Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2012

Me menneske er på mange måtar ulike. Det gjer oss til den me er. Samstundes er me alle eit menneske akkurat fordi me også har visse ting til felles.

Me har alle ein intelligens som gjer det mogleg for oss å tenkja og danna meiningar og synspunkt. Dette kan vera negativt og etter mitt syn vera det som ledar til dillemma og konfliktar i verda, om ein då ikkje klarar nytta den riktig. Samstundes er det den same intelligensen ein brukar til å snu konfliktar til samhandling, og det er denne intelligensen som gjer oss menneske så sterke og uovervinnelege!

Eit anna fellestrekk oss i mellom er at me alle har kjensler, ulike sinnstilstandar, som påverkar og blir påverka av livet me lev. Eg trur alle har dei same kjenslene inni seg, men i ulik grad og på ulike tidspunkt. Det er no eg kjenner at dette kan ein snakka mykje, men eg avbryt meg sjølv ettersom det er her dette blogg-innlegg eigentleg byrjar:

For nokre dagar sidan skreiv eg innlegget Sint, naturleg nok med bakgrunn i ei kjensle eg hadde inni meg. Eg kunne vald å la innlegget forbli det rabbelet på arket, tankane i hovudet, eller berre dei kjenslene inni meg det i utgangspunktet var. Men med utgangspunkt i det eg skriv ovanfor om felles kjensler, valde eg å publisera mitt «sinne-utbrudd». Alle er vel sinte inni mellom? Har ikkje alle hatt ein slik dag der det kjennest som om absolutt alt skjer motsatt av slik du hadde håpa? Kanskje regn og ruskevær, dårlig tv-program for kvelden, eller ein gitar-streng som ryk får glasset til å tippa. Ein greier ikkje å stoppa orda eller tårene eller kva det måtte resultera i for deg. Det var akkurat ein slik dag. Mykje tankar, eit glass som rann over…men som fort vart tømd att så raskt orda var ute og natta over.

Love & Compassion – Dalai Lama

Fordi eg trur me menneske er så like på så mange punkt, synest eg også det kjennes nesten godt å kunna vera åpen om akkuratt dette. Men samstundes, har eg skjøna, at når det kjem til nokre ting må situasjonen sjåast ann. Eg fekk nemleg raskt nokre tilbakemeldingar etter dette innlegget. «Du må ikkje vera sint, Eli». Desse orda har snurra litt i houdet mitt dei siste dagane, og tok endeleg landing då eg igår, for andre gong, byrja lesa Dalai Lama si bok å «book of love and compession». Eg kjende eg vart satt litt på plass og fekk pussa opp tanke-banane mine:   (eg annbafalar alle å ha tid til å lesa desse 8 sidene om sinne og hat)

 

Just sayin

Advertisements

Read Full Post »

Sint

Å eg er så sint. Eg er så sint på livet. Men livet jo berre det eg gjer det til å vera, altså er eg sint på meg. Og eg er jo berre den eg gjer meg til, den eg har valgt å vera. For eg er den eg er fordi eg vil det. Når alt kjem til alt, tross kva omverda foreslår, er det eg som styrer mitt skip.

Å kor sint eg er for at det er akkurat eg som er den som har valgt å vera denne meg.  Denne meg som set så høge krav til livet, som kjørar rett fram gjennom buksekratt og bekkar, så eg raskt og godt rusta kan koma i mål. Så godt det skulle vera å ta den breie motorbanen på sida der, og sluppe alle oppoverbakkar. Det gjer meg så sint at eg er meg og vel mitt liv og lar andre kjøra lettaste vegen.

Eg er så sint på alle dei motbakkane eg vel å ta. Om eg berre kunne klandra det på ein annan som eg kunne banka gul og blå når sinnen tok meg. Kvifor er eg så ansvarleg og tek livet på mi eiga kappe, tenkjer eg…men veit at ingenting anna har noko for seg. Eg vel å vera meg fordi eg vil vera den eg er…. Men søren det gjer meg så sint!

 

Tankar frå ein kald klar haustdag som kallar seg vinter.

Read Full Post »

Ikkje tenk på…

Det er som å seia til nokon ”ikkje tenk på ein rasa elefant”. Før hjernen har oppfatta innhaldet av setninga har tankane flydd av stad mot eit rosa elefantars land.

