Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Været’ Category

Har du høyrd om gobal oppvarming? Har du høyrd om klimaforandringar? Forureining? Vassmangel? Ja dette høyrer me om til stadighet. Det er eit heitt tema, bokstavleg talt, som kjem meir og meir i fokus. Me seier me må ta vare på denne naturen, me må gjera noko. Men kva gjer me? Kva gjer du eigentleg for å forandra vegen dette går?

Eg meiner grunnbrikkene til forandring er bevisstheit, utdanning og forståing. Me i Noreg er privilegerte og stiller sterkt både med vår kunnskap og bevisstheit angåande dette. Men kvar er forståelsen? Du veit kva som skjer, men forstår du det? Ser du det som meir enn tall, bokstavar og grafar på eit ark? Etter tolv dagar i Rio de Janeiro der eg blant anna har delteke på toppmøta om bærekraftig utvikling,  skjøna eg . Om ikkje sjølve kunnskapen kring tema har auka, så desto viktigare skjøna eg at, og kvifor, me må gjera noko, no.

I dag finn ein det gjerne hardt å sjå viktigheita av kloden vår, fordi me her og no har det så godt. Ein ser ikkje klare samanhengar mellom oss sjølv og andre, mellom naturen og vår levemåte, mellom deg og meg. Tenk over, korleis påverkar dei globale miljøforandringane deg personleg? Kva med ditt land? I kor stor grad kvar og ein av oss merkar den negative endringa avheng mykje av kvar ein bur. By eller bygd? På fjell eller ved fjord? Men når det kjem til stykke er me alle ein del av dette. Du og eg og alle andre er menneske på denne kloden, og akkurat difor er me alle offer for det som pågår. Samstundes er me grunnen til hendingane. Eg har høyrd dette før tenkjer du, men greier likevel ikkje å ta miljøet på alvor.

I samtale med andre er det to dilemma som gjentek seg. Fyrst, det er vanskeleg å sjå samanhengen mellom dei ulike aspekta av miljøet og korleis me påverkar dei. Har du nokon gong tenkt ”kva kan eg gjera med at det ikkje er vatn i Afrika? Korleis kan det å eta kyr påverka miljøet? Kva har fattigdom med global oppvarming å gjera? Kva er så dumt med å kutte ned regnskogen når ingen lev der?” På ein heilt naturleg veg heng alle aspekta av miljøet saman, fordi naturen, økosystemet og menneske er alle ein del av eit stort nett som er bunde saman. Når du kjører din bil er ikkje bensinen lenger berre eit pengeslukande kjøp; gassane går opp i atmosfæren og vert ein del av det som bryt ned vår klode, ikkje berre di bygd, men vår verden. Is-smelting fører ikkje berre til at halve Nederland forsvinn, men det går utover både dyre og menneskeliv. Vatn-mangel kjem ikkje kun av tørke, men av forureining frå oss og vårt kjøp av vatn-baserte produkt. Søppelet du bruker kvar dag forduftar ikkje i det du sleng at konteinar-lokket Eg har reist til slummen i Mexico og Brazil og sett søppel som ikkje har noko anna stad å gå enn i vegkanten. Kva skjer den dagen ditt søppel i vår reine friske kommune ikkje har noko stad å gå lenger?

 

Tilbakemelding nummer to;”Eg er jo berre éin. Kva kan eg gjera? Kva forskjell gjer det at eg slår av baderoms-lyset?” Etter å ha vore på verdsreis det siste året, jobba med vaksne barn, rike og fattige i ulike verdsdelar, så er det éin viktig ting eg har lærd. Eg er berre éin, men me er også mange. Dersom mange står saman, så er ein også éin. Forandring byrjar alltid med éin person, som inspirera éin person til å gjera det same, som inspirera éin til, og enda ein. Utrykket ”pay it forward” er klisjé for ein grunn.

Også kommentaren ”det trengs vedtak frå styresmaktene for å gjera ei endring”. Heldigvis er det visse ting vår politikarar kan gjera, og me håpar no at løysingar har vorte vedteke på møta i Rio. I Rio møtte eg folk frå verda over som alle var der med motivasjon som blei til inspirasjon. Dei stilte spørsmålet ”kva kan me saman gjera for å forbetra forholda før det er for seint?”

