Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2013

Musikk – oppdatering

 

Read Full Post »

Lærer livet godt

Eg lev livet
Blant vinterbad og tankestopp
Blant lite klede og solbrend kropp
Blant lyse netter og song og sprell
Taco-kos ein  laurdagskveld
Blant bjørketrær og løvetann
Eit fyrste kyss og hjartebrann
Lev eg livet og lærer godt
Lærer å kjenna det livet eg har fått

Då himmelen vart grå og sikten kort
Då hjartebrann vart vaska bort
Blått auga av eiget slag

Dyvåte sko dag etter dag
Bortgått på vegen eg valde
Bomma eg stort på det varme og kalde
Då lærde eg å kjenna, veldig brått
Ja eg får leva livet og læra det godt

gråtonar

gråtonar

Read Full Post »

Krokavatnet-toppen, Hardanger 4/6-13

Krokavatnet-toppen, Hardanger 4/6-13

Kva er tid? Eksisterer den eigentleg? Er det kanskje berre eit abstrakt fenomen funne opp som hjelpemiddel i eit komplekst samfunn der bitar må passa saman?

Det er klart tida finnes, kan mange sei, og referera til faktum som eldrande menneske, årstids-syklusen, eller plantar som gror og visnar. Men eg vil sjå dette meir som ein prosess eller utvikling. Den naturlege prosessen på jorda er meir enn berre tid, det er det sjølve livet på jorda dreiar seg om. Utvikling er ikkje avhengig av tid, avheng ikkje om klokkeuret på veggen viser 7 eller 8. Den ER heile tida, og er samstundes i konstant bevegelse. Det er dette fenomenet som er så spanande, kunster å «stå i ro, å berre vera, men samstundes bevega seg». 

Eg ser rundt meg. Ein lett bris lagar 1000 små bølgjetoppar på vatnet, og får det til å dansa mot aust. Ved sida av meg vinkar ei bjørk. Den står der tålmodig og visar stolt fram sine nyfødde, lysegrøne småblader. Eg ligg strak ut på berget ved vatnet på toppen av fjellet. Heilt åleine, heilt stille. Kun meg og ei humle som er mest oppteken av sine eigne saker. I sekken ligg ei klokke. Den viser eit tal som symboliserer at under normale omstendigheter ville eg no ha avslutta middagen, nytt kaffien medan eg mentalt forberedt meg på neste punkt på planen. Men eg er her, på fjellet, og leitar etter tid.

Eg leitar utan resultat. Her er ikkje tid, naturen berre er. Det får meg til å tenkja; me menneske leitar oss vill blant ord og meiningar for å finna oppskrifta på det ideelle livet ”her og no”. Så er det faktisk rundt oss heile tida, i naturen. Naturen var i går, blir i morgon, og er likevel heilt tilstade her og no. For ei inspirasjons-kjelde, vil eg påstå.

Når eg no sit her, på toppen av Krokavatnet. Om eg pakkar vekk det som skal skje kl 7 og 8, og dei som ventar på å få meg heim. Pakkar vekk alt anna og er ”berre meg”, utan forpliktingar og krav…DÅ greier eg å bli ein del av brisen og bølgjeskvulpet rundt meg. Varmen i berget og smerten i slitne musklar. Eksisterer tida då? …Nei, nett no er det ikkje tid, der er berre livet og eg som går! 

Eng-karsen er slått vekk, og gjev plass til dei nye.

Eng-karsen blir sakte men sikkert slått bort, og nye spirer kan utfolda seg. 

Read Full Post »