Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 2012

Perfekt på nettet

Internett

Eg er ikkje stor-fan av den skrytande trenden som har laga seg i samanheng med det augande internettbruket.

Nettet er blitt ein stad for folk å dokumentera kvardagen og dela med andre av sitt eige liv. Kommunikasjon i sjølv er ein god ting, men kommunikasjon over nettet fører lett til missforståingar og gjev eit bilete som ikkje reelt.Etter mi meining er det særleg to faktorar som spelar inn for om det som vert posta blir sett negativt eller positivt. 1. Alt med måte. Er eigentleg facebook ei ideel dagbok? 2. Hadde me berre greid å unna andre desse «fantastiske» stundene me les om.

Eg trur veldig mange har eit slags indre og underbevisst behov for å visa seg sjølv fram, då gjerne våre positive sider. Men med på lasset av dette føljer også ei misunning som får alle andre til å verkar så inni granskauen perfekte.

I am perfect

Ein dag legg nokon ut eit bilete av seg sjølv på ein fin fjelltopp. Deira ynskje om å dela den flotte utsikta blir automatisk bytta ut med andre sine takar om kor sprek og frisk og perfekt denne personen verkar. Om nokon legg ut bilete av den nybaka eplekaka står dei fram som den perfekte husmor, og ein sjølv krympar seg med tanke på den nedi-svidde grauten. Men kanskje var intensjonen eigentleg berre å inspirera eller tipsa om eit godt bakeverk. Ein velkjend facebook-status må vera ”nyt morgonkaffien med sola inn vindauga”(noko i den dur). Ho har det alltid så flott, tenkjer ein. Men kva veit me om kor sur og gretten denne personen var før kaffien var i boks? Me klandrar andre for deira glede, og ser ikkje at det handlar like mykje om vår eige sjølv-følelse som andre sitt liv.

Ja, det er vanskeleg for den som legg utbilete og tekst å uttrykkja seg utan missforståingar. Og det er enno vanskelegare for mottakaren å forstå at me alle berre er menneske som er flinke å dela av gode stunder, og veldig flinke å  teia still om dei mindre gode.

Men jammen skal me vera glade for at det er dei gode stundene som vert delt, og ikkje tankane som surrar etter ein alt for lang dag på jobben der alt gjekk galt. For sjølv om eg stadig høyrer folk som klagar seg over kor perfekte alle andre er, så er internett også ein eineståande måte å spreie ”good vibes” på; inspirera, gje idear, stå saman rundt noko ein brenn for, møta likesinna personar, og gleda kvarandre.

NO her kjem ein liten test til deg som lesar og meg som ”formidlar”. Klarar du å ta i mot dette som ikkje anna enn eit godt tips? Og greier eg å dela det som noko anna enn skryting?

Eg har eit boktips, som eg er sikker på eg har skreve om fleire gongar før. ”En herlig bok” av Mia Törnblom. Som tittelen antyder er dette ei herleg bok fylt av tips til ting som kan gjera kvar dag litt bedre, utfordrande, kjekkare, enklare…

Eli badar

Forleden dag vakna eg opp i senga mi. Eg tok tak i boka frå nattbordet og las dagens sitat: ”I dag er en fin dag til å tenke ut noe som vi alltid har hatt lyst til å gjøre, men som vi ikke har prøvd tidligere”. Morgongretten ser eg ut på regnet som ausar ned og tenkjer på regndiagrammet i BT som hadde søyler høgare enn sjølve diagrammet. Dermed kom det som det mest naturlege i verda  at denne dagen skulle eg, når det regna som verst sjølvsagt, gå til sjølen og bada med fullt regnutstyr. Dette har eg aldri gjort før, så kvifor ikkje prøva? Som sagt så gjort. Splitter naken stod eg i gangen og kledde på meg regnbukse av beste kvalitet, olje-jakke som rakk med til knea, og støvlar i størrelse alt-for-stor. Resultat var = suksess! Uansett kor absurd dette høyres ut, så er det å gjera noko nytt i seg sjølv svært tilfreds-stillande. Om det er å ha leverpostei på sjokoladekake eller hinka til butikken..doesn’t matter. Det skal ikkje mykje til for å gje krydder til kvardagen. 2. Det i seg sjølv å bada åleina med regnklær medan det regna hundar og kattar rundt med var berre herleg og anbefales på det sterkaste.

