Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2012

Habla bien de Mexico

Meksiko? Skal du Meksiko, er ikkje det farleg?


Meksiko har ikkje noko godt rykte. For mange er Meixico synonymt med narkotika-handel og drap. I visse områder og for ei gruppe mennesker er dette ein del av kvardagen. Å vandra utandørs åleine kan vera ein risikosprot. Salg og kjøp av narkotika, menneske og organ er grunnen til at mange liv går tapt her heile tida. På den andre sida kan nettopp dette vera einaste utveg for mange for å vera i live. Når dette er ein så viktig faktor somme stader, påverkar det også stadane der dette ikkje er problem. Akkurat som i norge, der nyhende frå nord blir snakka om i sør. Men ta ein kikk på kartet over Mexico; dette er eit stort land med mykje variasjonar. Her er alt frå turist-strender til ørken, store byar til små fattige bygder. Kor farleg Mexico er kjem an på kvar du er, og ikkje minst din eigen holdning og bevisstheit til det. Det handlar om å vita kvar ein kan gå og ikkje. Er du av dei som ser for deg narkomane kring kvart hjørna, sirener og pistolskudd? Mexico City er ikkje av dei farlegaste byane, MEN det er ein STOR by med mange millionar inb. Få dagar før me ankom var det funne 50 opphakka lik i byen. Dette høyres grusomt ut, og det er grusomt, men då eg gjekk å vandra i gatene verka dette akkurat som ein heilt vanleg by, bortsett frå at alt er meksikansk. Gatelangs står bodar der dei sel quesedilla, nachos, chilli, frukt, snacks, is, suvenirar, sol-hattar, og dill som ingen treng. Der er gate-musikarar. Hiphop-battle. Tango-lesson. Det var vanskeleg å tru at dette er av stadane folk fryktar.

Mexico city

Når me tidlegar i semesteret har snakka om Mexico og problema landet står ovanfor har våre Mexicanske venner blitt svært sentimentale og gidd uttrykk for at dei er stolte over landet sitt og elsker å bu der. No når eg er her sjølv går det meir opp for meg kvifor. Tross, eller kanskje på grunn av, forholdene her, er folke i Mexico veldig samansveisa, dei held håpetoppe.

Leik og morro

Det fyrste eg merka meg var at meksikanarane finn glede i veldig små enkle ting, og dei er ikkje redd for å visa entusiasme. Dersom det kjem ein muligheit for å le, så ler dei. Me gjekk å vandra i mexico city og såg ein plakat som hang opp ned. Heile familien stoppa, peikte og lo. Eg tenkte at dette ikkje er noko min familie ville gjort, for det var i utgangspunktet ikkje så veldig morosamt. Men då me alle stod der å lo var det plutselig litt morosamt likevel.(berre eit lite eksempel).  I tillegg er familiane meir éin famile. Dei gjer ting saman og er veldig avslappa kring kvarandre. Dersom nokon skal kjørast og hentst nokon stad skal alle vera med. Meksikanarane er svært fleksible i tid, noko som sjølvsagt er ein svært tosidig sak. Men generelt er alle desse tinga holdningar som eg likar og synes er verdt å ta lærdom av, særleg den kjensla av samhørighet eg opplever her. Og ikkje minst, er det ein vikig faktor når det kjem til kva Mexico er. Mexico er ikkje berre ein stad med vold, men eit land med kjærleik!

Mexiko si framtid.

http://www.hablabiendemexico.mx/

Habla bien de Mexico

Read Full Post »

No er eg ikkje lenger ”Up with People-student”, for her i Mexico er me Viva la Gente.

Viva la Gente en MeXico

Å vera ein del av Viva la Gente gjev ein smakebit på kjendislivet. For meksikanarar er me er ei gruppe ungdommar som bringer håp, arbeider for fred og bringer verda saman, og akkurat det treng dei her. Me snakkar autografar, bilete-taking, hørselskadar grunna skriking. Overveldande. Me hadde våre fyrste tre forestilingar sist fredag. På kveldsforestillingen fylte salen 2500 stk. Pressa inn i kvart hjørne, på golv og stolar. Kvar bevegelse på scenen førte til skrik frå salen. Etterpå står dei i kø for å ta bilde og få autograf. Eg har alereie ei rekke venne-førespørslar på facebook av ungar med MEG som profilbilde. Denne tilværelsen er ein stor forandring. I Finalnd vart eg glad då sjenerte finnske ungdommar kom bort, såg ned i bakken og med stille stemma, så venane ikkje skulle høyra, sa ”awesome show”. Her er det deimot veldig tydleg kva effekt me har på folk. Det kjennest godt på ein heilt anna måte enn det har gjordt andre stadar.