Ein skjønar raskt at ein handla mot hensikta, men tenkte tankar kan aldri slettast. I eit forsøk på å endra tankebane tek vårt nysgjerrige instinkt overhand; ”Kvifor skal eg ikkje tenkjar på rasa elefantar? Kva anna kan eg tenkjar på enn rosa elefantar? Korleis kan eg tenkjar på noko anna enn rosa elefantar?”

 

Du kjennar deg innesperra i eit rom med ein veksande elefant som strålar i ein stadig sterkare og vakrare rosafarge.  Du forsøker å stille lista deg ut ver å setja tankane på eit tog til kvardagen. Men du er ikkje kome til anna enn eit sidespor som kun tek rundturar. Du tek tankebanen innom klasserommet, men oppdagar ein rosa elefant sitja å lura ved bakarste pult. Den ligg gøymd bak leverposteien i butikkhyllene, i vaskebøtta på kottet, den løfter vekter i naborommet på trenings-senteret, ligg gøymd i middagskasserollen på steikepanna. Denne rosa elefanten. Har hjernen fyrst fått auga på den, er grepet stramt.

Og jo meir ein tenkjar og spinn, jo viktigare vert denne elefanten.Til slutt er det ikkje berre ein rosa elefant, men kanskje ein rosa konge-elefant frå eit framand rike med gull og grøne skogar som sitt eige. Den vert det eine og alt, som hjernen overtalar seg sjølv om å ikkje la gå eit einaste sekund. Toppetasjen kjørar i femte gir, det raskaste han kan, på ei uendeleg ødemark, springande i hælane på elefanten, natt og dag. Det verkar i føta, kroppen treng bensin, og motoren kjører seg varm. ”Ikkje held fram” ropar du, men har mista all beslutningsevne.

Ja, akkurat slik er det, som å sei til nokon ”ikkje tenk på ein rosa elefant”. Eg har sagt det til meg sjølv gong på gong. Eg skal gjera det heilt klart for meg sjølv og beskriv i detaljar denne-dette-han-ho, for så be tanke-draumeland fint om å IKKJE tenkjer på dette. ”Ok” seier hjernen, og ser berre for seg éin ting!

Read Full Post »

Dikt – «Fritt fram»

I dag er det fritt fram

For heile gjengen
Dei skal få hoppa ned
Og flyga opp
Frå kjellaren til lemmen

I dag er det stor ståhei
Utan like skal sei
Det er bursdags-kroner som stikker
Så ballongane sprekker
Det er en to tre raudt lys
Og veddeløp i sekker

I dag har dei sjansen alle som vil
Kan slå, skal få skrika,
Venda ryggen til
Eller syngja stille songar trøtt
Stryka rolig ømt og søtt

I dag skal ingen puttast i bås
For dei er alle verd å høyra
Må forstås
I dag skal dei få hersa
I kroppens egne bolig
Der dei omadressert bur
Men mot seg sjølv vel fortrolig

Så godt å gje handa kvile
Frå tøylenes stramme tak
Og berre leva dagen
Med vilter og med vrak

I dag er det fritt fram
For alle mine kjensler
På godt og vondt
Løyser eg alle hengsler.

Eli Gauden

 

Read Full Post »

Kva er eigentleg menneske? Eg og du og kvar enkelt? Kva er me og kvifor verkar me som me gjer?

 

Når eg går tur i skogen lagar det seg mange blogg-innlegg, dikt-idear, eller lange filosofiske referat. Det aller meste blir ikkje meir enn tankar systematisert i min eigen hjerne, men eit fåtal kan eg prøva å få svart på kvitt. Ein av tinga eg leika meg med, er tanken på kva meining, men også fellestrekk, det er i menneske og naturen. Kva er me menneske eigentleg i den store samanhengen? Det høyres gjerne slitsomt ut å stadig fundera på slikt. Men når alt kjem til alt, så synest eg verda er så utruleg interessant. Jo mindre me veit, jo meir spanande vert det, og akkurat difor vil ein grava i det ukjende.

Eg veit ikkje kva du er for, deg. Men EG, for meg, fann ein sein haust-kveld ut at eg verkar akkurat som ein film-framvisar.  Eg ser for meg ein gammal kino, med ei like gammal maskin. På maskina vert det plassert ein filmrull. Som maskina arbeider og går, vert filmen lest av. Kroppen min er maskina, og hjernen er ein filmrull som rullar og går, og visar bilete og filmklipp frå livet, samt lagar nye bilete.

