Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2013

Prosjekt Wamata

Wamata Schul er ein skule som Help2kids tidlegare har arbeidd på/med.

Den siste tida har skulen gått dårleg, og vedtok nyleg at den skulle leggast ned. Grunnen var mangel på lærarar og ressursar generelt. Området består av éin lang bygning av sement, delt inn i mindre rom for kvart klassetrinn, i tilegg til norke brakker brukt som lærar-rom. Eg spurde etter toalettet i dag. Etter ei stund med forvirring(som om det å gå på do midt på dagen var eit nytt fenomen) vart eg leda bak huset, over ein søppelhaug og rundt eit gjørne, til eit hol i bakken. Det er så sprøtt at dette er ein skule. Fargelause klasserom og veldig enkle kår. Men borna har i alle fall ein skule å gå til. Det er mange skular i området her, men også mange born. Klassane blir fort store, og timar kan enklet foregå utan lærar.

Dette har vore tilfellet på Wamata skule. Dei trong lærarar og ressursar. Help2Kids har no bestemt å «investera» i skulen, og la det bli ein del av deira prosjekt. Fyrst og fremst gjev dei økonomisk støtte, så skulen ikkje blir lagd ned. I tillegg er me to stk som kvar dag skal vera lærarar for Standard-1 elevar i ein skuletime. Dette er ikkje mykje, men i følge læraren i klassen er det til stor hjelp.

Eg hadde min fyrste time i dag.

Elevane er ca 5 år. I like uniformar på rekke og rad, var dei ivrige då me kom tre Mzunguar inn i klassen. Når ein er lærar for born på denne aldreren er det vanskeleg å sjå at det ein gjer har noko stor nytte, i forhold til læringa. Sjølv synest eg dei er alt for små til å skulla læra å skriva på engelsk. Det er som å plasera små barnehageungar på skulebenken. Men, det å synga «hode-skulder-kne-og-tå», eller «when you’re happy and you know it», med bevegelsar, er både annleis og morro for desse småtassane. Eg gledar meg til å vera der kvar dag den siste 1,5 veka eg har att her(som tida flyr). Det skal så lite til å for å gleda ungane. Og viktigast av alt, den støtten denne organisasjonen gjev til skulen betyr at over hundre born slepp å gå skulelause!!

 

 

 

 

 

på veg til butikken

på veg til butikken

På stranda med god-gutta frå barneheimen!

På stranda med god-gutta frå barneheimen!

 

beach-time

beach-time

 

Read Full Post »

Kvardagen flyr..

Eg har allereie vore her i tre veker! Den fyrste veka gjekk svært sakte, noko eg trur er eit kjent fenomen.

Så mange inntrykk og mykje nytt å ta inn over seg.

Haika :)

Berre etter éi veka visste eg ufatteleg mykje meir om Tanzania enn eg gjorde før eg reiste. Så kjem veke to og veke tre, og mengda av ny informasjon avtar sakte men sikkert til eit lavere nivå. Når sjølv dagane i Tanaznia blir rutine må ein minna seg sjølv på at det framleis er nye ting å læra berre ved å observera omgivelesen.

At kvardagen her er blitt rutine er ein godt ting. Frukost, lusnj, barnheim og middag er mine faste haldepunkt. Tross dette har me også mykje tid som kan brukast på akkurat det me vil. Men for å vera ærleg blir det ein vil ofte nedprioritert bak det å gjera ingenting. Dersom eg vel å bruka formiddagen på stranda, trenings-senter, handling eller andre utflukter, betyr det hovudverk og kanksje feber når arbeidsdagen byrjar kl 3. Ja, varmen og sola er så sterk at halv dag er meir enn nok og 9 timars søvn er langt i frå nok.

IMG_0673

Eg forelskar meg stadig.

Men som sagt, rutine er bra. Eg trivs med å syklar til berneheimen kvar dag. Eg trivs med å vita  korleis å forhalda meg til folka og området, og å ikkje lenger sjå «så Mzungu-tursit» ut. Eg trivs med å kunne utveksa nokon svært få, men nyttige, ord på Kiswahili. Det er derimot ikkje særleg stas å ikkje forstå kva som blir sagt når ei gruppa menneske står og tydlig ler og snakkar om deg. Andre gongar er det veldig greit at eg ikkje forstår. Eg nyt å fast dysja to gonger om dagen, tross at svette ren før ein har rukke å tørka seg ferdig. Eg er nyt daglege turar på markedet, og ikkje minst at me har tilgang på det me treng av mat. Som oftast ender det opp med alt som inneheld veldig mykje sukker eller veldig mykje salt, som eit svar på kroppens rop etter energi. Og eg trivs med nye vener som allereie er gode vener.