Me har også vore i skuleklassar. Eg var i 1,2,4, og 8. klasse! Ja, meksikanarar er høglytte, også i klasserom. Og nei, der er ikkje så gode i Engelsk. Men dette gjorde ingenting. Dei satte pris på ha oss der og kosa seg med å ikkje forstå så mykje. Også etter ein skuletime var det bilete-taking og utlevering av teikningar dei laga til oss i smug.

Dette var i Naucalpan, ein ytterkant av Mexico City. MC er STOR. Det bur SÅ mange folk der, trafikken er crazy, det luktar vondt, folk bur svært tett, gateselsgarar, bodar, musikk, dans, liv, store parka. Mexico City er ein bra plass…men eg, persoleg kan ikkje skjøna korleis folk kan velja å bu på ein så tett stad der ein ikkje har noko «fridom».

New city!

New city!

Aguacalientes

No er me i Aguacualientes, som er mange mange hakk mindre. Dette er meir ut-på landet. Ein av dei koslege mindre byane der gatene har meir sjarm og folket er som ein stor familie som åpnar sine armar når det kjem besøkande(særleg når dei er frå 22 ulike land og er der kun for å hjelpa til i byen). Då me kom var det stor mottagelse av råd-kvinna(the Mayor) med drink og mat meksikansk musikk. Fyrste dag bestod av samf-teneste, og det var heilt supert. Me reiste til nabobyen Las Pablos som er enno mindre og koslegare, med mennesker meir åpne og barmhjertige enn eg aldri har møtt før. Eg har stått i solsteiken og plukka søppel heile dagen. Nokon av oss fekk mala veggar og andre planta trær. Nokon var i skuleklassar, og nokon leika med funksjonshemma born. Det var så herleg å vita at all søppelet eg plukka opp var til stor glede for folka der. Eg snakka mykje med lokale ungdommar med mitt 10-ords-spanske-vokabular og fekk god soltenn, sjølv med solfaktor 50. Me avslutta dagen med å ha ei minishow på ein utescene i byen. Etter å ha vore sjuk nokon dagar og kun lengta heim til norsk mat og rolig tilværelse, var det godt med ein slik dag der eg kjenner kvifor eg er her!!

work work work

Det er herleg å vera i Mexico å kjenna at ein gjer ein forskjell på ulike måtar. Både berre ved å vera her og vera Viva la Gente, men også med det fysiske arbeidet me gjer for folket!

Read Full Post »

Viva la Gente en Mexico

Ei veke har gått i Mexico!

Mexico er SÅ forskjellig frå alt eg har sett før, og denne veka verker som ein månad. Her kjem mi veke i bilete. Fortsettelse i ord føljer etterkvart.

Bienvenido e Mexico Viva la Gente

Pyramyde-besøk.

Eli

Gater i Mexico City

slummen

skuleklasser

3 forestillingar på ein dag. Show nr 3, her = 2500 stk. Ny rekord!

Vertsfamilie

Read Full Post »

Fedrelandet

Det er nokon dagar meir enn andre ein skulle ynskja ein var heima, 17 mai er ein av dei. 17. Mai – Norge sin dag. 

Når eg lukker augo ser eg lilla engkarse fylla dei grønne bakkane, eg ser sol(sjølv eom eg vei at solskinn vanlegvis er for mykje å håpa på denne dagen, rømmegraut som eg eigentleg ikkje likar, flagget til tops, familietid. Eg skulle ynskja eg i dag kunne vandra i tog i bunaden min utan å vera lei av å bruka den(eg har hatt en av på minst 100 gongar dei siste 4 mnd).

