Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2013

Kva er det som gjer ein klisjé til ein klisjé, og kven har skrivi fasiten på kva ein klisjé er?

«En klisjé er oftest, og i overført betydning, en forslitt og mye brukt uttrykksmåte. At noe betegnes som en klisjé kan tidvis være ment nedsettende, men er i utgangspunktet kun beskrivende. I dagligtale brukes klisjé om konkrete og abstrakte forhold for å angi at det ikke er tale om originaliteter, typisk; «Filmen var full av klisjeer».»

Ein brukar uttykket i forklaringar om hendingar eller ting: ”det er klisjé!” Men kva har gjennom tidene gjort ein klisjétil ein klisjé? Jo, nettopp som skreve på wikipedia: ”det angis for å ikkje vera orginalt, altså typisk”. Men kvifor har det då blitt ein nedsetjande uttrykksmåte? …Det seier seg at me alle er unike, at det er ting med kvar enkelt av oss som er originalt og gjer meg til meg og du til deg. Men likevel ser eg at mine originalitetar kjem under ulike kategoriar som eg vil påstå er typisk for alle menneske. Arbeid, interesse, kjærleik, kjensler, humør. osv… Burde kanskje Wikipedia heller skriva Livet er fullt at klisjeer”?

images-12For meg er klisjéar sanning…

..Bøker, filmar, artikklar og historiar er alle fulle av klisjéar som bevisst er lagd inn. Kvifor? For å få mottakaren til å bli berrørt. Og det er nettopp det som skjer. I alle desse klisjéane me bles av, det er i dei me kjenner oss mest igjen. For er ikkje klisjé klisjé for ein grunn? Det er typisk, slik me menneske er! At ein elskar nokon opp til månen og tilbake. Når hjarta har gått i tusen knas og sunke ned i beina. Når eg kresjar i ein ung mann på eit gatehjørnet og blikkene møtest og… Når eg vil redda verda. Når du skin som sola på årets vakraste dag og dufter som raude roser. Når eg står på toppen av eit fjell og kjenner at at naturen er det beste eg har. Når me lev lykkeleg alle våre dagar. Når ”eg elskar deg” og ”han elskar meg”. Me kjenner vel alle nokon av desse kjenslene, så kvifor bruka dei som noko negativt?

Me gøymer våre eigne kjensler bak uttykk som ”for å sei det som ein klisjé…” eller ”det er litt klisjé, men..”. Det er ikkje mange dagane sidan eg tok meg sjølv i dette, for å tydleg, men utan å gjera meg sjølv heilt naken, uttrykkja meg: ”Det er litt klisje” sa eg ”men eg følte hjarta mitt var spredt rundtom på alle stadar, og at eg sjølv kun sat igjen med ein litan del av det. Og korleis kunne eg då kjenna meg heil?”. Ja det er skikkelig klisjé ikkje sant, når ein snakkar om hjarta? Ganske klissete i grunn. Men likevel så skjønar du akkurat kva eg meiner. For me veit korleis det er å kjenna glede og sorg, veldig typiske kjensler.

Så er eg ein stor klisjé? Er livet mitt ein stor klisjé?

I følje den engelske definisjonen av fenomenet vil livet mitt i så fall ha “ a mark of inexperience or a lack of originality.» Nei, eg er ikkje typisk og ikkje uoriginal, derimot veldig meg sjølv. Tross dette ser eg kor mange typiske kjensler, måtar å vera på, og behov, eg har, som eg ser igjen i folk rundt meg, i ”Love Actually”, i ”Løvenes Konge” ”Harry Potter?”… you name it. På grunna dette tør eg seie at klisjé er klisjé for ein grunn; dei byggjer på sanning. 


Og eg trur…at livet er litt lettare å leva om eg av og til kan kategorisera hendelsar etter ulike klisjéar. Det hadde vore slitsomt om ALT med meg skulle vera originatlt. Enig?

Test; er dette klisjé?

typisk?

typisk?

er dette oss?

er dette norge?

fakta?

fakta?

<3 ?

love

love

Read Full Post »

”Dersom du kunne vore ein disney-figur, kven ville du vore?”

Eit velkjend spørsmål med varierande svar. Du kan begrunna svaret i utsjånad, kvalitet, velstand, eller alt på ein gong. Sjølv har eg aldri vore i tvil om kven eg ville vera; Pocahontas. Tanken kjem til meg kvar gong er er ute og fartar i skogen. Då ser eg for meg Pocahontas springa barføtt gjennom tørre skogar, svømma i blåklare elvar, snakka med dyr så vel som naturen, sjølvstendig, fri, nyskjerrig, seg sjølv. Ja, eg har alltid drøymd om å leva som Pocahontas, borte frå alt som ikkje høyrer naturen til. Men her eg dagleg vandrar i snødekte skogar i Hardanger, snakkar litt med fuglane rundt meg og kvilar på ein stubbe og ser utover fjorden…så er eg ikkje så langt unna, er eg vel?

