Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘fantastisk’

”Så fantastisk liv du lev”…joda eg har det godt eg, men chill down – livet er no ein gong berre det det er.

  • Jo, eg held til i ei heilt fantastisk flott bygd. Eg spring i skogen før frukost og tek nydelige bilete av utsikta. Men ikkje tru det er lett å få seg opp av sengja kvar dag, og ikkje tru at det alltid er skyfri himmel.
  • Ja riktig, eg har ein veldig god, allsidig, fleksibel, interessant jobb som luktar av kjære og spon. Men be real, ikkje tru eg hoppar av ekstase kvar einaste dag eg går til jobb og har 8 timar arbeid framfor meg.
  • Ja, eg elskar å bu heime med foreldra og sykjene mine. Men gjett om eg kan nyta dei få morgonane ein gong i bland der eg får svelga frukost kaffien åleine.
  • Ja, eg er ei slank ung jente på 23 år, men ikkje tru at eit liv med spiseforstyrrelse er verdt komplimenta ein stundom får.
  • Jo, eg kan flørta eg når eg vil…setja på gnisten i augo og leika uskuldig og leiken. Men det ser ikkje ut til at ”blond-hair-blue-eyes” har gitt særleg imponerande resultat så langt.
  • Ja, dei seier so: ”Du lev ut draumen du, du som bur i USA”. Jepp eg heldig som kan studera det eg vil der eg har valgt. Men var det eigentleg draumen? Kanskje var det din dram?

Kva skal eg eigentleg fram til her?

Saken er den, og dette er eigentleg grådig flaut, at eg ei lita stund sida gjekk gjennom nokre dagar med frustrasjon mot positive folk. Eg vart gal kvar gong nokon sa ”Åh so fantastisk”, med det velkjende trykket på ”Åh” og fallande tonefallet på ”fantastisk”. Denne frustrasjonen overraska meg sjølv like mykje som det kanskje overraska deg. Det var ironisk, men likevel ei genuin kjensle. For etter mykje undring over dette anti-positivisme-fenomenet som plutseleg slo meg, har eg funne ut at det truleg heng saman med eit slags press til at alt MÅ vera fantastisk.

…For det er det faktisk ikkje.

Livet er ikkje ALLTID fantastisk. Graset er ikkje alltid grønt. Mykje er kanskje grønt, men ikkje alt, verken om ein bur i Norge, USA, på byen eller landet, einsleg eller med storfamilie. Om du ein gong ser «eit heilt grønt gras” så er det gjerne eit teikn på at du bør ta ein nærare kikk. For livet er ikkje ALLTID fantastisk – verken mitt eller ditt – og det er akkurat DET som gjera at ein set så pris på det når…

..Når dagane, av og til, går lett som ein trestemt vals. Når det er slik, ja då skal ein få dansa på rosa skyer så mykje ein vil. Det gjer i alle fall EG. Av og til smiler eg berre fordi eg ikkje kan la vera. Av og til kriblar det i meg fordi eg har det så godt akkurat då. Eg set pris på det, og tillèt meg sjølv å vera glad! Kanskje publiserer eg eit bilete på facebook av ein sau i solnedgang eller av utsikta frå huset. Kanskje blir eg ganske freidig og stor i ord.

Slik har det vore denne siste veka, då det har skjedd ulike hendingar der eg har kjend på både positive og negative sidene av same sak…men mest positive. Det har vore festival, besøk, opptreden, båt-kos, årets fyrste bad, små sol-glimt, familie, gode skogsturar og gode kollega.

Ja, livet er godt akkurat no. Heilt sant…

Men likevel, ver snill å forstå at dagane går OPP OG NED for også meg. Så skal eg òg hugsa, når eg sjalu siklar mot andre sida av fjorden, at

livet er OPP OG NED også for dei på solsida.

Berre sidan eg lova deg at dette var eit positivt innlegg. Her er nokon glimt frå siste veka.

oppi marka

oppi marka

photo 4

konsert på ei ferje

DSC_0712

baaad brrr

DSC_0952

besøk og solnedgang

photo 5

ODD NORSTOGA ❤

berre synet av fine flott kyrkjebåtar

synet av fine flott kyrkjebåtar

Advertisements

Read Full Post »