17.mai er ein GOD dag å feire for store og små. Nyt den og husk kor bra Norge er 🙂

Helsing frå Pyramidar i Mexico

Image

Read Full Post »

Her føljer ein liten historie om kor viktig vår relasjon til dei kring oss er:

På veg heim i Kouvola

Eg fekk igjen bevist for meg sjølv korleis ein liten ting kan gjera ein stor forkjell, og kor godt det kjennest.

Senga mi!

Vertsfamilien min her i Kouvola, Finland består av mor far og tre barn på 8 år, 2 år og 6 mnd. Dei hadde spesielt ”bestilt” norsk jente, ettersom dei skal flytte til norge frå hausten av. Fram til i dag har det vore heilt ok. Vertsmor er hyggeleg, interessert og lett å prata med. Ho snakkar godt norsk og engelsk, noko som er forvirrande men interesant. Ho tok meg på Zumba fyrste dag, og eg introduserte ho til soyamelkyoghurt. Vertsfar snakkar lite Engelsk, er morsk og er stille. Dei to yngste smiler, er glad og kravlar rundtom. Eldstesønn som er einaste av barna stor nok til å skjøna kven eg er verka som ikkje bryr seg. Eg har prøvd med ledande spørsmål som ”liker du fisk?” når han tek fisk på tallerkenen(ja, patetisk, men når ein ikkje kan sei anna enn takk(kitos) på finsk er det ikkje så lett). Har ser på meg med tomme augo. Desse blanda forholda med familien i kombinasjon med at eg har rom åleine, gjer det lett å prioritera søvn, gitar og dagbok framfor kvalitets-familietid i sofa og sauna. ”jaja, stum frukost og middag barne -og undulat-skrikande middag får vera godt nok”-tanken slår inn.

Det å knyta band til folk er ikkje alltid lett, og det skal det ikkje vera heller. Men det er heller ikkje umogleg. Dersom du trur ein person er kjedleg er det fordi du ikkje har stilt dei rette spørsmåla eller gått fram på rett måte. Relasjonar handlar om tid, tid saman, samtalar saman, å dela av sine liv.

Eg byrja prosjekt ”conect onsdags kveld med å hjelpa mor å søka arbeid i norge. Deretter viste eg bilete av Norheimsund, familien min, kvar i Noreg eg bur, google-street-view etc. Eg var fornøyd då me saman fann norheimsunds heimeside for å sjå etter ledige stillingar for dei. Men så..sviktar eg igjen og vel søvn framfor badstu. Torsdags morgon startar eg dagen med ein 2-minuttars samtale med vertsfar om fisk(hovedsakleg; han seier finske fiskenavn, men eg veit ikkje kva dei er på norsk, så me gjev opp…anyway). 2 minuttar, og med ein gong kjennes det 10 hakk mindre rart å bu i huset hans.

Så kjem Torsdags ettermiddag og eg er sjuk og gretten. For fyrste gong denne veka har me middag saman, og eg slår ann med mitt fiske-spørsmål, som som nevnt ikkje gav store effekten…trudde eg, til verstmor fortel at Ilari(verstbror) fortalde kor flott han synest det er at eg er der.(Eli sjokkert og skjønar at eg ikkje bør nøla med å ta meir kontakt). Me snakkar om korleis han gruar seg til å flytta til norge, og eg bestemmer meg for å «roa ned nervene hans litt». Eg ser i matteboka hans og fortel at mi mattebok i 2 kl var akkurat samme type. Eg viser bilde av Norge, hund og høner, båtferie, meg sjølv når eg var 8(som han) etc…

Deretter tek eg inginativ til badstu, noko eg har unngått i fleire dagar fordi det er så ..varmt. Eg og vertsmor pratar halvannen time i varmen, før me avslutta kvelden med litt norsk-gramatikk.

Det vart seint og ingen gitarspeling.

Men i kveld har eg hatt ein kjekk kveld. Ja, det er godt å søka tilflukt på rommet etter middag, men å kunna knyta band med ein familie eg bur hos ei veke og som eg muligens aldri(eller kven veit) ser igjen, er mykje betre.

