Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 2012

Eg ventar…

Eg har så mykje eg vil gjera…at eg ikkje får gjort noko! (kjenner du deg att?) Og grunnen er enkel; eg ventar!!

Om nøyaktig ei veke frå no landar eit fly som eg skal sitja i, i storbyen Dar-es-Salaam (Tanzania, Afrika *gulp*). Det er heilt umogleg å sjå for seg ein sjølv i ein situasjon så ulik den noverande, i så nær framtid. Eg har fått mykje praktisk informasjon om staden eg skal til. Men sett i forhold til det eg veit, er det så veldig mykje meir eg IKKJE veit. For nettopp den kjensla av å vera der ein er, er noko ikkje kan kjenna før ein faktisk er der. Uansett kor mykje eg les om Tanzania, puggar Swahili, lærer namna på borna på barneheimen, sjekkar værvarselet osv… så vil eg ikkje «finna fram til» korleis det vil vera der, og korleis eg vil ha det. Og heller ikkje vil eg vita kva gensarar eg kjem til å bruka mest, kva solfaktor eg vil finna mest praktisk, kor mange par sokkar å pakka, kva farge på klæra som sklir best inn i kulturen…alle desse spørmåla. Desse spørsmåla ein sit med kvar gong ein har ei reise framfor seg.

Det er på dette tidspunktet eg skjønar at eg rett og slett ventar! Med tanke på at eg skal reisa så langt bort (og at eg gledar meg), er det så mykje eg både vil og må gjera no forkamt. Planlegging, ting eg ikkje vi få gjort på tre månadar, og folk som skal møtast. MEN…eg får ikkje til å gjera noko, fordi…eg ventar skikkelig!! Eg går opp og ned trappene, stirrar ut vindauga, tenkjer på at eg burde gjera noko medan eg står her og ventar, spelar nokre få akkordar på piano før eg går lei, lærer meg eit nytt ord på Swahil for så å gløyma det etter eit minutti.

Og eg glor på gulvet. Men uansett kor lenge eg glor på dei upakka tinga og den tomme kofferten, kjem eg ikkje nærare reisa enn nett dei sekundane som går. Eg skiftar toalett-veske eit par gongar, legg til norke ekstra plaster i fyrstehjelps-skrinet, silar ut nokre klesplagg. Så gjer eg det same ein gong til, denne gongen ved å leggja tilbake dei plagga eg tidlegare tok bort.

Venting blir på «wikipedia» forklar som å «stå stille på ein viss stad, vanlegvis for at tilfellet inntreff seinare». Og slik kjens det, som om eg bokstavleg talt står stille på ein stad…og ventar. Det er frustrerande. Men det betyr jo kun ein ting; at eg gledar meg. Ja, eg er spent, er nervøs og ser for meg å bli møtt av store skumle afrikanarar på flyplassen som ikkje let små norske jenter inn i landet. Men bort i frå det:) så gledar eg meg til å lukka kofferten og reisa!!

No gir eg opp. Eg skal ikkje gjera noko som eg ikkje får gjort uansett. Eg skal la meg sjølv venta… venta med vilje!;)

Rot i systemet, eller system i rotet.. eller kanskje ingen av delene

Rot i systemet, eller system i rotet.. eller kanskje ingen av delene

Nokre glimt frå romjula

Våre juledagar ute!

Våte juledagar ute!

Men ski blei det likevel..

Men ski blei det likevel..

..og rosene blømar

..og rosene blømar

Read Full Post »

God jul frå meg

IMG_0092

Juletre i hus

Jula er tradisjon. Jula er mykje ein må, fordi ein vil, igjen fordi ein må. Ein snakkar om jula med smil om munnen og nevner som oftast desse tinga som for akkurat deg høyrer med. Kvar og ein har tradisjonar ein set pris på. Men tradisjonar blir ikkje berre gode ved tradisjonen i seg sjølv. Dei er gode ved at ein har det godt akkurat der og då. Me veit alle korleis ein kan ha ulike kjensler knytt til ei same oppleving. Eg har sjølv hatt år tidlegare der pepperkake-pyntinga ikkje har vore noko stas, eller der julafta berre har vore heilt ok, nettopp fordi sjølv-følelsen ikkje har vore på topp, eller tankane har vore på villspor. Det finnest mange andre grunnar knytt til at ei hending/tradisjon kjennest bra eller dårleg også.

