Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2012

Europe here we come!

Gosh, EG ER I EUROPA.

Etter å ha vore, ikkje berre lang langt borte, men også 8 timar unna i tids-sone, er det utruleg deilig å no vera nett nedi her borti under der. Då me annkom London kjentes det som om eg var heima. Eg visste at eit fly kunne ta med til Flesland på 2 timar (og sett i forhold til korleis amerikanarar ser på reising og tid, er 2 timar som ein sivpptur til butikken). I Belgia viser trafikk-skilta km/t igjen, og gradene er i celsius.

Meg og Roberto from Mexico

Eg hatar å sitja i ro. Kroppen min skriker og kjenner seg som 100 år når eg reiser meg at. Men, tross dette gjekk den 23 t lange turen overaskande bra. Eg fekk ikkje tid til å verken sova eller sjå film på flyet, fordi eg hadde så flott flight-date, uwp sitt navn på person du sit ved sidan av i flyet.

Our pilots

Eg skal no læra dykk korleis ein kan snu ”eg hatar flyplassar” til ”eg vil vera her lengre”:

–       Lag musikal på toalettet

–       Ha oppvarming på toalettet medan du sjølv er stereoanlegget

–       Spel gitar og syng for fremmed person

–       Ha impro-skodespel (gjerne om ein hund og ein kval) framfor ventande flypassasjerar

–       Ha push-up-konkurranse midt i korridorane (vel nokon du veit er sterkare enn deg, berre for å gjera alt litt pinlegare)

–       Spel inn film og send heim til familien

–       Spring forbi dei som tek ”rulle-golvet”

–       Ber nokon i kongestol

–       Gje kompliment til hardt arbeidande ansette. (for eksempel. ”you are the best menu-giver I’ve ever seen”.)

–       Ta bilde med flykapteinen din.

–       Le av deg sjølv

Jepp, basert på eigne erfaringer i Felix, Arizona! Latter er glede!

BELGIA:

Eg har vandra i GÅ-GATER <3, ete belgisk waffel, belgisk sjokolade, belgisk bakeri-varer, drukke lekker kaffi på ein altan i 19.etg av eit hus midt i Husselt city, gått tur og lukta vår. Eg har sett Spar, Zara, and andre butikkar me kun har i noreg. Eg har sett kjekke unge menn ekuropeisk bekledning (svarte finkvardags-sko og blacer med ein knapp på midten). Eg har sett påske-lilje og kvitveis, ugras og mose.

Lukten og smaken av nylaga varm belgisk vaffel er så godt som det høyres ut som.

Gauden(gouden) på belgisk betyr gull!

Belgisk bakeries.

Enno ein typisk belgisk ting. Vertsmor kjøpte ALT.

min belgiske drømmemann. "look at me!!!"

Det overasker meg for godt det er å vera i Europa. Det kjennes så trygt, så heime, så nært. Eg veit at dersom det skulle vera noko så er ikkje Norheimsund meir enn ein flytur og litt til heim.

Eg bur hos ein familie beståande av far, mor, Aurline(12, går på internatskule), Sebastian(10) og Valentine (6). Har eige rom, men to romvenniner. Har ikkje tilgang til skype og lite facebook og blogging, men har truleg ikkje tid heller. Eg storkosar meg med å læra ein nytt språk, flamish. Ek hou van ut. O was ot  van dag? In, tvo, tri, fir… noko slikt. Det er spanande å kommunisera med ungar utan å kunna bruka språket skikkeleg. Og ikkje minst ekstremt forvirrande. Eg tenkjer engelsk, snakkar engelsk/flamish/norsk og prøver å snakka flamish. Forvirrande, men eg tek utfordringa. Her skal det pratast.

Min verts-bror Sebastian i Hasselt.

Litt siste bilete frå Tucsan, Arizona:

Ørkenpark

Me var i ein ørkenpark der me såg slangar, froskar, edderkoppar, biller, og mange større katte/ulvedyr eg ikkje kan navnet på.++

kaktus

Eli i sitt rette ess

Turist

Hei og hadet frå Belgia 🙂

Read Full Post »

Endelig!

