Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2014

Å vera meg

Vindar dreg i meg
Så tankar fell i to
Dagar glir forbi
Og netter står i ro
 
Under eit stjernehav går eg i ring
Lagar eg skyggespel med håp eg finn
Fyllar eg tankekart med mange verb
Eg håpar skjer
 
Berre om eg veit
At du står der på min veg
Så skal det ikkje bli
Så hard å vera meg
 
Smil frå kinn til kinn
Og store glade ord
Men under maska
Er forvirringa mi stor
 
Mange små bitar av mitt livets brett
Lite betyr det og lite er rett
Men ein ting skulle eg
Så gjerne visst
 
Berre om eg veit
At du står der på min veg
Så skal det ikkje bli
Så hard å vera meg
 
Advertisements

Read Full Post »

Ferie-forvirring

Eg blir visst aldri ferdig med slik FORVIRRING. Ein skulle trudd det var noko ein vaks frå seg med åra. Men nei, på dei minst tenkelege tidspunkta kjem forvirringa og stel av gleda mi.

Hardanger

Pause

Eg er heime. Eg nyt vakre Hardanger med fine soldagar, lange arbeidsdagar,  tille roturar og fin familie…men…Ferie? Kva er vel eigentleg det? Ein pause frå den daglege tralten. Oftast synonymt med å gjera absolutt ingenting på eit berg på Sørlandet. Noko positiv. Noko frigjerande. Sol og glede. Men for somme av oss betyr ferie ( i tillegg til sol og telt-tur og bading) tid til å tenkja, fundera, lura, vurdera, og tid til stress. Kvardagen, den går sin gang den. Ein har som oftast byrja noko(for eksempel studie) og skal fullføra det før neste ferie tek til. Der er alltid alt for mange ting på dagsplanen, og ein får sjeldan gjort så mykje som ein skal. Men det er heilt ok, for ein har i alle fall eit mål i sikte.

IMG_2605

Men så kjem ferien. Pause. Stille. Tid. Tidlege kveldar. Rolege morgonar. Det kjem dagar med tomrom, tomrom ein må fylla ved hjelp av eiga kreativitet. Somme folk er skapt slik at ei bok, ein film, facebook, eller søvn, er enkle og gode hjelpemiddel for å sjå i hjel litt tid. Å, hadde det berre vore meg. Hadde eg kunne leggja meg i senga midt på ein onsdag føremiddag å lest ei bok som på ingen måte gjorde meg det grann meir intelligent; skjønnlitteratur for underhaldningas skuld. Men nei, all denne tida må jo utnyttast. Alt det eg ikkje fekk gjort gjennom resten av året, det må gjerast no. Utnytt kvart augneblink. Livet er lærdom. Seier kven? spør du kanskje. Nei, det veit eg ikkje, men det er heilt sant.

Vel, så får eg ikkje gjort så mykje likevel. For all denne tida opnar for så alt for mange tankar. Små kviskrande stemmer i hovudet som utviklar seg til store skrikande spørsmålsteikn. Så vert eg sitjande der å glo i veggen i staden. Plutseleg byrjar eg stilla spørsmål med livet og meininga, fortid og framtid, rett og galt. Plutseleg er eg ganske sikker på at eg har vald feil studie. Plutseleg er eg ganske sikker på at det ikkje blir noko av meg. Plutseleg må eg finna meininga med livet. Plutseleg betyr alt så lite, og ingenting så stort. Plutseleg er livet så trygt, men så usikkert. Eg står vaklande på ein stokk. Fallhøgda er ikkje stor, men eg berre MÅ halda meg i balanse.

…Så godt det skal bli når ferien er over og eg ikkje har tid til slik tenking lenger…eg kan berre leva! For å leva, det er meininga…så slepp eg å leita, den er jo der!

Ferie-forvirring!!!

IMG_1092

Read Full Post »