Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2014

Den siste veka har eg delteke i ei såkalla happiness challange week, der eg dagleg har mottatt oppfordringar som skal hjelpa meg å finna glede i kvardagen. Her er eit eksempel frå dagens melding:

«So the final challenge in this program is to share the happiness! Do something kind and caring, compassionate or generous for someone else today because the more happy people out there the better for all of us!»

imagesDen fyrste meldinga eg fekk oppfordra meg til å leva på $1,50 ei heil veka. Ei visste med ein gong at å leva på ein tiar var å ta litt vel hardt i for min del. Men etter å ha spent x antall kr på ein flybillett til Miami var eg absloutt klar for å leva ein litt enklare og billigare kvardag i Boston. Eg tok dermed turen på busikken og handla matvarer 150 kr. Dette skulle eg leve på i ei veke, i tillegg til diverse tørrr-mat som allereie fantes i skapet; litt mair, graut, kjeks og slikt.

Det som fyrst slo meg med dette prosjektet var ikkje at det var vanskeleg å eta både billig og nok, men meir alle hindera det set opp. Her er ting eg har takka nei til siste veka «Eli, let’s go get a coffee together.» «Lets buy some food and make ourselves lunch.» «Wanna meet at Starbucks and do homework» «Let’s discuss it over dinner..?». Og her er mitt svar «Sorry, I promised myself to not spend money this week.»….litt kjedelig svar, kanskje? Det er slik at mykje sosialt liv skjer rundt ein kaffikopp eller matbit. Dersom eg kuttar ut desse sosiale happeningane…vil dette då blir eit vellykka gledes-prosjekt?
Den andre utfordringa eg møtte var det å eta det eg VIL på eit lavt budsjett. Eg er av typen som ikkje et berre fordi eg må, men fordi mat eg godt. Dermed må maten vera tilfreds-stillande for mine smaksansar, og det må vera det eg har lyst på akkurat det or då. Desverre er ikkje boksemat, ris og poteter(billig og mettande mat) det som stort sett tilfreds-stillar meg, eg likar fersk, dyr og god mat. På dag 5 i happiness-veka var eg tom for frukt og grønt. Eg måtte då ta nokre rundar med meg sjølv; det kjennes godt å leva på eit lavt budsjett, men å eta mat som personleg ikkje tilfredsstillar meg…? Hmm..Eg valdte å gå på butikken å kjøpa ferske grønsaker!

images-2Det har no gått ei veke, og det absolutt ut til at eg har levd billigare enn ellers, utan å på nokon som helst vis har måtta gå svolten. Ein av dei tinga det kjentes godt å endra på er kaffi-ritualet mitt. Etter eg kom til Boston har eg kjøpt meg éin kopp kaffi kvar dag.  Latte med soya-melk på wholefoods. Sterk, tilfreds-stillande og billig. No, derimot har eg invistert i eige kaffe-trakter, og lagar min daglege kaffe sjølv med skumma melk og honning. Kaffien smakar betre, eg slepp å stå i kø, og det vil ikkje gå lenge før eg har tent inn at dei utgiftene traktaren kosta meg. I tillegg har sidan etter jul baka scones kvar søndag og hatt til frukost kvar dag gjennom veka. Dette er absolutt billig og enkel mat…og for meg som alltid er seint ute til tine er Breakfast-to-go ein vinnar!

Ja, det kjennes godt å prøva å kun bruka penger på det eg treng, men med små avvik når eg kjenner eg fortener det. For dei som lev fleire i lag og eit meir rutine-prega liv enn slik usystematisk tilværelse eg befinn meg i no, trur eg at eit lavt budsjett kan vera enklare. Men sjølv for studentar som meg oppfordrar eg til å ta nytte av billig kaffetraktar, nisteboks, heimabake brød i frysen og «mat-pakke» i posten frå mor. «Smuler og også brød» seier mormor så ofte ho får anleding. Ser ut til at det er på tide å leva meir etter dette ordaket.

Det er mange måtar å finna glede på. Slik eg ser det gjekk dette gledes-prosjektet mykje ut på å finna glede i seg sjølv, heller enn å «kjøpa seg glede». Uansett kor bokstavleg ein tek det eller om du går for 10 kr dagen eller 100, så er det likevel godt å minne seg sjølv på akkurat dette. Særleg i eit slik bruk-og-kast-samfunnet me lev i i dag kan det vera godt å synka meir inn i seg sjølv og fokusera på kva som eigentleg gjer meg glad. Er det iphone5 og den nye kles-kolleksjonen på H&M?

Ein gledes-utfordring i seg sjølv: Finn ut kva det er som gjer deg GLAD!

Noko av det som gjer meg glad!

Noko av det som gjer meg glad, klatra i trær.

Read Full Post »