 

Eg har valgt å bli miljø-freak. Å forstå kva som skjer handlar om å opna auga og sjå rundt ein. Tenk over din eigen livs-stil og kva DU gjer som ikkje er bra for omgivnadane. Så, tenk over det du kjøper og brukar. Kvar kjem det i frå? Kva skjer etter du har tømt det frå mat, vaskemiddel, kaffi eller det andre som var inni?

Endring i dine vanar treng ikkje gå utover livskvaliteten på noko vis. Det er dei små tinga som gjeld. Å slå av lyset i alle rom når du går ut. Vaska opp for hand. Resirkulera. Dyrk din eigen mat. Ikkje kjøp mat innpakka i ti lag med plastikk. Ikkje trekk i snora kvar gogn du er på do.(Visste du, kvar du spylar ned brukar du meir vatn enn ein gjennomsnittsperson har kvar dag?). Ta sykkelen fatt. Lag dine eige julepresangar av oppbrukte ting og tang du finn. Høyres dette velkjent ut. Du har nok høyrd det før…så kanskje på tide å faktisk gjera noko..? Ting som dette er det ME kan gjera for å gjera ein forskjell og visa at me bryr oss. Jo meir folk som bryr seg jo lettare blir det å gjera ein forskjell. Bruk fantasien, kva kan EG gjera som er bra for miljøet?

 

Jorda vår står på tuppen av eit stup. Eg vil ikkje venta med å handla til me er i fritt fall…då er det for seint. Eg vil gjera noko NO! Og eg vil inspirera deg til å gjera det same. Så du kan inspirera nokon andre.

Så heldig eg er som kan nyta naturen slik

Advertisements

Read Full Post »

Hardanger seier god morgon kl 9.00 ein romjulsdag!

Hei hei, GLEDELIG JUL i frå meg. Og ikkje minst GODT NYTTÅR!

Eg håpar alle lesarar har hatt ei god og avslappa jul, i heimen eller på farta.Er du klar for fullt kjør no? Me er plutseleg(plutseleg!!!) i tjuetolv. Forrige år gjekk enno fortare enn dei tidlegare åra. Det kjennest nesten som om eg har gløymd 2011 allereie, berre fordi det gjekk så fort. Likevel fekk eg gjort SÅ mykje forskjellig. Kanskje akkurat difor flydde tida, bokstavleg talt. Eg er i grunn glad for at 2011 er ferdig. Ikkje fordi det var noko dårlig år, tvert imot. 2011 gjekk for min del ein veg, oppover. Og nettopp difor er det så deilig å byrja ein nytt år. Det får meg til å kjenna optimisme og motivasjon for året. Samstundes er eg så spent på kva året vil bringa. Eg har ei spesiell kjensle for 2012; at det kjem til å bli bra, lærerikt, og noko til…men eg greier ikkje å finna ut kva den kjensla er. Eg lurer så på kva eg sit att med neste jul, og gledar meg til å finna det ut. Både nyttårs-ynskje og nyttårs-forsett er ført ned i dagboka, så då er det berre å sei

«Velkommen 2012»!

Det har vore jul(det har du kanskje lagt merke til). Som nemnt tidlegare var det godt å koma heim til alt det kjente, kjære og norske. Jula har vore fin. grei. bra. Trygg. Gledesfull. I år(fjor, 2011) har eg ikkje kjend den julestemninga eg pleier å kjenna. Det har regna ein del. Eg har vore stressa med tanke på framtid og utadanning og vas. Nokon som kjenner seg att? Men alt dette gjer ingenting. Regn er deilig og regnklede er behagelid, julestemning kan eg ha neste år, og utadanning…ordnar seg(?). Eg har brukt mykje tid i huset med familien, gått turar, vore i diverse familieselskap, hatt kvalitetstid med gitaren, og ellers gjordt typiske juleting.

Eg har gått på ski 4 gongar i ferien. Hardanger på sitt beste. Snø og fjell og sol. Waw

Skitur med Florø-gjengen!

Sverre og Bård og eg pynta pepperkakehus som alltid og samtidig aldri før.

Også dette året hadde me pepperkakehus. Det kjekke med p.k.hus er enkelt og greit å pynta det alt for mykje og alt for stygt, og å knus det(dersom ein er den heldig som får ta fyrste hammaslag).

 

 

 

 

 

I vår familie er me veldig flinke til å ha det fint saman. Julafta er ein av dei kveldane som eg vil påstå alltid vert koselig. Glede og vitsar og kos! Eg er heldig som har heile familien min å vera saman med.

