Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2012

Har du høyrd om gobal oppvarming? Har du høyrd om klimaforandringar? Forureining? Vassmangel? Ja dette høyrer me om til stadighet. Det er eit heitt tema, bokstavleg talt, som kjem meir og meir i fokus. Me seier me må ta vare på denne naturen, me må gjera noko. Men kva gjer me? Kva gjer du eigentleg for å forandra vegen dette går?

Eg meiner grunnbrikkene til forandring er bevisstheit, utdanning og forståing. Me i Noreg er privilegerte og stiller sterkt både med vår kunnskap og bevisstheit angåande dette. Men kvar er forståelsen? Du veit kva som skjer, men forstår du det? Ser du det som meir enn tall, bokstavar og grafar på eit ark? Etter tolv dagar i Rio de Janeiro der eg blant anna har delteke på toppmøta om bærekraftig utvikling,  skjøna eg . Om ikkje sjølve kunnskapen kring tema har auka, så desto viktigare skjøna eg at, og kvifor, me må gjera noko, no.

I dag finn ein det gjerne hardt å sjå viktigheita av kloden vår, fordi me her og no har det så godt. Ein ser ikkje klare samanhengar mellom oss sjølv og andre, mellom naturen og vår levemåte, mellom deg og meg. Tenk over, korleis påverkar dei globale miljøforandringane deg personleg? Kva med ditt land? I kor stor grad kvar og ein av oss merkar den negative endringa avheng mykje av kvar ein bur. By eller bygd? På fjell eller ved fjord? Men når det kjem til stykke er me alle ein del av dette. Du og eg og alle andre er menneske på denne kloden, og akkurat difor er me alle offer for det som pågår. Samstundes er me grunnen til hendingane. Eg har høyrd dette før tenkjer du, men greier likevel ikkje å ta miljøet på alvor.

I samtale med andre er det to dilemma som gjentek seg. Fyrst, det er vanskeleg å sjå samanhengen mellom dei ulike aspekta av miljøet og korleis me påverkar dei. Har du nokon gong tenkt ”kva kan eg gjera med at det ikkje er vatn i Afrika? Korleis kan det å eta kyr påverka miljøet? Kva har fattigdom med global oppvarming å gjera? Kva er så dumt med å kutte ned regnskogen når ingen lev der?” På ein heilt naturleg veg heng alle aspekta av miljøet saman, fordi naturen, økosystemet og menneske er alle ein del av eit stort nett som er bunde saman. Når du kjører din bil er ikkje bensinen lenger berre eit pengeslukande kjøp; gassane går opp i atmosfæren og vert ein del av det som bryt ned vår klode, ikkje berre di bygd, men vår verden. Is-smelting fører ikkje berre til at halve Nederland forsvinn, men det går utover både dyre og menneskeliv. Vatn-mangel kjem ikkje kun av tørke, men av forureining frå oss og vårt kjøp av vatn-baserte produkt. Søppelet du bruker kvar dag forduftar ikkje i det du sleng at konteinar-lokket Eg har reist til slummen i Mexico og Brazil og sett søppel som ikkje har noko anna stad å gå enn i vegkanten. Kva skjer den dagen ditt søppel i vår reine friske kommune ikkje har noko stad å gå lenger?

 

Tilbakemelding nummer to;”Eg er jo berre éin. Kva kan eg gjera? Kva forskjell gjer det at eg slår av baderoms-lyset?” Etter å ha vore på verdsreis det siste året, jobba med vaksne barn, rike og fattige i ulike verdsdelar, så er det éin viktig ting eg har lærd. Eg er berre éin, men me er også mange. Dersom mange står saman, så er ein også éin. Forandring byrjar alltid med éin person, som inspirera éin person til å gjera det same, som inspirera éin til, og enda ein. Utrykket ”pay it forward” er klisjé for ein grunn.

Også kommentaren ”det trengs vedtak frå styresmaktene for å gjera ei endring”. Heldigvis er det visse ting vår politikarar kan gjera, og me håpar no at løysingar har vorte vedteke på møta i Rio. I Rio møtte eg folk frå verda over som alle var der med motivasjon som blei til inspirasjon. Dei stilte spørsmålet ”kva kan me saman gjera for å forbetra forholda før det er for seint?”