Eg har kun to veker igjen her, før mammo og pappen kjem ned for ei 2 vekers ferie. Safari og Zanzibar! Eg smilar med tanken. Tida har gått så fort, og kjem til å gå minst like fort dei neste to vekene. Som oftast sukkar ein når ein kjem med slike utsagn om kor tida flyr. Men eg synest faktsik det er heilt ok..for meg er denne livs-stilen god for ein periode.

Eg har fundert på dette. «Du må læra deg å slappa av» seier folk. Det skal liksom væra så bra for å oss å senka skuldrene og ikkje bry seg om å gjera så veldig mykje heile tida. Det er mykje sanning i det, og her eg er no har eg ikkje anna valg enn å faktisk berre vera til stede og ta ting i det tempo(skilpadde) som ting går i. Eg prøver verkeleg hardt, men vel likevel å tru at ikkje alle livsstilar passar alle folk. Eg likar det eg gjer her, eg likar Tanzania, og ikkje minst er eg FASINERT over dette landet. Men eg likar også tempo, å vera travel, og likar desto meir å nyta stille stunder inni mellom det å vera travel. Meir enn nokon gong kjenner eg kor mykje eg likar musikk og dans, som det er lite av her.

Dar es Salaam city

Dar es Salaam city

Missforstå meg rett, å vandra rundt her i Dar es salaam er ei oppleving er heldig å få. Samstundes er det fint å finna ut kva som passar meg og ikkje.

South beach

South beach

Read Full Post »

Help2kids Orphanage

Barneheim

Barneheim

Hep2Kids har fleire småprosjekt både her i Dar Es Salaam og i Malawi. Hovudpresjektet, som krev mest resursar, arbeid og planlegging, er «Help 2kids Orphanage».

Organisasonen driv ein barneheim for til saman 31 born som på ulike vis har mista foreldra eller blitt plassert på gata. Dei fleste av borna går på vanleg skule som andre born, men bur på barnheimen. Her får dei mat av «the mamas», dei får reine klær kvar dag, dysja, dei får leika både med kvarandre og med lageret av spel som frivillige har teke med, teikna, lesa, læra…

Mama Lea and the kids

Mama Lea and the kids

Denne borneheimen er faktisk drive så bra at me som frivillige ikkje kjenner at dei treng oss der, alt rullar og går av seg sjølv, og borna har det svært bra. Dette er i seg sjølv ein god ting, men litt rart for oss som kom for å gjera ein forskjell.

Likevel, det er alltid noko å gjera! Mange av borna slit på skulen. Fleire av dei går på engelsk skule og forstår ein del, men kan ikkje skriva. Kvar dag får fleire av dei difor induviuell undervisning av oss. Sjølv har eg éin time kvar ettermiddag der eg skal læra Dotto å skriva og lesa. Ho kan forstå ein del og ho kan alfabetet på rams. Men å kunna skriva enkle ord som woman, girl, tomato, cow er ho langt i frå å kunna. Denne eine timen eg har med Dotto kvar dag er strot sett det eg MÅ gjera her. Det er utrfordrande, kjekt, og så utrulig viktig.

Det er stort sett på denne måten borna her treng hjelp. Nokon er veldig flinke, men har ikkje råd til å gå på ein skule som passar deira nivå, andre treng mange ektra-timar med hjelp. Nokon  treng meir oppfølging for ein genrell personleg utvikling.

Dei får gjort mykje flott her på barneheimen, og som sagt ville det gått heilt fint om ikkje eg var her også. Men likevel ser eg at me kan gjera mykje for dei enkelte, og det er det eg vil jobba med dei neste 3 vekene, før ferda går vidare.

Tembo elephant

Tembo elephant

Ellers leikar me myke med borna, me tek dei gruppevis med på stranda, me malar gjerdet, og har data-timar med dei.

Dei elskar å bade, og synest det er ekstra stas å få lov å bruka baderingar.

