Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2012

Slepp verda inn

Good morning sunshine

Eg kan vel ikkje anna enn å skiva om det me alle har snakka om dei siste dagane.

Den rare, ukjende, merkelege tingen kalla sol, som plutseleg dytta bort våre velkjende, grå vener på himmelen.

Haust-fargane sig på

Verda skifta drakt til den finaste stasen og viste oss ein gong for alle kvifor me bur akkurat der me bur. Etter hausten så brått satt ein null ekstra bak pulsen, kunne ein nesten høyra eit felles stort innpust av ny energi. Lyset sprengjer seg inn i hjernen og gjer tankane klare så ein kan sjå frå sør til nord og enno litt til. Og så merkeleg er me menneske laga at dei endelause stega ein vandra i regnet, går i gløymeboksen…og held seg der ei lita stund.

Ja, slik kjentes det då me fekk ei lang solfylt haust-helg no i slutten av september. Folk snakka om været på gata, men med tonefall i eit høgare register enn vanleg, og smil om munnen. Sjølv har eg intenting i mot regnklede, støvlar og kosestunder inne, men sola den trengs som middel mot tunge dagar. Eg vakna laurdagsmorgon, såg opp mot fjella, og kjente at toppen der var dagens mål. Eg gjorde som ein vanligvis ikkje gjer, gjekk åleina på tur, noko som anbefales om du har behov for litt ubevisst meditasjon. Det å gå åleina i fleire timar gir mange gode og løysande tankar.

haustmorgon

Eg gjekk oppover fjella og vart stadig meir begeistra for den fine naturen som omringa meg(ja eg er ein til dels sjult natur-entusiast), og det danna seg lange beskrivande blogginnlegg i hovudet. Men då eg kom til toppen og krokavatnet låg langstrakt, glinsande framfor meg, skjøna eg at dette nytta ikkje å prøva å forklara ein gong. Noko gode stunder må rett og slett opplevast for å skjøna. Likevel, i ein skrent med ly, sol og utsikt over fjorden sat eg meg ned, åt eit eple frå hagen, og lot tankane koma… her er resultatat:

Krokavatnet

Det er så stille
Som eg aldri har høyrd det
Faktisk høyrer eg det ikkje
Så stille er det

 Det er så vakkert
Som eg aldri har sett det
Faktisk ser eg det ikkje
For augo er for små

Sansane leitar
Men kjensler kan ei kjenna
Bland det som i natur
er oss så nært

Tankane klarnar
Som isvann i fjellet
Faktisk er dei ikkje der
For blankt til å sjå 

Vinden tullar meg
Inn i eit teppe
Den maserar meg lett
Mot neste topp

Kvardagars uro
Har falt seg til søvn
Framtidas draumar
Blafrar uhøyrd til komande år

Dette er det beste
Som eg nokon gong har gjort
Faktisk gjer eg ikkje
Eg er

Dette er det beste
Når eg er
Saman her med
Verda

Advertisements

Read Full Post »

Tankar frå ein kvardag…

 

Innblikk: Tilfeldige tankar som snurrar gjennom hovudet gjennom dagen…

«Eg veit ikkje om det er eit godt eller dårleg teikn at eg kjenner trang til å skriva om kaffi på facebook…og at kaffien vert sterkare og sterkare med auka sukkerinnhald for kvar dag..»

«Tid er tilstedeværelse»

«I dag har eg synda…joggebukse på jobb»

Sau i solnedgang

«Eg trur krafta i sola er undervurdert. Når to minuttar med sol veg opp for ei veke med regn snakkar me styrke. Metaforen du skin som ei sol, er verkeleg kompliment av særklasse».

«Dersom ein av dei barna på jobb nys skikkelig så det dysjar meg i gørr og bakteriar…då blir eg kanskje sjuk og kan ligge heime å sjå disney-film ein heil dag. Her må det leggjast ein slagplan».

«Det me gir er ikkje alltid det dei andre treng, heller ikkje det ein ber om er alltid det ein treng».

