Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2013

Blomsterenga

....!

 
I går var enga brun
Som av mange vintrars år
I går var enga våt
Slik kun sunken båt forstår
I går var spirer tråkka ned
Av skam og byrder sitt svar på fred
av uforsiktige steg
var enga døypt til utgått veg 
 
På uvisst vis kan mirakel skje
I dag er enga grønn
I dag blir vatn tørka bort
Og sakte ført til egen brønn
I dag kan spirer løfta på nakken
Og kanskje om litt retta på stakken
Enga ser lyset att
Så var det ikkje dratt 
 
Ja i går var enga brun
Og i dag er enga grønn
Ser du så kom sommaren
Som slitets beste lønn
Om hjarta stivnar i tele
Vinteren vel å stå
Så tek det kun den eine stråla
Før blodet byrjar lea seg og varmen blir slått på 
 
No blømer enga

Read Full Post »

Luktar vår

Det luktar av vår, slik som før
 
Spenninga av synet å sjå  fyrste engkarsen strekka seg rak
Grov bark mot barnehender
 
Det luktar fotball mot rote lauv
Og hoppetau som blir hoppa støvet tå
Det luktar av syklistar og joggesko
Påskeliljer som blir brekka av og satt i den kvite vasen til mor
 
Lukta av kald hud og tøffe glis under litt for lite klede
Forventning og overrasking
Og den sola som kom også i år.
 
Etter alle dei stega eg har teke vekk
Etter alle nye sanningar jorda har sett
Er det noko som er det same, når det luktar av vår
vårteikn

vårteikn

Read Full Post »

April-ferie

Ek ben en Amsterdam!

Ek ben en Amsterdam!

Eg har hatt årets ferieveke! «Storbyferien» til Oslo og Nederland blei akkurat slik ein ferie skal vera med masse trasking, prating, vond rygg, gnagsår, kaffi og kultur! Eg er ganske imponert over meg sjølv som har greidd å ikkje gjera noko konstruktivt ei heil veke, men kun vært der eg var saman med vennar. Eg sit at med smil om munnen og ei lita tåre i auga-kroken.

Eg har vært saman med folka som får meg til å smila frå øyra til øyra utan at eg sjølv er klar over det. Dei som får meg til å kjenna at «dette er glede», og alt anna i mitt komplekse liv forsvinn ut av vindauga for ei stund. I Nederland møttes me rundt 20 stk som reiste saman sist vår i «Up with People». Dette er folk eg ikkje har sett sidan, og mange av dei har eg heller ikkje utveksla eit ord med. Nokon hadde eg nær kontakt med under reisa, andre var berre ein del av gruppa. Men uansett, om ein er heart-to-heart-venner eller berre-venner så kjens det så godt å vera saman med likesinna folk. Eg treng ikkje forklara alt. Etter det halve året på reis utvikla me oss alle i same retning som gjer at me no forstår kvarandre, me er det dei kallar «uppie». «Once an uppie always an uppie» blir det sagt innan i organisasjonen. Å ha reist eit halvt år med denne organisasjonen har endra meg på eit vis som eg faktisk ikkje greier å forklare. Eg veit ikkje korleis det har skjedd eller kva som er annleis med meg… men eg kjenner at det er andre ting og andre «type» folk som aukar interessa mi. Det er dumt å typisera folk, putta dei i bås, og det gjer eg heller ikkje i kvardagen. Det er meir den kjensla eg har av kven som har litt Uppie i seg og ikkje, og naturleg nok blir då Uppi’ane lettare for meg å vera saman med.

