er VANSKELIG å skulla visa sitt eige land på ein god måte. Det skal ikkje vera reklame, men samstundes må ein visa den entusiasmen ein har for landet sitt. Eg har verkelig mykje eg vil dela med andre om mitt land…men kvar skal eg byrja? Kyst, ostehøvel, ski, fisk, olja, epler… det vart det typiske. Men typisk er vel typisk for ein grunn?

I morgon ventar ny forestilling, og 19 timars dag. Ho…hardt skjør…men DET ER VERDT DET! Who are we gonna impact today?

Ord for dagen:

«Do the right thing because it’s the right thing to do».

 

Read Full Post »

Poverty simulation

Kva vil det eigentleg sei å vera fattig? Korleis er det å leva som fattig? Kva får det å sei for din kvardag?

Dei fleste folk har høyrd om folk som lever på eit brød i veka, folk utan toalett, i områder  der ein vasser i skit, stadar der folk stel, og verre ting, for å overleva. Me har høyr om det og me trur me skjønar kor forferdeleg det må vera. Eg skjønar no at me faktisk ikkje har den vide anelse på korleis det er å leva under slike forhold, med mindre me faktisk har opplevd det sjølv. 

På Torsdag hadde me eit spanande prosjekt, poverty simulation. Simulation betyr å etterlikna noko. Me vart delt inn i grupper på 4, og skulle saman lata som om me var ein fattig familie. Kva fekk tildelt familiesituasjon, både økonomisk og sosialt sett. Min familie bestod av meg, min mann og våre to barnebarn. Eg jobba, min mann kunne ikkje jobba, våre barnebarn gjekk på skule, ein av dei hadde ADHD. Eit kvarter var ei veka. På denne tida måtte me jobba, betala lån, handla mat, kjøpa medesinar, og det ellers var nødig. Alle familiane var ulike, men alle fatigge. Nokon måtte ha rolla som tjuv eller prostituert for å overleva. Eg var heldig. Min famile hadde ordna oss så det, dersom alt gjekk etter planen, skulle gå i null kvar månad.

Kva skjedde? Svært fort, både frivillig og ufrivillig, sat me oss heilt inn i rolla. Me stressa rundt for å få i orden alle ærend, gå på jobb, i banken, til politiet, handla mat og betala lån. Folk søkte jobb, fekk sparken, stal, fekk ungen sin fråteken, måtte selja alt dei eigde, og gjekk utan mat i fleire veker.

Det fasinerande var at me også psykyisk sat oss inn i rolla. Me var stressa, fortvila, og prøvde å halda motet oppe med «love you honey», og «have a nice day». Det tok ei god stund etter leiken var over før me hadde roa oss at. Eg trur alle kjende på kjensla av at dersom dette var slik det kjentes å vera fattig i ein time, korleis er det då å leva eit liv som fattig…i realiteten?

I veke 2 vart vårt barnebarn utvist frå skulen. Ikkje kunne han vera åleina heima, ikkje kunne me me ta han med oss for ut, for me hadde ikkje råd til bussbillett til han…kva gjer ein då? I veke 3 vart vår bil stelt, noko som førde til eit stup i økonomien. Veke 4 hadde me ikkje råd til mat. Me avslutta med støttande ord til barnabarna.. «it’ll be fine, we’ll find something to eat tomorrow». Eg hadde verken tid eller mat til barnabarna mine, og det kjentes så vondt…men samstundes; det var heilt fint, for det var jo berre ein leik. MEN for mange er ikkje dette leik, det er akkurat slik livet er. Alle familiehistoriane me etterlikna var sanne…ekte situasjonar.

Dette var ein utruleg lærerik hendig å vera med på. Eg veit framleis ikkje korleis det er å leva i fattigdom. Men eg kan skjønar betre kvifor dei fattige tek dei vala dei tek and handlar slik dei gjer.

Eg trur alle kan velja korleis me vil forholder oss til det livet me har, og korleis å handtera ulike situasjonar. Men ein kan ikke velja om ein skal verta født i eit slumområde i Brasil eller i ein velstaånde familie i Norge. Ein kan ikkje velja å ta dei rette vala, men ein kan håpa at det ein vel er rett. Desverre er nokon født på bunnen, og andre tek val som fører dei til bunns.

Det me KAN velja, er om me vil sjå at det finnest fattige, og sjå korleis dei lever, eller om me vil vera storarta nøgd med vår eigen velstand. Eg leiter framleis etter den beste måten å hjelpa folk på. Det er vanskeleg å vita kva EG kan gjera, kva ME saman kan gjera for å hjelpa og gjera ein forskjell. Kva forskjell gjer det om eg gjev 100 kr/mnd til redd barna eller bestiller ei geit på nettet som vert sendt til Ghana. Eg no er ute i verden for læra meir, og finna ut kva EG kan gjera.

Korleis kan DU gjera ein forskjell for nokon? 

 

Read Full Post »

Older Posts »