Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2013

Mange vil påstå eg tenkjer og tolkar for mykje. Men eg elskar å tenkja, å få orda på ark og kunna lesa mine eigne tankar etteropå. Stundom vert det veldig store ord og det kan verka overveldande og kanskje litt klisjé aktig. Men det kan også føra til bestemmelsar som denne:

tenketenk

tenketenk

Det er ein eigen kunstgren, utan sidestykke. Det krev øving og feiling gong på gong for å til slutt kunna meistra. Å kunna skilja hjarta frå tanken. Å ha evne  til å sjå det som er ekte framfor det ein trur er ekte. Å skilja det ein vil frå det ein trur ein vil, det eit ynskjer frå det ein trur ein ynskjer, det som er rett frå det ein vil skal vera rett.

For nokon er det ikkje så viktig, hjarta og vilje er same sak, og kan gje same kjensle av fullkommenhet. For meg er forskjellen så vesentleg som dag og natt. Om eg og hjarta er på ulike reiser, vil eg verka som ein brønn utan vatn eller lyspære utan elektrisitet. Kjelda til det eg har å gje vil vera borte, lageret tomt. Kva kan eg då gje? Kva står eg att med?

Eg kan ta i bruk viljen, tankekrafta og leva med forventingane rundt meg. Eg kan oppnå kunnskap, laga historier, få erfaringar, vener og smil om munnen. Men om eg vel ein anna veg enn hjarta og ikkje greier flytta det til meg, så vil eg ikkje kunna kjenna lykke. Det vil ikkje sprudla inni meg, sjølv ved det som burde få ein kvar person til å sprudla berre ved tanken. Eg vil kjenna at noko manglar, og vil stadig vera på leit. Eg gøymer tomheita bland oppdikt travelheit.

?

?

Men alt det skjønar eg ikkje før eg tilet meg sjølv å drøyma utan begrensningar. Å la tankane gå akkurat der dei ville gått i ein draum. Det er slik eg har oppdaga at det eg gjer no, er noko eg vil, men ikkje det hjarta lengtar etter for øyeblikket. Det freistar å oversjå denne kjensla, det ville vore det lettaste. Men samstundes kjennest det så godt å meistra å skilja hjarta frå viljen. Eg kan no setja kursen mot det eg kjenner får meg til å dansa innvendig ved tanken. Kanskje er vegen krunglete og lang, ikkje den viljen ville velja. Men når eg no har greidd å avsløra kvar hjarta mitt hadde tatt flyet..så må eg satsa og håpa at eg kan møta det der eg trur.

Det er med dette som grunnlag at eg har vald å avslutta mitt opphald i Afrika ein månad før tida. Eg reiser heim i staden til Malawi, som var planen i utgangspunktet. Eg har prøvd å skulda på økonomi og sjukdom og meir med, som sjølvsagt er medverkande… men eg må innrømma at det i hovudsak grunnar i kjensla at det er rett for framtida å reisa heim no. Ein grundigare forklaring gjev eg gjerne over ein kopp kaffi heime i Norge.

Godt brukt kvardagsfilosofibok

Godt brukt kvardagsfilosofibok

Advertisements

Read Full Post »

Safari

5 dagar, 4 netter med familie, vener og DYR, i dei flotte områda nord i Tanzania.

Utsikt over Ngorongoro-krateret.

Utsikt over Ngorongoro-krateret.

SAFARI! Ordet gjev assosiasjonar. Faktum er at på ein måte er Safari akkurat slik ein ser for seg. Safarihatt, humpete vegar som ledar mot ingenting, store bilar utan tak, kamera med lang linse, camping, lydar om natta, griserosa-brendte fjes, halv-engelsktalande guidear. Samstundes gir det ein ser ei kjensle som ikkje heilt kan forklarest, men eg skal prøva.