Og slik ser ein ut etter regnkledebad:

Dette bilde heiter «Her er eg og her er sjøen» 

Konklusjon: Dagens tips ”en herlig bok” + ”et herlig regnbad”!!

Eg tek gjerne i mot tilbakemelding på
1. Er du enig i at internett gjev eit eintrykk av at alle er så perfekte?
2. Andre kreative måtar å bada på.
3. Andre ting ein kan gjera som ein fyrste-gong-ting.

 

Advertisements

Read Full Post »

Intensjon vs. logikk

Eit lite innlegg for deg som  likar å analysera livet i samme grad som meg.

Du har høyrd frasen før; ”eg har det på følelsen”. Ein kjenner det inni seg ein stad, i hjarta, magen, hovudet. Nei, ein veit ikkje kvar det kjem frå, ein berre ”kjenner det på seg”.Ei kjensle av at noko er rett eller galt, om ein skal velja det eine eller det andre, om noko vondt kjem til å skje, eller om dette blir ein strålanda dag. Utan verken konkret eller abstrakte bevis kan ein med sikkerheit koma med slike bekreftingar dagleg. Men kva er denne såkalla magekjensla, og kvar kjem den ifrå?

Det blir sagt at det er underbevisstheita som tek til ordet. Godt gøymt som den er, set den saman puslebitar frå våre liv, som er for små, missforma og for mange for vår kontrollerte bevisstheit å sjølv setja saman. På den måta kan underbevisstheita ”spå” framtida med meir sikkerheit enn vår logisk retta evne til å berre tru, fundera og undra. Me ser berre eit spegl-bilete av dette puslespelet i netthinna. Somme gonger tydeleg, andre gonger svakt. Me kan leita oss forderva etter ei nød-hjelp-kjensla, då også tvinga fram falske intensjonar.

Det er her det vert komplisert. Er det mogleg å sila ut dei intensjonane som på sikt viser seg å ikkje vera ana enn oppspinn, kanskje ynskje, eller frykt? Før eg skulle ut på mi seks månadar lange reise hadde eg ei klar og sterk kjensle av at eg ikkje skulle reisa, det kom til å gå galt. Sta som eg er heiv eg meg i det, og skjønnar fyrst no at kjensla eg hadde var frykt for  å ikkje trivast med tilværet som venta. Også det å omdanna eit sterkt ynskje til ei magekjensle er ikkje eit så ratt ukjend fenomen. Eg har ein liten misstanke om at den svært sterke kjensla eg no har av at å reisa meir er det einaste rette, truleg er ein god kombinasjon av lengsel og nettopp ynskje. Det å kunna kjenna forskjell på dei kjenslene som lede ein i god retning, og det som er oppspinn(men som sjølvsagt også kan leda ein rett), trur eg krev erfaring og bevisstheit. Ved å læra oss sjølv å kjenna, og leggja merke til kvar våre val fører oss, kan ein lettare avklara intensjonar.

Men likevel kjem ein til stadighet i nye situasjonar som krev handling. Med det å ta eit val som eksempel. Dersom eg brukar intensjonen som ledestokk, og det viser seg gong på gong at mine intensjonar slår feil, kva gjer eg då? Eg har dei siste to månadane stola mykje kva som kjennes rett, med det resultat at alt kjennes feil. Så eg prøvar igjen og tenkjer ”denne gongen”, og så går det i dass. Nei korleis skal ein då kunna stola på sine eigne kjensler?

Eg tek meg sjølv i å vera svært deltakande i gjer-det-rette-trenden, og gløymer lett at sjølv i denne teknologiske og spirituelle verda er det lov å bruka hovudet. Kanskje må ein ikkje alltid ”ha det på følelsen”, men heller stola på si eiga logiske tenking. Eg trur at trongen for å alltid gjera det som er rett, går hand i hand med ei redsel for å gå glipp av noko. Men det er som ein seier, ein får ikkje i bøtter og spann. Dersom logikk seier A og vilje seier B og intensjonen er på ville veier, då må ein berre stola på livet og ta ting i tur og orden. Plutseleg er du kome heilt til Å skal du sjå.

Ting vil ikkje alltid kunna kjennast rett her og no. Men ein kan alltid velja at det valet ein tok, var rett, og la tida visa resten. Og intensjonen, den vesle kloke puslespel-mannen inni oss, den ligg der og slår til når det verkeleg trengs. 