Uppie

Uppie

Eg seier ikkje at me alle er like, me er eigentleg utrulig ulike. Det er nettopp det som gjer det så spanande. Eg kan vera saman med folk som eg for eksempel i ein skule-situasjon eller vanleg kvardagsliv ikkje ville tenkt på som nokon eg ville henga med. Men når ein blir putta saman i ei slik gruppe der fokuset går meir på grunnverdiar og haldning, så betyr ikkje lenger den ulikskapen(individuelt og kulturelt) noko.

fann kjærleik i gatene i Utrerht

fann kjærleik i gatene i Utrerht

Eg er inspirert. Eg fekk sjå årets Up with People show, og dermed møtt igjen fleire av dei som er i ledelsen. Dei har så mykje lidenskap for det dei driv meg, så mykje respekt med menneske dei jobbar med, og er så fylt med kjærleik at eg framleis flyt på ei rosa sky etter den og den klemmen(og det er vel her den tåra i augo-kroken kjem inn også). Ein slik person vil eg også vera, som er fylt av ein mental energi som eg kan spreie til dei rundt meg. Noko å strekka meg mot.

Utanom dette har eg gjort det eg kan for å ta til meg deler av den nederlandske kulturen. Eg har analysert språket så godt eg kan, og finn det interessant at eit språk med så mange ord lik på norsk framleis kan vera så uforståelig.(Litt som dansk). Eg har blitt introduser for Stroopwaffel, frukost-brød og kjøttbollar (utan brun saus). Det var fleire hollendarar som blei forundra då eg sa eg skulle campa. Eg skjøna kvifor då eg låg der ei lang(men i teorien kort) søvnlaus skjelvande natt i teltet mitt, surra inn i alt eg hadde av klede. Men nå eg då endeleg kunne stå opp kl 06.30, springa til dusjen og putta tærne under det varme vatnet…ohh..då var det berre å nyta dagen og ikkje tenkja på natta som var i vente. Me har lagt 15 camparar strødd på bakken med oppdradd buksa og sola i fleisen med kinder og gummi-bjørnar. Me har dansa i gatene, støtta den lokale baren, dysja og tørka oss med same handklede(som me luft-tørka i minusgrader på eit tre). Eg har hatt ein togtur-prat om verdens urettferdighet med ordføraren frå Tysnes. Har sovna på tog, fly, bil og buss, så vel som å pressa inn den der kaffien ein sol-fin morgon på Carl Johan! Kva meir skal ein ferie innehalda?

CAMP

CAMP

:)

🙂

Read Full Post »

Kva er livet? Eit av dei mange filosofiske, svarlause spørsmåla som dukkar opp ved enkelte samanhengar.

Ein kan gruble seg gal av mangt og meget, men nettopp dette, kva livet er…er ikkje det ganske sjølvsagt? Livet er det at eg er, og du er, og at me eksisterer saman. Livet er alt rundt meg, alt som skjer, tida som går…verda. Kanskje var livet noko anna tidlegar, og kanskje vil livet bli noko meir når eg forlet denne verda. Men det treng eg berre håpe, tru og tenkja på. For det livet som me kan forholda oss til no, det er berre  det som er, her, akkurat no…er ikkje det jo ganske greitt? Vanskeleg å skjøna kan det vera, men at livet i seg sjølv er det som skjer og finst på kloden synest eg er ok-lett fordøyeleg. 

LIFE

LIFE

Verre er det å skulla forholda meg til å leva livet. Å leva rett, best og mest! Det grunnar eigentleg i det eine spørsmålet ”kva er det å leva?”. I forhold til ”kva er livet?”, kva er det då å leva?

I'M ALIVE

I’M ALIVE

”Eg lev livet” høyrer ein. ”No kjenner eg at eg lever. I’m alive!” Velkjende formuleringar med eit hint av tilfredsheit. Men kortid er det eigentleg at du lev? Når du les avisa om morgonen med kaffi i handa? Er det å leva å sitja i armkroken til nokon du er glad i ein laurdags kveld? Lev du når du går på jobb kl 08:05 kvar morgon(5 min sein)? Når du er på joggetur før sjølv fuglane kvitrar god morgon? Kjenner du at du lev når du ligg forfrosen i eit telt på fjellet og drøymer om den trygge senga heime? Eller å ta eit glas med noko godt på byen? Å ha sex? Nakenbad? Er det å leva å hoppa frå Norge sin høgaste fjelltopp og flyta gjennom lufta? Når du sender borna på skulen eller trokkar det gjennom gatene med rullator og briller med styrke +4? Når lev du, og kva inneber det?