Julemiddag 🙂

Det skjer noko spennande på julafta. Me blir alle som eit lite barn igjen...men prøver så godt me kan å sjula det. Bård sjulte det ikkje heilt.

Miss Santa hadde gått seg vill og enda opp i Skipadalen. Flaks at me alle hadde vore snille dette året! På meg vart det "Løvenes Konge-dvd". Den vart nytt ein tideleg, mørk julemorgon, med dyna i sofan.

Cookies 🙂 Det er tradisjon at Tonje kjem og bakar dei, she's the best!

Geitost på nybakt brød til kvelds er sånn heilt ok!

Eg likar å gå turar! Ein tur om dagen gjør godt for…magen?

Vel, jo, men det er heilt ærleg ikkje for magens skuld at eg går turar. Frisk luft inn i lungene, hjernen og hjarta gjer underverk for meg. Regnværet er ingen hindring, tvert imot. Ipod’en min er so rosa og fin at det er ein fryd å høyra på musikk frå den. Ikkje minst, etter å ha vandra rundt i Amherst sina asfalterte gater er det himmelsk å komma heim der du slepp å leita for å finna ein oppoverbakke eller grusveg.

Snø som blir til regn, refleksvest, John Mayer, mørke, åleina, gågågå... då har eg det fint!

No er det Januar(dvs 11 mnd til min ynlingsmånad) og nytt semester. Kva gjer du då Eli? Jo no skal du høyra. I ❤ america…så om 4 dagar går turen til USA. Denne gongen Denver, Colorado. Eg skal i 5 og ein halv månad vera på reis med Organisasjonen

Up With People    http://upwithpeople.org/

Her er konseptet:

  • 100 ungdommar frå ulike stadar i verden møtes i Denver. Her set me saman eit musikk -og danseshow.
  • Ette 4 veker skal me ut på vegen og visa fram showet i ulike byar. Me reiser til ny by ca kvar veke.
  • Me skal bu hos kostfamiliar.
  • Me skal jobba samfunnsteneste. Det kan vera å hjelpa på barneskule, barneheim, plukka søppel, mala eit hus. Alt frå a til å.
  • Delta på møter for å få større innsikt i kulturen og samfunnet.
  • Dette er ein veldedig organisasjon. Budskapet er «bringing the world together through music and service». Ved å reisa saman med folk frå heile verda og besøka ulike stadar vil me bli knytta saman med kvarandre, men også få eit innblikk i kor nære me menneske står kvarandre, tross i forskjellar.
  • Reiseruta vår er: Colorado, Arizona, New Mexico, Texas, Beliga, Danmark, Norge(Oslo), Sverige, Finland, Meico.

Dette var ein veldig rask og kort samandrag av det eg skal gjera. Eg skal gå i detaljar etter kvart, og satsar på å kunna blogga regelmessig for å visa dykk det eg får ta del i. NO er eg nesten ferdigpakka. Endelig. Ein koffert til eit halvt år er ikkje lett. Eg har ingen aning om kva som ventar meg og er utrulig spent på å finna det ut. Tenkt at om 4 dagar er eg i Denver. Waw! Eg prøver å ikkje tenkja på at eg faktisk skal forlata familie og heimstad i atter 6 månadar, men heller gleda meg til dette heilt nye som ventar meg. Dette kjennest som ein fin start på det nye året. Eg vil ynskja alle dykk som les eit bra og utviklande år. «Nytt år, nye moglegheiter» vert det sagt. For meg som skal ut å reisa er det verkeleg nye moglegheitar. Men også for dykk som skal tilbake i den same jobben du har hatt i ti år eller ti veker.

Nye moglegheitar for korleis å håndtera kvardagen på og korleis å sjå på det som hender.

Read Full Post »

Winter wonderland

Winterwondermclurestreetland

Snø, minusgrader, ingen strøm, ikkje internett, telefon utan batteri, sover og går i det eine paret ullklær eg har, ikkje varmt vatn, lommelykt, stearynlys, peis…. Welcome to Amherst. Etter straumen for laurdagskveld har livet i Amhers teke ein litt ny vri. Det er no onsdagskveld, og ting byrjar å normalisera seg. Fleire kaféar har åpna att (difor internett-tilgang) og fleirtalet har straum att. Framleis ingen skule og ingen barnehage…og sjølvsagt ingen straum i, av alle gater, McClureStreet.