Me ser løver, zebra, elefantar…dyr som for så vidt kunne vært oppspinn eller fantasi etter som eg aldri før har sett dei. Ved å sjå dei med eigne augo kun meter unna får ein bekrefta at dei fantastiske eksisterar. Elefantane er så store som på bilete, og minst like rynkete. Løva bevegar seg roleg og smidig akkurat som på ”løvenes konge”, med det same trygge uttrykket i anletet. Giraffen stekk seg lang i nakken mot himmelen og kanskje skikkar med eit litt forvirra blikk bort på oss raringane som knipsar i kor. Hyenen er faktisk ikkje så fine. Og zebraen, tru det eller ei, er faktisk stripete. Sjølv ein Gud må ha hatt ei utfordring med å skapa noko som av naturen har slike striper. Men sant skal seiast at det er eit av dei vakraste dyra eg har sett.  Flodhesten svømmer luskent rundt i dammen med kun augo over vatnet, skuar forsiktig tid sidene. Bøffelen ser ut som ei skikkelig feit lita jente med musefletter, som gjer seg ut for å vera uskuldig, men som så absolutt ikkje er det. Apen ser ut til å tenkja mykje der har seg på meg med kloke augo. Det er det å få bekrefta at alle bileta ein har sett er av virkelege eksisterande dyr.

Det som fasinerer meg mest, er korleis dei lev i harmoni om kvarandre (i allefall på dagtid, og når dei ikkje er sultne). Det var så stille. Dei lange slettene som ein ikkje kunne sjå enden på, og hundrevis av beitande og traskande dyr. Så vakkert. For meg som kjenner meg ekstra i livet når eg befinn meg i naturen, verka denne livsstilen, om ein kan kalla det det, freistande!! Eg har fleire konklusjonar etter denne turen.

  1. Dersom eg kunne vera eit dyr, ville eg vore ein fugl. Det har eg visst lenge og held fast på. For eg vil fly.
  2. Men dersom eg kunne gifta meg med eit dyr, hadde eg gifta meg med ei løva. Tenk å ligga i løvekongens armkrok…
  3. Kunne eg sett ut som eit dyr ville eg sett ut som ein Zebra
  4.  Dersom eg skulle reist på Safari igjen, ville eg reist på ein anna måte. For meg er ikkje det å sitja i ein bil å sjå dyra det heilt store. Eg kan ikkje ta det fullt inn. Eg må vera i det! Eg vil gå i naturen, høyra stillheit framfor bilmotor, lukta, observera.. Skal eg gjera dette igjen skal egpå ”walking Safari”. Det hadde vore noko for meg.
  5.  Den femte konklusjonen går på prinsippet å reisa på safari, å koma som turist til Tanzania. Dyrelivet her er usamanliknbart og ein stor del av Tanzania.Landskapet er fasinerande og svært karakteriserande. Å vera her er som å 100% vera i ein anna verden. Ein verden av dyreliv og natur… men også, ein verden av bråkete bilare og Wazungu, solkrem og malaria-piller. Utanom dei mang Masai som vandrar rundt oss ser ein lite til kvardagen i Tanzania og det som lagar kulturen her. Det ingen ”Mambo, Habari?”, ingen vandring gjennom frukt-marked. Dei få lokale folka ein ser er vel vitande om våre fulle lommebøker, noko som vert nytta til det ubehagelege. Dette er så ulikt den kulturen eg no har blitt kjend med dei siste månadane, og det freg meg litt i to retningar. På den eine sida er dyrelivet her det mest naturlege og ”tilbake til naturen” ein finn. Samstundes er fenomenet ein svært konstruert prosess, med fokus på pengar og klokkeslett(noko som ikkje matchar den daglege kulturen her). Eg kan ikkje dømmar for andre, men for meg kan eg kun konkludera på ein måte. Safari er fint, men eg er svært glad for at eg kjenner til andre delar av Tanzania, det som er gøymd for turistar, så eg kan ”dømma landet” meir rettferdig.

Litt bilete eg tok på turen:

morgenstund

morgenstund

på tur

på tur

zebra og flamingo

zebra og flamingo

tikken, du har'n

tikken, du har’n

really really old

really really old

beautiful lion

beautiful lion

"Merry me?"

«Merry me?»

luring

luring

giraff

giraff

To gode venner

To gode venner

Meir bilete vil følja når internett er litt meir samarbeidsvillig!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Read Full Post »

Days in Tanzania

under the tree

under the tree

Det fyrste eg merkar meg då eg kom til Dar es Salaam, og som eg trydleg påpeikte, var kor mange som sit under eit tre dagen lang og ikkje gjer mykje anna. Det forundra meg. «Korleis er det mogleg å slappa så volsomt av?». Eg har etter to tankjevekkande komentarar, av tilfeldige menn under skyffefulte trær, forstått meir av dette fenomenet.