Eg skriv dette som ein muligens inspirasjon for deg. Gje noko av deg og di tid for å læra å kjenna nokon andre…og deg sjølv…litt meir.

Happy people

Read Full Post »

Moi Moi frå Finland

Dersom tida og internett-tilgangen var på mi side kunne eg nok skriva eitt blogg-innlegg kvar dag. Tross at livet i Skandinavia byrjar å blir svært rutineprega med forestillingar, klasseroms-besøk og møte med nye folk, så skjer det noko kvar dag.

Min drøm gjekk i oppfyllelse då me hadde forestilling på skipet frå Stockhlm til Finland.

Finsk hagepynt

Korleis få sjenerte, stille, uinteresserte, finske klassar til å delta i workshop om kultur og forskjellar. Og ikkje minst, korleis få dei til å søka om deltagelse i UWP etterpå. Finsk mat. Finske, flate hus. Korleis ha to forestillingar på båt etter ei natt på liggeunderlag utan søvn. Natur. Korleis kommunisera med ein verts-far som ikkje kan eit ord engelsk. Eit finsk hus’ faste inventar og folks daglege event, sauna = badstu.  Korleis det er mogleg å framleis meine det når ein syng”we are many, we are one” for kring 30. gong. Kor godt og rart det er å få familie på besøk, og kor tom det kjennes når dei reiser att.

SHOWTIME

Så, ei veke i Finland har gått. Eg har tilbrakt mest tid i klasserom. Det er kult å innsjå at eg no står i vgs-klasserom og har foredrag om respekt, forskjellar, og kulturar på engelsk, utan å verken vera nervøs eller forbereda meg stort. Eg huskar når me i Januar snakka om at me i framtida skulle inn i klasserom, og kor mykje eg grua meg…og no tenkjer eg ikkje over det lenger. Og dersom klassen ikkje er interessert eller gjev noko tilbake er det berre ekstra pluss, så må eg jobba hardare. Me har hatt tre forestillingar i Seinajoki som gjekk strålande bra. Blandt tilbakemeldinga fekk me ”Det kjentes som de brakte verden til Seinajoki og at de la att ein liten del av dykk sjølv i alle her.” Ekstra kjekt var det då eg på Fredag hadde MIN FAMILIE i salen. Sidan fyrste forestilling i Denver har eg gleda meg til å smila til min familie og visa akkurat dei kva det er eg er her for og brenn for.

Family

No var dei her og støtta meg, og eg nytte det. Vel og merka er det å få besøk av familie ein tosida sak. Når dei kjem er det veldig vanskeleg å bryta ut av UWP-tilværelsen. Når dei reiser er det vanskeleg å komma inn i det igjen, og heimlengsel(som vanlegvis ikkje er så veldig stor) blir litt sterkare. Eg finn meg sjølv drømma om å kunna stå opp og eta frukost med familien, gå ein tur med hunden i skogen og deretter gjera akkurat det eg vil.

Eg byrjar no å koma tilbake til UWP-verden! Me har kome til ny by, Kouvola, der me skal vera ei veke. Eg har ein flott familie med barn på 8 år, 2 og eit halvt år og 6 mnd(!!). Perfekt for meg. Eg bur i etasjeseng med rosa segesett, har kanin på rommet og skal dansa Zumba med vertsmor i dag. Veka byr på 7 BTS(dvs små halvtimes forestillingar), klasseromsbeøk kvar dag, og derette 2 fulle forestillingar på laurdag. Eg er veldig klar for ei travel veka. Travel veka = rask veka = VELDIG SNART MEXICO! Me er alle klar for noko nytt no. Det har vore supre og innholdsrike veker i Skandinavia…men det er begrensa kor lenge ein orker å reisa til ”just another city” som er ganske lik den forige bortsett frå litt fleire eller mindre trær, ei elv, ein innsjø, etc. Etter å nyta denne veka, er eg klar for kultursjokk, dårleg mage av spicy mexican food, nachos, svette, shorts og t-skjorte, lange reisedagar, gateforestillingar og hablar epanol.

Artic Zoo

BÅTTUR

Felles overnatting

Lunsh-time ❤

Moi Moi! Meintekolo?

Read Full Post »