DEVELOPMENT

DEVELOPMENT

Eg trur mange av oss har ei lengt, behov eller ubevisst ynskje om kontinuitet og framgang i livet. Me treng noko å arbeida mot, noko å oppnå. Ein ynskjer å sjå utvikling på ulikt plan, og det som er nytt finn ein tilfredsstillande. Eg grunnar dette i den tilfredsstillande kjensla ein kan ha etter ein dag der ein har gjort ein tydleg forskjell for andre eller seg sjølv. Kanskje har ein lærd noko nytt, oppnådd eit resultat, eller gjort noko du aldri hadde gjort før. Det er ofte det som kan sjåast eller merkast med det same som stikk seg ut. Har ein fullførd eit strikke-prosjekt, ommøblert rommet, lærd eit nytt pianostykke, fått tydleg sol-skilje eller rett og slett komme deg opp den der fjelltoppen. Livet bevegar seg og byr på noko, og dermed kjenner ein gjerne at ”ein lev”.

TOO MUCH?

TOO MUCH?

Eg elskar denne kjensla og fyllar dagane med ting som eg håpar skal få meg til å kjenna at ”i dag har eg brukt livet godt”. Men eg må passa meg!! Det kan gå over vanvit og eg kan bli så oppteken av å heile tida leva at eg blindar meg sjølv for det livet eg lev. Eg kan setja krava høgt og tru at ”no skal eg verkeleg leva”, men lurar meg sjølv. For kva skjer  dei periodane i livet der det er vanskelegare å sjå personleg framgang og kjenna livet på både fysisk og mentalt på kroppen? Når det er meir må enn vil og gje enn få. Dersom mine krav til kva det er å leva då er skrudd på maksimum, så vil min tilfredsheit berre synka enno lågare. Det vil kjennast som om eg berre er ein del av livet og gjer verken det eine til eller frå. Eg vil lengta etter å leva.

Det er difor eg må passa meg. Eg les gjennom mi eige eksempel-liste på å leva, og kan leggja til eksemplar i det uendeleg. Hogga ved i skogen. Plukka bringebær på seinsommaren. Laga middag…igjen, spagetti? Gjera ingenting. Vera travel. På fisketur og få napp. Gå på tur i vind og hagl. Snøbading. Vannski? Steike, dette er livet, eller? … Eg ser på lista og spør meg sjølv: Kva kunne eg teke bort? Kva er ikkje å leva her? Eg har mange behov å dekka, mykje eg vil, mykje eg ynskjer og mykje eg elskar. Så er det også mykje som ikkje dekkjer desse behova akkurat no, og mykje som ville gjort det men som eg ikkje får tak på. Det er då eg må spørja med sjølv om ein MÅ oppleva mest mogleg kvar dag, eller om å leva også kan inkludera å ta seg tid til å ikkje streva etter å leva? Kan personleg framgang koma sjølv ved det som kan verka som overflatisk stopp eller unødvendig tidsbruk på mi reise gjennom livet?

LIVET RUNDT MEG

LIVET RUNDT MEG

Å leva er vel å kjenna at ein er ein del av livet rundt oss. Men trur du då ein vil kjenna seg meir levande om ein stadig søkjer kontinuitet i alt ein føretek seg? Vil ein greia å vera ein del av livet rundt seg då? Å leva er vel å kjenna seg tilfreds. Det må vera det, våre krav og behov, som gjera at me alle vil ha ulikt svar på kva det er å leva. Samstundes trur eg me alle kan sjå på lista mi og vera einige om at alt dette er å leva. Vertfall ein del av det å leva. Alt! Om svaret kan vera at alt ein gjer på eit vis er å leva, om ein let seg sjølv tilfredsstilla, kan eg då greie å leva utan å bry meg om å leva rett, best mest…utan samanlikning? Kan å leva også vera det eg helst ville vore forutan? Kan eg elska å leva utan å heilt vite kva det er eller å kjenne at det skjer? Spør deg sjølv: Kva får deg til å kjenne at du lev? Og viktigare når du kjenner at du ikkje lev, ja kva gjer du då eigentleg?