Det er ei stund sidan no, at eg var på vei heim og passerte ein tannlaus, gråhåra, skitten mann. Han Mambo’a meg og eg valgte å høyra på kva han hadde å sei vidare. «Me her i Tanzania», sa han. «Me sit under trær dagen lang og ventar på å få noko mat å putta i munnen». Eg kjente det knyta seg i magen, og augo mine ville ikkje møta hans. Kva skal ein gjera? Han tigga ikkje, han berre sa det som det var, men likevell… Etter litt snakk rundt tema, og kanskje litt hinting om at eg måtte kjøpa lunsj å dela med han, måtte eg fint sei at «eg håpar du finn noko å eta snart, ha ein god dag» og traska vidare…eg var jo svolten og skulle heim å laga meg ein god lunsj…

Kommentar nummer to var frå ein mann eg hadde sett sitja i plastikk-stolen sin under eit tre store delar av dagen. «Har du hatt ein avslappa dag i varmen?» Svar: «No money, relax». Oyoy, korleis skal eg ro meg ut av dette utan å framstå som ein rik, egoistisk kviting? Eg prøver å orda meinig, og får han til utdjupa korleis folk i Tanzania slappar av heile tida, fordi ein ikkje har pengar til å gjera noko anna. Eg fortel om «busy busy» Norge og at me burde læra litt av Tanzinianarane. «Relaxing is good» seier eg, men veit at dette ikkje har noko samanheng med «No money, relax». Samtalen lettar og eg kan avslutta og gå vidare.

Eg har tenkt på dette, særleg «no money, relax»-kommentaren. Ved å studera livet rundt meg her, ser eg tydlegare samanhengen mellom økonomi og den avslappa kulturen som har blitt utvikla. Det gir fullt og heilt meining at dersom det er lite med pengar, og ingenting ein må gjera, så resulterar det i å stort sett gjera ingenting. Har ein ikkje pengar kan ein ikkje bruka dei. Men ein kan derimot tena dei, og det er dette ei anna gruppe menneske brukar dagane og energien sin på. Frå sola kjem opp til ho går ned, selja bananer og mango, dag etter dag til barna er store nok til å ta over. Eg samanliknar med i Norge, det me sjølvsagt også må arbeida, men i tillegg har fritid. Det er sport, syklubb, møter, trening, korøving osv. Men her, trur du fritidsaktivitet finnst i Kiswahilisk vokaular? Eg veit ikkje eg.

Eg har ingen konklusjon å koma med her. Eg trur temaet kan diskuterast i det lange og det breie, og at det har mange fleire faktorar knytta til dette med økonomi og arbeid og moglegheiter i Tanszania, enn dei nemnt ovanfor. Men eg gir oppgåva til deg å filosifera vidare…

Kva skulle til for at DU sat deg under eit tre ein heil dag? Kanskje saman med ein ven som også sat under eit tre? Eller om du eigde eit eple-tre og bringebær-busk, kor langt skulle det gå før du plasserte borna dine til å selja?

Den siste veka har vore fylt med forskjellige opplevingar som har fått meg til å kjenna at «Eg er i Tanzania» eller kanskje heller «Eg er vertfall IKKJE i Norge». 

– To masai-guttar gjeta rundt på dyra sine, og me inviterte dei med på å spela vollyball. HERLEG. Eg lurar på om dei nokon gong i sitt liv har vore borti ein ball, det var som å spela med to 6-åringar. Men det var topp, no har eg to nye vener eg kan Mambo’a litt ekstra kvar dag.

– Eg gjekk tur på dei humpete jordvegane, plutseleg med det gode selskap av ca 12 geiter og 5 kyr. Kyr med horn. Aldri i min villaste fantasi ville eg gått så nære eit dyr ved den størrelsen i Norge. Men her gjekk eg og kjende meg trygg som aldri før.