Once upon a time: (med forbehod om litt overdrivelsar i bruk av idylliserande adjektiv) 

Laurdag formiddag traska Eli opp i byen og pusta inn den deilie hauslufta og såg løvet falla. Etter ein god lunsj på byens beste kafé går ho ut at, uvitande om kva som venta ho. Snø på kryss og tvers og biiitande kulde. Der stod ho, midt i winterstormamhersland. Ho fekk fart på seg og søkte tilflukt i sitt gamle amerikanske hus. Kulden kraup inn gjennom dørsprekk og vinuskarmar. Med ein kopp te og ei pepperkaka attåt sat ho seg i ein krok og såg ut på mørket og det dalande kvite, som iløpet av neste halvdøgeret vart 30 cm høgt på bakken. Kram, fin snømannsnø..men ikkje nok med det:

Amherst har trær, vedig mykje trær, gamle trær, som gjer så godt dei kan for å gjøyma straumlinjene. Det som skjedde når Amherst befolkning (bortsett frå 90 %, dvs. studentane) låg og sov, var at den tunge snøen drog med seg greier, trær, og straumledningar. Kva som helst normann kunne fortald Obama at ein ikkje kan la straumledningar gå gjennom store grantrær. No har han forhåpentlegvis skjønt det sjølv. For der stod me søndags morgong, 50 % av Massachusetts utan elektrisitet og varme.

Dette skal forestilla eit gangsti gjennom mainstreet.

TRE

Så dette var altså stormen. Fleire skal ha blitt drepen av trær over hus og bilar. Men for folk flest var ikkje dette døgeret det verste. Eg trur det er ein av forskjellande på usa og norge. Ettersom usa er eit så stort land blir det ikkje noko snakk om dei 10 eller 20 som blir drept i slike «katastrofar» som denne eller orkanen me hadde tidlegare. I noreg ville dette bli ein stor sak.

Som altid etter storm kjem godvær. Eg vakna laurdagsmorgon av sola som lyse inn vindauga. Etter å pakka meg inn i så mange lag klær eg får på meg og plastikkposar i dei holete skoa tek eg turen ut, ut i Winterwonderamherstland. Det er stille etter stormen, ingen åpne butikkar, glade mennesker. I alle innkjørslar står folk å måkar snø og seier «Hi how are» som ein seier på slike ekstra gode dagar. Eldre og yngre. Barn leikar. Par vandrar hånd i hånd i byen. Nyt sola som varmar i kinna.

No sit eg altså her og det er onsdags kveld. 4. dagen. Det er heilt greit å ve utan lys, ok utan internett, brukbart utan varmt vatn, men ikkje noko kjekt å ikkje ha varme. Det eg likar med alt saman er det at ein kjenner at ein lever, kva livet kan ha å by på. Som når ein går ute på isande vinterdagar og tenkjer at det er eit under om ein kjem heim i livet, som når ein syklar i haglstorm og kjenner det svi for kvar hagl som treff panna, som å hoppa i sølepyttar og ikkje bry seg om ein blir våt….

I går reiste familien til kysten for å bu på hotel. Eg blei att i Amherst. Medan det framleis var lyst ute forberedte eg sterainlys, bar inn ved og la klar dyna og klær i sofaen. Eg samanlikna meg sjølv med korleis nokon folk lever andre stadar i verda. Der ein brukar sommaren på å hamstra mat for å overleva interenet, eller dagen på å laga mat så ein overlev natta.. eg følte det litt slik, i eit veeeeldig mykje mindre perspektiv.

I natt har eg sove så godt som eg nesten aldri har gjort. 20 stearinlys og peis. Eg sat meg med kvelds, ullklær og dyna framfor peisen..og sovna. Eg har lese så mange amerikasnek bøker om sitting on the rug in front of the wood stove…og der sat eg, og kjente kor deilig det var at min største bekymring (ikkje heilt, men nesten) var kortid flammen ville sløkna.

Go Umass

Eg har nokon naboar som eg går over til vertfall annakvar dag. Dei har tv, stooort tv, og den ser dei alltid på sålenge dei ikkje gjer lekse, noko dei ikkje gjer for mykje. Ingen straum, ingen tv. Dette likte eg, då fekk eg sjå kreativiteten i dei. Trur du ikkje desse slappe guttane brukte sikkert 4 timar ute i kulden for å bygga tidenes snømann (som var ødelagd neste dag) Imonerande?