CIMG3301

Som natur-entusiast med snev av Pocahontas-spirit vil eg dela denne teksten med deg, som ikkje berre er tekst til ein borne-song men ord av sannheit.

You think you own whatever land you land on

The earth is just a dead thing you can claim

But I know every rock and tree and creature

Has a life, has a spirit, has a name

You think the only people who are people

Are the people who look and think like you

But if you walk the footsteps of a stranger

You’ll learn things you never knew you never knew

Have you ever heard the wolf cry to the blue corn moon

Or asked the grinning bobcat why he grinned?

Can you sing with all the voices of the mountain?

Can you paint with all the colors of the wind?

Can you paint with all the colors of the wind?

Come run the hidden pine trails of the forest

Come taste the sun-sweet berries of the earth

Come roll in all the riches all around you

And for once, never wonder what they’re worth

The rainstorm and the river are my brothers

The heron and the otter are my friends

And we are all connected to each other,

In a circle, in a hoop that never ends

Have you ever heard the wolf cry to the blue corn moon

Or let teh eagle tell you where he’s been

Can you sing with all the voices of the mountain?

Can you paint with all the colors of the wind

Can you paint with all the colors of the wind

How high does the sycamore grow?

If you cut it down, then you’ll never know

And you’ll never hear the wolf cry to the blue corn moon

For whether we are white or copper-skinned

We need to sing with all the voices of the mountain

Need to paint with all the colors of the wind

You can own the earth and still

All you’ll own is earth until

You can paint with all the colors of the wind

CIMG3303

Soloppgang i Skipadalen

morgonplask i Skipadalen

morgonplask i Skipadalen

Read Full Post »

Angående kvinnedagen 8.mars valde eg etter oppfordring å vera med i ein essay-konkurranse. Tema var «å vera ung kvinne i dag», eit tema eg kan identifisera meg i overkande mykje med. Også her på bloggen er det vel ikkje få gongar eg har uttrykka min frustrasjon angåande tema. Ettersom eg var så heldig å vinna denne konkuranssen (no skal ein ikkje sjå bort i frå at eg muligens var einaste deltakande), ville eg dela mitt essay her. Sjå opp for/bort ifrå repitisjonar frå tidlegare blogg-innlegg, ellers enjoy:

CIMG3315På sporet av livet…kanskje?

Eg er berre eit menneske, ein posisjon det i følje tradisjonen burde vera ganske ok å forholda seg til. Motiverande mange har meistra denne reisa gjennom livet før meg, med strålande resultat. Men måtte også dei gjennom dei lange uføreseielege kapitla ein finn under kategorien ”ung”? Måtte også dei oppdaga at det skal meir til enn mors havregraut og leverpostei for å bli vaksen, at ein må laga sin eigen veg?

I din beste alder, seier dei, men kva er det eigentleg eg skal leva best for? Det er akkurat dette som er så best, at eg kan velja det beste sjølv. Frå øvste til nedste hylle på mitt private livsbiblioteket kan eg velja og vraka som eg vil. Med store augo ser eg på utvalet av tynne, tjukke, alvorlege, lystige, lettleste, og vanskelege bøker. Ein augneblink kriblar det inni meg med tanke på alle kapitla eg skal gjennom og livet eg skal setja saman. Men så skjønar eg at det er eg som skal skriva innhaldet,  velja rekkjefylgja, og finna det som er ”best”, og at alt heng saman som eit stort pusle-spel.

Ja slik ser ei ung kvinne på livet i eit velståande land der viljen er stor, moglegheitene større, men forvirringa størst av alt. Det er noko ein må velja, noko ein bør, noko ein vil, og noko ein bør villa. Noko forventar eg, og noko forventar andre. Andre vil noko spanande, ”Å, då vil eg og!” Somme ting bør ein ikkje, og noko skal ein ikkje, men det freistar likevel. Det er mykje ein trur ein vil og mykje ein veit ein vil, men det ein trur ein vil kan også vera noko ein veit ein vil til ein ser at det berre var noko ein trudde ein ville. Beklagar, forvirrar eg deg no? Retningslinjene for korleis å leva livet er så mange at tankane snurrar på ein valets karusell, slik at hjarta og vilje blir forveksla.

