Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2013

Hemmelighet

Vallandshaugen

Vallandshaugens hemmelige gull

 
Eg listar meg opp der kun eg vet
Det er der eg har min hemmeleghet
Rundt ein sving og opp ein topp
Med raske steg og lange hopp
Til der som verda godter seg
Der kor eg kan kvila meg 
 
Finn eg fram stress og hark
Og gøymer det bak tre og bark
Løftar opp ei rotten rot
Som viser fram alt mulig skrot
Ved ukjend kraft som lyset bring
Eg ser det bli til ingenting 
 
Tross open munn, men ingen ord
Ho lyttar godt moderjord
Til spørsmål som eg ikkje har
Eg speglar meg i klare svar
Frå livets egen hemmelighet
Der eg og hjarta stille set 
 
Fanga i eng og mosenett
Får eg verta del av denne blomsterbukett
At alt dette dyraste kan eg berre få
At trass blinda av skjønnheit kan likevel sjå
Heldig er eg som berre kan bli
Ein tankar kan dansa i sted og tid 
 
Eg listar meg opp til mitt hemmelige sted
Der lunger kan syngja i uavbrote fred
Verda pakkar meg inn i ein klem
Og samstundes let meg fly kor eg vil hen
Ja dette er mitt, det er livet og meg
Men utan å mista kan eg dela med deg 
 
List deg opp der som du inni deg vet
At bak busk og kratt der viljen set
Ventar det ein hemmelighet. 

 

– Eli Gauden

I år feria eg 17.mai med mine nye vener.

Og vallandshaugens beste vener

Vakkert

Vakkert

Og berre heilt heilt stille

Og berre heilt heilt stille

 

 

Advertisements

Read Full Post »

Arbeidsdagar kan bli lange, og regndagane kan bli veldig mange. Skuldrene heng fort høgt under øyro og pusten går ikkje alltid ned i magen dit den skal. Tida går ganske fort og bevisar at livet går rett veg, samstundes som det skremmar litt. Nettene blir gjerne lange, men aldri lange nok. Morgonane blir lange dei også, men går raskt over. Ja slik kjennest kvardagsdagane av og til. Det kjennest litt som ein traskar seg gjennom dagane og vekene, steg for steg. Men så, av og til innimellom, då flyt ein. Og DÅ er det flott. Det er så godt å kjenna at livet er flott. 

Hardangerfjoden

Hardangerfjoden

Midt utpå fjorden kan båten, tankane, skriveblokka og penne flyta fritt:

Som brureferda i Hardanger
var eg
Utan fiolinist, utan følje, utan fotograf
Og mest av alt utan brugom
Så kvardagsferda i Hardanger
vart eg då 

For båt var der
Med tre bord og hogde halsar
Impregnert i tjære som seg klistra til hender
Akkurat som før 

Årene gjekk tungt i vatnet
Og musklane varmast ved gjevne tak
Delte havet i to der eg bygga veg
Men lot igjen det bli eitt og fotspora gøymd
Akkurat som før
i dei same virvlande straumar bak båten slepte 

Måker var der
Me snakka saman, ganske lenge
Ganske stille
Skyer og sol
Varme i kjølig kveldsluft
Sjøen var under og himmelen over
Ja akkurat som før 

Alt var som før
Men eg
Eg var der
Det var eg som ferda
Eg og fortida i notida og kanskje framtida
Ei kvardagsferd i Hardanger

-Eli Gauden

Read Full Post »

Lytt og les og kjenn

Husets sprekker – Eli Gauden

Dei orda du ikkje seier
seier meir enn du noken gong vil få sagt

Det blikker du ikkje gjev meg
gjev meg alt som du ikkje våga gi
som du ikkje våga bli

Den handa du ikkje held i mi
held stramt rundt kroppsdelar øm til blods
visnande liv til jord

Den skulda du prøvar kasta på meg
den kasta seg til stadar der me ikkje ser
Den skulda du prøva kasta sin veg
gror fast

Det livet me lever saman
saman er me einsame meir enn før
einsame meir enn før

Beundring sklidde bort i husets gamle sprekker
og tankar visnar av som klokka stoppa gå

Dei orda du ikkje seier
dei ser eg!

 

Eli Gauden

Read Full Post »