Men i år så smiler eg! Eg har nytt juletrepynting med brødrene mine, ledd av «Hovmesteren» og eg kjenner eg gledar meg til middag og juletregang i morgon. Eg smiler fordi roen har senka seg. Eg smiler fordi eg har eit halvår med jobbing bak meg. Eg smiler fordi eg har bestemt meg for kva eg skal til med neste år. Eg smiler fordi eg er heldig. Eg smilar fordi eg kjenner meg så trygg på mitt raudt-lysande soverom i toppetasjen. Eg smiler fordi eg har mange eg er glad i. Eg smiler til stjernene fordi dei smiler til meg. Og eg smilar med ei tåre i augo for alle dei eg saknar. Eg smilar med eit stikk i hjarta for alle dei eg ber for skal få det like godt som meg. Eg smilar med sommarfuglar i magen fordi eg gruar meg så til dette kjekke eg skal hiva meg ut på snart. Eg smilar og knip augo saman,  fordi verda er så uforutsigbar, fordi ein aldri veit kva morgondagen bring. Mest av alt smiler eg fordi eg har oppdaga at verda er fylt med kjærleik som eg lev i!

Eg speglar meg i jula

Eg speglar meg i jula

No skal eg feira jul med familien. Og når det er over, skal eg gjera andre ting. Men det tenkjer eg ikkje på no. For no skal eg smila og feira jul! Eg skal eta meg mett. Eg skal vera trygg. Eg skal vera varm. Eg skal nyta stjernelyset som skin ned på akkurat meg. Eg skal tenna lys, og gjera varmen om til tankar osm sendes ut i verda….

Eg ynskjer deg og ei god jul med desse ord: 

For et øyeblikks tid er det stille
og fred på den fredløse jord.
For et døgn eller to må de tie
alle trusler i bomber og ord.
Et sekund eller to kan du glemme
at kanskje må jorden forgå.
Det er jul, du har tid til å lengte,
til å høre ditt hjerte slå.
 
For et øyeblikks tid kan vi leve
og leke som søster og bror.
For et døgn eller to kan vi samles
rundt et hjemlig og veldekket bord.
Et sekund eller to kan vi glemme
at kanskje må jorden forgå.
Det er jul, du har tid til å drømme
og å høre ditt hjerte slå.
 
For et øyeblikks tid kan du kjenne
en fred i ditt fredløse sinn.
Men du har ikke lov til å glemme
alle inntrykk som presser seg inn.
Et sekund eller to kan det vare
før jorden går under i brann.
Ditt urolige hjerte skal banke
for fred mellom alle land.
 
For et øyeblikks tid skal du knele
for fred på den fredløse jord.
Dine døgn skal du vie til kampen
Mot bomber og krig og mot mord.
Det er menneskets fremtid det gjelder!
Til sist vil du kanskje forstå,
i en stall, i en fattigslig vugge
du hører Guds hjerte slå!
 
Sigvald Tveit & Eivind Skeie

Read Full Post »

IMG_0100

-Klar luft gjev klare tankar-

Eg har gleda meg. Eg har gleda meg grenselaust til å kunna skriva dette blogginnlegget. Ikkje nødvendigvis av den grunn at alle dykk skal få vita det eg har på hjarte…men, fordi det betyr at då eg har bestemt meg!

Eg har fundert, og tenkt, analysert meg sjølv, prøvd å spådd tida, prøvd å spola tilbake tida, meditert, bedd, spurd bamsen om råd,  vore ubestemsom og frustrert… Og spørmålet var; Kva byr framtida på? Kva skal eg gjera no?

