Feels like december!

gingerbread-heart!

Endelig fekk me laga pepperkaker

…eller gingerbread (ingefærbrød) som det heiter her. Dette er for dei fleste normenn eit av høgdepunkta i adventstida. Både ungane og eg var veldig spent…noko me hadde all grunn til då eg såg den svarte deigen i kjøleskapet. Her i Amherst fann me nemleg ikkje den vanlege sirupen, men noko anna svart og klissete(!!) som eg ikkje ein gong veit navnet på. Deigen smakte ikkje pepperkake, det lukta ikkje pepperkaker og det smakte ikkje pepperkaker då det var ferdig steikt. MEN  det såg ut som pepperkaker…og pepperkakebaking er pepperkakebaking, sama kva. Med svart sirupliknandegris på alle hender og klær og tuttifruttikuler over heile det nyvaska gulvet var me godt nøgde. Ettersom Bjørn Johan hadde ein kamerat på besøk foregjekk heile baksten på engelsk. Ungane merkar det ikkje. Karolina og Oskar snakkar engelsk og norsk om kvarandre utan å vera klar over det. Vel, Oskar byrjar å bli redd for at han skal gløyma norsk når han kjem heim, og skjefta på Karloina då ho idag kom ned til frukosten og sa «I got a dress».

Nokon åt meir deig enn dei laga kaker.
just a little bit decoration.
Julekalender. Eg og Karolina får åpna same dag, stor stas.

Eg har også baka Chocolate ship cockie saman med nabo Jen. Ferdigdeig rett frå butikken, varme cockie rett frå ovnen. Det var veldig ok at guttane berre åt og så stakk…så me kunne sette på Love Actually.

Viste du at det ikkje finst julebrus i usa? Eg er heilt sjokka. Det mest julete du får i norge. Og ikkje er det marsipangris heller, trur eg.

Ellers ventar eg på snø! Det er meldt muligens kanskje litt snø i natt, om me er heldige. Eg ser ut på det veldig tunge regnet og forbereder meg på eit veldig brått værskifte, og høyrer på Seal på ipoden synga «a change is gonna come». 

 

Luke 6:

«Du kan ikke holde baken varm og vedhaugen like hel.»

1 thoughts on “Feels like december!

Legg att svar til Mammo Avbryt svar