Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 2012

Kor lang tid skal det ta? Kor lang tid skal det ta å omstilla seg frå éin tilværesle til ein anna? Frå det å vera på topp til å ikkje måtta vera på topp? Å forlata nokon for å koma heim til andre?

Rio de Janeiro, soloppgang

stages of grief

Etter å ha mista eller forlatt nokon eller etter ein bestemt tilværelse, går ein gjennom ulike fasar. Desse fasane er på fint kalla «stages of loss/grief». Som eit døme på kva dette er legg eg her med ein link til ein film på facebook som forklarar dette betre enn mine ord.

Stages of grief består av fem stadier som ein kan gå gjennom som eit resultat av plutselege endringar i livet. Det treng ikkje nødvendigvis komma kronologisk, og ein hoppar gjerne fram og tilbake eller befinn seg i fleire stadier samstundes. Eg har sjølv hatt opplevingar der eg går gjennom alle desse stadia på mindre enn minuttet. Men dei blir gjerne knytta opp mot det å forlata noko eller noko, og det er då heller snakk om veker eller månadar. Dei fem stadia er

Fonektelse/å ignorera

Sinne

Pruting (søker kanskje Gud og prøver å finna alternativer til det/den som var)

Depresjon

Godkjennelse

Hardanger

Etter eg kom heim har eg kjend meg som eit forvirra vrak. Når ein kjenner seg slik er det godt å ha noko som desse fem stadia å skulda på. Eg befinn meg akkurat no ein stad mellom pruting og depresjon, men har til di grader vore gjennom desse andre stadia. Eg har fornekta og tenk «eg er straks tilbake der, jada, eg er det, eg må det, no worries». Eg har vore sinna, såtte i stova og skreke og hylt til flogene som flaug rundt meg, til sneglane, hunden og alle desse andre uskuldige. Eg har komme med alternativ å gjera, søka trøst i ting som kan bli «enno kjekkare». Eg har lagt meg flat og latt «nokon andre» fiksa opp. Eg har kjent kjensla av å ikkje villa opp av senga og ikkje ut av huset, berre forstvinna opp i verdsrommet der eg ikkje treng ta hensyn til noko. Men ei kjensle av godkjennelse har eg enno ikkje fått. Eg ventar, og håpar det nærmar seg.

Som sagt, for meg er det stor hjelp å vita at desse stadia er ein normal reaksjon på slike ting. Så dersom du, etter for eksempel ein herleg ferie på hytta, er tilbake i jobb og kjenner at humøret er noko  volsomt varierande, kanskje er det desse stadia som tek deg? Uansett kva det er, er det godt å kjenna på kjenslene sine. Det er gjerne vanskeleg å skjøna kva dei er og kvifor dei er der når ein er midt oppi, men det er likevel fint å godta dei. Ein kan uansett ikkje anna enn å hondtera dei så godt ein kan.

Morgendugg

Tross kor vanskeleg det er å landa på jorda etter denne reisa, så er det mykje frå reisa som sit att har forma eei litt ny Eli. Etter dette året ser eg megsjølv som ein meir positiv og åpen person, noko eg tek i bruk på jobb og i møte med bekjente. Eg set meir pris på naturen, og nyt å sykla og gå turar både i regnklær eller miniskjør(og hjelm). Ved desse tinga har eg evnen til å laga meg gode stunder, til tross for desse «regnskurane» eg går gjennom til stadighet. Dermed sit eg også denne juli-månaden att med gode stunder i minne-boksen.

Rosendal

Besten sine bringebærbuskar er til å gå seg vill i.

Eg har fiska, DREPT, sløya, filitert, og ete fisk. Og laga lekre makrell-kaker.

Segletur (utan segling)

Roturar i jobbens fine færinginar.

Tur her og ture der. (her Rosendal)

Hytte-tur (dette er ikkje redningsvest men redningsdrett.)

Kva er betre enn når sola skin gjennom? Både i sinn og på himmlen…

GOD SOMMAR

Advertisements

Read Full Post »

It’s today

Dersom du står med eit bein i går og eit imorgon, så tissar du på i dag.

Det er vanskeleg å finna balansen mellom å ta vare på minner, og det å leva i dei. Det same gjeld balansen mellom å gleda seg til noko eller å leva kun mot et ein gledar seg til. Det er lett å gløyma at i går var i dag imåro, og at imorgon er idag i går, og likevel er det heiletida no.

It’s today 

Me vil alltid ha eit i går og i dag og eit no. Akkurat difor er det så viktig å faktisk vera der. Dersom me i dag lev i går, kva blir då i dag i morgon? Ingenting? Dei dagane eg gløymer å vera, og kun lengtar meg, eller kanskje ynskjer meg, tilbake til noko som var. Då lagar eg meg tomme stunder og tomme minner. Då er eg ikkje tilstade, og kan umogleg nyta eller ta glede av idet som hender. Eller kanskje er ein av typen som alltid gleder seg til noko meir spanande; ein gløymer å trekkja pusten, ser ikkje at også i dag er ein dag som skal levast.