Eg har lidd under kobinasjonen av luksus-syndroma alt-for-mange-valg og alt-for-mykje-eg-vil. To velkjende fenomen i vår del av verda. Valg burde ikkje vera anna enn positivt, men ein ser til stadigheit at det for mange  kan verta litt mykje. For min del ser eg med takknemlighet på alle moglegheitar eg har. Også det at eg har så mykje eg vil gjera, burde takkast for. MEN, når eg vil gjera ALT PÅ EIN GONG…då er det ikkje lenger lett. Så byrjar ein å planleggja livet, setja ting i rekkjefølge, sjå kvar den eine og andre stien ledar til. Dette gjer eg, sjølv kor godt eg veit at eg ikkje slår framtida i kappløp. Livet går sin egen vei. Det kan plutseleg, heil uventa, ta u-svingar, eller kjøra snarvegar eller omvegar. Men viktigast er vel det at alt eg gjer, vil på ein eller anna måte utvikla meg. Det vil gje nye impulsar og tankar, som dannar grunnleg for kva som no står for tur. ..

Det eg gjer, som eg for så vidt har gjort dei siste to åra, er å ta eit semester om gongen. (Litt planlegging må vel og merke til med tanke på økonomi, søknadsfristar og anna ansvar). Og det semesteret skal vera noko eg VIL og som gjev meg glede… og kva eg eg etter det kjenner at er rett å ta seg inn på, det gjenstår å sjå…når den tid kjem!

So what is up?

Malawi

Malawi

Den 5.Januar 2013 reiser eg til Tanzania (!!!!). Etter 6 veker der går turen til Malawi (!!!!) som er eit lite land innanfor Tanzania. Her skal eg bli til 10.April, då eg vender nasa heimatt. Eg skal arbeida frivillig gjennom organisasjonen «Help2kids» (www.help2kids.org) som har virke i desse to landa i Afrika. Her driv dei barneheimar og skular, hjelp til på medisin-senter og sjukehus, så vel som å vera saman og leika med borna. Nøyaktig kva eg skal gjera veit eg ikkje enno, men det inkluderar truleg arbeid på barneheimen og skulane(kofferten skal pakkast av skulebøkar, pennar, klede etc). Begge områda er prega av fattigdom, mangel på helseteneste, og med mange foreldrelause born. Kun 2% av befolkninga i Tanzania har elektrisitet. I Malawi lev dei på fiske og jordbruk.

Malawi

Malawi

Det vert veldig spanande å reisa ned til dette som me «har sett på tv og liksom veit kva er»…å sjå det med eigne augo, og bli ein del avdet!! Eg ser fram til mange nye inntrygg, både på godt på vondt.

Tanzania barnehjem

Tanzania barnehjem

Eg kjenner meg heldig med tanke på alt eg har fått opplevd til no. Og no som valget er teke, kjenner eg det kriblar med tanke på det nye eventyrer eg skal inn i. Og ikkje berre er det eksotisk og varmt…men det er noko eg brenn for, noko eg ynskjer å arbeida for i framtida! 

Kwaheri !!!

Read Full Post »

«Inni er vi like»

Leiter ein så finn ein.

Søkjar eg i menneske og livets detaljar vil eg finna mykje ulikt. Akkurat som me har lærd frå fødselen av, me er ulike og unike. Me er alle oss sjølv. Men eg har funne at denne type tenking, som i hovudsak er kjernen i livet og som gjer livet så vart, også er det som set veggar mellom oss.

