Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2015

3723 318

meg, liksom?

Eg berre tenkjer høgt, vil du tenkja med meg?

Eg kan ikkje stoppa lura på kvifor eg er meg og alle andre er sin eigen seg. Korleis alt som går igjennom meg og mine tankar verkar så stort og viktig og altomfattande. Men ingen andre enn meg sjølv høyrar desse tankane, ser fantasiane, eller kjenner mine kjensler. Alle har sitt eige; sitt eige meg som er meir tilstades enn andre sitt meg.

At me alle er oss sjølve kan ein kanskje lura seg sjølv til å forstå. Men samstundes som alle er seg sjølv er me også så fysisk og emosjonelt likt bygt opp. Alle er menneske. Det er då eg spør meg sjølv korleis det går an at me lev så ulike liv. Korleis kan eg sitja inne i mi varme stove og høyra stormen rive opp trea utanfor vindauga, medan andre spring for livet med skotkuler susande forbi øyro. Korleis skal det vera heilt ok, liksom? Her sit eg og bekymra meg for om eg rekk å både øva gitar og piano, og besøka besteforeldre i morgon, medan andre bekymrar seg for om dei lev i morgon?

Eg trur mange undrar over og funderer på verds-situasjonen me lev i. Likevel greier me stort sett å gøyma oss under gullputene våre og halda oss for øyrene. Me lev våre eige liv så travelt at me ikkje rekk å slengja ein tanke til slike verslege utfordringar me ikkje kan googl’a oss fram til svaret på. Men innimellom tillèt me oss likevel å letta litt på gullputa og sjå realitet i augo. Me vert minna på verdas urettferdigheter som berre absolutt ikkje gjev meining, på noko som helst vis. Uansett korleis eg snur og vender på det; korleis kan menneske som er så like, leva så ulike liv på same tid? Kvifor vart akkurat eg –den meg som kun eg er og eg høyrer og som finst inni meg- kvifor vart akkurat den meg’en født på riktig side av jorda?

Eg badar meg i taco-kjøtt, slår på TV2 Nyhetskanalen og ser folk verta drepne, jaga og torturert på grunn av si personlege tru, kjønn, alder, eller opphav. Eg spør meg sjølv kva som kan få ein person –ein slik meg som eg er, berre litt annleis- til å drepa ein anna meg. Korleis kan eg, du, politikarar, rike, fattige, og presidentar, godta bruken av vald og tvang som kommunikasjons-metode?

For når alle berre er sitt eige EG med sitt eige EGO og sine eigne behov og vektigheiter, så kan ikkje alle ha rett, vera einige eller få ha alt på sin måte. Akkurat fordi menneske er like, på eitt sett, er drap så uhøyrd. Men også fordi me på eit anna vis er ulike, er det unaturleg å skulle vera einige om alt. Men kva med forståing, og kva meg dialog? Kan forståing vera ei form for einigheit som ikkje trokkar på verken den eine eller den andre, eller kanskje like mykje alle partar. Og skal tru om ikkje dialog er eit lettare handterleg kommunikasjons middel enn våpenets språk. For meg er det så klart at KUN respekt og toleranse kan få oss til å leva sida ved sida med den ”eg, meg, mitt og mine meiningar” me alle har…for heller ikkje drap kan få andre til å bli ein anna meg enn den den er.

Men eg ligg eg framleis her på gullputa mi. Det er det som irriterer meg mest; kvifor greier eg ikkje gjer noko? Kvifor kjens det som eg gøymer meg når det er det motsette eg vil? Kanskje må eg rett og slett godta at verken eg eller andre kan redda verda heilt åleine; armane våre når kun ei viss lengde. Men her som eg er, kan eg derimot stå opp som ein person som er open for ulike meiningar, synspunkt og veremåte, og slik skapa eit mangfaldig og fredelig miljø rundt meg.

Kan me få til å skapa eit slikt verds-miljø også? Om alle strekk litt på armane, går litt ut av komfort-sona si, og respekterer at andre også er sin eigen meg…?

IMG_2644

We are the world!

photo 2(1)

Åpen sjø, let’s take a chance!

Advertisements

Read Full Post »

ORD

photo 2(6)Eg leste i dag eit innlegg på nettet der skribenten refererte til tankar som fuglar. Eg kjende meg att i formuleringane hennar. Og som kvardagsfilosof, som ung og draumande, og som låtskrivar, ser eg også ORD som fuglar. Ord svevar konstant rundt i tankane mine og leitar etter sin plass i setnings-rekkje. Nokon svevar lett og mjukt og lagar klare vakre formasjonar. Andre svevar hulter til bulter og veit verken fram eller bak. Men alle lengtar etter å landa på eit kvitt, blankt papir. For det er då, hos meg, at orda kan konkludera, snakka til meg og læra meg noko.

Desse svevande orda mine dannar dei raraste senario. Ofte inkluderer dei ein prins med cowboy hat og kvit hest. Kanskje ser eg meg sjølv ta imot heiderspris for mitt heiderlege arbeid i eit krigsramma område. Kanskje laga orda eit bilete tre mini søte små, eit hus, ein hund, og ein hage. Eller kanskje syng eg duett med John Mayer på ein ute scene i LA. Slike draumar altså… Dei kjem ubudd og tek umiddelbar kontroll. Av ein merkeleg grunn får dei meg til å sjå dei som sanning, heilt til eg plutseleg vaknar og ser at framleis sit åleine ved skrivepulten min i ein kvit, tom leilegheit.

Til motsetnad, somme gongar hentar eg bevisst fram tankar frå langt bake i gjømte krokar, og lagar konklusjonar av vanskelege spørsmål. Eller kanskje eg berre let dei hoppe fram og tilbake ein kontrollert dans, før eg puttar dei fint på plass igjen.

Om desse orda kjem som umedvetne draumar og fantasiar eller som eit forsøk på å finna kloke gode svar, så har dei ein ting til felles; dei treng å bli skriven ned. Dei lause orda er dei ingenting før dei har teke plass på eit papiret. Og fyrst då kan eg sjå at ein pluss ein er to, at den heidersprisen ikkje kjem av seg sjølv, og at den prinsen berre var oppspinn. Og held eg fram med å få orda på papir og setja tone til dei, så vert i alle fall ikkje draumen om duett med John Mayer fjernare.

Så eg MÅ skriva. Eg har sneke meg unna så lenge no. Har skulda på lekser, øving, trening, og julebesøk. Det har alltid vore viktigare ting å gjera enn å skriva. Men eg ser no at det er dei same senario som spinn rundt og rundt i hovudet kvar kveld når eg prøver å sova, kvar dag når eg syklar inn til bygda, kvar dag når eg står ved stranda og ser utover fjorden. Ja, då må eg få orda ned på papiret så det kan bli plass til nye ord…

..For nye ord gjev nye tankar, nye songar, nye dikt, og ny innsikt!

photo 2

Read Full Post »