Det er Fredag kveld og eg sitte på ein kafé i byen, med ein ekkel men billig cranberry-juice (det billigaste på menyen) og skal prøva å få gjort alt eg ikkje har fått gjort den siste veka, før eg sovnar over data-maskina. Tida her har gått i eitt med lange og TRØTTE dagar. Når mi oppmerksomheitskreva de verts-syster på seks år går til sengs kl ni, er me alt for trøtt til å gjera anna enn å stupa til sengs. Me har vel og merka hatt nokon lengre kveldar, der me ikkje har komme heim før 10-11-tida. Desse kveldane kategoriserte me oss sjølve som «full utan alkohol». Sjanglande, leande og grinande på ein gong, i mørke men varme og stjerneklare Tucsan city, gjekk me tre overtrøtte jente med mykje frustrasjon og tankar på hjarta.

Eg trur stort sett alle er overklare for å bli ferdig med usa og alt som står på programmet her i Tucsan, og å komma til Europa og ny kvardag! Personleg er eg sliten av folk, nachos, tids-soner, krøllete dollar-lappar og øving…og er sikker på at eg ikkje er den einaste. Så denne veka har eg prøvd å «samla gode stunder».

Dette er godt når ein er på travel på reis:

– Pakke av mammo i posten med isundknust «Walters Mandler» melkesjokolade.
–  Å eta melkesjokolade, sjå Grey’s anathomy(inkludert grining), ha ein heil sofa for meg sjølv, og ein kopp te.
– Å ha 5 min fri medan verts-syster er på butikken, der eg kan sitta i kaktushagen og solnedgang å spela gitar.
– Joggetur i soloppgang
– Varm dusj i kaldt hus

Immigrasjon

Tidlegar hadde me besøk av to grensevaktar om snakka om immigrasjon, og deretter fire udokumenterte immigrantar. Dette var veldig spanandre. Eg byrjar å skjøna kor viktig immigrasjon er, og ikkje minst kor stort problem det er visse stadar. I Noreg handlar diskusjonen mest om asylsøkarane og om integrering. Her handlar det om dei som prøver å snika seg inn i landet. Saken har tre synsvinklar: Dei som prøver å stoppa immirantane, immigrantane sjølv som er på leit etter eit betre liv, og dei som står i ørkenen og lurer folk til å tru at nærmaste by er 3 timar unna, for så å ta alle pengane deira, voldta damene, og tømma ut alt vatnet deira. Dette gjera saken så umogleg å diskutera og så ufatteleg frustrerande. I tillegg må ein skilja mellom immigrantane som smuglar mennesker, organ og narkotika, og dei som kjem til landet, får ein jobb og gjer landet godt. På eit vis har immigrantar fått eit stempel som smuglarar heile gjengen, men dette er ikkje tilfelle. Det finnest byar der innbyggarane ikkje har ressursar til å leva lenger. Mennene har ikkje anna valg enn å reisa til «eventyrlandet usa» for å tena til livets hold. Det er familiar som har budd i usa i mange år. Delar av familien er fødd i usa, og delar i utalndet. Om desse blir fakka blir då familien splitta. Me har diskutert mykje «korleis kan ein løysa immgrasjons-problemet», noko som eigentleg ikkje har eit svar eller som er realistisk å løysa. Det alle spørr seg er; kva hadde skjedd om ein hadde hatt åpen grense? I dag består grensa mellom mexico og usa mykje av gjerde/murar, med unntak av ein liten åpning i midten, som er der folk sniker seg inn. Kva skjer om tek ned desse og tillet folk å komma inn? Eg har personleg ei veldig sterk tru på at me alle berre er menneske på éin planet. Eg skjønar at å dela verden inn i land er nødvending, men å setja ting i bås? Kvifor skal nokon vera midre verdt fordi dei er født på feil side av ei grense? Eg er veldig glad for at eg får læra meir om desse problema verda står ovenfor. Det eg vel og merka ikkje har svar på er kva EG kan gjera…? Eg, Eli Gauden, kan ikkje stå på grensa med velkommenplakat og gje ut vatn. Eg kan ikkje reisa rundt å mata alle fattige byar i verden. Det eg kan gjer NO er bevisstheit. Eg, og me, kan gjera kvarandre bevisst på at dette faktisk ER eit stort problem. Folk døyr, familiar blir splitta, folk har ikkje ein heim. Kva kan verden gjera med det?

