Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Mat’ Category

Den siste veka har eg delteke i ei såkalla happiness challange week, der eg dagleg har mottatt oppfordringar som skal hjelpa meg å finna glede i kvardagen. Her er eit eksempel frå dagens melding:

«So the final challenge in this program is to share the happiness! Do something kind and caring, compassionate or generous for someone else today because the more happy people out there the better for all of us!»

imagesDen fyrste meldinga eg fekk oppfordra meg til å leva på $1,50 ei heil veka. Ei visste med ein gong at å leva på ein tiar var å ta litt vel hardt i for min del. Men etter å ha spent x antall kr på ein flybillett til Miami var eg absloutt klar for å leva ein litt enklare og billigare kvardag i Boston. Eg tok dermed turen på busikken og handla matvarer 150 kr. Dette skulle eg leve på i ei veke, i tillegg til diverse tørrr-mat som allereie fantes i skapet; litt mair, graut, kjeks og slikt.

Det som fyrst slo meg med dette prosjektet var ikkje at det var vanskeleg å eta både billig og nok, men meir alle hindera det set opp. Her er ting eg har takka nei til siste veka «Eli, let’s go get a coffee together.» «Lets buy some food and make ourselves lunch.» «Wanna meet at Starbucks and do homework» «Let’s discuss it over dinner..?». Og her er mitt svar «Sorry, I promised myself to not spend money this week.»….litt kjedelig svar, kanskje? Det er slik at mykje sosialt liv skjer rundt ein kaffikopp eller matbit. Dersom eg kuttar ut desse sosiale happeningane…vil dette då blir eit vellykka gledes-prosjekt?
Den andre utfordringa eg møtte var det å eta det eg VIL på eit lavt budsjett. Eg er av typen som ikkje et berre fordi eg må, men fordi mat eg godt. Dermed må maten vera tilfreds-stillande for mine smaksansar, og det må vera det eg har lyst på akkurat det or då. Desverre er ikkje boksemat, ris og poteter(billig og mettande mat) det som stort sett tilfreds-stillar meg, eg likar fersk, dyr og god mat. På dag 5 i happiness-veka var eg tom for frukt og grønt. Eg måtte då ta nokre rundar med meg sjølv; det kjennes godt å leva på eit lavt budsjett, men å eta mat som personleg ikkje tilfredsstillar meg…? Hmm..Eg valdte å gå på butikken å kjøpa ferske grønsaker!

images-2Det har no gått ei veke, og det absolutt ut til at eg har levd billigare enn ellers, utan å på nokon som helst vis har måtta gå svolten. Ein av dei tinga det kjentes godt å endra på er kaffi-ritualet mitt. Etter eg kom til Boston har eg kjøpt meg éin kopp kaffi kvar dag.  Latte med soya-melk på wholefoods. Sterk, tilfreds-stillande og billig. No, derimot har eg invistert i eige kaffe-trakter, og lagar min daglege kaffe sjølv med skumma melk og honning. Kaffien smakar betre, eg slepp å stå i kø, og det vil ikkje gå lenge før eg har tent inn at dei utgiftene traktaren kosta meg. I tillegg har sidan etter jul baka scones kvar søndag og hatt til frukost kvar dag gjennom veka. Dette er absolutt billig og enkel mat…og for meg som alltid er seint ute til tine er Breakfast-to-go ein vinnar!

Ja, det kjennes godt å prøva å kun bruka penger på det eg treng, men med små avvik når eg kjenner eg fortener det. For dei som lev fleire i lag og eit meir rutine-prega liv enn slik usystematisk tilværelse eg befinn meg i no, trur eg at eit lavt budsjett kan vera enklare. Men sjølv for studentar som meg oppfordrar eg til å ta nytte av billig kaffetraktar, nisteboks, heimabake brød i frysen og «mat-pakke» i posten frå mor. «Smuler og også brød» seier mormor så ofte ho får anleding. Ser ut til at det er på tide å leva meir etter dette ordaket.

Det er mange måtar å finna glede på. Slik eg ser det gjekk dette gledes-prosjektet mykje ut på å finna glede i seg sjølv, heller enn å «kjøpa seg glede». Uansett kor bokstavleg ein tek det eller om du går for 10 kr dagen eller 100, så er det likevel godt å minne seg sjølv på akkurat dette. Særleg i eit slik bruk-og-kast-samfunnet me lev i i dag kan det vera godt å synka meir inn i seg sjølv og fokusera på kva som eigentleg gjer meg glad. Er det iphone5 og den nye kles-kolleksjonen på H&M?