Så dette var vel min stormhistorie i korte trekk. Sola skin på dagtid og eg nyttar tida til å vandre rundt, skriving, kafé og ellers lite. Det er veldig ok, men ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det kjem eit lite hurrarop frå meg når straumen kjem og kvardagen kan igjen få innpass. 

Ettersom Halloween, pga staumbrudd, var utsatt til på neste Søndag, nyttar eg anledningen til å utsetta Amerikansk Halloween-oppdatering til då. 😉

Dersom du er usikker på om du er kald eller berre kjølig, her er ei rettleiingslista:

– Du kan sei «idag har eg skifta klær» (ein tek ikkje av og seg klær frivillig berre for å ta på nye)
– Du unngår å gå på do fordi då må du ta av deg buksa
– det er varmare ute enn inne
– matvarene står i vinduskarmen istadan for kjøleskapet
– Dunjakka er din beste(BESTE)venn
– Du tek ein kald dysj, fod då blir det varmare å gå ut at av dysjen…evt. du dysjar ikkje.

winterwondersunsetland

Vinter eller haust?

Read Full Post »

Etter sol kjem..?

Me har mykje fint vær og mykje varme, meir enn det som er normalt her.Sist veke hadde me opp i 100 farenheit, dvs rundt 38 grader celsius. Veit du kva som skjer når det er mykje varmt vær? Me lærte det alle i 8.klasse, men i tilfelle du har gløymt det kjem ein liten repitisjon her:

Når det er svært varmt fordampar det vatn frå hav, innsjøar, elvar og skog. I himmelen kondenserar dampen og vert til skyer. På eit tidspunkt vert det så mykje fuktigheit i atmosfæren at det må ned at, (desverre?). Me merkar det som regn eller hagl, også kallt nedbør.

Dei siste dagane har me altså hatt nokså bra vær på dagtid, rundt 85 farenheit og sol. Og når det går mot ettermiddag kjem regnet, lyn og torden. I går hadde me også hagl som hadde ein diameter på rundt 3 cm.

Eg sat nettopp i ein park i min lette sommarkjole og spelta gitar i kveldssola. Plutselig høyrer eg eit brak, det tek 10 sekundar og eg er gjennomvåt. Det høyres kanskje kjedelig ut, men av ein eller anna grunn liker eg regnet. Kanskje det er fordi det minner meg litt om heime? Eg elskar sommarregn, å verta klissblaut utan å bli kald. Store våte dråpar, regn som går fort over.

Eg hadde ikkje før fått sykla heima, laga meg ein kopp te, og byrja på dette innlegget, før eg ser sola skinna att ute.

Litt variasjon i kvardagen, juhu, det vert eg glad av. 

Te på rommet, nyter stillheten medan ungane ser film!

Read Full Post »

Å trilla ei vogn, men ein toåring i, ei dukka, eit par liter vatn og ein fireåring bakpå(tiny little detail). Nevnte eg dei 35 gradene?

Eg ligge halveis i svime på ein benk på leikeplassen me har leita lenge etter, og lengtar heim til airconditionen ..veit at turen heim er like lang som bort. Virkelig..eg har vist aldri før visst kva hete egentlig er. Vanlige sommarar ligg temperaturen på mellom 70 og 80 farenheit her i Amherst, denne veka er det meldt 100. Eg klagar ikkje, heller varm ein kald…men det er sjokkerande. Du veit korleis ein om vinteren i Noreg har eit samtaleemne; «No må kulden forsvinna snart. Uff så kalt det er. Dette været» Det er det samme her, berre omventd.

Ungane held ut i heten og dagane tuslar og går. Me har hat bibioteksbesøk, vå i park og mata fiskar og skilpadde… Me besøkte umass-parken og oppdaga ei skilpadda på over ein halv meter. Når ein ikkje ein gong viste det fants skilpadder her blir ein litt satt ut av heile situasjonen når du plutselig finn deg sjølv klappande på ei skilpadde midt i byen… Me har ete is, leika, sett film, bada..får dagane til å gå. I dag står ute-jazz-park-konsert  på programmet…

…visst ikkje saksofonen smeltar då..

Read Full Post »