Dei elskar å bade, og synest det er ekstra stas å få lov å bruka baderingar.

Read Full Post »

Prosjekt Kunduchi

Eg skal til Afrika, seier ein, sjeldan meir detaljert. Ein ser for seg små murhus, barn av ikkje anna enn skinn og bein, og eit samfunn der dagens mål er å finna mat for dagen. For det er dette me høyrer om, og som ein knyt til Afrika.

Strand

Strand

Så går eg plutseleg i Dar-es Salaam. Bilar susar i alle retningar til alle døgnets tider, kjøpesenter, internett med betre dekning enn eg har vore borti tidlegare, skyskraparar… Eg kjører litt ut av sentrum, og supermarknad vert erstatta av marknad og damer langs vegen som sel ferske chaphati og brune bananar. Born som står klare i skuleuniformen kl 6 om morgonen, og livlige gater frå morgongry til lenge etter solnedgang. Store kvite hus kombinert med små tre-hytter, som tyder på stor skilnad i rikdom. Fenomenet ”fattig” får ny betydning.

fiske

fiske

Så kjører eg enno ti minutt lenger opp langs kysten og endar opp i ei lita bygd. Kunduchi. Berre ti minutt, og så er alt forandra. Dette var det eg hadde sett for meg. Her er småbutikkar med brus, sandalar, brukte dongeribukser. Men utanom dette har dei stort sett det dei har, og det dei har er det dei skaffar seg sjølv i sitt vetle samfunn. Mennene  fiskar, kvinnene lagar mat og sel til kvarandre, ungdommen ligg slengt under eit tre, og borna traskar rundtom. Få vaksne snakkar engelsk, og ikkje mange av borna går på skule. Det er strand, utallige fiskebåtar, sand, stein og buskar. Det er så vakkert… men samstundes stå traust. Det er så rart å sjå ein slik livs-stil. Også her kan ein få intrykk av at ”kanskje dei ikkje er så fattige”, for kvardagen får dei til å gå. Men med berre litt inside-information, ser ein at levebrødet er knapt for mange.

A  B C

A B C

Det er her i Kundushui me har eine prosjektet vårt og nokon av oss hjelp til med engelsk undervisning, i det som skal førestella skulen deira. Dei har no lærd A og B og C, å telja til 12. Borna er frå 2- ca 6 år, altså i ein alder der undervisning på Swahili ville vore vel så nyttig. Men berre å vera med borna og gjera landsbygda bevisst på undervisning, på at det er meir å læra og leva av, er veldig viktig i seg sjølv. Det er på slike stadar det trengs tiltak, og eg er glad for å kunne vera ein del av eit slikt tiltak.

 

Teacher Eli

Teacher Eli

Unapenda Schul?

Unapenda Schul?

Pause

Pause

Då eg kom heim og utslitt og varm kunne ta ein kald dusj, skjøna eg kor mykje ting eg har. Sjølv her i Tanzania, i dette enkle huset der straumen går kvar dag, og hundane og myggen et oss opp, undertøyet må vaskast i dusjen, og privat-sona mi består av ein kvadratmeter(kofferten)…at sjølv her, har eg utrulig mykje. Ungane i Kundichi har ikkje ein gong blyantar til å skriva med, og ikkje kan me gje det til dei, då vil truleg foreldra selja dei. Den halve koppen med graut dei får på skulen kan vera einaste maten dei får før kvelden kjem. Mange lev 7 stk i eit rom.

Trange kår, bokstavleg talt

Trange kår, bokstavleg talt

Likevel må eg stadig spørja meg sjølv, kor gale det er? Kor fattige er dei eigentleg? Eg greier ikkje heilt å analysera byen. Når småjenter kjem i fine prinsesse-kjolar på skulen, men ein veit dei ikkje har mat…då er det noko som ikkje stemmer. Og kor godt har dei det? Er dei nøgd med livet slik det er, fordi dei ikkje veit kva dei ikkje har?

Eg gleder meg til å skulla jobba vidare og forhåpentlegvis forstå meir av den lokale kulturen der. 

Read Full Post »

Gå åleine

«Ikkje gå åleine»…

råd nr 1 dei fleste vil gje ein person som skal reisa til land som Tanzaznia. Eg har eit betre råd tilbake; «gå åleine, med åpent sinn».