Ein gledes-utfordring i seg sjølv: Finn ut kva det er som gjer deg GLAD!

Noko av det som gjer meg glad!

Noko av det som gjer meg glad, klatra i trær.

Read Full Post »

God søndagskveld!

Atter ei veke har gått, denne gongen veldig fort. Dagane er lange, travle og innholdsrike. Me jobbar no mykje på scenen. Både sminke, kostyme og gangen i showet er på plass. No gjenstår berre 5 dagar med intens øving. Kva som gjestår? Alle må læra alle tekstar, vita kortid ein skal bevega seg kvar, kunna diverse dansar, læra å smila på scenen, læra å villa smila sjølv om ein kanskje ikkje vil stå på scenen, læra å ikkje snakka om været på scenen, og ikkje minst læra å synga reint(!!!)

Leadville, CO

Eg har lada godt opp til siste veka i Denver. På fredag etter øving tok min gode Kostfamilie meg med, trøtt og sliten og sur som eg var, med opp på Fjellet. Etter 2,5 timar i bilen hadde temperaturen sunke frå ti grader til minus 18…om me var komme til Leadville. Ei lita bygd med mange gamle og mange funcky hus. Me befann oss 2 miles(3,2km) over havet og sola varma godt…i den ekstreme kulden.

Utsikt over Leadville

Det var deilig å komma ut i frisk luft og få farge i kinna, etter å ha vore innandørs heile veka. Laursdags morgon tok eg og kost-mor Susan trugene fatt, og gjekk ein 16 km lang tur, på ein veg ein faktisk ikkje hadde treng truger for å gå. Det var fint, og jammen kjenner eg det i kroppen. Dei tre andre var på hunde-sledetur. Me avslutta kvelden i basseng og boblebad. Perfekt!

Ein typisk butikk i Leadville!

Tur i morgonsol før alle andre er stått opp er min spesialitet.

MAT: Me er no heima i Niwot. Og madan eg sit her og verken har fantasi eller tålmodighet til å skriva, får eg servert atter ein av tinga familien berre MÅ servera meg før eg reiser.

Denne gongen var det rice-snack. Når eg var mindre fekk me gjerne sjokolade-ris-bollar i bursdags-selskap. Denne versjonen er altså puffa ris blanda med marshmallowes. Kva kan eg sei? Alt som er søtt er godt, så. Godkjent!

Maxine fekk nettopp servert Root Beer....som ikkje er Øl, men ein slags brus. Med litt iskrem i, får det eit veldig fancy navn som eg ikkje hugsar, og er tydligvis ein spesialitet her borte. Eg likte ikkje den eine slurken eg tok, men Maxine hadde det som splumma i egget.

Forleden dag kom Kost-mor-Susan heim med ein heil kasse kjeks som ho ville me skulle ta med på øving og dela med folket. Det viste seg dagen etter at dette ikkje var kva som helst slags kjeks. Girl Scouts vert seld ein månad i året av skuleborn(trur eg), og inntektene går til…noko bra(krømt, er er ikkje så flink å plukka opp ting i detaljar). Eg trur Girl Scouts er litt som julebrus eller pinnakjøtt for oss. Sidan dei kun vert seld ein månad i året er alle ekstra glad i dei, og har sine favorittar.

Girl Scout.

På kjøkkenbenken står eit «CornBread» som Kost-bestemor kom over med. Eg har ikkje ete Mais-brød før og er spent på når det skal smakast. Me et mykje bønner her borte. Det gjer kanskje mange heima i Noreg også, men i usa er bønner virkelig ein hovedrett. Ein får bønner til taco, burritos, suppa, pasta..alt. Ein anna ting me et mykje av er Søtpotet. Det er ei orange potet/grønnsak. Det smakar søtare enn potet, har mjukare konsistens og skal vera mykje sunnare enn vanleg potet. Som eg hugsar har eg ikkje fått servert søtpotet heima. Eg synest dette er veldig godt, og lar det dermed stå som dagens anbefaling til dei som er lei av poteter. Ordet «Snack» har også fått ein ny betydning for meg. Snack er ikkje lenger noko eg kjøper når eg skal på kino. Me har snack dagleg mellom frukost og lunsj og lunsj og middag. Me har snack i noreg også, men i us er snack nesten eit eige måltid(gjerne i fleirtal). Snack kan vera eple, ships, sjokolade, saltstenger…og eg må (men kviskrande stemma) sei at Snack kanskje er ein smule medskuldig i nokon barns overvekt. Når snack er ein eigen «time» på skulen og ikkje alle foreldre tenkjer helsa-fyrst, så kan det ha visse resultat. Eg skjønar også no kvifor dei ikkje har middag før i 7-tida, og kvifor «kvelds» ikkje finnest i det engelske vokabularet.

