Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2012

Impact in Sweden

Now I know that…people think differently
Now I know that…there are different ways for people to interact, all with good and bad sids depending on the situation.
Now I know that…there is so much I can o to make a diffence.
Now I know that..Up with People i awesome.

Dette var nokon av setningane som vart lest av ungdommane på Gymnasa i Eskilstuna, etter vår 3 timars seminar om immigrasjon, integrering, forskjellar og kulturar.

Nokon av oss har denne veka vore på 4 ulike barneskular, med world-dance-class og ulike øvelsar om respekt og kultur. Nokon har vore på sjukehuset med «Clownklubben«, ei gruppe «klovnar» som reiser rundt på sjukehusa og gleder sjuke ungar. Men dei fleste av oss har altså våre på 3 ulike gymnas og hatt workshops. Me snakka og forklarte, men hadde mest av alt ulike aktivitetar og stilte mykje spørsmål.

«Kor mange prosent har du kontroll over din…alder, etnisitet, fysiske kvaliteter, utdanning osv». Slike spørsmål får oss til å skjøna korleis ein kan sjå ting ulikt, men også korleis ein kan ha forskjellig syn på ting avhengig av moglegheitar. Øvelsar som «Dersom du kan finne mennesketyper som deg på magasin og tv, ta eit skritt fram. Dersom du er vokse opp i voldlege områder, ta eit skritt bak osv» viste tydleg kven som majoritets -og minoritetsgruppe i klassane. Me snakka om tre ulike vegar å omgås kvarandre på; integrasjon, seperasjon eller assimilasjon(absorbere), og såg på fordelane og ulempene med dei tre. Til slutt sat me att med spørsmålet; What does this hav to do with you? What do we do with this information? What can I do?

Me var innom til saman over 40 klassar på desse 3 dagane, dei fleste beståande av både minoritet og majoritets-grupper. Nokon var aktive og intersserte, andre var meir tilbakeholdne og vansklege å koma inn på, nokon byrja å grina, nokon sat i eit hjørna og ville ikkje delta. Alt i alt trur eg gjorde like mykje inntrykk på dei som verkar som dei ikjke bryr seg. Det viktigaste av alt er bevisstgjering, å gjera folk bevisst på omgivnadane og kven dei er bland alle andre og kven andre er i forhold til dei. For…

«How I look at my self affect how you look at me how I look at you».

På fredag hadde me eit awesome show og laurdag CRASY OL med lokale aktive ungar til vaksne. Om nokon timar ventar Finland.. Kor mange har vore i Finland? Ikkje eg. Eg veit ingenting om landet, og nettopp difor storgledar meg til å koma å sjå kva livet byr på der. Me reiser i natt, og skal ha 2 forestillingar på båten over.

Det verkar som sola har komme til Skandinavia, og eg håpar ho vil bli verande. Om ikkje ho blir verande på himmelen trur eg me alle har evne til å la ho bli verande inni oss 🙂 

Read Full Post »

Makes my day

What is it that makes your day? Kva element høyrer til i ein god dag for deg? Kva faktorar spelar ei rolle? Kva var spesielt den dagen, forleden dag, då du gjekk til sengs og tenkte «dette var ein god dag»?

lucy in the sky with diamonds

Eg har i dei siste dagane hatt over gjennomsnittet gode dagar. Eg finn det interessant å, når eg ligg i senga om kvelden, fundera på kva som gjorde denne dagen god, men også kanskje dårleg, morosam, kjedeleg osv. Men viktigast, kva gjorde denne dagen god? Kva må til for at EG skal ha ein god dag.

Som nevn eg har hatt 3 gode dagar, og her kjem 3 viktige ingrediensar i ein god dag for Eli.

Impact through art

Ingrediens Nr 1 = Lidenskap og berøring av liv! Torsdag hadde me CI-dag. Eg var på eit senter der folk med både fysiske og mentale funksjonshemmingar jobbar med teater, musikk, lyrikk, kunst, foto og trening. Me hadde world-dance-class med dei, spining-time der instuktørens sjølv hadde ein slags form for funksjonshemming, og me laga dikt og tekstar med dei. Du som kjenner meg veit at dette er ein kombinasjon av fire ting eg elskar; dansa, trena, laga musikk, og ikkje minst vera saman med andre mennesker som treng litt ekstra hjelp. For ein herleg dag. Å sjå desse unge vaksne stolt vrikka på baken som ein bahamar, reisa seg og lesa dikt med dei vakraste ord og synga songar med den klaraste stemma, visa film dei har laga, fortella stolt historiar om alt frå norsk politikk til mat og språk. Eg syns det var fantastisk å vera her å få kobinera desse tinga eg har så stor lidenskap for på ei og same tid.