Det optimalet er å la filmen rulla i eit moderat tempo, som er det maskina er konstruert for. Likevel treng den bli nedkjølte kvar natt. Då går maskina på lav-gir så filmen rullar sakte, sakte. Slik får maskina mi kvile, samstundes som filmen rullar og kjører sitt eige løp. Og om natta er det ingen som ”ser filmen”, så då kjem gjerne bileta hulter til bulter og til og med litt oppå kvarandre.

Maskina kan også rulla i eit dundrande tempo. Filmrullen går fort og visar film etter film, bilette etter bilete, kanskje fleire oppå kvarandre også her. På slike tidspunkt byr livet på mange tankar, litt stress og bekymring, og mykje på ferde. Stundom går det fort at filmen sjølv om natta kjører i høg-gir. Maskina sjølv står på tom-gang, medan rullen snurrar i alt eit for hurtig tempo. Når det byr på dag veit eg ikkje heilt kva som ér og ikkje er, kva var draum og kva var ekte. Etter i stund i eit slikt tempo vil er merka at maskina går seg varm, kanskje rustar den litt, og skruene vert lausare…

For å haldast i stand treng maskina å bli smurd. Med mat ”smør” eg kropps-maskina mi, får den til å gå.  Noko smurning blir sakt å gjera godt,  anna er frå-råda …og noko viser seg ikkje før seinare at ville føra til slitasje.  Så  her må veljast det rette. Vil ein skina blankt eller rulla lett?

Så var det desse bileta. Kva ser ein eigentleg? Film-rullen min viser bilete frå tidlegare i livet, han diktar opp hendingar ein er glad for aldri skjedde eller som draumar ein ynskjer skal skje, som ein håpar skal bli ein eigen liten filmrull. Viktigast av alt lagar maskina nye filmar og bilete, dagleg. Men så hender det ein gløymer å laga desse nye bileta, me gløymer å bruka augo og sansane. I staden kjøyrer me reprise av dei same gamle bileta. Det skurrar gjerne, som ein CD med hakk i plata, og det er ikkje lett å koma vidare.

Bileta kan vera klare og tydlege, eller dei kan vera diffuse og fjerne. Somme bilete vert forkasta fordi dei er uleselege. Medan andre må sjåast eit titals gonger før detaljane kjem fram.

Det beste er dei gongane i året då vindauga vert opna opp og  ei frisk luft, skarpe solstråler og dansande fuglekvitter slepp inn. Då blir bileta klare og tydlege og vakrare enn dei pleier. Kanskje tek vinden med seg nokon bilete du skulle blitt kvitt for lenge sidan.

slepp lyset inn

Og slik går eg gjennom livet, eg som den maskina eg er. Filmrullen går og går, i eit varierande tempo og med både oppdikta og eksisterande bilete. Eg steller med maskina så godt eg kan men veit..

Ein gong vil maskina stoppa. Då har den brukt seg opp, verkar ikkje lenger. Skruene er rusta og filmen rullar ikkje lenger jevnt. Kva skjer då? Då vil min film bli tatt ut. Den vil bli resirkulert, omdanna frå ein stappfull filmrull til ein ny, tom og blank. Og den vil bli satt inn i ei splitter ny maskin. Den kan henda at resirkuleringa av filmen var litt unøyaktig, så ein kan skimta blink av dei tidlegare bileta på den nye rullen.  Slik vil ein del av maskina meg leva vidare og vidare i nye  maskiner i andre kinosalar.

Og slik ser eg for meg Eli som ein film-framvisar. Eg diggar å kunna samanlikna meg sjølv med ting, får då blir det så mykje lettare å skjøna meg på meg sjølv.

Kva er DU for DEG?  

Read Full Post »

bring the world together

Eg er frå Norge. Dette innlegget er på norsk. Det siste eg skriv før dette var på Engelsk. Det siste brevet eg skreiv var til min vertsfamilie i Belgia, men innslag av fransk. Det siste brevet eg mottok var frå Karsten frå Iowa. Den siste personen eg skypa med var  Xianglong Lee frå Kina. Det siste bilete eg «likte» på Facebook var av Nozomi frå Japan. Min neste Skype-avtale er med Carly Jean frå Oregon i usa. Det neste brevet eg skal senda er til Anne Linde frå Nederland.