– På veg heim frå jobb passerar det eit orkester, nei eg meiner bil..nei, orkester. Ein bil. Bakpå står musiserande menn med trombone, saxofon, trompet med meir. Eg må smila! «Ein treng ikkje i-pod her nei».

– Bajaji er som oftast trongt og frustrerande. Men det kan også vera kjekt.

Dette er kalla Bajaji-hår.

Dette er kalla Bajaji-hår.

Dette var luksus. Eg har no såtte ein time på kafé, åleine, og ete noko anna enn bønner og ris. Luksus! Då er eg klar for ferie som startar i morgon!

Eli & Donaldi.

Eli & Donaldi.

Dorie

Dorie

 

 

Read Full Post »

Så går turen vidare…

Det nærmer seg slutten på opphaldet i Mbezi Beach, Dar es Salaam. 5 dagar. Torsdag reiser gjengen her to dagar til Zanzibar, før eg tek med meg foreldra på Wildlife Safari…og reiselivet står for tur.

Kjenslene er litt blanda. På éin måte kjennest det som om eg skal heim, sidan eg forlatar denne staden. Og kjensla av å komma heim er alltid betryggande. Men eg skal ikkje heim, eg skal berre feriera litt før eg har 5 nye veker i eit land eg veit minimalt lite om, Malawi. Eg merkar at eg med vilje unngår å tenkja på det, særleg på den 4 dagars lange turen eg skal reisa åleina for å koma dit. Kor godt kjem eg til å trivast der?

Fyrst av alt ventar noko eg gruer meg veldig til. Eg må sei hadet til dei 31 borna på borneheimen! Då eg fyrst møtte dei hadde eg aldri venta å bli sentimental med tanken på å forlata dei. Det var ingen teikn på at dei ville ha oss der, eller  at dei synest det var kjekt å ha fleire hender å halda i. Men sakte sakte men sikkert har dei slept oss inn, ein etter ein. Framleis er det mange som aldri ser meg inn i auga eller svarer når eg seier hei. Men nokon gjer det. Nokon får eg leika med, synga for, spela fotball, lesa bok…og halda handa.

Både for meg og for dei trur eg det å halda ei hand er eit stort steg, eller berre å gje eit smil som ein ser kjem innanfrå. Tross at desse borne er alle foreldrelause, har dei likevel mange vaksne rundt seg heile tida. Vel og mekre er mange av dei vaksne frivillige som meg, som kjem og går og ikkje kjem attende. Er det rart dei har vanskeleg for å knyta seg til nokon? Når dei veit at denne personen på eit tidspunkt skal forlata dei uansett.

Nettopp difor gruar eg meg til å måtte sei «no reiser eg heim til Norge, og eg kjem ikkje tilbake…på lenge». Eg har knytt band til fleire av dei og har sett kor herlige, flinke, gode born dei er. Tanken på at dei skal bu og bli vaksne på barneheimen i mange år til, medan eg held fram med mitt liv heime, er surrealistisk. Eg har lyst å SJÅ korleis dei utviklar seg. Fleire har så mykje godt i seg, som eg er redd for skal gå tapt, om ikkje dei får den oppfølginga dei treng. Om berre eg kunne adoptera dei alle.

Så kjennest det godt også, å ha fått denne opplevinga av å plutselig gå frå å kjenna likegyldighet ovenfor dei, til at eg bryr meg.

Siste veka har vore fylt med mange gode øyseblikk:

stappbull

Stappfull buss og syngjande glade born på veg til stranda.

Eli-åleinetid

Min fyrste cappuccino i Tanzania, kombinert med skriv og flytande tankar.

Eg fekk synga nattasang for sjuke Winstoni. «I’ll sing you a song, and then you have to brush you teeth,ok?». Han sovna før songen var ferdig.

Winstoni

Winstoni

"Teacha picture picture, me, teacha"

«Teacha picture picture, me, teacha»

Song og dans

AND CANDY!

AND CANDY!

Både data, camera og internett-tilkoblinga syng på siste verset no, så tida får visa om oppdateringa vil bli like ofte i tida som kjem.

Eg er i alle fall klar for SAFARI, for eg kjøpt meg….

SAFARI-HATT i dag

SAFARI-HATT i dag

Read Full Post »