Eg gleder meg til den dagen eg skal sitja i gyngestolen min og sjå tilbake på livet og kjenna at eg har oppnådd det å leva. Når eg skal sjå at det som den gong ikkje kjentes som ”ein del av det som skulle vera mitt liv” gjerne var det likevel. Nei, kva er vel å leva? Som eit av dei filosofiske svara som ikkje har eit satt svar, kan eg vel sei at å leva for meg kan vera absolutt alt og absolutt ingen. Hm..det burde vel ikkje vera så vanskeleg? 

Ein morgon kl 07:00 på stranda er også å leva!

Likevel gjer enkelte stunder det enklare å setja pris på livet. Som ein morgon kl 07:00 på stranda.  Då lev EG.

Read Full Post »

Heimalivet

Det er ein månad sidan eg kom heim til Norheimsund, frå Tanzania. Allereie.

Eigentleg har det ikkje skjedd mykje anna enn jobb, familie og turar i skog, fjell og skiløyper, og eg ser difor meg sjølv godt planta i eit heilt standar rutine liv. Tross dette kjenst det som om det har skjedd så utruleg mykje på desse vekene….og eg har fundert meg fram til at det truleg kjem av at tilværelsen er så ulik enn i Tanzania. Frå sekundet eg kom heim var opplevelsane i utlandet som fjerne minner, og alt det nye fekk fokus. Snø, tid åleina, tjene pengar, knekkebrød, strikking, fisk, kulde…Ikkje éin gong etter eg kom heim har eg åpna bilete-mappa frå Tanzania eller vist bileta til familien. Eg har ikkje pakka ut suvenirane, og eg har ikkje vore i kontakt med venene mine der. Det er rart korleis eg kan snu frå å leva ein type liv til å leva eit anna, og korleis ein både bevisst og ubevisst kan stengja det ein ute ved å gje det andre innpass. Det er nok bevisst eg har holdt Tanzania litt på avstand no, for å gjera det enklare for meg sjølv. Og det har fungert. Det vil nok snart koma til eit punkt der eg må byrja å sjå tilbake på dei to månadane eg hadde. Men til no har eg det vore godt å berre vera akkurat her.

Spørsmålet mitt før eg kom heim var «vil eg angra på at eg framskyna heimreisa?». Eg gjer ikkje det. Tanken på at eg no kunne vore i Malawi er rar, og sjølvsagt til dels freistande. Samstundes kjenner eg at det valet eg tok var rett og at det eg gjer no har noko for seg. Det å arbeida og vita heilt konkret at intekta skal gå til det eg har drøymd om i mange år(musikkstudie). Å gå turar i skogen og kjenna at det er akkurat DET som skal til for å gjera dagar gode for meg. Prøva å halda følgje i strikkinga med systo sin vaksande mage. Men nokon gongar får eg litt lyst å skrika. Då synest eg tida går seint. At det er ein heil vår og sommar til eg endelig kan flytta ut og byrja studielivet, ein heil sommar…det er mange arbeidsdagar det. Men stort sett prøver eg å gløyma det, og då går livet greit. No lurar eg på kva som skulle vera konklusjonen ved denne lille oppdateringa. Jo…

..Det er ganske ok å kjenna at livet går greit. 

Påskemorgen slukker sorgen, det er heilt sant.

Påskemorgen slukker sorgen, det er heilt sant.

Me er fornøyde med påsken i år, ikkje sant?

Me er fornøyde med påsken i år, ikkje sant?

Read Full Post »