 

Eg har valgt å bli miljø-freak. Å forstå kva som skjer handlar om å opna auga og sjå rundt ein. Tenk over din eigen livs-stil og kva DU gjer som ikkje er bra for omgivnadane. Så, tenk over det du kjøper og brukar. Kvar kjem det i frå? Kva skjer etter du har tømt det frå mat, vaskemiddel, kaffi eller det andre som var inni?

Endring i dine vanar treng ikkje gå utover livskvaliteten på noko vis. Det er dei små tinga som gjeld. Å slå av lyset i alle rom når du går ut. Vaska opp for hand. Resirkulera. Dyrk din eigen mat. Ikkje kjøp mat innpakka i ti lag med plastikk. Ikkje trekk i snora kvar gogn du er på do.(Visste du, kvar du spylar ned brukar du meir vatn enn ein gjennomsnittsperson har kvar dag?). Ta sykkelen fatt. Lag dine eige julepresangar av oppbrukte ting og tang du finn. Høyres dette velkjent ut. Du har nok høyrd det før…så kanskje på tide å faktisk gjera noko..? Ting som dette er det ME kan gjera for å gjera ein forskjell og visa at me bryr oss. Jo meir folk som bryr seg jo lettare blir det å gjera ein forskjell. Bruk fantasien, kva kan EG gjera som er bra for miljøet?

 

Jorda vår står på tuppen av eit stup. Eg vil ikkje venta med å handla til me er i fritt fall…då er det for seint. Eg vil gjera noko NO! Og eg vil inspirera deg til å gjera det same. Så du kan inspirera nokon andre.

Så heldig eg er som kan nyta naturen slik

Advertisements

Read Full Post »

UWP Cast A 2012 var ferdig satte eg kursen mot Rio de Janeiro i Brasil, som ein del av UWP Special Rio Cast for å delta på det som skjer her for tida, Rio + 20. 

Ipanima

Rio+20 er navnet på hendinga United Nations conferences for sustainable development. 20+ kjem av at det er 20 år sidan ein liknande event var holdt her i 1992. I korte trekk: desse dagane kjem både politikarar, kjendisar og vanlege folk til Rio for å delta på møter og konferansar omhandlande miljøutfordringane vår verd stå ovanfor idag. Dette er ein ganske big deal og noko som forhåpentlegvis kan vera med å snu framtida litt.

UWP var her under møta i 1992 også, og meg er no tilbake, men deltek i ein mykje større grad.

Kva gjer me her?

Me er her hovedsakleg for å gjera samfunnsteneste, som me alltid gjer. Det ingår workshop på skular og show. Så får me i tillegg delta på konferansane. Me har sjølv hatt to møter som UWP, der eg personleg pratte om miljøproblem i Noreg. I tillegg får me delta på konferansar som lyttande. Eg føler meg veldig heldig som får vera med på dette. Eg får delta på det samme som viktige politikarar frå verda over, og læra om kva EG kan gjera for å betra foholdene me lever under. Og ikkje nok med det….eg får vera i Rio, som er den vakraste staden på mi reise sålangt. Fantastisk!

Strandvandring

Kva har Rio bydd på dei fyrste seks dagane? Eg bur 6 blokker frå stranda(!!!), som betyr joggetur på stranda når sola går opp. Badeliv på dagtid i sol og hete har me ikkje tid til. Men når temperaturen i vatnet er som den er, er bading både før og etter solnedgang ingenting å klaga over.

Heilt i hundre

Nattbading andre kveld i Rio var glede x 1000. Hadde eg nokon gong trudd eg skulle vera i Rio? På den vakraste stranda? Bada med gode vener i høøøge bølger på nattestid? Nei, det er veldig surrealistisk, men eg nyter det!

Bading

Me hadde nokon timar fri…der eg tok turen opp til Jesus-statua. Eg hadde gleda meg stort til å den flotte utsikten oevr heile byen. Dårleg planlagt, då me kom opp var det mørkt, og me såg nesten ingenting. Men eg var der!!

Christó

Turist?…EG?

Som sagt, me har deltat på The United Nation Conferences for stainable development.

😉

Slumområde befinn seg på eit fjell. Her er tronge gater som snik seg opp opp opp mellom husa. Tidlegare var dette området totalt sperra frå resten av byen, og sterkt prega av vold og rus. Kun politi var tillatt her. Men i seinare tid har det litt arbeida for å betra omstendighetane. I dag blir den usynlege veggen mellom slum og resten av Rio gradvis viska meir og meir ut, og folka her blir sett på som nesten normale. Likevel, området er fattigare og ikkje mykje inkluderane i resten av byen. Her har dei laga seg sitt eige lille samfunn der dei kan få alt dei treng.