Read Full Post »

Meir enn tusen ord

Eg likar å produsera. Det er ikkje så nøye kva det er.

Berre det å produsera noko kreativt får meg til kjenna meg ein smule tilfreds.

Det kan vera å laga ein sang, skriva lyrikk, eit bloggg-innlegg, teikna…eller som her, ta bilete. Når arbeids-dagen ikkje gjev store utfordringar tek eg fatt på kameraet og det eg har for handa:

Blomen poserar, 1, 2, 3, knips

Hjarta som kikkert

Er det rart ein vert forvirra?

Løp og kjøp

Sommaren fanga i norke få knips:      

Strekkjer seg mot sola.

Ingenting er som å ligga i hengekøye i kvelds-sola etter lang dag på jobb.

Og så var den sesongen her óg…

Read Full Post »

«Love is a verb»

Når du går til arbeid ein tideleg søndagsmorgong. Det er så stille, ikkje ein gong fuglade gjev lyd frå seg i dag. 

god morgen

Kanskje blomane kviskrar eit lite god morgon. Og likevel er det så bråkete som sjølv Gudane ikkje har høyrd det. Inni deg høyrer du lydar av motortruckar, taxiar som tutar verre enn dei i New York, sauar som har gått seg vill på beite, varulvar som hyler, hevy-metal-band, rasarbil, sinte stemmer, ballongar som sprekk, nyttårsrakkettar, fossefall, måsar på jakt etter fisk, ein lillebror slept laus på trommesettet …. alt, på ein gong. Inni ditt pittelille hovud. Og på jobben ventar ein stille dag, og ein veit det ikkje vil finnast vegar utanom dette bråket…. på slike dagar, der alt er eit vas bygd opp av anna vas; då treng ein terapi. 

Eg har ei kort lite liste på «terapi-låtar» som fyngerer betre enn noko psykriatisk hjelp eller trøstesjokolade, til saman. Eg vil i dag anbefala ein av mine nye favorittar (bør gjerne lyttast til ute, gåande, gjerne morgonsol for full effekt)

Enjoy 🙂

Read Full Post »

Gledes-detaljar

Me har alle ting som gjer oss glad, både større og mindre ting. Av og til er dei vanskeleg å finna, og ein kjenner seg litt oppgitt.

Det heng gjerne saman med at ein kjenner seg hindra av utanforståande faktorar…så ein gøyme/»gløymer» viljen inni seg.

For det er slik, blandt ting som gjer ein glad er det ikkje alt som er gjennomførbart. Ikkje alt er lurt. Ikkje alt er mogleg. Kanskje er det uventa. Kanskje uakseptabelt. Men så er det andre ting som absolutt er mogleg. Kanskje krev det mykje arbeid, eller det berre krev eit lite «dutt i baken.»

Eg har det ofte slik, særleg når eg er i dårleg og slapt humør. Då har eg så mykje eg har lyst til, som blir ekstra tiltak å gjera, men som kjens ekstra godt om ein faktisk gjer det. For meg kan det være snakk om småting.

Lanterna lyste opp natt og sinn.

I går var eg irritert over at all jobbing har hindra meg i å gå på teltur. Som den løysnings-orienterte personen eg er, tok eg då eit skippertak. Plukka opp kvar snegle eg fann, og slo meg ned for natta på altanen. Ut med madrass, dyna, bok og sterinlys. I regnværet sov eg der natta gjennom og naut å gjera noko som gjer meg glad.

Som ein oppføljar dedikerte eg min fri-dag til...meg sjølv! Ved tanke på alt eg har lest om kor viktig det er å ta tid til seg sjølv og å vera litt egoistisk, gjore eg akkurat dette. Det vart skogstur i fleirtal, musisering, og rødhette-besøk til besteforeldre.

Ein perfekt morgon for meg består av gitar, skiblete notatbok, varm melk med honning…i karnappet med utsikt over sjøen og fonna.

Eg veit veldig godt kor godt det gjer meg, og oss folk generelt, å vera sosial og å gjera ting saman med andre. Men å kun ta hensyn til meg sjølv, og gjera ting som gjer kun MEG glad…det er godt av og til.

Kva er det du gjer, som gjer deg litt ekstra glad?  

Read Full Post »