Gjennom mine mange reiser prioriterer eg alltid å gå turar. I travle dagar er det som oftast morgonen som passar seg best for åleinatid og utforsking. Eg har funne at det å gå turar åleine ikkje berre er ein god måte å bli kjend med område på, men den beste måten å koma i kontakt med lokal-befolkninga på…(på godt og vondt).

Morgenstund har gull i munn

Morgenstund har gull i munn

 

Kvar morgon går eg tur på dei hompete vegane ved Mbezi beach, eller syklar ein tur til stranda og ser sola stekka seg mot himmelen. Det er på denne tida av døgeret, når verda vaknar til liv, at ein virkelig ser kulturen og kjem i kontakt med lokalbefolkninga. Ein ser fruktbodar bli stilt opp klare for dagens salg, damer som varmar baksteoven, born trippande i lang rekke til skulen i matchande uniformar, masai-folka som avslutta bønnesangen og jagar geitene ut på gjordet, mødre som nyt stillheita før kvardagsrutinene byrjar.  Å vandra åleina åpnar for kontakt med andre. Om folk byrjar å snakka, kan eg ta meg tid til å stoppa å sei at eg ikkje forstår dei, framfor å traska vidare som ein overlegen Mzungu. Eg kan sei Napenda Tanzania, Habari Nzuri, how are you little girl? Unapenda schul? Eg kan halda samtalar utan å skjøna eit ord av kva som vert sagt. Og eg får møtt alle typar menneske.

Eg elskar morgon-turane mine, eg føler eg får sjå noko som mange andre går glipp av.

Mbezi beach

Mbezi beach

Annbefaling!

Read Full Post »

Jess eg overlevde

Vakten vår Edward, har «fiksa» syklane her. Så, i dag har eg overlevd min fyrste, OG min andre, sykkeltur i gatene i Mbezi beach. Det er verdt å feira. Meir enn det treng eg vel ikkje sei om trafikken her? Eg gledar meg til å overleva mange fleire sykkelturar.

Morgentur i soloppgang på knirkande sykkel

Morgentur i soloppgang på knirkande sykkel

Tur til markedet i Africana. Crazy. Å ikkje bli påkjørd her, på denne hompete vegen er også ein seier i seg sjølv.

Tur til markedet i Africana. Crazy. Å ikkje bli påkjørd her, på denne hompete vegen er også ein seier i seg sjølv.

Best av alt må det vera å overleva 3 timars arbeid i hagen. Eg og Paula gravde opp eit heilt hageområde og laga fine remser som me skal så grønnsaker i. Mama Grace sat å lo, men gjett om me var stolte!!

Aldri har eg vore så svett og skitten på same tid.

Aldri har eg vore så svett og skitten på same tid.

Velfortent har me fått litt tid på stranda.Den offentlege stranda er sterkt prega av søppel, og passar seg heller ikkje for turistar som ynskjer å gå lettkledd. Me betaler oss derfor inn på White Sands Resort for 5.000 chillings der Mzunguane godtar seg. Eller me betalar betratleg meir og får reisa ut på ei nærtligjande øy. Begge desse stadane er ferie-paradis utan like, men med preg av afrikansk mat-meny (pommes frittes) og service. Vatnet er varmare enn i eit badekar, men går me ein 5 minuttar s tur utover, så kjem det seg.

White sands beach

Solbrendt og kanskje litt «utbrendt» av hete… men bading må det bli. 

White sands beach

White sands beach

Dette er ikkje ei plasti-stjerne, men ei ekte sjøstjerne funne på stranda!

Dette er ikkje ei plastik-stjerne, men ei ekte sjøstjerne funne på stranda!

Turistar ryddar veg mot/på stranda.

Turistar ryddar veg mot/på stranda.

Båt-tur. JA

Båt-tur. JA

Endeleg fekk eg FISK. Det blir ete så mykje fisk her, men den kan ikkje kjøpast fersk p kvart hjørna, og blir ikkje servert til middag her. MEN i dag vart det fish and ship til lunsj. Og her ser fisken slik ut når ein et den. Filét-stykke? Det har nok få høyrd om.

Karakter 6, på fisken i alle fall.

Napenda sana chakula hiki

Kwa heri !!!