We're all human

We’re all human

Har du tenkt på, at det å fokusera på ulikskapar gjer perspektiva så små og verda så stor. Det er ulikskapar som kan få ein person til å kjenna seg uvel ein stad, kjenne seg heime, kjenna seg rådvill eller kanskje rådande. Det kan føra til dømming, til rangering og diskriminering. Eg snakkar både detalj-nivå, som i eit klasserom, i familien, i bygda eller i venne-gjengen, men også i større grad; ulikskapane mellom folkeslag, aldersgrupper, og liknande. ”Me har ulik hobby.  Me bur ikkje på same stad. Ho går med Burka. Han er svart. Dei er protestantar. Alle amerikanarar er slik” Skjønar du kva eg meiner? Slike små forskjellar kan få oss til å setja fokuset vekk frå andre personer eller grupper, eller til å fokusera negativt og diskriminera. Som sagt, å vera bevisst på eiga identitet er viktig. Men det er ein forskjell på å fokusera på eigen identitet, framfor å setja merkelapp på andre sin identitet. For eit fokus på det som er forskjellig mellom meg og det, vil gjera meg blind for det som er likt…det som er likt mellom menneske. Me ser mykje av dette i verda. Men eg trur at på dagens mangfaldige klode er behovet for å ”finna seg sjølv” stort, noko som gjer det vanskeleg å halda balansen mellom kven ein sjølv er saman med andre, og kven ein er til samanlikning med andre.

Men så skjer det noko. Noko som treff oss i magen, og i hjarta, som eit slag frå himmelen. Noko som set kjensler i spel. Medkjensle. Kjærleik. Omtanke. Forståing. Kanskje vert fleire fly styrta inn i to høge bygningar i USA. Kanskje vert nærare hundre menneske drepen på ei lita Øy utfor Oslo. Kanskje vert 27 uskuldige drepen på skulebenken i Connecticut…

Så sit det menneske i verdas mange hjørne og kjenner på akkurat same kjensla. Dei veit om kvarandre og kjenner ei nærleik. Kjenner at ei mor er ei mor. Kjærleik er kjærleik. Sorg vil vera sorg. Omsorg er omsorg….uansett kvar ein er eller kven ein er.  Og alt det er ubetydeleg. I denne vetle landsbyen i det fjerne landet som er så ulikt det du nokon gong ville tenkja deg å besøkja, er det menneske som kjenner same stikket i hjarta som deg.

Og det er på same måte som dette at venskap kan gro, familiar held saman, forståing kan oppstår. Ved å få innpass, i eller sleppa andre inn i det ekte, som er inni oss. For som me lærde på barnehagen; ”meget er forskjellig, men inni er vi like”.

Me sit kvar for oss, unike og ulike. Men alle er me menneske, og det må me ikkje gløyma!

Tre av menneske

Menneske

Read Full Post »

IMG_0086

🙂

Ein iskald vinter-desember-solfylt morgon, og eg er var sjuk. Endelig. No hadde eg venta så lenge på å bli sjuk, så eg kunne ligga i senga å dra meg utan verken press eller trang eller lyst til å gjera noko som helst anna. Medan sola strålte nytt og vakkert liv utanfor låg eg sjølv drukna i ei bok innandørs. Boka heiter «Oscar of den rosa dama», skrive av Eir-Emmanuel Schmitt. Gjennom tankane til 10 år gamle og kreftsjuke Oscar møter ein her  kvaragsfilosofiske tankar kring tema som livet og døden. Anbefaling!
Her er eit utdrag:

– Rose-bestemor, jeg har på følelsen av at det bare er helt spesielle ting som står i Medisinsk Ordbok, problemer som kan ramme den eller den personen. Men det står ingen tingom det som angår alle: Livet, Døden, Troen, Gud.
– Du burde kanskje heller se på en filosofisk ordbok, Oscar. Men selv om du finner ordenen du leter etter der, er det fare for at du blir skuffet. For der foreslår de flere forskjellige svar på hvert begrep.
– Hva kommer det av?
– De mest interessante spørsmålene er og blir spørsmål. De rommer et mysterium. Til hvert svar bør man føye til et «kanskje». Det er bare universante spørsmål som har et engdelig svar.
– Mener du at det ikke er noe løsning på «Liv»?
– Jeg vil si at på «Liv» er det flere svar, ikke ett svar.
– Det jeg tror, Rose-bestemor, er at det ikke fins noen annen løsning på livet enn å leve.

