Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 2013

Ein kopp kaffi, ei perfekt morgonstund i Haugesund, laga dette bilete i ord:

«Kaien. Sol. Kaffi. Brent. Munnspel. Latter. Vind. Bølge-glans. Måse. Båt. Stille sjel. Turist. Solbriller. City-map. Plask. Musikk. Born. Sjorts. I dag. Akkurat no. Perfekt. Meg. Her!»

Etterfulgt av fleire småstuder frå min ferietur langs sørlands-kysten:

ocean-trip

ocean-trip

Road-trip

Road-trip

coast-trip

coast-trip

friendship

friendship

er et eg kallar sommar!

er det eg kallar sommar!

Read Full Post »

Det er så primært, og likevel så vanskeleg å skjøna, og ikkje minst enno vanskelegare å praktisera…at livet er best når ein ikkje stressar! Kl 08:30, ned til sjøen, heilt stille. Eit tynt lag av morgondis lagar eit difust skilje mellom sjø og land. Sola skjerer skarp gjennom lufta, og dagen klar, rein og ny. Av med klær, ut i sjøen. Utan tvil den beste temperaturen til no i år. Utan tvil den beste morgonstunda. Utan tvil er eg skikkelig heldig som er meg nett no. Eg knipsar eit bilete med mitt indre camera og lagrar det i «mappe -topp 5”. Eg krabbar opp og let kroppen tørka langstrakt på det harde berget. Det er då at verda får ny klans, når eg er kome opp og støvet på netthinna har vorte pussa bort. Lyset trengjer inn i innerste krok…og verda er perfekt. Alt anna kan venta, ingenting er hast, eg berre er, og det er ingenting eg heller vil enn å berre vera!

Frå ei heilt anna morgonstund i Mandal, men ikkje langt i frå like god.

Frå ei heilt anna morgonstund i Mandal, men ikkje langt i frå like god.

Read Full Post »

Frå eit borne-perspektiv er ein no komen til eit kritisk punkt i sommarferien. Ein ser at halve ferien er forbi, og at den siste halvdelen vil gå med minst like raskt som fyrste. Skuffelsen i denne oppdaginga er like stor kvart år.

Men dette året speler omstendighetane på mi side og hjelp meg bruka eit anna perspektiv. I år granskar eg alle dei tinga eg har fått gjort i fyrste halvdelen av ferien, klappar meg sjølv på skuldra, og  ropar 3×3 hurra for Eli. Fyrste halvdel av denne sommaren innehaldt: å avslutta eit langt og variabelt arbeidsår, koma tilnærma lik i boks med skule-planlegging(som i fylje ei trøystande systra er eit studie i seg sjølv), og gjennomføra eit studie i kulturantropologi. For meg er det dette livet stort sett har dreidd seg om den siste tida. I tillegg til å fylla opp eit sosialt behov ettersom vener og familie har strøymd til bygda.

øyeblikk

øyeblikk

No lukkar eg altså igjen det kappittelet av sommaren og ser framover på den store haugen av nye bakkar å klatra eller berg å hoppa frå. Det er mykje, livet er som oftast mykje. I enden av tunnellen ligg ein flybillett til usa og glinsar. Men før det skal eit heilt nytt kappittel skrivast. Eit nytt nettstudie ventar, denne gongen English Composition. Det skal tjenast pengar til livets opphald, og eg har heldigvis eit arbeid eg trives i, om enn dagane druknar litt i kvarandre. Det skal bli planlegging og pakking, men også sommar med bringebærplukk og grill-lukt i hagen. Ja, ganske mykje står på planen for dei raske vekene som ligg framfor meg.

Men likevel kjenner eg meg positiv og lett til tinns…kvifor?

Kanskje fordi eg set akkurat der eg gjer no.lavprisekspressen blandt sveitte turistar med kart og kamera, og solbriller på hovudet. Eg har gjort noko eg ikkje pleier, eg har trykka på stopp og hoppa ut i ei veka av ingenting. Heilt pause frå alt eg kunne gjort heime, eller kanskje mest av alt pause frå alt eg ville tenkt at eg burde gjort om eg var heima men ikkje hadde fått gjort uansett. Eg sat meg på toget frå Bergen mandags kveld. På skjermen framføre meg las eg  ”Welcome to the train to Oslo S”, i det Seal tralla i øyra: ”People get ready, there’s a train to Jordan”. Potato-Potahto tenkte eg for meg sjølv. Mykje lys og mykje varme skal det bli uansett.

God morgon frå toget

God morgon frå toget

Etter 30 særdeles sosiale og vellykka timar i Oslo med klemmar, is,  barneleik, morelleplukk, bringebærplukk, ripsplukk, og kvitvin på terrassen i solnedgang… så er eg no, som sagt, på Lavprisekspressen(som for så vidt ikkje har så veldig lav pris), på veg til det store Sørland. Ved sida av meg står ein sekk som ser veldig mykje lettare ut enn den faktisk er. Eg har fylt opp med telt, liggeunderlag, sovepose, bikini, solkrem, skrivebøker, strikketøy og mammo sitt heima-laga brød(smular no, kanskje?) og er klar for Campingferie åleine langs den norske sørlandskysten. Kan det bli betre? Utan å samanlikna om det kunne blitt betre eller ei, må eg påstå eg er temmelig nøgd med tilværet no. Framfor meg ventar ei relativt lite planlegd veke, men med mange håpe-planar. Gitaren er til min store sorg lagt att heima, men med det håp om å få skriva litt blogg, tankar, låtar med meir. Eg skal traska på brygge etter brygge og sikla etter båtar, eg skal bada og eg skal drikka cappucchino med soyamelk og brunt sukker på toppen, jordbær, møta vener, og eg skal mest sannsynleg frysa om natta og angra på at eg ikkje tok med meg enno fleire ullklede.

sommar-tur

sommar-tur

I dag slo det meg: dersom EG skal greia å ta pause frå den kvardagshasten eg ofte lev i, så vel som å reinsa hovudet frå tankar… så må eg det skje på tvang. Frivillig tvang vel og merke. Det frivillige er å reise på ferie til sørlandet. Tvangen blir å måtte slappa av på nye måtar…å berre farta rundt og sjå kva som skjer. Eg er ikkje så godt på det der, å ta heilt feire. Men det skal eg no, og det som skjer det skjer og det glede eg meg til !

Read Full Post »