Galla-kveld

Me er i Tucsan for ein spesiell grunn. UWP vart grunnlagr her, og hadde hovudsete her i mange år. NO skal me minnast og visa folk kva uwp har utretta gjennom dei siste 45 åra. Dette skal skje ved å ha ein stor galla-kveld, once in a lifetime experiance. Her vil vera tidlegare reisande, rike viktige folk som har donert millionarvis av pengar til prosjekt rundtom i verden, kjente songwriters, og ikkje minst den siste personen som satte føttene på månen. Forsetillinga består av talar, innslag frå diverse folk(inkludert oss), middag, og god stemning. Eg er sjølv ansvarleg for å bera det norske, falma flagget, og visa fram bunaden. Det vers sagt at denne anledninga er heilt spesielt og vil aldri skje igjen. Eg greier ikkje heilt å skjøna kva det eigentleg er, MEN eg gledar meg…OG gledar meg til å bli ferdig med det. Ein av songane me skal synga er «de que color ers la piel de dios»;

de qué color es la piel de dios?
de qué color es la piel de dios?
dije negra, amarilla, roja, y blanca es
todos son iguales a los ojos de dios 

Kva farge har guds hud?
kva farge har guds hud?
Den er svart, gul, raud og kvit
Alt er det samme i guds augo.

Songen er ikkje i utgangspunktet ein religiøs song, men ein song om rasar. Då den fyrste gong vart spelt ropte folk «kvit» frå salen og kasta tomater. Dette er mange år sidan, men likevel sjokkerande.

Up with People

Ellers har me gått parade i gata

Eg har svetta på CI (6 timar utgrasluking i 30 grader)

Eg er framleis fasinert av kaktusane. Forresten; visste du at ein kaktus må vera over 100 år gammal før den kan gro armar. Her kryr det av kaktusar med fem armar…kryr av gæmlissar.

Og palmane:

Eg har bade i utebasseng og sola meg:

Ein siste ting eg har fudert på. Kvifor kan ikkje me heima i Norheimsund også mala husa våre knall turkis, rosa, gul, grøn, blå…som her? Kvifor malar me ikkje kunst på butikkvaggane i gatene? Det gjer alt så mykje trivligare

Visste du? I Iraq, dersom nokon bankar på døra og vil inn, så er du nødd å sleppa dei inn, la dei bu og få mat, i tre dagar før du kan spørra dei kva dei vil. Kalla 3-days-grace.

Apropos tre. Om tre dagar reiser eg til Europa, Belgia! Når eg har vore så langt heimifrå kjennes det nesten som om Belgia er heim. Eg er veldig spent. Nytt klima, ny fri på forestillinga, nytt språk(i belgia har dei tre språk), og ektre french fries. Forhåpentligvis ikkje meir pannekaker med sirup til frukost, men moglegens croisantar og sjokolade.

I dag sa nokon at dei prøver å gjera noko for andre/glada andre/»impacta»(eg har ikkje eit godt norsk ord for det), kvar dag, éin person. Nest vekas utfordring til deko…og meg! 🙂 

Read Full Post »

Goin' to tha desert

Det er så deileg når det skjer noko lite som åpnar augo mine og viser meg litt meir av verda, meir av kva som er viktig for meg, eller gjev ein peikepinn på kva eg vil gjera/jobba med i framtida. Gode samtalar, nye bekjentskap, og ny kunnskap. I det siste har me diskutert verdensfred, kjønnsroller, personlegheit, religion og anna.

Er verdsfred mogleg?

Kva betyr det å vera kvinne/mann?

Kva delar av din personlegheit er biologisk og kva er miljø?

Har éin religion rett?

Prøv å svar dei du og. Det e godt å setja hjernen på prøve iblandt.

Solnedgang i Tuczan

Eg blir framleis stadig kulturelt fasinert/overaska.