Eg har nettopp skreve eit skiv om eit typisk norsk måltid, som skal leggast ut på UWP-bloggen. Eg kunne fyrst ikkje komma på ein einaste ting som var typisk norsk, utanom brunost og melkesjokolade som er eit stort sakn. Me har jo akkuratt same maten her som der…men forskjellern er tilberedinga. Kobinasjonen av får og kål som gjev fårikål. Den bruna sausen og tyettebærsyltet som blir til kjøttkake-middag. Koketida på melka som gjev brunost(?). Eg endte opp med å presentera måtidet «Komler». Er ikkje dette typisk norsk?

No skal eg hoppa i seng og vera utkvilt til ny gjennomkjøring i måro, movement, workshop, vocals. Ny veka er alltid bra, men også litt spenannde. Eg veit aldri om eg vaknar opp alt for trøtt og mandagsgretten eller frisk og glad. Så eg tenkte eg skulle avlsutta med eit ordtak om mandagar. «Ordtak+mandag» på Goole gav dette resultatet: (lykke til med å finna meining i det)

«Denne uka gikk fort, i overmorgen er det alt onsdag, sa mannen.»

God ny veka! 

Read Full Post »

Feels like december!

gingerbread-heart!

Endelig fekk me laga pepperkaker

…eller gingerbread (ingefærbrød) som det heiter her. Dette er for dei fleste normenn eit av høgdepunkta i adventstida. Både ungane og eg var veldig spent…noko me hadde all grunn til då eg såg den svarte deigen i kjøleskapet. Her i Amherst fann me nemleg ikkje den vanlege sirupen, men noko anna svart og klissete(!!) som eg ikkje ein gong veit navnet på. Deigen smakte ikkje pepperkake, det lukta ikkje pepperkaker og det smakte ikkje pepperkaker då det var ferdig steikt. MEN  det såg ut som pepperkaker…og pepperkakebaking er pepperkakebaking, sama kva. Med svart sirupliknandegris på alle hender og klær og tuttifruttikuler over heile det nyvaska gulvet var me godt nøgde. Ettersom Bjørn Johan hadde ein kamerat på besøk foregjekk heile baksten på engelsk. Ungane merkar det ikkje. Karolina og Oskar snakkar engelsk og norsk om kvarandre utan å vera klar over det. Vel, Oskar byrjar å bli redd for at han skal gløyma norsk når han kjem heim, og skjefta på Karloina då ho idag kom ned til frukosten og sa «I got a dress».

Nokon åt meir deig enn dei laga kaker.

just a little bit decoration.

Julekalender. Eg og Karolina får åpna same dag, stor stas.

Eg har også baka Chocolate ship cockie saman med nabo Jen. Ferdigdeig rett frå butikken, varme cockie rett frå ovnen. Det var veldig ok at guttane berre åt og så stakk…så me kunne sette på Love Actually.

Viste du at det ikkje finst julebrus i usa? Eg er heilt sjokka. Det mest julete du får i norge. Og ikkje er det marsipangris heller, trur eg.

Ellers ventar eg på snø! Det er meldt muligens kanskje litt snø i natt, om me er heldige. Eg ser ut på det veldig tunge regnet og forbereder meg på eit veldig brått værskifte, og høyrer på Seal på ipoden synga «a change is gonna come». 

 

Luke 6:

«Du kan ikke holde baken varm og vedhaugen like hel.»

Read Full Post »

Thanksgiving-weekend in us

God advent! HURRA, NO ER FØRJLSTIDA IGANG! Kjens det ikkje godt?

Eg byrja advent laurdagskveld. Igjen var eg ute i mørket og vandra, såg på stjernene og julelysa som er begynnt å komma opp. Og no greide eg ikkje holda meg lenger, eg sat på min yndlingsjule-cd på ipod’en, Oslo gospelkor m/prinsesse Märta og Sigvart Dagsland. Det var som å få den friskaste lufta du kan tenkja deg ned i lungene.