Me har hatt ein dag i slummen, som inkluderte plukka boss, vandra veldig langt rett opp, ha dansetime med 5-åringar, show, og gå meg vill i jungelen(JUNGELEN!!!). This was quit a day! Å gå seg vill i jungelen er noko av det kulaste eg har gjort…men det er ikkje veldig stas å få politibil sendt etter seg og å gjera folk bekymra. Vel å merka, eg gjekk meg ikkje vill…det berre tok veldig lang tid å koma der eg sko.

Dansetime!

Mykje trafikk-venting

The market is an experience.

Dette er antall minutter 30 stk let vatnet renna til saman kvar dag.

Det er så inspirerande å delta og vera obs på miljøet. Eg skjønar meir og meir kor viktig det er at KVAR OG EIN AV OSS tek i eit tak og gjer det ME kan for å endra ting. Det er så alt for lett å tenkja eg-er-berre-ein-tanken. Men som me syng i showet vårt «we are many, we are one». Saman er me også éin. Å endra vårt miljø handlar om bevisthet, utdanning(!!!), og at kvar og ein gjer sitt!

THE WORLD!

The future we want

There’s still hope!

 

 

 

 

Read Full Post »

4 veker i Mexico

Mexico City

Ein månad i Meksiko går mot slutten. Ein travel, kjekk og minnerik månad.

Tross at meksikanarar tek seg riiikeleg med tid i dei fleste tilfelle, går tida her dobbelt så fort som andre stadar. Kvar dag her fortener eit blogg-innlegg, men etter 5 og ein halv månad på reis er søvn fyrstepriotet når ein veit ny dag venta om seks timar.

Meksiko er så forskjellig frå ALT anna eg har sett tidlegare. Opplevingane mine her er ulike alt anna eg har opplevd. På grunn av dette finn eg meg sjølv observerande og absorberane av alt kring meg. Eg kunne gått dag etter dag å vandra gatelangs utan å gjera noko, berre sjå. Også det å ha privilegiet å vera her på det grunnlaget eg er, er vanskeleg og flott å ta til deg. Her kjem stikkordmessig noko av det som har vore i fokus her i Mexico:

Håp: Me er her for å bringa eit bodskap. Me er i eit land med krig i nord, fattigdom i sør og revolusjon i midten. Her er folk som ikkje har anna enn seg sjølv og sine nære. Eit land der verken politikk og demokrati fyngerar som det skal og korrupsjon er eit faktum. Her er folk som ventar på eit betre liv. Me held forestillingar for desse folka, og me bringer HÅP. Her er folk som aldri har set liknande, som aldri har møtt folk frå utalandet, som har mista håpet på kva som er mogleg å oppnå. Og her er me 120 stk frå 22 ulike land ogfortel at me saman har trua på dette landet, viser at me har håp.

Håp

Kontrast

Kontrast

Kontrastar: Me har hatt show i ulike områder. Dette er noko av det finaste me gjer, å ha forestilling for dei som kanskje aldri har vore på ein konsert før, dei som ikkje har resursar til anna enn å berre leva. Det er desse som treng håp, og som seg tydleg pris på det. Fleire minneverdige augonblikk er av eldre spanskatalande damer og menn som kjem bort, knip handa mi, ser meg djupt inn i augo og seier noko på spansk som inneheld irda gratcias og te quiero. Eg snakkar ikkje spansk, men i slike augonblink treng ein ikkje kunna språket for å forstå kva ein takknemlighet denne personen uttrykker. Eg sa kontrastar. På onsdag etter ein forestilling gjekk ein fattig familie å plukka opp tom-flaskene våre får å bruka om at. dagen etter hadde me forestilling på ein dei beste og mest velståande skulane i Meksiko. Det flotte med å sjå desse kontrastane er å også sjå likheitane. Dette ser ein serleg på barna:

Barna: Ungane er så entuiastiske og ekte her. Kvart sjow forelskar eg meg i nokon nye som søte meksikanske ungar. Alle dei våte barnkyssa eg har fått på kinnet, high five, og autografar eg har gidd. Og dette er det same, same kvar ein går.