Kaktusar som står gatelangs og vinkar, hjorten som tuskar sakte over vegen i store flokkar i New Mexico, nachos og tortillas til kvart måltid. Også i møte med mitt eige reisefølge. For kring ein månad sidan hadde me eit seminar om flagg. Eg fortalde stolt kva det norske flagget symboliserte, og alle vart bedt om å teikna sitt eige personlege flagg. Etterpå var dette delt på vår facebooksida:

I guess many of you saw me crying today, during the workshop. I’d like to try to explain to you why:
Some already realized that during the marade I didn’t want to carry the german flag. That’s because for me the flag has only bad associations with the german history. And now to ask to draw our own flag…for me a flag is nothing positive. Nothing to be proud of. So I didn’t want to do that. It just felt so wrong! And then suddenly I just had to cry and couldn’t stop it. I didn’t think that this would affect me that much! But for germans in generell, it doesn’t feel right to be proud of our country.

Eg ynskde å dela dette med dykk fordi det seier så mykje om nasjonalitet og identitet. Kva tenkjer du når eg seier “Tyskland”? Eg trur mange i dag forbinder Tyskald med krig, hitler og død. Men eg hadde aldri trudd at dette framleis kunne få folk til å ikkje vera stolt over sitt eige land.

Kva tenkjer du når eg seier “Mexico”? Drap? Voldtekt? Farleg? Når eg seier “Irak”? Krig? Våpen? Kamp? Død? Har eg rett? Me plasserer folk og land i boksar og trur me veit det som trengs om verden. Også kalla stereotypi/fordommar. Eg er så heldig å ha folk rundt meg dagleg som kan bekrefta og avkrefta desse fordommane. Eg har fundert på korleis verdas syn på Mexico vert meir og meir negativt, noko eg synest er utruleg synn. Så eg spurde mange meksikanarar i gruppa mi, og alle svara det same. De vil bu i Mexico. Tross forholdene er dei stolt over sitt eige land og det dei har der. Farleg? Det handlar om kunnskap.

Eg har ein kar i gruppa mi som er heilt utrulig kul. Han er intelligent og særdeles humorisk. Og han er frå Irak! Fady flykta frå landet fordi han var kristen, noko som er uakseptabelt. Det er så flott å møta folk som avkrefta fordommar og gje nye fakta. Eg vil ikkje lenger berre forbinda Irak med krig, men med det faktum at også det landet består av enkeltpersonar. Personar som er ulike akkurat som meg og deg. Personar som Fady som dansa baken av seg til karaokesynging i dag, og som samtidig har sett døden med eigne augo.

Forleden dag sa nokon: ”Dersom du synest nokon er kjedelege, er det fordi du ikkje har spurt dei rette spørsmåla”. Dette fekk eg bekrefta med mi nye romvenninna frå Belgia. Det er ikkje alle ein har den rette conectionen med, men det betyr ikkjeat den andre personen har feil måte å vera på eller er feil. Forståelse og respekt kan vera, nei der ER, vanskeleg, men det er så viktig. Eg kunne aldri hatt det bra på denne reisa om ikkje eg var åpen for andre meiningar, kunne respektera andre og lytta til andre.

Me er i Tuczan, Arizona.

Her er det varmare, kakrusar, firkanta mexicanske hus, mykje folk, fargar, tørt. Vår fyrste dag har me tilbrakt ulike stadar i byen. Ei gruppe har vore på ein heim for meksikanske innvandrarar som har blitt nekta oppholds-tillatelse. Nokon har malt og rydda på Haven senter for kvinner med rus og alkoholproblemer. Nokon har hatt seminarar på skular. Me avslutta dagen med å synga karaoke med desse kvinnene ute i den skinande sola. Stemning! Eg har vore på 2nd-street-school. Detter var ein skule/barnehage basert på leik, å ve autentisk, og natur. Her fekk ungane leika mykje og på den måten læra utan at lærdommen blir tvunget på ein. Dei hadde høner, fisk, planter, og ein drømmehage til å leika i. Skulen har fokus på samarbeid med foreldre og frivillige, og på den måten læra borna viktigheita av samarbeid og samfunn. Ungane var fantastiske, og særdeles sosialt intelligente. Det var veldig inspirerande å vera her.

Me tente lys for alle som har blitt drept i forsøk på å krossa grensa til usa.