«Utrulig korleis både hår, hofter, smil og sminke kan sjå så mykje betre ut når eg har ny genser. Å kjenna seg vel er som nye, skarpe briller».

«Takk Gud for tøffe tøffe toget».

«Dersom menneske kunne holdt formen like godt som ein sau, sett i forhold til matinntaket, då hadde det vore greit.»

Kveldstur

Til slutt eit ordtak som kan være greit å ha i bakhovet ettersom haust-rutinene sakte men ganske sikkert tek form: «Først skaper vi vaner, så skaper vanene oss».

Read Full Post »

Det der spørsmålet…

Eg har kome gjennom sommaren, eit godt stykke inn i hausten, og kan snart pusta letta ut…for enn så lenge. For no er hovud-sesongen for det velkjende, forutsigbare spørsmålet, snart over. Spørsmålet som berre må koma, som ein vil spørja, bør spørja, og er svært naturleg å spørja, når ein er ferdig å snakka om været. Folk spør så lett til sinns og reagerer like entusiastisk uavhengig av svaret.  Eg har prøvd å lista meg stille unna, men finn likevel meg sjølv midt i spot-light’en:

«Kva er det du skal til hausten då?»

I dag har ein svært mykje moglegheiter, og svaret på spørsmålet er ikkje alltid forut sagt: Eit stort fleirtal av norges unge vaksne utviklar sine intellektuelle evner ved diverse studie. Litt færre er på reisefor, på folkemunnen kalla ”lev livet”. Nokon arbeider på fulltid, medan andre gjer litt av kvart. Nei, svaret kan vera så mangt, men ein ting er sikkert, eit svar skal det vera. Kva då, med oss som ikkje har eit svar?

Eg kjenner meg som eit prakteksemplar på dagens luksus problem. Eit press til å gjera noko, så mykje ein vil, mykje ein ikkje vil, noko ein burde, noko ein vil men ikkje kan, nokon ein skulle gjort og valte vekk og ting og tang. Og midt i dette må ein velja noko! Men det er så vanskeleg å skulla ta eit val når ein ikkje veit kva ein skal velja. Ein ser på alle andre som studerer og står på. Om berre også eg kunne svara ”eg studere medisin”, simple as that! I staden for ”eg skal kanskje…eller burde…mogleg eins…dersom…eller, eg får sjå”.

Eg har storgleda meg til hausten skulle vera i gang, for eg rekna med at noko måtte eg gjera…eit svar må eg kunna ha. Og, ja, eg kan no sei at eg arbeider på barnehage og bur heima med mor og far for ein 4 mdn periode, og det er heilt ok.

Eg trur me alle har våre ting eller tema ein er litt ømtålig på. Når det kjem til framtid og vala mellom det ein vil eller bør…då er ein innanfor sensitivt tema for meg. I slike situasjonar der presset til å gjera rett og redsel for å ikkje gjera nok tek meg, då trøstar eg meg med eit godt ordtak. ”Når vi tror at vi er tilbake der vi startet, har vi tatt store steg bort derfra”. Det finnest ikkje ein veg som ikkje ledar noko stad.

Mykje bak meg og mykje framfor meg

Når eg treng å få orden på meg sjølv, då skriv eg dikt og songtenkstar. Dei ender ofte opp med å bli anten ein slags bekreftig på tankane mine, eller som her, ein oppfordring til meg sjølv. Dette diktet kom i går som ein ta-deg-saman-tale til meg sjølv: 

«Skal du berre stå der 
Å venta på at noko kjem din vei?
Så du ikkje går deg vill
Berre stå der på snei?

Nei, du veit ikkje vegen?
Eg ser jo det
Men står du der lengre no
Gror alle vegar te

Jo at stega ei gjev meining berre i handling
Det kan værr sant
Men ein veg vil det leda
Om så til avsides kant

Mot ukjent og ingenting
Er også ein veg å gå
Om bakkane er bratte
Jo betre sikt skal sjå

Meininga med livet
Er eit liv med meining i
Og den finn du ei
Utan å betala rekninga di»


Eli Gauden 

Read Full Post »