Sjølv her heima i Norheimsund får eg dagleg kultur-innpust frå alle kantar. Eg føler meg heldig. Slagordet til «Up with people» gjorde sin jobb:

«Bringing the world together!».

Leve folket!

 

Read Full Post »

Alle gode ting er..?

Eg stod på badet søndagsnatt og såg i spegelen, verkelig tilfreds etter den tåplege amerikanske filmen eg såg!

Eg gjer vanlegvis slikt. Å vera vaken unødvendig lenge for å sjå ein film ein veit frå starten korleis skal enda. Nei der går grensa for meg. Søvn og effektivitet er kjerne-ord i måten eg går gjennom mine dagar på. Gå tidleg til sengs, stå tidleg opp, få mykje ut av dagen, gjera gjerne to ting samstunder, kanskje tre om mogleg. Lakka negler, sjå nyhende og og eta frukost er ein fullt gjennomførbar kombinasjon. Av andre er gjerne det å strikka, prata og sjå film ein av dei meir folkevante variantane. Personleg er eg stor fan av ståande måltid, tøya ut og lesa dagens avis-varianten. Alle gode ting er tre, ikkje sant?

Så stod eg der på badet, hadde no fått tannkosten i munnen og skrubba fram og tilbake, og kjente på ei slags stolt kjensle inni meg. Ei kjensle som kom av at eg hadde greid å sjå ein heil film, som ikkje var noko spesielt god(lite rik på kunnskap), på natta når eg burde sova, slengt i sofaen…utan å gjera noko anna nyttig samstundes… Waw så flott, sa det inni meg. Men etter kvart som eg tenkte nøyare over desse orda, kjentes det som om noko skurra.

«Hurra, eg greide å gjera éin ting, og ikkje to eller tre». Finn ein feil…

No skal det vel og merka seiast at det også er mykje eg ikkje kan gjera i kombinasjon. Som å halda ein glidande samtale medan eg lagar mat. Eller å syngja og ta shampoo i håret på same tid. Dette er for meg avansert og krev at ein held tunga beint i munnen. Men når ein ser på det i større perspektivet, den generelle instillinga til livet. Er det praktisk å alltid skulla gjera fleire ting på same stund? Er det dobbel-vinn-til-meg-sjølv-situasjon?

Eg trur ikkje det er det. Eg trur eg til stadighet går i vinn-tap-fella, der tap står i skyggen av vinn som jublar på toppen av medalj-palla. For det er jo så greit å slå to fluer i ein smekk. Ein takkar gud for hand-free og kan dermed ta den-der-telefonen og samstundes få unna husarbeidet. Særleg i travle haust-stunder ser ein effektiviteten jubla på palla.

Men kva skjer når ein kobinerer slike ting som i all hovedsak ikkje høyrer saman i det heile. Kva har neglelakk med frukost å gjera? Jo, ting vert lett litt halveis. Klarar du å vera fullt tilstede i ein samtale om du klypp negler og les avisa samstunes? I såfall er du god. Sjølv gløymer eg at tilstedeværelse er meir enn å ve fysisk til stede.

Når hjernen min er litt her og litt der og litt med deg og litt med ho, så blir alt gjort og levd stykkevis, og ikkje fullt ut.

Noko så enkelt som kjensla av å sitja ned og sjå ein film minna meg på kor godt eg synest det er å gjera éin ting, og gjera det skikkelig:

Å ta kaffi’en i vinduskarmen, ta inn over meg den nye dagen. Å sitja ned å skriva eit dikt. Skriva eit blogg-innlegg utan å svara på alle slags facebook-meldingar samstundes. Øva gitar utan å gå gjennom dagens løp samstundes. Det å få ting gjort i sin heilhet og enkelhet! Mi svakhet, er det som kjem sist og ikkje mist…å vera saman når ein er saman. For nettopp når ein er saman er alle gode ting éin. Nei eg forkastar ikkje bruken av faktorar som forsterkar eller gir ekstra gnist til ei stund. Pizza og film er dømes ein heilt alminnleg laurdags-kombo som me nesten ikkje kan vera utan. Eller gå tur og få siste sladderet frå ei venninne er populært og virkningsfullt.

Og eg vil nok alltid halda fram med å vera stor-fan av effektivitet. Men i den grad eg huksar på det vil eg prøva å ikkje balansera flasker og tomater og venner og gitarar på hovudet samstundes. Er du også like dyktig i slike balanse-spel som meg?

Read Full Post »