Juletresalg

Når eg lukka augene var det akuratt som om eg låg heima i senga mi i Skipadalen med mitt raude julesengesett og med dei vanlege juelysa i vinduskarmen. Det betydde plutselig ingenting kvar i verden eg var , og eg kjende meg meir fredful enn eg har kjend på lenge. Sprøtt? Berre ved litt musikk?

Me har fått julakrans på døra

Thanksgiving

Det har vore ei lang og stille helg her. Alle studentane var borte og Amherst var igjen som i sommar, stille og fredlig by. Det var igrunn fint. Og no kan eg endeleg sei eg har feira ekte Thanksgiving. Nydysja, med litt ekstra sminka og kjole var denne kvelden ein god forsmak på julafta.

Finglasert kalkun

Barnehagetantene til ungane inviterte og stod for matlaging. Her står Barbra og tar ut stuffingen frå kalkunen og eg tek til meg all lærdom eg kan.

Turkey, vegetables, potato, sweetpotato&marshmallows, stuffing and of course cranberriesauce.

Den einaste faktoren som mangla for min del var det som, for dei fleste, er det denne helga handlar om, nemlig familie. Eg kjente at eg gleda meg enno meir til eg skal feira jul med MIN familie om berre ein mnd!

After-party back home. BJ er kelner .

Etter ein svær kalkunmiddag må sjølvsagt ungane ha graut før dei går til sengs... det gir meining, ikkje sant?

Ellers har helga bydd på solfine dagar og stjernefylte mørke netter.

I dag gjorde eg noko eg ikkje har gjort i usa, gå i kyrkja. Eg gjekk til Hope Church community. Gospel-kyrkja som akuratt som ei gospelkyrkja skal vera. Det var fint. supert. Eg kan dela éin ting eg sat att med. «Ikkje stopp, vend om, og gå tilbake, for kanskje er det neste steget det siste eller avgjernade.» Tolk det som du vil, det har eg gjort. =)

God ny veka til alle herifrå Amherst 🙂 

 

 

Read Full Post »

Roasted pumpkin-seeds

Deilig sunn haust-halloween-snacks, steikte gresskarfrø. Har du kjøpt gresskar og tatt ut innmaten, utnytt anledningen til å laga litt deilig snacks.

Å steika gresskarfrøene er sikkert ein vanleg ting, men eg gjorde det for fyrste gong i dag. Resultatet blir sprø, salte frø som etter min smak minnar om popcorn.

Framgangsmåte:

1. Ta ut innmaten frå eit gresskar, rens ut frøene.

2. Sett ovene på rundt 150-175grader. Medan ovnen varmar seg, sett på vatn i ei gryte. Når det kokar, legg oppi frøene og la dei koke  i 10 min.

3. I ein bolle blandar du saman olivenolje, salt, corriander og cumin. Ein mengde som passar deg til så mykje frø du har. Dette ser du sjølv. Bland saman med frøene.

4. Strø frøene utover på eit bakepapir på bakeplate og putt i ovnene. Det skal til saman stå rundt 1 time, men rør/snu på frøene kvart 10 min. Når du tek dei ut kjens dei framleis litt mjuke. La dei avkjøle seg…så versågod spis!

(Ynskjer ein søte frø kan ein prøva sukker/sirup/honning og kanel. Her er igrunn moglegheit for å prøva kva som helt. Lurt?)

 

Read Full Post »

Starbucks til Norge?

Mucha coconut

Eg har lenge vore medlem av facebook-gruppa «Starbucks til Norge». No må eg heilt ærleg sei at eg trur det særs økonomisk at me ikkje har det. Og ikkje minst, med tanke på fettbestanden på kroppen, kan me takka styresmaktene for at kaffi/kafé-kjeden held seg borte frå landet.

Ein seier at amerkanarane blir feite på McDonalds mat. Feil. tarbuck har skulda.

Har ein fyrst kjøpt ein kaffi, MÅ ein ha ein til g ein til osv… Eg tok meg fri frå barnepass og kjøkkenvask og traska inn i Amhersts gater i kveldssol og varme. Eg kjøpte lokalavisa og ein «mocha coconut iskaffi» og slo med ned i park. For å sei det kort, det var nok fyrste av ei laaang rekke Starbucksbesøk det komande halvåret. 🙂 Eg gleder meg!

Read Full Post »