to

Ingrediens nr 2 = samtalar! Denne dagen tilbrakte med på ein internasjonal vgs i Stocholm. Me hadde kurs, diskusjon og foredrag om innvandring og intigrasjon. Veldig spanande, men tung, evne. Det som gjorde dagen så bra var i hovedsakleg ikkje dette, men alle samtalane eg fekk pressa inn i pausar. Denne dagen snakka eg med seks personar eg vanlegvis ikkje snakakr så veldig mykje med, og samtalen gjekk djupare enn vær og verts-familie. Eg blir så inspirert til å bli kjend med nye folk, og eg kjenner meg engasjsert i mennesker, ved å ha slike samtaler.

Korleis kan det være SÅ morsomt å ta eit bilde?

Ingrediens nr 3 = Latter og stillhet. I dag, laurdag, har me hatt ein god del fritid i Stockholm city, noko som var nødigt. Eg tilbrakte mykje tid med fire av mine nære venner i gruppa. Me vandra rund ti Gamla-stan, sa mykje rart, lo utan grunn, tok bilder av alt mulig, sang og spelte harmonika i gatene, kjøpte suvenir, drakk kaffe i ei grotte-art-café…hadde det herleg saman. Men best av alt var kanskje den halvtimen då me plutseleg la oss ned på norge benkar på ein kai, og berre  var der. Me såg opp på himmelen der måsen skreik, lukka augene og høyrde bildur, båtbrumm og bølgene slå mot kaien, dingla med føttene og skriev dagbok, lot tankane fly. Me var saman, men åleina i kvar vår tanke. Det var ei herleg kjense som eg ikkje har tenkt over eller verdsat på same måte tidlegare. Eg har tidlegare tenkt at gode vener for meg er dei eg kan ha det morro saman med utan å måtta pressa morroa fram. Det gjekk opp for meg i dag, at minst like viktig er det å kunna ta ein pause å berre vera saman for ei stund, for så å gå tilbake i latter-modus. Dette gjorde min dag så flott, å innsjå at dei eg var saman med i dag er mine gode venner!

stillhet

mine venner

meg på "havet"

hopp

Det er trur er bra med å fundera på kva som gjer dagen slik den var, er at ein då kan ha moglegheiten til å styra sin eigen dag. Dersom ein veit kva som er bra for ein eller ikkje så kan ein gjera eller unngå desse tinga. Det er ikkje alltid ein har moglegheita til å bestamma foreksempel kva ein vil gjera men ein har alltid moglegheit til å styra sine eigne tankar. Eg har dei siste dagane sett meir av kva eg VIL gjera for å gjera og tenkar for at EG skal ha gode daga!

Kva kan DU gjera?

Gamla stan

Read Full Post »

(Hans Nelson, Cast manager i UWP)

 

Kva er din motivasjon? Kven kan du gje motivasjon? Kva er di lidenskap? Kva mogegheiter har me?

Read Full Post »

Patrioten på heimebane!

9. April 2012: Me trilla gjennom regnfylte skjærgården i Sverige på veg mot Skandinavias perle, og eg prøvde så godt eg kunne(med lite suksess) å sjula min ekstreme entusiasme. Då me kjøyrde gjennom tollen frå frå sverige til noreg kunne eg ikkje halda meg lenger. Eg hopp opp og ned mellom buss-seta, med smil like stort som strekninga me hadde kjøyrd og ropa ut «I have the most awesome news for you guys, we are in NORWAY!».

Godt å sitta trong og intimt i ein varm bus etter vandring i sludd i 2 timar.

Eg innrømmer det, eg liker Noreg veldig veldig veldig godt. Tross alt det eg ikkje liker med norge, så liker eg norge likevel. Det er ganske tåpelig og uforklarleg korleis borte bra men hjemme best ikkje slår feil. Eg har ikkje berre vore borte, men borte her og borte der og oppi der og nedi her. All denne reisinga og fartinga til ulike stadar, med forskjellig samfunn, folk og mat, får meg til å verkeleg setja pris på det eg har i mitt land. Men..eg tenk meg sjølv til å ikkje heit skjøna kifor. Noreg er jo ikkje SÅ speisiell..? Men likevel, Norge er trygy og kjent, og det er mitt land. Eg har no nytt ei veke med kvardagens små detaljar:

  • Å traska i slaps
  • Makrell i tomat
  • Heimalaga grovbrød med Norvegia (!!!) kvitost
  • Brunost
  • Rimi og spar
  • Ringa gratis heim
  • Oslofjorden. Noreg er fint
  • Høyra nyhetene på radioen medan eg hiver i meg frukost.