«Oscar og den rosa damen» av Eric-Emmanuel Schmitt:

images

 

 

Read Full Post »

Stemning i desember?

«Nå har vi vaska gølvet» osv…

Desember i usa i fjor. Det var saker der.

Desember i usa i fjor. Det var saker det.

Desember er i gang. Med fakkeltog, juletregang og kald gløgg så vel som forfrosne fingrar vart julegata åpna i går. Det var ei rar kjensle å som snart 21-åring, gå hand i hand rundt det store treet, saman med små born og vaksne eg ikkje kjenner. Men jammen sat det stemninga på plass.

Det har seg slik at dette med juletemning har ein tendens til å dabba litt av når ein går ut av barnåra. Mine vener uttalar seg stadig slik: «eg har ikkje julesteminging i år, alt var så mykje koseligare då eg var liten». Det er sant det, me drøymer oss nok alle tilbake til dei barneåra då julekalenderen på tv framleis var skummelt og sjølv ein cm snø var meir enn nok til å laga skihopp av. Men etter mi meining forsvinn ikkje stemning, ho berre har ein tendens til å gjøyma seg litt bak alt anna som fyller opp dagane våre. Ein må leita litt meir, og åpna opp for å finna ho på stadar ein gjerne ikkje hadde rekna med å finna ho. Julestemninga kan gjerne bli litt meir påpressa enn tidlegare, fordi ein leitar så iherdig. Eg har sjølv kjend meg litt uvel når ein «skal laga pepperkaker akkurat då og då med akkurat den musikken på annlegget fordi det er då ein alltid gjer og då ein får stemning». Det er som ein tvingar sin eigen kropp til å kjenna ei god kjensle. For somme fungerar det, andre ikkje.

Eg gjekk inn i den nye månaden med glede over at desember var i gang, men utan å forventa å skulla finna den varmen som barne-jule-gleda gjev. Men så bestemte eg meg i går for å faktisk gjera noko for å finna min eigen juleglede i år. Og tross omsteninghetane  reiste eg i kyrkja med mor og mormor og såg framande konfirmantar bera lys, eg gjekk åleina i vakkeltog blandt glade familiar som kribla rundt på alle sider, og eg gjekk rundt treet og sang for full hals medan skulemusikken spela falske tonar i bakgrunnen. Eg såg for meg venene mine som bur i byen, kor dei kosar seg saman og ser på fyrverkeri, kanskje tar eit glas vin etterpå. Og her står eg krøka mellom snåttet barn og vellykka foreldre, og med mine to eigne foreldre glisande frå sidelinga…virkelig på blåbærtur.

Jul

Dette høyres forferdeleg negativt ut ikkje sant? Det var akkurat det det ikkje var. Eg merka etter som minuttane gjekk at eg fekk litt vondt i glise-musklane. Eg kunne ikkje anna enn å le, der eg stod pressa blandt mengden. Eg såg at denne jule-seansen no er noko heilt anna enn då eg var liten. Det er ikkje lenger noko eg vil gjera fordi nissen og treet er der, men noko eg faktisk liker å gjera fordi eg likar felleskap, eg likar jul, og eg likar gløgg, sjølv når den er kald. Ja, der var stemniga, på ein heilt anna måte enn eg har kjend tidlegare…men det var berre flott!

Kanskje har du også fått julestemning? Kanskje ikkje? Då får det bli ei anna stemning for deg. Haust-stemning? Det er ikkje så verst det heller. Kanskje stress-stemning? Då siterar eg frå gårsdagsens episode av barne-tv der barnefaren overbevisande uttala «Julestresset med vasking og baking, det er jo det som er julekosen». 

Stemning eller ikkje, desember er i gang, så får me sjå kva som dett ned i hovudet på oss. Kanskje tre nøtter dersom er me heldige…

Read Full Post »