Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 2014

Livets hastigheit

Sørlandet

Sørlandet

Tanke-maskina mi snurrar og går som alltid. Somme gongar er eg flink til å få tankane ned på arket eller ut på nettet. Denne sommaren derimot, har eg lete tankane snurra sin gang og gå der dei sjølv vil. Litt setningar har eg vel og merka rabla ned i boka mi, og litt låtar har det blitt. Men eit komplett blogg innlegg med gode setnings-bygging, grammatisk feilfri, innleiing og konklusjon…det har det ikkje blitt noko av. Men no kriblar det i meg etter å setja ord på diverse tankar. For set eg no saman dei tankane som har regjert i meg denne sommar, ser eg at dei alle passar under temaet ”livets hastighet”.

Det er to døgn og to timar til flyet mitt lettar frå Flesland og set kursen mot Boston. Eg set på kjøkkenet og nyt ein sein kopp frukost kaffi mendan eg ser på trea i hagen som byrjar bli brune i tuppane. Eg pustar djupt og kjenner ei spenning for kva som ventar meg dette året. Eg ser for meg travle dagar i Boston, korte netter, tunge morgonar, og ei sliten Eli. Noko inni meg er villig til å gjera kva som helst for å ha sommar her i Norheimsund…berre litt lenger.

Men så snur eg bilete på hovudet. Kvifor er det eigentleg at eg ikkja vil sommaren skal ta slutt? Jo, eg har ein god sommar! Eg har hatt ein sommar som har gjeve meg mykje glede og mykje takksemd. Eg er ikkje av dei som tek glede forgitt, og kjenner meg difor utruleg heldig for gode ting som blir gitt meg.

juhu

juhu

Sommaren byrja med mykje tankar kring lykke. Livet er stor kjør etter lykke, er det ikkje? Berre spør redaktørane i Dagbladet og Se & Hør. Der er mange ”gode” tips å finna, men noko meir verdt å prøva seg på enn anna. Sjølv har eg undra og fundert over kva slags lykke det er me eigentleg leitar etter. For min del er det den generelle lykka som får meg til å kjenna at eg har det godt sjølv i tunge oppoverbakkar. Lykka over at slik eg har vald livet er slik eg vil ha det. Den lykka som gjer meg tilfreds med kvardagen sjølv på tunge, våte haust dagar, sjuke dagar, dagar der læraren gjev med stryk på komposisjonen min, dagar der eg dunkar hovudet i ei hylle og deretter lille-tåa i stolkanten. Eg leitar etter ei slik lykke som er sterk nok til at alle andre ”småting” ikkje øydelegg dagen min. Så korleis finn eg denne lykka? …Med å leva i livets hastigheit.

 

Mathilde

Mathilde

Dette er det neste store tema eg filosoferte over då me nådde midten av sommaren. Livets hastigheit. Du veit dei augeblikka der du plutseleg har så mykje tid…eller rettare sagt, når du ikkje har ho, for ho forsvinn. Alt som er att er akkurat no. Det er ingenting eg må, og det eg trudde eg hadde det så travelt med, det kan skje når det skjer. Eg kan stå rett opp og ned og berre glo. Eg kan kjenna at eg er ein del av min kropp, kjenner meg som eitt. Ofte spring tankar og vilje maraton med den fysiske kroppen, og realitet går i utakt. Men så kjem altså desse augeblikka der eg er i livets hastigheit. Ofte kjem desse augeblikka uventa, men somme veit eg korleis eg skal finna. For eksempel ein sommar-morgon etter eg har trua meg ut i skogen og deretter hopper ei sjøen som er akkurat litt for kald til at det kan kallast behageleg. DÅ, då forsvinn alt. Då er i live. Ingenting betyr noko. Eg er meg der og då og har all tid i verda. Eit anna eksempel er når eg dansar. Eg må konsentrera meg, samstundes som eg leikar meg. Eg er i tida.

Det er dette som er å leva i livets hastigheit. Når eg gjer det, då har eg det bra. Når eg no ser attende på ferien min og undrar på kvifor eg er så nøgd med, så er det nettopp fordi eg fått mange av desse stundene. Eg har fått gjort mykje som er i stil med det eg ser på som glede, god livs-stil, be alive. Sikt gjer meg takksamd.

Eg har hatt tre veker på sjøen, seglande og kjørande. Eg har vore på danse-kurs ei heil veke. Ein to vekers periode plukka eg meg bringebær og solbær til frukost, lunsj og middag kvar dag. Eg har bada før frukost…og bada etter frukost. Eg har hatt sommar jobb der eg har måtta bruka både kropp og hjerne. Eg har lese skjønnlitteratur…dårleg og alt for romantisk etter min smak, men det hadde i allefall ingenting med Mozart, Haydn, kvintsirkel, eller akkordprogresjonar å gjera. Eg har spelt musikk saman med andre. Eg har prøvd toradar, sitan, fela og irsk fløyte for fyrste gong. Eg har rodd i sol og ausregn, fiska med og utan lykke, og igjen segla i med og motvind. Eg har sett soloppgang på aust-kysten av Sverige og solnedgang på Sørlegaste spiss av Norge. Eg har ein 15 månadar gamal nevø som skrattar når me gjer Yoga saman. Eg plukkar nedfalls-eple frå naboen sine epletrær. Umodne og sure…men ”eple er eple og life is good.”

Eg skal ikkje lata som eg ikkje har møtt vanskelege dagar. Nei det var ikkje berre stas å kasta seglande rundt Jærens rev. Og det var ikkje berre stas å få 4 timar søvn per natt den eine danse-veka. Det er ikkje lett på beina at eg truar meg til den joggetur og badinga før frukost. Og det er ikkje alltid like lett å som 22 åring bu heime med far og mor. Kvardag eller ferie glir ikkje alltid feilfritt verken for meg eller andre, men det gjeld å meir eller mindre halda balansen.

Sverige

Sverige

Som du no kanskje skjønar likar eg alt som inkluderer natur. Og har du vore i Boston vil du då også skjøna at eg går ein ørliten utfordring i møte. Men det at eg denne sommaren har fått kjent på det gode livet eg likar -seglande på sjøen, vandrande i fjellet, eller dansande natta lang- det motiverer meg til å leva ein slik livs-stil eg kjenner er bra for meg. Mitt nyttårsforsett dette året var å gjera ting som gjer meg glad. Det er noko eg meir eller mindre har meistra denne sommaren, og som eg vonar å halda fram med utover hausten tross heilt andre føresetnadar.

Vel, om dette innlegget var grammatisk feilfritt, innehaldt innleiing og konklusjon, det veit eg ikkje heilt. Men om eg har fått uttrykka mi takksamd for det eg har opplevd denne sommaren, og inspirert nokon til å prøva seg på ”livets hastigheit”…då er eg nøgd.

GOD HAUST!

Ship'o'hoy

Ship’o’hoy

glad

glad

Herrang Dance Camp2014

Herrang Dance Camp2014

Bryllaup

Bryllaup

dans

dans

Read Full Post »