Sidan me er så nære grensa til Mexico er ulovleg innvandring mykje i fokus. Det som sjokkerar meg er at det eg har høyd og lest i bøker, om meksikanarar som vert drept eller sendt tilbake til landet, faktisk er realitet. Sidan 1994 har 6119 msk blitt drept, i forsøk på å komma inn i landet. Mange kjem inn, men vert sendt heim etter gjerne 10-20 år etter å har fått familie og etablert seg.

Som du skjønar lærer eg stadig nye ting av det hender rundt meg. Eg kjenner at eg gledar meg til å komma heim å dela alt dette med folk. Det er også viktig for meg å fokusera på alt eg får kvar dag, for å holda ut travle og slitsomme forhold. Me har igjen skifta familie. Eg har gått frå eige, reint rom til å dela rom med 2 og seng med ei, i ein kald kjellar. Frå 73 år gammalt ektepar til ei 46 år gammal, travel kvinne med eit barnabarn på 6 som ho har adoptert frå sin sønn som ikkje kunne ta vare på sitt eige barn. Frå stort, godt trykt hus til eit hus som er veldig kult, men…tomt og kaldt. Det er slike forandringar som gjer meg sliten, og som får det til å kribla i magen med tanken på dei to nettene eg skal ha med ho mor i Oslo om berre 5(ca?) veker.

Sist, men ikkje minst:

Love, peace, connection, understanding, respect.

Read Full Post »

Ruidosobilder

Emerson... Oh, gosh. Min nye venn!

Dersom du ser på denne stjerna i Norge og eg i usa, så ser me på same stjerna. Så er me kanskje ikkje så langt unna kvarandre likevel...

Daglege bilturen.

Me malte armbånd som vart seld under forestillingen. Pengane gjekk til ein oraganisasjon som jobbar mot menneskehandel, noko som er eit veldig mykje større problem enn det du trur.

 

Read Full Post »

Indianar og sandkrig

For ein dag.

Dagane går fort og dei er alltid ulike. Somme dagar heil ok, andre dagar spanande og somme dagar just awesome…som i dag.

For to veker sidan fekk me ein innføring i livet til indianarstamma Navajo. I dag var det The Apachés som stod for tur.

«Apache er et felles navn på flere kulturelt beslektede indianerstammer som snakkerapachespråk, med unntak av Navajo. De tilhører den sørlige gren av athapask-språkene. Opprinnelig kalte stammene seg for Diné (folket), men ble gitt navnet Apache, som betyrfiende, av Zunifolket. Navnet ble senere tatt i bruk av nybyggerne fra Europa

Eg synest det er utruleg spanande å møta indianarar, eit folkeslag eg har høyrer om frå tidleg av, sett på Pocahontas, lærer om på skulen, og veit at eksisterer.

Men aldri hadde eg trudd eg skulle møta nokon. Eg kan no ut ifrå eigne opplevingar sei korleis eg oppfattar indianarar.

Eg kan forkasta og bekrefta fordommar. Indianarar i usa er stort sett som samar i noreg. Dei lev mykje på same måte som oss andre, men har tradisjonar og ei arv som dei tek vare på, og verdsett, i ein mykje større grad enn andre generelt. Slik eg forstår det bur dei stort sett i normale hus, kan nyta ein burger, og spelar playstation. Samstundes bur dei på reservoir, har eigne reglar, eiget språk, har nasjonldrakt, dansar, syng, og tek vare på tradisjonane. Den største utfordringa i dag er vel å merka å vidareføra kunnskapen kring mat, språk og kulturen generelt. Naturleg nok gjer omverdas freistingar det vanskelegare å vansklegare å halda dei unge interessert i sin eigen kultur.

Det som overaskar meg mest er kanskje ikkje det nye, men det som faktisk viser seg å vera som eg hadde trudde. Indianar ser ut akkurat slik som i teikneseriar og på film. Svart hår, midtskill, høge skinnbein og fjør i håret. Også gutane har langt hår. Når dei dansar sine tradisjonelle dansar er dei malt i mønster og lagar rare lydar.

Indianarar er ikkje lenge noko eg har høyrd om, men noko som ER!

Etter eit godt indianermåltid, Frie-bread, vendte me nasa mot

«The White Sand National Monument».