Forvirringa kring desse vala er likevel berre eit resultat av ei kjensle som grunnar djupt inne i meg. Eg har ei redsle for å misslykkast! Når vegane er så mange, korleis skal eg kunna velja rett? Kva er oddsen for å finna det som er best for meg, og samstundes rett i retningslinene sine augo? Eg er redd for å velja feil, redd for å gå glipp av beste-alder-åra som i følje boka skal finna stad akkurat…no! Kanskje om eg…eller kanskje… er det rett?

Har alle kvinner desse spørsmåla? Ville det vore lettare å vera mann? Nei, eg kan jo trass alt det å vera kvinne særdeles mykje betre enn det å vera mann. Skal tru det roar seg når eg går  frå kategorien ung til vaksen.

Livet er fullt av spørsmål, og så mykje eg ikkje forstår. Men som tida tikkar, og vala skjer, så forstår eg også at det å ikkje forstå er ein måte å forstå livet på. Val er å kjenna at livet skjer, at det kan gå mot aust og vest og snu både med og mot vinden. Eg synest det er spanande å leva; då får eg sjå korleis det går. Eg vil vera stolt ung kvinne som tek trappa, framfor heisen, gjerne ein ekstra gong for styrkens skyld. Nei, unge kvinner er ikkje til å kimsa med. Som sagt, motiverande mange har meistra før, med strålande resultat!

Med energi frå sol og snø på klare vår(?)dagar, har det lite å sei om eg er ung, gammal, kvinne eller mann...for då kan eg klara alt!

Med energi frå sol og snø på klare vår(?)dagar, har det lite å sei om eg er ung, gammal, kvinne eller mann…for då kan eg klara alt!

Read Full Post »

Serengeti, Tanzania

Serengeti, Tanzania

Etter 14 timar i lufta annkom eg endeleg den nye verda. Eg visste at verda eksisterte, men hadde hatt vanskeleg for å tru det. Regelmessig hadde eg lukka augo og prøvd å finna kjensla av snø i skoa, peisvarme som tina forfrosne fingrar, utan resultat. Ja, sjølv berre etter to månadar i Tanzania, observerer eg no Noreg som om eg ser det ein fyrste gong. Snøen som dekkjer fjella som eit blankt teppe, istappar langs vegane, lukta av nybaka bollar som sig gjennom gatene i Bergen, bilistar som føl trafikkreglar, hus med vindauge og dusj med varme. Det er så fjernt men naturleg på ein og same tid, så rett men så rart. Forvirringa gneg i meg, og det er særleg eit spørsmål eg ikkje klarar svara. Korleis kan dette vera same verda?

Løvemorgen

Løvemorgen

Eg har vandra på skitne jordvegar blant geiter og kuer og masai. Har handla fersk ananas og mango kvar morgon og pruta meg ned til 1000 shillings om eg var heldig. Takka nei til giftemål i byttemot ti kyr. Dagleg sagt ”Mambo? Poa!” og smilt til medmenneske som ikkje eig meir enn det eg bar i handveska. Har sett uvitande born gleda seg over cola-korkane dei bruka som sjakk-brikker. Eg har blitt tvinga til å oversjå dei som mest av alt i denne verda treng å bli sett. Samvita krympar ved tanke på at eg hadde moglegheita til å rømma frå denne verda, at eg kunne setja med på flyet merka med ”vegen til tryggheit”…og flykta

No traskar eg med ski på beina i sol som etter lange sovande månadar så vidt har byrja varma. Ser fjella strekka seg stolt mot himmelen, medan verdas vakraste fjord ligg klart og speglar våre tankar. Er dette ekte, tenkjer eg? Det var på same måte eg kjørde  gjennom Tanzanias langstrakte savannar i soloppgang. Der løvene sløva i morgondisen kunne eg ikkje skjøna at denne verda var realitet. Hjernen min er ikkje i stand til å forholda seg til slike avstandar og ulikskapar, som i tid kan vera så nært med avstand så stort. For hjernen min snakkar ein her om to verder, ikkje éi.

Overvelda av ein uforstålegheit og skuffelse over alt eg ikkje kan gjera noko med, kjenner er eg det likevel veksa i meg. No tenkjer eg på jorda i si heilheit, og ser mange små verder som alle kan rika oss på ulike måtar. Og om berre eg gløymer eit lite augeblink å forstå, så ser eg at det eg ikkje forstå er ein del av alt det andre eg no forstår betre. Om verda står fram som ekte eller ikkje, forståeleg eller ikkje…eg vil uansett vera ein del av ho. Ei verd av fisk og snø, lefse og olje, blondt hår og blå augo. Medan den verda med fargar og afro, og bøygde nakkar og oppbrukte sko; den kan eg væra ein del av i bevisstheita, i kunnskapen eg har, og i moglegheitene eg kan velja å utnytta! 

Frå dette..

Frå dette..

heime

..til dette

Read Full Post »