Mest av alt, at alt er så trygt. Eg VEIT kva Noreg er. Eg kjenner omgivnadane, eg har sett reklameskilta før, eg har sett fargen på bussane før, eg kan finna fram i undergrunnen, eg treng ikkje ta bilde av slottet eller med menneske som maler seg som gullstatuer i gatene. Eg har rett og slett hatt litt «turist-ferie», altså ferie frå å vera turist.

Litt turistbilde fekk eg likevel tatt:

Mini-bottle-museum! Squeeeez

Admission-team

Me hadde allocation-meeting på operaen.

Christian Ringnes pynta baderommet sitt.

Sidan me kom til Europa har eg venta og venta på å komma til noreg å møta min familie. Endeleg, på Torsdags kveld sat mine folk i salen på Folketeateret i Oslo! Eg stod stolt på scenen med mine med-medlemmer, nøgd med å endeleg kunna visa fram dette eg har drevet på med så lenge. Eg kjende meg som ein liten unge som stolt hadde med seg si nyaste barbi-dokke på skulen, då eg introduserte mammo og drog ho med påvårt program. Etterto netter på hotell og navnefest til mitt fadderbarn Ingelin blei familie-kvoten godt fylt opp. Det er så godt å vera med folk som kjenner meg 100%, dei som er mine folk og som eg kan slappa av med. Men også ein utfordring, det å hoppa frå ein tilværelse og over til ein anna, vera ein stad medan hjernen snurrar og går ein anna stad.

Veldig veldig stolt fadder til herlig Ingelin.

Det er litt sprøtt, og veldig uventa, kor deilig det var å kunna snakka engelsk då eg kom tilbake til mine romvenniner, noko eg ser på som eit godt teikn. Eg har ein dag igjen i Noreg, grøss, MEN eg har også kun 2 månadar med reising igjen…to månadar som kjem til å gå raskt, og som eg gledar meg til. Denne veka i Oslo har gidd meg inspirasjon, dei eg reiser med har gidd meg motivasjon, og eg gledar meg til å oppleva mykje meir før eg kjem heim til sommaren.

So goodbye Norway and milk-chocolate! 

Read Full Post »

Maraton-løp

Maniken pis

Beliga

Eit 2,5 vekes maraton i Belgia er over. Nettene har gradvis blitt kortare ettersom dagane vert lenge. Energien har minka i takt med meir og meir å gjera. Lange show-dagar, seminarar om sjølv-bilde, miljøproblem, språkburk, positiv tankegang, HIV, kulturar/land,

Eg har sjølv haldt foredrag for resten av gruppa om dagens miljøproblem. Fyrst og fremst lærte eg kor utrulig stressande og vanskeleg det kan vera å samarbeida ei gruppa på 4 stk frå 4 ulike land. Men mest av alt fekk eg fornya min lidenskap for verden og tru på at me kan gjera ein positiv forskjell med å ta tak i oss sjølv.

Viste du:

–       Over ei periode på 77 år kastar i gjennomsnittet kvar person vekk 47 tonn søppel

–       Dersom is-smelting i dei arktiske områdene held fram i same temposom i dag, vil områda vera isfrie i 2040.

–       Kva søndag er over 500,000 trær brukt for å årodusera dei 88% av avisene som ikkje vert resirkulert.

–       Tidlegare dekka regnskogar 14 % av verdas landområde. I dag dekker det 6 %. Det er forståeleg med tanke på at kvart minutt vert område på 4 fotballbanar øydelagd.

Dersom vårklode kunne snakka til oss på eit vis, lurer eg på kva ho ville sei.

Dagens leksa: Kva kan DU gjera?

Positive tankar. Viste du at korleis du tenkjer påverkar kroppen din fysisk?

Forestilling

Me har hatt seks forestillingar i Belgium. Nokon private for VIP og nokon for familie ogvenner. Me er 17 stk i gruppa frå Belgia, noko som medfører mykje familiebesøk. Det skriker inni meg etter å komma til Noreg å sjå MINE venner og MIN familie blant publikum.

Eg har fårr tre turist-dagar i Belgia.