Waw! For å sei det kort. Her fekk eg verkeleg kjenna at eg lever. I dag har eg:

Eli blir piska av vinden

  • Stått på hendene og slått hjul i ein ørken
  • Sklidd på akebrett og rulla nedover sandbølger
  • Blitt dytta overende av vinden
  • Piska med harde slag av tusener av sandkorn
  • Tømd navlen for sand
  • Såtte hårkosten fast i håret grunna stor prosentmengde sand i håret.
  • Gått barfot i kald ørken.

Denne kvite sanden har blitt til gjennom mange mange år. Den var opprinnleg fjell som har blitt «blåst» i mindre og mindre bitar, og ført nedover med vatn. I dag er 710 km2 av sørlege New Mexico dekka av kvite sandbølger som stadig flyttar seg. Her bur rotter, skorpionar, slangar, mountain-lions og anna.

Meir info her: http://en.wikipedia.org/wiki/White_Sands_National_Monument

deilig smerte

Eg stod i vinden og kjendte smerten av sandkorn i ansiktet, og nytte det. I ein time kunne me glømma alt anna som angår oss, og leika som små barn i sand-dynene. 

Akebrett i ørken

Dette skal me leva lenge på

In the land of freedom! 🙂

Read Full Post »

Ein liten tanke

Nokon sa i dag….

dersom me i løp av vårt liv får ha inflytelse på éin person, éin er nok, så vil ein kjenna ein forskjell i seg sjølv. Ein vil kjenna ein glede. Ein vil kjenna seg viktig.

Tidleg i UWP fekk me kjenna kor godt det kjennast å gjera noko for andre. Dermed er ikkje teneste-delen noko me gjera, men noko me alle vil. Eg tek meg sjølv i å konstant leita etter nokon eg kan gjera ein forskjell for, og påverka på eit vis. Dette er i all hovedsak ein god tid, men samstunder er det slik, som med så mangt, at det kan vera vanskeleg å finna det ein søker når ein søker det som mest. Det medfører dagar som i dag, der eg ikkje gjer mykje viktig, og ting kjennest ein smule bortkasta.

Eg byrjar å tenkja på kven eg tidlegara har hatt innflytelse på. Det går opp for meg at dei eg påverkar mest, gjerne  er dei eg ikkje veit om i augonblinken at eg har ein innflytelse på. Det er til desse eg gjev mest av meg sjølv, akkurat meg. Kanskje berre til éin person. Men éin person er éin person meir.

Medan eg sat å funderte på dette åpna eg ein epost frå min fyrste host-dad, som fyljer flittig med på bloggen og tek kontakt med faste mellomrom. Han skreiv dette; at sjølv når ein har lite energi, så har ein rikleg å gje bort til andre. For den enrergien ein gjev, er eigentleg kjærleik. Og kjærleiken går aldri tom slik som det me kallar energi.

Med alle desse faktorane går det opp for meg at eg kanskje ikkje treng streba etter å finna folk å påverka. Men eg, Eli Gauden, kan gje kjærleik til alle eg har rundt meg…og aldri gå tom. Sjølv kor lite energi eg har, så vil eg ikkje gå tom av varme å gje. Kanskje kjennest det ikkje så impaktfult der og då, men på lang sikt vil ein sjå at for den eine personen eller dei hundre enkelete folka…gjorde eg ein forskjell.

Eg hadde ikkje mykje til poeng her. Dette er tankar eg har gjort meg i dag, og ynskde å dela. Så…kven har du innflytelse på? Og kven kan du gje din energi til?

Dette er ein del av vår forestilling, og eg synest det er like flott var gong det vert lese:

What about now, changing our world, one person at the time.When it comes right down to it, these one to one connections we make are more than just warm and fuzzy moments of sharing. These moments define us.

Think about it, I am a person because of the existence of other people. And no matter what is happening to our world, destruction in Japan, famine in Africa, war in the Middle East, poverty in our own back yard; there are people, just like me, who call these places home, and there are people, just like me, taking steps to fix things.

This should give us hope. You see, I believe my job as a human being is to be aware of you, to care for you, and to share with you my talents and abilities whenever and wherever I am, to make a difference. And to never forget that, everywhere, every day, small acts of kindness are happening, impacting one person, and one more, and one more, and one more.

Close your eyes; you can feel it. A small, tiny act, that is changing our world.

 

Read Full Post »