Her og no er eit uttrykk ein finn att i stadig fleire og fleire magasin, tv-artiklar, så vel som i daglegtalen. I nåtidas hastige kvardag kan ein finna det vanskeleg å vera tilstade i det som skjer, og ein kjenner difor også større press til å faktik ver til stede. ”Huks at det er no du lever”, seier nokon. Ok, tenkjer ein og fokuserer hjernen. ”Lev no vær her pust djupt” stressar ein seg sjølv gjentakande. Men likevel er det så  alt for vanskeleg å gje slepp på fortida, og så lett å villa planlegga framtida. Då finn ein seg framleis med ein for i går og ein morgon, så skvettar det litt på i dag likevel.

It’s today

Eg trur det er akkurat dette som er klua. Det handler om å godta at i går ikkje er i dag, å steja pris på minner, gleda seg over dei, og ikkje minst tadei i bruk. Still spørsmålet ”kvar står egn no?” og nytt det. Dette synest eg er vanskeleg å la fortida gå, for tenk om det går fortapt. Nei når ein kjem ned til det trur eg at uansett kor mykje eg prøver å gløyma det som har hendt meg før, så vil det alltid vera der. For det er ein del av oss. Og  når ein trur ein har gløymd det, så sjå det motsatt veg. «Kvar hadde eg stått i dag utan denne opplevinga?»

Men så skal ein heller ikkje gå for langt, vandra heilt over til framtida, vera for iverig. Med dagens forventningar, og ikkje minst moglegheiter, er det blitt svært trendy å slå full alarm dersom årsplanen står tom. ”Wæ, å hjelp, kva gjer eg no?” Eg gjer det sjølv, for eg vil så gjerne vita. Eg trur det må vera ein menneskleg ting, at det ukjente skremmer oss. Ein planlegg alt for mykje, brukar kvar ledige stund til søk og drauming. Ein nyt det kanskje til eit viss punkt før ein går tilbake til full-alarm-stadiet. Men kva med å sjå det i eit anna perspektiv. ”Oy, no har eg inga aning på kva som venta meg, så spanande” For er det ikkje akkurat dette som er å leva? Å berre vera, fram til noko dett i hovud på ein. Så tek ein det i bruk, og vips så har ein gjerne ein plan. I alle fall for ei stund.

Greier ein dette, å ta foten bort frå i går og tilbake frå i morgon, så står ein på i dag. Og greier eg dette, og du dette, så er me i her og når, verken duveit det eller ikkje så er du i dag!

It’s today

Read Full Post »

«Lause ting»

NORGE

«Korleis vil det bli å koma heim»-prosessen byrja allereie ein månad før turen med Up with People avslutta. Me hadde utallige samtalar og fleire workshop om korleis å handtera det å koma heim.

Utfordringane me vart forberedt på å kunna møta:

Sakn

Kjensle av å ikkje gjera noko

Å høyra «eg er glad du hadde ein fin tur» i det du avslutter introen til det du hadde tenkt å fortelja

Lost

Tom. Kva skjer no?

At folk ikkje forstår

Det at folk forventar ein å koma attende som den MEG du var før du reiste, noko som ikkje er tillfelle.

Ville spola tilbake tida

Å ligga i senga å grina utan å villa innrømma det til nokon

Å gå gjennom ulike fasar som gjerne er ulikt degsjølv.

EG hadde tenk som så, dette gjeld ikkje meg. Eg har hatt eit f.a.n.t.a.s.t.i.s.k. år på reis…men Norheimsund er jo tross alt den vakraste staden i verda, eg har den beste familien, og supre vener som ventar. Eg har lengta til å gå i fjella, bada i sjøen, sykla i regnet, og eta den maten eg vil! Dette ville vera nok til å få meg til å nyta sommar-jobbe-tilværelsen heima.

Det er ikkje tvil om at eg denne gongen tok fulstendig feil. Odd Nordstoga forklarar det så godt i songen «lause ting».

«Altfor mange lause ting, altfor mørke krokar, altfor mykje
skummelt rot, altfor store flokar, altfor store rom, altfor mange ord,
altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenkje på.»

Alt er eit rot der ingenting gjev meining, og alt eg vil nett no er å reisa bort igjen. Eg hadde aldri trudd eg skulle sei det. Eg er sikker på at det kjem seg med tida. Men har du nokon gong hatt denne kjensla? Då veit du at det ikkje er noko kjekt.

Eg har hatt det så flott og kjent meg som ein så veldig glad person på reis. Eg hadde gleda meg til å koma heim å spre denne gleda og motivasjonen med andre, og det har framlesi som mål å gjera, men så er det denne saknen, tomme kjensa og tristheiten som held meg som fanga i eit bur. Eg prøver å halda meg oppteken så eg slepp å tenka på det, men det er ikkje så lett når det ikkje er kundar på jobb.

Kva gjer eg no?

Kva gjer eg no?

Roseduft

Eg nyt å gå tur og prata med hestane, kyra og sauane på vegen. Eg nyt å drikka kaffi med utsikt til fonda. Eg nyt å kunna sitta på sofaen med familien. Eg gledare meg til fridag for fjelltur nummer tre allereie. Eg nyter å kunna sitta åleina på rommet å musisera. Eg gledar meg til mammo sin gode middag kvar kveld. Eg smiler frå øyre til øyre kvar sykkeltur.

Så er det alltid noko godt likevel.

Read Full Post »