CI: Me har gjort mykje bra Community Impact. Denne veka har me vore i 4 ulike parkar/skular/områder. Me har plukka boss og ugrass, planta trær, malt veggar og forvandla eit skittent område folk passerer til ein stad der borna kan leika. Eg elskar denne typen arbeid.

Planting av trær.

Flytting av stein

Plukking av boss

Toalett: Når ein er ein månad i meksiko med diare og toalett utan dopapir og såpa lærer ein å vera kreativ. Etter dette kan eg håndtera kva det skulle vera. Når eg kjem heim kjem eg i tillegg til å kasta dopapiret i søppelet, for det gjer eg automatisk no. Også det å gå på do i buss. Å gå på toalett i ein bus er generelt sett ein utfordring i seg sjølv, gjerne om bussen tilfeldigvis kjører i ein rundkjøring når du prøver å dra opp buksa. Men det å gå på toalett i ein Meksikansk buss…say no more.

 

marked

«Waw, eg er i meksiko-opplevelsar»: I dag skulle eg på do. Eg gjekk inn grinda og blei møtt av ein død oppskjert gris liggande på bakken. Hovudet skjært av, magen skjært opp. Ved sida av står ein mann og kuttar opp flesket klart for å frytyrsteikast og selgast. Slike ting møter meg ikkje når eg går på do i Norge. Ellers: folk som vandrar rundt med gitar og syng. Dansande folk i gatene. Alle desse bodane der dei sel quesedilla, lefer, grise-skinn, ships.

butikkar

Livs-stilen: Avslappa.

Husa: Hus i mekskansk stil er bygd av mur og ikkje tre. Nøkkelord er enkelt, firkanta, tomme, og ikkje minst fargerike. Det er så herleg å gå i ei gate å sjå alle regnbuens fargar nedover.

Mat: NB: sensitivt tema her. Så ca ALLE har vore sjuke her i meksiko. Det går i periodar, men stort sett kan ein sei ein har vore sjuk heile tida. Det å vera sjuk er ikkje lenger ein unnskldning, for me er alle i same situasjon. Me snakka sjølvsagt diare, mageinfeksjon, slapphet og dehydrering. Grunnen? MATEN. Maten i mexico er SÅ forskjellig frå alt anna. Ein et stort sett tortillas med  kjøtt og chilli, i ulike evrsjonar.  Og korleis meksikanarar kan leve på dette eit heilt liv utan å bli lei er noko eg muligens er altfor Europeisk til å skjøna. Dersom du spørr ein meksikanar kva han/ho likar best med sitt eige land, svarar han/ho utan tvil; «maten». Noko som tydleg viser at det ein er vant til er det ein likar, ettersom «maten» i Mexico vil vera den eine tingen eg absolutt ikkje likar.

Trafikken: Gud å glad eg er for: 1) bu i Norge 2) ikkje bu i by

Me har også fått tid til littegran turisme:

Eli med dronningas krone

pose!

Årets fyrste frappe med utsikt over mexico city

Litt leik også

Guadalajara

Det er så mange detaljar her i Meksiko som er verdt å snakka om. Her fekk du nokon korte ord om noko av det som har vore fokuset denne månaden. No har me 3 dagar igjen av Up with People Cast A 2012. Det er vondt og godt. Me er ALLE så sinnsjukt heim-sjuke. Berre tanken på å kunna gjera akkurat det eg vil heima, eta den maten eg vil, vera meg familie, sjå tv, legga meg når eg vil, ha sommar i mitt land….åh…eg blir tårevåt berre med tanken. Samstundes kan eg ikkje sjå for meg ein kvardag utan denne familien eg har laga meg her.

Eg har vel og merka 12 dagar igjen… i Rio de Janeiro i Brazil med «Up with people spacial Cast». Me er kring 20 stk frå mi gruppa og 30 tidlegare UWP-folk som skal møtast i Rio for å delta på «Rio + 20». Dette er ein stor event der viktige folk frå heile verda møtes for å diskutera og læra om environmental issues. Me skal delta på dette i tillegg til å halda show, arbeida i slummen og besøka skular. Dette blir SÅ spanande og annleis enn det eg har gjort til no.

GOD helg heima i solfyllte(?) norge! Her er det klart for den siste forestillinga av «A song for the world» med Up wit People! 

Read Full Post »