Ein i Hasselt, 3 timar i Brusselt og nokon timar i Brugge. Brusselt er stort med storslåtte europeiske bygningar med dekorasjon og stas og vas. Eg rakk å sjå maniken pis, belgiske vaffelshops på kvart hjørne, og å kjøpa suvenir. Brugge blir omtala som Belgias Venize. Dette er ein gammal by, fyrst busatt på 1300-talet, som er innsnevra av vatn. Elver og kanalar saman med gamle hus, hest og kjerre i gatene, og solnedgang. Toppers. Det er deilig å vera turist inni mellom.

Brugge

Trange gater i Brugge

Kloster

Monestary

Me har no vore i Gistel i 4 netter. EG har BUDD PÅ KLOSTER. Saman med fem andre budde eg på Tur Puffe klster i Gitsel der det bur 6 munkar(brothers) og 2 nonner(sisters). Dette var for meg ein once-in-alife-time-opportunity som eg var så heldig å få, og som gav meg akkuratt det eg hadde håpa på. Fyrst av alt var klosteret akkurat slik eg hadde sett for meg eit kloster; Stort, mørkt, kaldt, lange korridorar, statuer og kross, eigenprodusert mat, storslått eigendom. MEN, folka derimot, var så ulike frå det eg hadde forventa. Sjå for deg nonner og munkar; du tenker tilbakerekte, reserverte, stille folk med strikte reglar… desse folka var SÅ lette å prata med, dei hadde ein munterheit i måten dei var på, og kom men mange spøkar(gjerne om sin eigen religion. Døme: I heiten opp i sjukehuset me besøkte. Brother Karl: ”Oh, we’re going to heaven”.Me fekk igrunn kun éin dag saman med dei, fordi me var oppteken frå 8.00-00.00 kvar dag utanom vår frisøndag. Men i den lille tida me hadde fekk me spørra spørsmål om deira liv, tru, og kvifor dei har velgt denne livs-stilen. Det var svært interesant og gav meg mange tankar og ”personlege åpenberringar”.

"Sammfunsteneste" på klosteret.

Kva finn på alle Belgiske frukostbord? Nutella

I min hjerne er det noko som seier at å leva som ei nonne er ”feil”, i forhold til  familieliv med ungar og hund. Det er ikkje feil, men annleis. Eg har ei tru, som eg no har fått forsterka, at det viktigaste er å gjera ting som gjer meg glad.  Om det er å leva eit liv med gud, jobba i kassen på Spar eller vera musikar, betyr ikkje mykje for andre så lenge det gjer meg glad. Eg skjønar no kvifor nokon kan velga eit liv som munk eller nonne. Det får dei til å føla seg tilfreds.

Vår kloster-familie

Det å bu på eit katolsk kloster var også spanande, etter som katolikkar på nokon vis kan ha eit litt negativt-konservativt rykte. Noko som gjerne grunnar i at den protestantiske kyrkja(Martin Luther) braut ut frå den katolske som ein protest mot dei strenge retningslinjene. Fleire av måtane å praktisera trua på vart kutta frå prot.kykra, men finnes i dag i den katolske. Då eg deltok i på gudstenesten søndag, men også berre ved å vera på denne staden, merka eg meg desse tinga som for meg verka litt overdrive, unødvendig og rart. Men samstundes; sjølve budskapet i religionen er akkurat det same. Det får meg til å tenka; kvifor kan ikkje eg ta imot nattverd i den katolske kyrkja når eg trur det same som dei?

Eg trur at dersom ein samaliknar flerie religionar, islam, jødedommen, buddhismen, så vil ein oppdaga mange fleire likheitar den ulikheitar. Det handlar alt om ein Gud og ei tru.

Solnedgang i Brugge

Eg er no i DANMARK!

Danmark = sykkel (for nokon av oss. Ikkje meg desverre. Desto meir å gleda meg til til å komma heim i juni)

Så deilig å få rudgbrød, og om ikkje min familie har leverpostei, så er eg vertfall i eit land der det er mogleg å få tak i. Det er utrulig kor glad eg er blitt i den skandinaviske kulturen ved å vera så langt borte.

Min verst-mors-datters-mann sa nokon kloke ord i gårkveld: At når ein reiser rundt i verden og knyter bånd og blir kjend med folk frå ulike stadar så knyter ein også båand til sjølve stadane. Ein får eit personleg forhold til omverden, land, byar, natur og hav. Jordskjelvet som utløyste flom i Japan i fjord er ikkje no berre noko som skjedde i japan, men som skjedde i landet til mine vener. Bermuda er ikkje lenger kun ei Øy der turistar går på ferie, det er heimlandet og kulturen til mine venner. Resining knyter verden saman, akkurat som UWP seier «We bring the world together through music and service». 

GOD PÅSKE! Snakkast i Oslo???? 😀 

Read Full Post »