 

 

 

 

 

 

 

 

Read Full Post »

Mambo frå Tanzania

White Sands beach

White Sands beach

Dei fyrste dagane i Tanania hadde eg ikkje tilgang på internett, noko eg synest var heilt flott. Fyrst og fremst fordi eg ikkje kjenner noko behov å ”mentalt vera andre plassar enn her”, men også fordi eg ikkje vissta kvar eg skulle byrja og kva å fortelja.

For..

Korleis kan ein forklara kjensla av å vera i Tanzania? Korleis forklara landet? Eg trur det er så enkelt som at korleis noko kjennest rett og slett må kjennast sjølv, det kan ikkje forklarast. Men med ein gong ein er der sjølv, så kjem kjensla. Då vert det heilt sjølvsagt at ”slik er det”.

Dar es Salaam – Kvinner som balanserer kjeler og klær på hovudet. Bajaji’ar (tre-hjuls-taxiane) som susare sikk-sakk forbi kvarandre på den sida av vegen som passar dei best akkurat då. Marked og bodar og forsøk på butiakkar gatelangs. Frukt, grønnsaker, sandalar og lokal mat. Bønner&ris. Kuer (gut med lang pinne gåande bak). Svette arbeidande menn på jordet. Oversvømte vegar. Sykkelande menn med 40 pakkar egg og melkekanner, hopmande så melka sprutar. Søle. ”Mzungi”. ”How much? Elfa mojo? No, no too much”. Dette er alt ein del av kvardags-kulturen.

Bajaji

Bajaji

Etter kun 3 fulle dagar i landet, må eg vera forsiktig med å uttala med. Men, likevel, for meg er det tydleg at det som er kjernen i levemåten som tydlegast kjenneteiknar kulturen er venting. Delvis med grunnlag i korleis  det offentlege systemet verkar. På poitistasjon, flyplass, butikkar, stadar der ein skal fiksa ting, hører det med ein times venting der éin mann arbeidar og fem andre står og ser på. Men enno meir karakteristisk er gjerne den venting som kjem av at det ikkje er noko anna å gjera. Ein opplært avslappa haldning til kvardagen. Det verkar som alle berre lever. Medan me i Norge lev for å heile tida oppnå noko, er livet her noko som berre skal levatst. Ein mann på gata sa det slik at livet er å eldrast saman med familie.

På veg heim frå markedet

På veg heim frå markedet

Det gir meining. Eg trur at også i Norge og andre land kan dette vera grunnprinsipet i livet for mange. Men likevel vert me distrahert av muligheten til å gjera så mykje anna enn berre ”vera til”, og får dermed ein anna måte å leva kvardagen på. Tross kor lite eg likar stess-livet heime, så appellerar ikkje denne Tanzania-kvardagen til meg. For meg som likar effektivitet og tempo vil nok ein periode her vera nok. MEN det fasinerar meg veldig. Det set min eigen kvardag litt i perspektiv. Eg samanliknar med mi siste veke heime der det var ein million ting eg skulle og ville gjera, og deretter ein million nye ting. Alt gjekk i eitt, og når det ikkje var meir å gjera så gjer eg noko likevel. Så går eg her no, dillande i gatene og ser dei same folka sitja på krakken sin dag etter dag å selja chahoti til passerande….

Gatevandring

Gatevandring

Tross kor mykje eg observerar  alt som hender rundt, så er det liksom ikkje eg som er her.

Det er ikkje eg som vandrar på raudsandete vegar i Afrika-buksa. Sjølvimprignert i myggspray. Det er ikkje eg som vandrar rundt på marked saman med nye vener, som prutar på Bajatien. Ikkje eg som kjøper fersk Ananas og balanserar den på hovudet(eit tappert forsøk som endar i ananas-saus) heimover. Eg skjønar det ikkje, alt kjennest så vanleg. Burde eg ikkje vera litt i eksatse mine fyrste dagar i Tanzania?

Barneheimen drive av Help2Kids

Barneheimen drive av Help2Kids

Eg trur dette er ein god blaning av hete-sjokk, etter-reise-feber, og kultursjokk som i ein god miks lammar hjernen til å skjøna heilt kva det er eg ser. Eg håpar at tid og tilvenning vil få meg til å vera ikkkje berre fysisk men også mentalt tilstede i Dar es Salaam!!

Read Full Post »